Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Dykkar ref |
Vår ref.: Sak nr. 01/465-4/ab Ark. nr. 752.2/19 |
Dato: juni 2001 |
|
Sjukehusets adresse: |
6100 Volda |
|
Tidsrom for revisjonen: |
Sjukehuset blei varsla om tilsynet ved brev av19.02.2001 Tilsynet blei utført 23. – 24. 04 2001 |
|
Kontaktperson i sjukehuset: |
overlege Sigbjørn Lid |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten og sykehusloven
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Omtale av sjukehuset - særlege tilhøve
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte områder og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samanndrag
Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som blei avdekt innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen var i hovudsak fokusert på internkontroll i sjukehuset med hovudvekt på kvalitetsutvalet sin funksjon i sjukehuset si interne avviksbehandling. Revisjonen avdekte aktivitet og engasjement i kvalitetsutvalet når det gjaldt utvikling av kvalitetssystemet, implementering av kvalitetstenking og oppfølging av enkeltsaker. Det var brei deltaking frå fleire avdelingar ved sjukehuset under opningsmøte og sluttmøte. Meldesystemet omfatta i stor grad melding om pasientskader til skadeutvalet. Det var i mindre grad lagt opp til melding om svikt, feil, uhell og nestenuhell. Avvikshendingane blei i mindre grad fylgd opp systematisk og nytta til forbetring.
Ved revisjonen ble det ikkje konstatert avvik. Det blei grunnlag for tre merknader
|
Revisjonsleder: Asbjørn Berge |
Revisorer: Arne Victor Larssen, |
Eva Kristin Ødegård |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Fylkessjukehuset i Volda i perioden 23.-24.04.2001. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd i år og som ein del av eit felles tilsyn i alle fylker.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.
Systemrevisjonen blei gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervjuer og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutiner, prosedyrar og instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Omtale av sjukehuset - særlege tilhøve
Ingen særlege tilhøve låg føre
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Basisdokument for kvalitetssystemet ved sjukehuset
- Handbok i kvalitetsarbeid, del B
- Avviksperm med prosedyresamling
- Oversyn over medlemmer i kvalitetsutvalet og tilsette ved kir.avdeling
- Diverse korrigeringar av prosedyrer og skjema
Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen:
- Varsel om tilsyn ved brev av 21.02.01 frå fylkeslegen
- Tilsendte dokumenter m.m. ved brev av 22.03.01 frå Fsv
- Program og praktisk informasjon ved brev av 10.04.01 frå fylkeslegen
- Tilleggsopplysningar ved brev av 10.04.01 frå Fsv
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
- Sending av revisjonsvarsel 21.02.01
- Gjennomføring av revisjonen:- 18.-19.04 i samsvar med oppsett program.
- 9 personar blei intervjua
- Følgjande verifikasjonar blei gjennomført:
- gjennomgang av interne avviks- og skademeldingar m.m. til Kvalitetsutvalet;
- referat frå Pasientskadeutvalets og Kvalitetsutvalets møter;
- gjennomgang av meldingar frå kvalitetsrådet i kirurgisk avdeling.
Revisjonsbesøket blei avslutta med eit sluttmøte der observasjonar og funn blei presentert:
A:
Sjukehuset sitt internkontroll med særleg vekt på avviksbehandling:
- Kvalitetsutvalets rolle og myndigheit er omtala i sjukehusets Ik-system
- Kvalitetsutvalet behandlar saker meldt på skjema IK-2448
- Kvalitetsrådet på avdelingsnivå mottar og handsamar internt saker som ikkje blir omfatta av skjema IK-2448. Kvalitetsrådets rolle og funksjon er ikkje omtalt.
- De fleste meldingar frå avdelingane blir vurdert i pasientskadeutvalet i følgje flytskjema.
- Pasientskadeutvalets rolle og funksjon er uklart.
- Meldingane gjelder i hovudsak skader og uhell (fall) vedrørende pasienter (ca 2/3).
B:
Avviksbehandlinga - korleis blir svik identifisert, meldt og handtert:
- Sjukehuset har system for melding og handtering av svikt, feil, uhell og nestenuhell, plunder og heft.
