Helsetilsynet i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Verksemda si adresse: |
6390 Vestnes |
|
Tidsrom for tilsynet: |
06.02.2002 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Helsesekretær Janne Kile Kjersheim |
|
Regelverk: |
- Kommunehelsetenestelova med forskrifter etter kap 4a
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Omtale av verksemda - spesielle forhold
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte områder og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som blei påpeika innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:
Kommunen sitt internkontrollsystem for helsetenesten, med særleg vekt på miljøretta helsevern;
kommunen sitt system for tilsyn med verksemder etter kapittel 4a i kommunehelsetjenesteloven;
kommunen sitt tilsyn med verksemder etter kapitel 4a i kommunehelsetjenesteloven etter følgjande forskrifter:
- forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager
- forskrift om badeanlegg, bassengbad m.v.
- forskrift om drikkevann og vannforsyningsanlegg
- forskrift om hygienekrav for frisør- hudpleie og tatoveringsvirksomheter m.v. kommunens sakshandsaming vedrørande saker etter kap. 4a i kommunehelsetenestelova;
Kommunen har i år 2001 utført tilsyn i form av inspeksjonar med verksemder etter kap. 4a i kommunehelsetenestelova. Kommunen har ikkje etablert eit internkontrollsystem som også omfattar miljøretta helsevern. Vurdering av behovet for ressursar og kompetanse ligg ikkje føre. Kommunestyret har delegert mynde til å ta avgjerd og utføre tilsyn i saker etter kommunehelsetenestelova til helse- og sosialstyret. Kommunen har ikkje rutiner som sikrar helsefagleg rådgjeving innan andre sektorar i kommunen.
Det blei ved tilsynet påpeika tre merknader. Det blei ikkje gitt avvik.
Dato: 25.03.02
|
Revisjonsleiar Asbjørn Berge |
Revisor Karsten Vingen |
Eva Kristin Ødegård |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeid etter systemrevisjon med miljøretta helsevern i Vestnes kommune 06.02.02. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegen si planlagte tilsynsverksemd i inneverande år
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis verksemda ivaretek ulike myndigheitskrav gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utført som omtala og uttalt
- verksemda driver sin aktivitet innanfor de rammer som myndigheitene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervjuer og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutiner, prosedyrar og instruksar blir følgt opp i praksis, og om de fysiske forhold tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
blir definert som mangel på oppfylling av myndigheitene krav.
- Merknad
er forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynsstyresmaktene meiner det er et forbetringspotensial.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Ingen serlege tilhøve blei observert
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drift og andre avgjerande forhold:
- Organisering og oppgavedeling i Vestnes kommune
- Utkast til plan for tilsyn med verksemder innan miljøretta helsevern
- Ein rapport frå inneklimainspeksjon i ein skole og ei sak om godkjenning av campingplass
- Delegasjonsvedtak
- Personelloversikt
- Oversyn over kommunen sine utslepp og tilsyn etter forureiningslove med avløpsanlegg
Under tilsynet blei sak vedrørande godkjenning av skoler og barnehager, samt sak vedrørende fullmakt til kommunelegen om godkjenning av campingplasser, overlevert. I tillegg blei overlevert dokumentasjon for næringsmiddeltilsynet sin medverknad og tilsyn innan miljøretta helsevern.
Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen:
- Varsel om tilsyn ved brev av 18.12.2001
- Brev av 21.01.2002 frå Vestnes kommune med saksdokument
- Brev av 31.01.2002 til Vestnes kommune med program
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt 18.12.01
Opningsmøte blei halde 06.02.02
Intervju: Tre personer blei intervjua.
Verifikasjonar:
Følgjande verifikasjonar blei utført som dokumentgransking:
Gjennomgang av sak vedrørande godkjenning av skoler og barnehagar og godkjenning av vassverk Det framkom at kommunelegen hadde vore lite involvert i handsaminga.
