Fylkeslegen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Dykkar ref: |
Vår ref: 97/682 Asu |
|
Verksemda si adr. |
6800 Førde |
|
Tidsrom for revisjonen: |
2. desember 1997. |
|
Kontaktperson i kommunen: |
Kommunelege Per Eggen |
|
Regelverk: |
- Lov om helsetenesta i kommunane
- Lov om statleg tilsyn
- Lov om legar
- Forskrift om medisinsk nødmeldeteneste
- Forskrift om leges og helseinstitusjons journal for pasient
|
INNHALD
1. Innleiing
2. Dokumentunderlag
3. Omfang
4. Resultat av revisjonen
5. Resultat av verifikasjonar
6. Gjennomføring
Vedlegg 1: Dokumentunderlag for systemrevisjonen
Innhald i rapporten.
Denne rapporten gjev eit oversyn over dei avvik og merknader som vart avdekka innanfor dei reviderte områda.
Revisjonen omfatta:
- Internkontrollsystema
- Tilgjengelegheit
- Opplæring/kompetanse
- Dokumentasjon.
Hovedkonklusjon:
Det kom fram under revisjonen at Førde kommune ikkje har etablert eit medisinsk nødmeldesytem i samsvar med forskrifter om medisinsk nødmeldeteneste av 20 august 1990, i medhold av lov om helsetenesta i kommunane av 19. november 1982, § 1-3 andre lekken punkt 6.
Henvendelsar til legevakta, som er samarbeid mellom kommunane Førde og Naustdal, kjem inn til sentralbordet på Sentralsjukehuset etter kontortid, men sentralen formidlar berre telefon-nummeret til den legen som har vakt, og tek ingen opplysningar frå innringjar bortsett frå etternamn, og utfører ikkje sjølvstendig vurdering.
- Telefonsamtalane vert notert i ei bok som ligg fritt tilgjengeleg i sentralen på SSSF.
- Denne formidlingstenesta vert utført av dei tilsette ved sentralen.
- Sentralen kan ikkje sette telefonar direkte over til vakthavande lege.
Dersom sentralen får inntrykk av at det hastar, og ein ikkje får tak i vakthavande lege, vert AMK oppringd på interntelefon 9113, og tek då over samtalen. Dersom dette forårsakar tiltak frå AMK vert dette loggført på adekvat måte av AMK. Men dersom tiltak ikkje vert sett igang vert samtalen forsøkt formidla til lege som har vakt.
Fordi det ikkje er ein fungerande legevaktsentral kan ikkje legar som har vakt i Førde legevaktområde bruke helseradionettet.
Det kom fram under tilsynet at Jølster kommune også brukar sentralen ved SSSF på same måte, og har såleis heller ingen fungerande legevaktsentral.
Dette vert teke opp med Jølster kommune i eige brev. Ettersom det er legevaktsamarbeid mellom Naustdal og Førde, gjeld same for Naustdal kommune.
|
Utarbeidd dato: |
Godkjend dato: |
|
12. desember 1997 |
12. desember 1997 |
|
Arne Sunde |
Petter Øgar |
|
Revisjonsleiar |
Fylkeslege |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Legevakttenestea i Førde den 2. desember 1997. Revisjonen inngår som en del av fylkeslegens planlagde revisjonsverksemd i inneværande år.
Målet med systemrevisjonen er å vurdere korleis dei ulike myndigheitskrava vert ivaretekne ved legevakttenesta ved hjelp av atablerte interkontrollsystem. Revisjonen omfatta mellom anna fylgjande tilhøve:
- om der var eit internkontrollsystem for legevakta som var føremålstenleg og dekkande.
- om aktivitetane vart utførde slik dei er skrevne og uttala
- om legevakttenesta oppfyller definerte mål med slik teneste, og om den vert dreven innanfor dei rammene som myndigheitene har formulert.
