Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adresse: |
6300 Åndalsnes |
|
Tidsrom for tilsynet: |
20. november 2000 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande helsesøster Heidi Grande |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Forskrift om helsetjenester i skoler
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte område og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område: 1. Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald), 2. Undersøkjing og rettleiing, 3. Tiltak for utsette grupper, 4. Helse- overvaking.
- Det er skolehelseteneste ved alle skolane i kommunen. Alle barn får helseundersøkjing ved skolestart. I vidaregåande skole er det avsett treffetid.
- Kommunen har ikkje etablert internkontrollsystem der skolehelsetenesta inngår. Plan for ferdigstilling innan 2001 ligg ikkje føre.
- Det vart ikkje dokumentert at kommunen systematisk arbeider for at elevar som har behov for individuell helseveileiing og oppfølging får dette.
- Det er ikkje etablert rutinar for lokal kartlegging av faktorar som kan virke inn på helsetilstanden til barn og ungdom.
- Ved revisjonen vart det konstatert 4 avvik. Det vart grunnlag for 2 merknader.
Dato: desember 2000
|
Aslaug Solberg revisjonsleiar |
Einar Andersen revisor |
Karsten Vingen revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Rauma kommune, 20. november 2000. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd i år og som del av felles tilsyn for alle fylkeslegekontor.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett
- det vart spesielt lagt vekt på skolehelsetenesta i vidaregåande skole
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar av rutinar, prosedyrar, om instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Helse- og sosialsjefen er nytilsett.
Det har over tid vore ein del fråvær/permisjonar blant helsesøstrene. Kommunen har i ein viss grad nytta sjukepleiarar i desse periodane.
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Helse- og sosialplan 2000 –2004
- Årsmelding 1999 Helse- og sosialetaten
- Smittevernplan, mars 1999
- Rusforebyggende handlingsplan for barn og unge, våren 1998
- Plan for innføring av internkontroll og kvalitetssikring, del 1, februar 1996
- Plan over emner/rutiner som prioriteres, mål og kvalitetskriterier, del 2, januar 1997
- Forslag til plan forebyggende helsearbeid/helseopplysning, mars 1993
- Skolehelseplan, oktober 1993
- Behovskartlegging Rauma videregående skole, høsten 1992
- Oversikt med kopi over 26 andre nedskrevne prosedyrer og rettningslinjer knyttet til skolehelsetjenesten i Rauma kommune"
Utdelt under tilsynet:
- Referat fra internt samarbeidsmøte – framdrift av kvalitetssikringsarbeidet, 27.10.00
- Referat fra samarbeidsmøte i skolehelsetjenesten, 23.10.00
- Helsesøstertjenesten, arbeidsmål/tiltak for 2000
- Samtykkeerklæring for samarbeide
- Kopi av 2 vedlegg til redegjørelse til Kontrollutvalget i Rauma, datert 07.11.00
- Utkast til stillingsinstruks for psykiatrisk fagstilling 50% underlagt helsesøstertjenesten, psykososialt forebyggende arbeid – barn og unge, datert 14.08.00
Dokumentasjon hos fylkeslegen: Smittevernplan , katastrofeplan (av eldre dato) for kommunehelsetenesta, samt rapport i samband med "Opptrappingsplan for psykisk helse"
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart sendt ut 07. september 2000
Formøte vart ikkje halde.
Opningsmøte vart halde 20. november 2000
Intervju: Fem personar vart intervjua
Verifikasjon: Synfaring ved helsesøsterkontor og skolelegekontor i kommunehuset
Sluttmøte vart halde 20. november 2000
5. Reviderte område og funn
Område 1:
Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald)
Avvik 1
Kommunen har ikkje ein plan for innføring av IK-system i kommunehelsetenesta innan utgangen av 2000.
Avvik frå:
Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3,1. ledd:
"Enhver som yter helsetjeneste skal etablere internkontrollsystem for virksomheten og sørge for at virksomheten og tjenester planlegges, utføres og vedlikeholdes i samsvar med allment aksepterte faglige normer og krav fastsatt i medhold av lov eller forskrift."
Kommunane har gjennom Nasjonal strategi for kvalitetsutvikling fått tida fram til 31.12.2000 til å få kvalitetssystem, deriblant IK-system, på plass. Kommunene må ha ein plan for korleis dette skal gjerast.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- IK-system i kommunen er under arbeid, men plan for gjennomføring innan 31.12.00 ligg ikkje føre.
