Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Systemrevisjon Smittevern ved Fylkessjukehuset i Molde, Medisinsk avdeling 4 (1999)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

Dykkar ref

Vår ref.: 99/562-4/ATS Arkiv: 752.2/02

Dato: 30. august 1999

Adresse til verksemda:

Parkveien 84

Tid for revisjonen:

6407 Molde, Molde, 15. juni 1999

Kontaktperson i verksemda:

Avdelingsoverlege Audun Heskestad

Regelverk:

  • Lov av 30.03.1984 om statlig tilsyn med helsetjenesten, § 3.
  • Lov om sykehus av 18.06.1969
  • Lov om vern mot smittsomme sykdommer av 05.08.1994
  • Forskrift om smittevern i helseinstitusjoner - sykehusinfeksjoner av 05.07.1996

 

INNHALD

    1. Innleiing
    2. Spesielle tilhøve ved verksemda
    3. Dokumentunderlag
    4. Omfang og gjennomføring
    5. Resultat av verifikasjonen
    6. Reviderte områder og funn
    7. Merknader
    8. Deltakarar på revisjonsbesøket

    Vedlegg 1 Dokumentunderlag
    Vedlegg 2 Program



    Innhald i rapporten

    Rapporten nemner dei avvik og merknader som blei avdekt på det reviderte området. Systemrevisjonen omhandla smittevern ved ein medisinsk avdeling

    Hovudkonklusjon

    Sjukehuset har utarbeidd eit velordna infeksjonskontrollprogram. Dette var innarbeidd i ei smittevernhandbok. Avdelinga var godt kjente med prosedyrane ved mottak av pasientar med mogleg smitte av multiresistente smittestoff. Det vart påvist to avvik og i tillegg gjeve fire merknader.

    Egil Storås revisjonsleiar

    Marie Eide revisor

    Aslaug Solberg revisor

     

    1. Innleiing


    Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Fylkessjukehuset i Molde, medisinsk avdeling 4, den 15.06.1999. Revisjonen er ein del av det tilsyn fylkeslegen gjennomfører i 1999 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

    Formålet er å vurdere korleis sjukehus tek omsyn til – og følgjer – ulike krav frå sentrale styresmakter gjennom sitt kvalitets- eller internkontrollsystem. Revisjonen ser mellom anna etter om:

    • verksemda si internkontroll er tilfredsstillande og dekkjande,
    • om handlingar blir utført i samsvar med skrivne rutinar og ut frå kva som er hevda og
    • om verksemda når sine mål og driv verksemda innafor dei rammer styresmaktene har sett.

    Systemrevisjonen blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og verifikasjon for å sjå om eventuelle instruksar og prosedyrar blir følgt i praksis. Rapporten handlar om avvik som er oppdaga under revisjonen og merknader som tilsynet elles finn det nødvendig å gi.

    • Avvik er definert som manglande oppfølging av dei krav som ligg føre i lov- og regelverk frå sentrale styresmakter.
    • Merknad er tilhøve som ikkje er avvik, men der tilsynet finn det mogleg eller ønskjeleg å få til forbetring.


    2. Spesielle tilhøve ved verksemda

    Det er ingen spesielle tilhøve ved verksemda av betydning for systemkrava



    3. Dokumentunderlag

    Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
    • Gjeldande regelverk (sjå framsida).
    • Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen.
    • Verksemda sine dokument som gjeld dagleg drift og andre tilhøve – avgrensa til det som var målet for tilsynet – motteken før og under tilsynet.

    Mottekne dokument er opplista i vedlegg l.


    4. Omfang og gjennomføring

    Systemrevisjonen har omfatta følgjande aktivitetar:
    • Første varsling med innhenting av skriftleg dokumentasjon.
    • Siste varsling med timeplan og namnet på dei som skulle intervjuast – ei veke før tilsynet.
    • Opningsmøte på staden før tilsyn/intervju.
    • Intervju og gjennomgang av dokument
    • Verifikasjon/ besøk på medisinsk avdeling 4.
    • Sluttmøte etter tilsynet på sjukehuset og med dei intervjua/leiinga ved sjukehuset der vi ga uttrykk for dei observasjonar som blei gjort.
    • Skriftleg oppsummering og observasjonar vart sendt ut for oppretting av faktiske feil.
    • Avsluttande rapport.