Sluttmøte blei halde 06.02.02
5. Reviderte områder og funn
Område 1:
Kommunens internkontrollsystem og kommunens system for tilsyn med verksemder etter kap 4 a i kommunehelsetenestelova
Merknad:
Kommunen har ikkje etablert internkontrollsystem for helsetenesta i kommunen som femnar om tilsyn med verksemder innan miljøretta helsevern
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Arbeidet med utarbeiding av system og plan for tilsyn er ikkje påbegynt
- Vurdering av behovet for ressursar og kompetanse ligg ikkje føre
- Kommunestyret har delegert sin mynde etter kommunehelsetenestelova til å fatte vedtak til helse- og sosialstyret.
- Kommunelege og helsesøster ivaretek oppgåver innan miljøretta helsevern. Kommunen har etablert arbeids- og driftsavtale med kommunelegen som driftsleiar for helseavdelinga
- Driftsleiar har det faglege og administrative ansvar for avdelinga
Kommentarar:
Kommunen pliktar no å ha eit internkontrollsystem for helsetenesta i kommunen. Systemet bør omfatte plan for prioriterte tilsyn grunna på oversyn over verksemder innan miljøretta helsevern som kommunen skal ha tilsyn med og kva for ressursar kommunen treng for å ivareta oppgåvene. Prioritering av tilsyn bør vere basert på risikovurderingar av helsefare.
Helse- og sosialstyret har ikkje mynde til å delegere oppgåver direkte til kommunelegen. Dette bør rettast opp i samsvar med kommunehelsetenestelova § 4a-3, første ledd.
Område 2:
Kommunen sitt tilsyn med verksemder
Merknad:
Kommunen utfører ikkje tilsyn med verksemder basert på internkontroll
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Kommunelegen har utarbeidd eit oversyn over verksemder i kommunen som treng tilsyn eller godkjenning etter kommunehelsetenestelova kap 4a, samt utførte tilsyn.
- Kommunen har utført tilsyn i 2001 med verksemder innan miljøretta helsevern når det gjeld campingplassar og frisørsalongar, samt ein skole
- Tilsynet er i hovudsak utført som inspeksjonar og godkjenning av verksemder
Kommentarar:
Kommunen bør legge opp til å utføre tilsyn som systemrevisjon. Dette vil kunne vere meir effektivt og arbeidssparande. På sikt vil det og skape forståing i verksemda for eige ansvar for at dei aktuelle regelkrav som gjeld blir ivareteke og etterlevd.
Område 3
Kommunen si saksbehandling vedrørande saker etter kommunehelsetenestelova kap 4a
Merknad:
Kommunelegen sin medverknad og rådgjeving ved handsaming av saker etter kommunehelsetenestelova kap. 4a er ikkje sikra.
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Helsetenesta handsamar saker som blir meldt til kommunen etter reglane kommunehelsetenestelova kap 4 a
- Sakene blir registrert og handsama etter forvaltningslova sine reglar og kommunen sitt sakshandsamingssystem
- Kommunelegen har medverka i godkjenninga av skoler og barnehagar.
- Endeleg godkjenning av skoler og barnehagar i kommunen er basert på eigenrapportering
- Kommunen har ikkje rutiner som sikrar kommunelegen sin medverknad og rådgjeving i helsefaglege problemstillingar som andre sektorar i kommunen arbeider med.
Kommentarar:
Helsetenesta og serleg kommunelegen sin medverknad i saker som gjeld miljøretta helsevern og smittevern skal bidra til å sikre at det i kommunen ikkje blir iverksett tiltak som kan innebere helsefare for folket som bur eller oppheld seg der.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversyn over kva for personer frå verksemda som var direkte involvert i
revisjonen.
I tabellen under er det gitt eit oversyn over deltakarne på opningsmøte og sluttmøte, og kva for personer som blei intervjuet.
|
Navn |
Funksjon |
Åpningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Magnus Elgsaas |
Kommunelege |
x |
x |
x |
|
Inger Nakken |
Leiande helsesyster |
x |
x |
x |
|
Lars Fjørtoft |
Rådmann |
x |
x |
x |
|
Janne Kile Kjersheim |
Helsesekretær |
x |
|
x |
|
Håvard Fiskå |
Teknisk sjef |
x |
|
|
|
Kirsti Lilleheim |
Helsesyster |
x |
|
|
Frå fylkeslegen deltok:
Kst.ass. fylkeslege Karsten Vingen
førstekonsulent Eva Kristin Ødegård og
seniorrådgjevar Asbjørn Berge