Systemrevisjonen vart gjennomførd ved granskning av dokument, ved intervju, samtalar, befaring og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar vert fylgde opp i praksis. Rapporten omhandler avvik og merknader som er avdekka under revisjonen
- Avvik vert definert som manglande oppfylling av dei krav myndigheitene har sett i lov eller forskrift. som mangel på oppfyllelse av myndighetenes krav.
- Merknad er tilhøve som ikkje er omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetaten finn det naudsynt å peike på, og der det kan vere rom for å betre tilhøva.
2. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
- Aktuelle lover, forskrifter og eventuelle rundskriv og godkjenningar.
- Korrespondanse mellom kommunelegen og fylkeslegen.
- Verksemda sin eigen dokumentasjon knytta til den daglege drifta og andre forhold av betydning.
Dokument av spesiell viktighet for gjennomføring av revisjonen er lista opp i vedlegg 1.
3. Omfang
Tilsynet vart gjennomført som ein systemrevisjon med intervju, verifikasjon og gjennomgang av foreliggande dokument. Revisjonen omfatta kun den delen av legevakttenesta som går på vakttenesta, henvendelse fra publikum, formidling av henvendelsar, bruk av kommuniksasjonssystem,dokuentasjon og handtering av ulukker av i større eller mindre omfang. Det var lagt inn i revisjonsdelen besøk ved sentralen på SSSF og besøk ved AMK for å gjennomgå dokumetasjon for handtering av telefonar.
4. Resultat av revisjonen.
Kommunene har ikkje etablert eit medisinsk naudmeldesystem slik nedfelt i lov om helsetenesta i kommunane av 19 november 1982, § 1-3, 2. lekken punkt 6. og i samsvar med funksjonsbeskrivelse av slike sentralar som omtala i forskrift om medisinsk nødmeldeteneste av 20 august 1990.
Avvik fra:
- Lov om helsetenesta i kommunane av 19. november 1982
- Forskrift om medisinsk nødmeldeteneste av 20. august 1990
Kommentarar:
Som anført under hovudkonklusjonen på side to, har ikkje kommunen ei naudmeldeteneste som fungerar i samsvar med intensjonane for denne tenesta slik den er nedfelt i foreliggande forskrift. Kommunehelsetenesta § 1-3 , 2. lekken punkt 6. pålegg kommunen å organisere ei medisinsk naudmeldeteneste som del av dei oppgåvene som helsetenesta skal omfatte.
Det er vidare i forskrift om medisinsk nødmeldeteneste av 20. august 1990 fastlagd at slike legevaktsentralar skal vere operative frå 1. januar 1995. Sentralen skal i medhold av forskriftene § 5-3, ivareta den kommunale legevakta, formidle oppdrag til heimesjukepleien og varsle lokalt stasjonerte ambulansar. Den er vidare bindelekk mellom kommunale ressursar og AMK sentralen. Det går vidare fram at ein forutset at dei som er på sentralen driv pasientretta verksemd, og at slik skal dokumenterast, jfr § 6-1
Ettersom Førde er vertskommune for AMK skal ein vidare peike på § 5-2, i forskrift om medisinsk nødmeldeteneste, der det mellom anna er sagt at "AMK sentralen normalt skal ivareta oppgaver som LV-sentral for vertskommunen" med henvisning til § 4-3 i same forskrift.
5. Resultater fra verifikasjoner
Kommunen ikkje etablert ein medisinsk naudmeldesentral driven i samsvar med foreliggande forskrifter. Dette vart verifisert ved besøk på Sentralsjukehuset der det vart klarlagt at dei som tek imot meldingar frå publikum ikkje gjer sjølvstendige vurderingar, og heller ikkje innehar dei kvalifikasjonane som er kravd, men oppgjev telefonnummeret til vakthavande lege. Det er ikkje noko system for å sikre at pasienten eller pårørande har fått legekontakt. Telefonar kan ikkje setjast direkte over til lege.
Etternamnet på den som ringjer samt tid for oppringing vert fortløpande førd i ei bok som vert oppbevart på sentralen. Utskrevne bøker ligg i ei hylle på sentralen og er ikkje beskytta mot innsyn.