    Vi viser til oversyn over program i vedlegg 2.


    5. Resultat av verifikasjonen

    • Smittevernhandboka var lett tilgjengeleg på avdelinga
    • Det var ingen pasientar i korridoren
    • Mest alle pleiarane og legane hadde ringar eller andre smykke på hendene
    • Det var ikkje handvask på korridoren.
    • Isolatet var opptatt av kreftpasient i terminal pleie.
    • Ureint tøy vart frakta gjennom halve avdelinga på grunn av bygningsforholda


    6. Reviderte områder og funn

    Område 1:
    "Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram og ansvar for iverksetjing og vedlikehald"


    Område 2:
    "Forebygging av alvorlige infeksjoner fremkalt av antibiotikaresistente bakterier


    Område 3:
    "Håndhygiene"


    Avvik 1

    "Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram og ansvar for iverksetting og vedlikehold."

    • Det var uavklara ansvarsforhold mellom aktørane i smittevernarbeidet.
    • Kvalitetsutvalget var utan formell kontakt med sjukehusets smittevernkompetanse.
    • Infeksjonskontrollprogrammet mangla system for handtering og oppfølging av avvik og iverksetjing av korrigerande tiltak.

    Avvik frå: Forskrift om smittevern i helseinstitusjoner av 5. juli 1996 "Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram og ansvar for iverksetjing og vedlikehald"

    § 2-1 "Alle helseinstitusjoner skal ha et infeksjonskontrollprogram …. Infeksjonskontrollprogrammet skal angi hvem som har det faglige og organisatoriske ansvar for de tiltak programmet omfatter. Institusjonens ledelse skal sørge for at infeksjonskontrollprogrammet utformes, iverksettes og vedlikeholdes som en del av virksomhetens internkontrollsystem.…."

    §2-2 Tiltak

    "Et infeksjonskontrollprogram etter §2-1 skal som minimum inneholde følgende tiltak": b) "Infeksjonsforebygging

    2) Det skal foreligge skriftlige retningslinjer for; - bruk av antibiotika i institusjonen, --- "

    § 2-3 Organisering (andre avsnitt)

    "Institusjonens ledelse skal ved oppnevning av kvalitetsutvalg (jf. sykehuslovens § 18 b) sørge for at helsepersonell med innsikt i sykehushygiene er representert i utvalget eller på annen hensiktsmessig måte er tilknyttet dette."Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:

    • Det faglege og organisatoriske ansvaret var rimeleg klart for utforming av infeksjonskontrollprogrammet, men ansvar for gjennomføring av ulike tiltak var uklart. Dette gjaldt serleg ansvarsdelinga mellom direktør - sjefslege - sjefssjukepleiar -smittevernlege - hygienesjukepleiar - avdelingsoverlege - avdelingssjukepleiar
    • Infeksjonskontrollprogrammet var ein del av sjukehusets internkontrollprogram, men hadde ikkje system for registrering av avvik og systematisk iverksetting av korrigerande tiltak.
    • Smittevernlege og hygienesjukepleiar mangla intern godkjend arbeidsbeskrivelse.Dei følgjer sentrale retningsliner.
    • Ny smittevernbok og "gamle prosedyrar" var tilgjengeleg. Smittevernhandboka var utplassert på avdelinga ei veke før tilsynsbesøket og såleis lite kjent innhaldsmessig. Vidare mangla det system (plan) for opplæring.
    • Det mangla prosedyre for vedlikehald av infeksjonsprogrammet
    • Avdelinga mangla retningsliner for bruk av antibiotika
    • Det mangla samband mellom kvalitetsutvalget og den faglege smittevernkompetansen ved sjukehuset

    Avvik 2

    Handhygiene

    • Mangelfull etterleving av retningslinjer for handhygiene.