- Praktisering av meldingar av plunder og heft og liknande er noe uklar.
- Det er uklart kva som skal meldast og terskelen for meldingar synes noe høy.
C:
Oppfølging av meldingar om avvik for å forebygge svikt
- Kvalitetsutvalet følgjer opp enkeltsaker og prinsipielle forhold overfor de enkelte avdelingar. Tilbakemeldinga frå de enkelte avdelingar er mangelfull.
- Informasjon om avvikshendingar blir ikkje nytta systematisk til kartlegging og analyse som grunnlag for kunnskap til å forebygge svikt.
- Nivå 2 manglar prosedyrer vedrørande handtering og oppfølging av avvik.
5. Reviderte områder og funn
Tilsynet har omfatta følgjande områder:
- Sjukehusets internkontrollsystem med særleg vekt på avviksbehandling, mellom anna kvalitetsutvala sine oppgåver og funksjon, leiingsforankring m.v.
- Avviksbehandling i sjukehuset med omsyn til korleis svikt, feil, uhell og nestenuhell blir identifisert, meldt og handtert.
- Oppfølging og korrigeringar av meldingar om avvik på sjukehuset for å forebygge svikt.
Det blei ikkje konstatert avvik ved tilsynet.
Det ligg likevel føre eit vesentleg forbetringspotensiale på dei reviderte områder. Ut frå dette kjem det fram følgjande merknader:
Område 1:
Merknad
Kvalitetsutvalgets rolle og funksjon samsvarer ikkje i tilstrekkelig grad med dei myndigheitskrav og føresetnader som gjeld for utvalget sitt arbeid.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Meldingar frå avdelingane blir vurdert i pasientskadeutvalget i følgje flytskjema
- Meldingar frå avdelingane blir vurdert i pasientskadeutvalget i følgje flytskjema
- Pasientskadeutvalet si rolle og funksjon er uklar
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Jacob Kjøde jr. |
Direktør |
X |
X |
X |
|
Grethe Hallaråker |
Sjefsykepleiar |
X |
X |
X |
|
Kari Standal |
Leder BUP-poliklinikk |
X |
|
|
|
Arnvid Husøy |
Kvalitetskoordinator |
X |
X |
X |
|
Jon-Inge Vinjevoll |
Sjukepleiear |
X |
X |
X |
|
Olaug Rem Bjørkedal |
Kst. Avd.sjukepleiar |
X |
|
X |
|
Yngve Norderval |
Avd. overlege. Kir.avd |
X |
X |
X |
|
Ragnar Kalsnes |
Overlege kir. Avd |
X |
X |
X |
|
Mari Lystad |
Hygieneinsp |
X |
|
|
|
Theresa Heggedal Moltudal |
Oversypl. Med avd. |
X |
|
X |
|
Roar Berg |
Per.sjef |
X |
|
X |
|
Marianne Bjørkedal |
Apotektekniker |
X |
|
|
|
Bodil Svepstad |
Husøkonom |
X |
|
X |
|
Astrid Schelderup |
Kontorleiar/røntgenavd |
X |
|
X |
|
Svein Festøy |
Sjefing |
X |
|
X |
|
Sig bjørn Lid |
Overlege/leder kval.utv. |
X |
X |
X |
|
Egil Nordal |
Avd.sjef med.avd. |
X |
|
X |
|
Ingebjørg Ellingvåg Knutsen |
Oversykepleier kir/gyn |
X |
X |
X |
|
Rein Chr. Henriksen |
Innkjøpssjef |
X |
|
X |
|
Ingeborg Dahle |
Farmasøyt |
|
|
X |
|
Gro Birkeland |
Avd.sypleier |
|
|
X |
|
Bjørg Flø |
Avd.sypleier |
|
|
X |
|
Arnfinn Henjum |
Overlege |
|
|
X |
|
Anne Almenningen |
Sykepleier |
|
|
X |
Frå fylkeslegen deltok:
Rådgiver Eva Kristin Ødegård, revisor
ass. fylkeslege Arne Victor Larssen, revisor
seniorrådgiver/jurist Asbjørn Berge revisjonsleder