Helsetilsynet i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Verksemda si adresse: |
6200 Stranda |
|
Tidsrom for tilsynet: |
30.01.2002 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Kommunelege Hans Christian Paulsen |
|
Regelverk: |
- Kommunehelsetenestelova med forskrifter etter kap 4a
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Omtale av verksemda - spesielle forhold
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte områder og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som blei påpeika innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:
Kommunen sitt internkontrollsystem for helsetenesten, med særleg vekt på miljøretta helsevern;
kommunen sitt system for tilsyn med verksemder etter kapittel 4a i kommunehelsetjenesteloven;
kommunen sitt tilsyn med verksemder etter kapitel 4a i kommunehelsetjenesteloven etter følgjande forskrifter:
- forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager
- forskrift om badeanlegg, bassengbad m.v.
- forskrift om drikkevann og vannforsyningsanlegg
- forskrift om hygienekrav for frisør- hudpleie og tatoveringsvirksomheter m.v. kommunens sakshandsaming vedrørande saker etter kap. 4a i kommunehelsetenestelova;
Arbeidet med etablering av system og plan for tilsyn er i gang. Kommunen har ikkje etablert eit internkontrollsystem som også omfattar miljøretta helsevern. Vurdering av behovet for ressursar og kompetanse ligg ikkje føre. Kommunelegen har utarbeide aktivitetsplan for år 2002 som grunnlag for tilsyn. Kommunestyret har delegert mynde til å ta avgjerd og utføre tilsyn i saker etter kommunehelsetenestelova til helse- og sosialstyret. Sakshandsaminga i dei saker som var granska var forsvarleg handsama, men kommunen har ikkje rutiner som sikrar helsefagleg rådgjeving innan andre sektorar i kommunen.
Det blei ved tilsynet ikkje funne avvik. Det famkom tre merknader
Dato: 04.02.02
|
Revisjonsleiar Asbjørn Berge |
Revisor Karsten Vingen |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeid etter systemrevisjon med miljøretta helsevern i Stranda kommune 30.01.02. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegen si planlagte tilsynsverksemd i inneverande år
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis verksemda ivaretek ulike myndigheitskrav gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utført som omtala og uttalt
- verksemda driver sin aktivitet innanfor dei rammer som styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutiner, prosedyrar og instruksar blir følgt opp i praksis og om dei fysiske forhold tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
blir definert som mangel på oppfylling av myndigheitskrav.
- Merknad
er forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet meiner det er eit forbetringspotensial.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Ingen serlege tilhøve blei observert
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre avgjerande forhold:
- Utkast til kvalitetssystemet for miljøretta helsevern i barnehagar og skoler.
- Utkast til plan for tilsyn med verksemder innan miljøretta helsevern
- To tilsynsrapportar frå inneklimainspeksjon i ein skole og ein barnehage og ei sak om godkjenning av vannverk
- Delegasjonsvedtak og organisasjonsplan
- Instruks for kommunelege og helsesyster
Under tilsynet blei dokument vedrørande godkjenning av skoler og barnehagar overlevert
Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen:
- Varsel om tilsyn ved brev av 05.10.2001
- 24.10.2001 melding om utsetting av tilsynet
- 18.12.2001 melding om ny tidfesting av tilsynet
- Brev av 11.01.2002 frå Stranda kommune med saksdokument
- Brev av 16.01.2002 til Stranda kommune med program
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt 14.08.01
Opningsmøte blei halde 02.10.01
Intervju: Tre personer blei intervjua.
5. Reviderte områder og funn
Område 1:
Kommunens internkontrollsystem og kommunens system for tilsyn med verksemder etter kap 4 a i kommunehelsetenestelova
Merknad:
Kommunen sitt internkontrollsystem manglar plan for prioriterte tilsyn med verksemder innan miljøretta helsevern og oversyn over ressursbehov.