Ved besøk på AMK sentralen vart det verifisert at dei telefonane som vert overtekne av AMK, og som fører til tiltak frå AMK, vert loggførde på forskriftsmessig måte. For dei telefonane der tiltak ikkje vert ansett naudsynt, vert det ikkje gjort loggføring ved AMK.
6. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta fylgjanade:
Åpningsmøte:
Det vart halde eit åpningsmøte der kommunelege Eggen og helse-og sosialsjef Asbjørn Fjose var tilstades.
Fylkeslegekontoret møtte:
- Ass.fylkeslege Arne Sunde
- Ass.fylkeslege S.K.J.Nesdal
- Fylkessjukepleiar Marta Halset
Frå fylkeslegen vart det kort orientert om føremålet med tilsynet, metodikken og gjennomføringa. Vidare vart timeplanen skissert og gjennomgått.
Intervjua av kommunelegane vart gjennomførde ved legesenteret, intervju av sentralbordoperatørane ved telefon- sentralen ved SSSF vart gjennomførde på Sentralsjukehuset, det same for avdelingssjukepleiar Bjørn Morten Øen ved AMK.
Intervju:
Intervjua omfatta kommunelege I, ein av dei andre kommunelegane, avdelingssjukepleiar ved AMK og ein av sentralbordoperatørane ved telefonsentralen ved SSSF.
Mal for intervjua var fastlagd på førehand og tema omfatta dei som var omfatta av revisjonen.
Sluttmøte :
Sluttmøte vart halde på kontoret til rådmannen, der rådmann Asbjørn Schei og kommunelege Per Eggen var tilstades, forutan revisjonsteamet.
Ein gjekk her gjennom revisjonen og summerte opp det som var hovudkonklusjonen.
Det kom fram under sluttmøte at kommunene har satt av pengar til samdrift av lokal legevaksentral med AMK frå 1.1.1996, men at ein ikkje har oppnådd semje med Sentralsjukehuset om slik lokalisering. Fylkeslegen vil be om at dette spørmålet vert reist pånytt med tanke på ein snarleg løysing. Vi er uroa over at ein kommune som Førde enno ikkje har fått på plass ei legevaktteneste i samsvar med forskriftskrava, og vi vil spesielt påpeike det ansvaret som fylkeskommunen har i og med at Førde er vertskommune for AMK- sentralen. Det vert i denne samanheng vist til forskriftene § 5-1. Manglande oppkopling gjer og at helseradionettet ikkje er i funksjon ved for Førde/Naustdal legevaktområde, og fylkeslegen ser og alvorleg på at ein her ikkje kan nyttiggjere seg det kommunikasjonsutstyret kan vere avgjerande ved ulukker og katastrofar. Utan operativ kommunikasjonsutstyr kan legevaktlegane i Førde bli ståande på sidelinja ved ulukker og katastrofar i eige vaktdistrikt.
Dette er og klart eit brot på forutsetningane i lov om helsetenesta i kommunane.
Vedlegg 1 - Dokumentunderlag
Oversikt over dokument som vart lagt til grunn for revisjonen ved verksemda.
Nedanfor er lista opp dei dokument som var særskild viktige som underlag for revisjonen:
- Lov om statleg tilsyn med helsetenesta.
- Lov om helsetenesta i kommunane.
- Lov om legar
- Forskrift om medisinsk nødmeldeteneste
- Forskrift om leges og helseinstitusjons journal for pasient.
Frå Førde kommune:
- Instruks for legevakt i Førde-Naustdal.
- Brev frå kommunelege Per Eggen med opplysningar om legevakttenesta i distriktet
- Vaktforedeling og vaktlister-november/desember 1997.
- Møtebok for Førde kommune, HSU, den 6.10.95 med samrøystes vedtak i
sak 161/95 : Samarbeidsavtale mellom Førde kommune og Fylkeskommunen
om LV-sentralen.
Saka seinare samrøsytes vedteken i formannskapet 30.10.95 og kommunestyret
22.11.95.