    Avvik frå: Forskrift om smittevern i helseinstitusjoner av 5. juli 1996§2-2 2) "Det skal foreligge skriftlige retningslinjer for; ---- håndhygiene" ----"

    Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:

    • Dei fleste av personellet i avdelinga hadde ringer på hendene og andre smykke. Dette var ikkje i samsvar med krava i prosedyren for handhygiene.
    • Det var uklart kven som har ansvar for å sørge for samsvar mellom prosedyrar og etterleving på avdelinga.
    • Ein rapport viste at det var gjennomsnittleg 5 pasientar på korridor pr. døgn i mai 1999. Det var berre handvask på pasientrom og vaktrom. Det var hevda at prosedyrane for handhygienen var vanskeleg å følgje ved belegg på korridor.
    • Det var problem med tilfredsstillande bemanning når avdelinga har korridorpasientar, fordi avdelingsbudsjettet var uforandra. Dette motvirka evna til å følgje opp gjeldande rutinar for handhygiene.


    7. Merknader

    • Ureint tøy blir frakta gjennom halve avdelinga. Etter retningslinene for behandling av tekstiler må handtering av ureint tøy foregå på ein slik måte at faren for smitteoverføring til personalet eller kontaminering av miljøet vert redusert eller unngått.
    • Det er ikkje lagt tilrette for å tilpasse bemanninga meirbelastning ved overbelegg
    • Det mangla retningsliner for fordeling av pasientar til korridor
    • Avdelinga manglar prosedyre for tiltak ved trong for isolering når rom for slik bruk er oppteken

     

    8. Deltakarar på revisjonen

    I tabellen under er det gitt ein oversikt over deltakarar på åpningsmøte og sluttmøte, og over hvilke personar som blei intervjua.

    Navn

    Stilling

    Åpningsmøte

    Avsl. møte

    Intervju

    Einar Vik

    smittevernansv. lege

    x

    x

    x

    Annlaug Rakvåg

    hygienesjukepleiar

    x

    x

    x

    Audun Heskestad

    avd. overlege

    x

    x

    x

    Marit R. Dahle

    vikar for med. oversjukepleiar

    x

    x

     

    Bente K. Aarøe

    avd. sjukepleiar

    x

    x

    x

    Solbjørg S. Bækkelund

    hjelpepleiar

    x

     

    x

    Ragnhild Raastad

    ass. lege

    x

    x

    x

    Helena Seim Alstad

    konst. seksj. overlege

    x

    x

     

    Oddbjørn Hauge

    sjeflege

    x

    x

     

    Leif Nøsten

    sjefsjukepleiar

    x

       

    Einar Myklebust

    direktør

    x

    x

     

    Ove Lange

    seksjonsoverlege

    x

    x

     

    Kåre Wesenberg

    kst. overlege

    x

       

    Bjørg Sørum

    med. overlege

     

    x

     

    Inger Sofie Samdal Vik

    avd. overlege mikro. lab

     

    x

     

    Kjetil Vegge

    ass. lege

     

    x

     


    Frå fylkeslegen i Møre og Romsdal

    Egil Storås

    fylkeslege

    Aslaug Solberg

    fylkessjukepleiar

    Marie Eide

    fylkessjukepleiar



    Vedlegg 1

    Dokumentunderlag og data


    Oversyn over krav om materiale meldt i første varselbrevet og i kva grad materiale blei motteke:

    • Smittevernhåndbok , oversikt innhald jfr. vedlegg 3
    • Organisasjonskart
    • Samansetting - kvalitetsutval
    • Namn på tilsette
    • Måling av mikobetal i luft - operasjonsstue
    • Kopi av brev frå Rikshospitalet - "Informasjon om validering av sterilisering med vanndamp

    Dokument som er viktige for gjennomføring av tilsynet, mottekne under og etter tilsynet fann stad –

    frå FSHM:

    Smittevernbok - register oversikt jfr. vedlegg 3


    Vedlegg 2

    Program

    Fylkessjukehuset i Molde, medisinsk avdeling 4.

    Tysdag den 15.06.1999

    Tid

    Hending

    09.00 - 09.30

    Fellesmøte – Opning

    09.40 - 10.10

    Intervju:

    10.10 - 10.40

    Intervju:

    10.40 - 11.20

    Intervju

    11.20 - 12.00

    Verifikasjon

    12.00 - 12.40

    Lunsj / intern drøfting

    12.40 - 13.20

    Intervju

    13.20 - 13.50

    Intervju

    13.50 - 14.20

    Intervju

    14.30 - 15.00

    Verifikasjon - (Rapportskriving)

    15.00 - 15.30

    Fellesmøte - Avslutning