Merknad 1
Uklår organisering av skolehelsetenesta.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Det var ikkje eintydig oppfatning om kven som hadde det medisinsk faglege ansvar. Det var uklar oppfatning av kva det medisinsk faglege ansvaret inneber i høve til leiande helsesøster sitt ansvar.
Merknad 2
Ny " Veileder for helsestasjon og skolehelsetjenesten" vert ikkje systematisk nytta i tenesta.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Skolehelseplana som ligg føre er frå 1992. Ny "veileder" er kjent blant personalet, men det fins ingen plan for oppdatering av den gamle plana.
Område 2:
Undersøkjing og rettleiing.
Avvik 2
Verksemda har ikkje system som sikrer at elevar som har behov for individuell helseveileiing og oppfølging har tilgang på dette.
Avvik frå:
Forskriftens § 3, " Skolehelsetjenesten skal omfatte:
- systematiske medisinske undersøkelser, individuell helseveiledning og andre medisinske tiltak, herunder helseopplysnig
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Det låg ikkje føre årsplan for helseundersøkjingar.
- Skriftleg informasjon til heimen om tilbod om målretta helseundersøkingar ligg ikkje føre.
- Det ligg ikkje føre skriftleg dokumentasjon på kva eller korleis skolehelsetenesta prioriterar i periodar med redusert bemanning.
Område 3:
Tiltak for utsette grupper.
Avvik 3
Det er ikkje dokumentert ein heilskapeleg strategi for å fange opp eller løyse dei helsemessige problem som fins blant utsette grupper.
Avvik frå:
Forskriftens § 2 andre ledd, " Skolehelsetjenesten skal i samarbeid med heim, skole og det øvrige hjelpeapparat i samfunnet - arbeide for å identifisere og løyse dei helsemessige problem som knytter seg spesielt til skoleelevers situasjon."
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Helsepersonalet har ulike måtar å " hjelpe" utsette elevar på.
- Det manglar system/rutinar som sikrer at personalet i skolane får råd og rettleiing når det gjeld tilrettelegging for kronisk sjuke og funksjonshemma elevar.
Område 4:
Helseovervaking
Avvik 4
Skolehelsetenesta har ikkje iverksett systematiske tiltak for å få oversikt over helseproblem og risikofaktorar blant elevane som kan ha samanheng med skolemiljøet.
Avvik frå:
Forskriftens formålsparagraf § 2, jfr. sitat over.
Lov om helsetjenesten i kommunene § 1-4, " Kommunen skal til enhver tid ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og de faktorer som kan virke inn på denne. (….) "
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Rusplan er utarbeidd, men oppfølging av planen er ikkje dokumentert.
- Det er ikkje etablert rutinar for systematisk lokal kartlegging/oversikt over helsetilstanden til barn og unge i kommunen
- Det fins ikkje rutinar for skolehelsetenesta som premissleverandør til andre sektorar.
6. Deltakarar
ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Heidi Grande |
Leiande helsesøster |
X |
X |
X |
|
Gro Berild |
Sjefsfysioterapeut |
X |
X |
X |
|
Perry H. Ulvestad |
Helse- og sosialsjef |
X |
X |
X |
|
Line Solberg |
Psykiatrisk sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Tone Stenerud |
Kommunelege/skolelege |
X |
X |
X |
|
Torbjørn Ø.Rødstøl |
Ordførar |
X |
|
X |
|
Per K.Nyheim |
Rådmann |
X |
|
X |
|
Jon Sverre Aursland |
Kommunelege |
X |
|
X |
|
Joar Venaas |
Avdelingsleiar |
X |
|
X |
|
Rigmor Reise |
Helsesøster |
X |
|
X |
|
Eva Mittet |
Kommunefysioterapeut |
X |
|
X |
|
Rannveig Flovikholm |
Sjukepleiar |
X |
|
|
|
Audrid Grødal |
Sjukepleiar |
X |
|
X |
Frå fylkeslegen deltok:
Ass. fylkeslege, Karsten Vingen, revisor
Kontorsjef, Einar Andersen, revisor
Fylkessjukepleiar Aslaug Solberg, revisjonsleiar
Frå Statens helsetilsyn deltok:
Rådgiver Kristina Totlandsdal, observatør