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Kommunen har ikkje etablert internkontrollsystem for helsetenesta i kommunen som femnar om oppgåvene innan miljøretta helsevern
- Arbeidet med utarbeiding av system og plan for tilsyn er i gang
- Vurdering av behovet for ressursar og kompetanse ligg ikkje føre
- Kommunestyret har delegert sin mynde til å ta avgjerd og utføre tilsyn i saker etter kommunehelsetenestelova til helse- og sosialutvalet og rådmannen i 1999
- Oppgåvene er vidaredelegert til kommunelegen i vedtak frå 1996
- Kommunelegen har hovudansvaret for å utføre oppgåver innan miljøretta helsevern
- Leiande helsesøster har instruks om å ivareta inspeksjonsoppgåver innan miljøretta helsevern
Kommentar:
Fylkeslegen ser det som viktig at kommunen utarbeider plan for prioriterte tilsyn grunna på oversyn over verksemder innan miljøretta helsevern som kommunen skal ha tilsyn med. Prioritering av tilsyn bør vere basert på risikovurderingar av helsefare.
Område 2:
Kommunens tilsyn med verksemder
Merknad:
Kommunen utfører ikkje tilsyn med verksemder basert på internkontroll
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Det ligg føre aktivitetsplan for år 2002 utarbeidd av kommunelegen
- Kommunen utfører tilsyn med aktuelle verksemder innan miljøretta helsevern
- Tilsynet er i hovudsak utført som inspeksjonar og godkjenning av verksemder
Kommentarar:
Kommunen bør legge opp til å utføre tilsyn som systemrevisjon. Dette vil kunne vere meir effektivt og arbeidssparande. På sikt vil det og skape forståing i verksemda for eige ansvar for at dei aktuelle regelkrav som gjeld blir ivareteke og etterlevd.
Område 3
Kommunen si saksbehandling vedrørande saker etter kommunehelsetenestelova kap 4a
Merknad:
Kommunen har ikkje handsama eller følgt opp kravet om godkjenning av alle skoler og barnehagar innan 01.01.1999
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar
- Helsetenesta vurderer saker som den får kunnskap om i høve til reglane i kommunehelsetenestelova kap 4 a og tek aktuelle saker opp til handsaming
- Sakene blir registrert og handsama etter forvaltningslova sine reglar
- Helsetenesta nyttar ikkje fullt ut kommunen sitt sakshandsamingssystem
- Kommunelegen er ansvarleg sakshandsamar på saker innan miljøretta helsevern
- Kommunen har ikkje rutiner som sikrar kommunelegen sin medverknad etter § 3-4 , 3.ledd i kommunehelsetenestelova.
- Kommunen har ikkje rutiner som sikrar at kommunelege/helsesøster blir nytta som rådgjevar i helsefaglege problemstillingar som andre sektorar i kommunen arbeider med.
- Kommunen har mottatt søknader og godkjent samtlege kommunale og private skoler og barnehagar
- Vurdering og godkjenning av 2 vidaregåande skoler er ikkje gjennomført
Kommentarar:
Det ligg føre dokumentasjon som tyder på at alle skoler og barnehagar som er godkjent i Stranda kommune er handsama i hovudutvalet for skole og kultur. Det er ikkje dokumentert at kommunelegen har gitt si tilråding i desse sakene. Dette er i så fall i strid med § 3-4 i kommunehelsetenestelova.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversyn over kva for personer frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt eit oversyn over deltakarne på opningsmøte og sluttmøte, og kva for personer som blei intervjuet.
|
Namn |
Funksjon |
Åpningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Hans Chr. Paulsen |
Kommunelege |
x |
x |
|
|
Kjellaug Kvammen |
Helsesyster |
x |
x |
x |
|
Ole Johan Lillestøl |
Rådmann |
x |
x |
x |
|
Olav Heggen |
Kommunelege |
x |
|
x |
Frå fylkeslegen deltok:
Kst.ass. fylkeslege Karsten Vingen og
seniorrådgjevar Asbjørn Berge