Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Verksemdas adresse: |
6520 Frei |
|
Tidsrom for systemrevisjon: |
5. oktober 2000 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande helsesøster Solveig Brevik |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Forskrift om helsetjenester i skoler
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte område og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områder: 1. Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald), 2. Undersøking og rettleiing, 3. Tiltak for utsette grupper, 4. Helseovervaking.
- Det er helseteneste ved alle grunnskolane. Kommunen har ikkje vidaregåande skole.
- Det er etablert internkontroll i helsetenesta i kommunen, inkludert skolehelsetenesta.
- Skolehelsetenesta har rutinar som sikrer at ansatte er kjent med regelverk og faglege standarar
- Det ligg ikkje føre eiga oversikt over helsetilstanden til barn og ungdom i kommunen.
Ved revisjonen vart det ikkje konstatert avvik. Det vart grunnlag for ein merknad.
Dato: 2. november 2000
|
Aslaug Solberg revisjonsleiar |
Eva Kristin Ødegård revisor |
Karsten Vingen revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Frei kommune, 5. oktober 2000. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd i år og som del av felles tilsyn for alle fylkeslegekontor.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett
- det vart spesielt lagt vekt på skulehelsetenesta i grunnskulen
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, ved verifikasjon av rutiner, prosedyrar om instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Ingen særlege tilhøve.
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Internkontrollsystem for skolehelsetenesta som viser til relevant regelverk, organisasjonsstruktur, avviksbehandling samt rutinar, prosedyrar, sjekklister som sikrer at nødvendige dokument som vert omfatta av internkontrollsystemet er godkjent, oppdatert, kjent og tilgjengeleg.
Dokumentasjon hos fylkeslegen:
- Beredskap/katastrofeplan for kommunehelsetenesta av 1993
- Smittevernplan av 1998
- Handlingsprogram med tiltak overfor personar med psykiske lidingar.
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart sendt ut 7. september 2000
Formøte vart ikkje halde
Opningsmøte vart halde 5. oktober 2000
Intervju: 5 personar vart intervjua, jfr. oversikt
Verifikasjon: Gjennomgang av lokala for skolehelsetenesta ved ein skole i kommunen og dokumentasjon i journal av gjennomførte helseundersøkjingar, referat frå eit møte i ei ansvarsgruppe og årsrapport.
Sluttmøte vart halde 5. oktober 2000
5. Reviderte område og funn
Område 1: Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald)
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på merknader på dette området.
Område 2: Undersøkjing og rettleiing.
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på meknader på dette området.
Område 3: Tiltak for utsette grupper
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på meknader på dette området.
Område 4: Helseovervaking
Det var ikkje funne avvik på dette området.
Merknad 1
Det er ein viss registrering av lokale data i regi av skolehelsetenesta. Det synest for lite vurdert og systematisert med tanke på vidareformidling av kunnskap om helsetilstanden til barn og ungdom til personalet i skolen.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Sentral statistikk er dokumentert brukt til vurdering av lokale tilhøve.
- Det ligg ikkje føre samla oversikt over helsetilstanden til barn og ungdom i kommunen.
- Årsrapporten gir ei viss vidareformidling av lokal kunnskap.
- Leiande helsesøster er barnerepresentanten i kommunen.
- Kommunen har under arbeid "Samba" eit handlingprogram for samarbeid i forhold til utsette barn og ungdom, der skolehelsetenesta inngår.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Solveig Brevik |
Leiande helsesøster |
X |
X |
X |
|
Nils Magne Rimstad |
Kommunelege / skolelege |
X |
X |
X |
|
Ragnhild Gåsemyr |
Helsesøster |
X |
X |
X |
|
Else Live Thue Stokstad |
Helsesøster |
X |
X |
X |
|
Kjell Sæther |
Helse- og sosialsjef |
X |
X |
X |
|
Elin Lillevik |
Familieveileder |
X |
|
X |
|
Sølvi Wiik |
Kontorfullmektig |
X |
|
X |
Frå fylkeslegen deltok:
- Fylkessjukepleiar Aslaug Solberg, revisjonsleiar
- Førstekonsulent Eva Kristin Ødegård, revisor Ass.
- Fylkeslege Karsten Vingen, revisor