Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Rapport frå systemrevisjon ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, SSSF, kirurgisk avdeling (1999)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

Dykkar ref.: 98/08996

Vår ref.: 98/355/ÅWB/-

Dato: 25.06.1999

Verksemda si adresse:

6800 Førde

Tidsrom for revisjonen:

Varsel om tilsyn vart sendt ut 26.04.99, og nytt brev om program for dagen 01.06.99
Revisjonen vart gjennomført 09.06.99

Kontaktperson i verksemda:

Anne Storaker, oversjukepleiar kirurgisk avdeling

Regelverk:

  • Lov om vern mot smittsame sjukdommar (smittvernloven) av 5.august 1994
  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta av 30.mars 1984
  • Forskrift om smittevern i helseinstitusjoner(smittvernforskrifta) av 5.juli 1996
  • Rundskriv IK-28/96 Råd for anvendelse av smittevernloven § 3-3


INNHALD

    1. Innleiing
    2. Skildring av verksemda
    3. Dokumentunderlag
    4. Omfang
    5. Gjennomføring
    6. Reviderte område og funn
    7. Deltakarar på revisjonsbesøket

    Tilsynet er utført som systemrevisjon.


    Innhald:

    Denne rapporten gir oversyn over dei merknader som vart avdekt innanfor dei reviderte områda. Ingen avvik vart avdekt. Systemrevisjonen omfatta:

    Internkontroll i høve til smittevernlova

    Prosedyrar i høve til:

    • håndhygiene
    • alvorlege infeksjonar årsaka av antibiotikaresistente bakteriar
    • smittevern i samband med korridorpasientar

    Samandrag:

    Kirurgisk avdeling (kir. avd.) ved SSSF har 36 senger. På gjeldande tidspunkt hadde dei noko redusert kapasitet på grunn av at dei mangla 4 spl.stillingar . Avdelinga har for det meste pasientar som treng urologisk, gastrologisk, eller kar-kirurgisk behandling.

    På dei områda tilsynet omfatta, var drifta ved avdelingen i samsvar med krava i smittvernlova og smittvernforskrifta. Prosedyrar gjeldande hygiene vert samla i ei perm, dessutan fantes det andre hygieneprosedyrar. Smittevernforskrifta virka kjend blant dei tilsette, dei visste hovudinnhaldet og han vert nytta i det praktiske arbeidet på avdelingane.

    Sjølv om det ikkje vert avdekka avvik ved tilsynet er det allikevel eitt område kor Fylkeslegen meinar det føreligg eitt forbetringspotensiale. Dette gjeld avvikshandtering, noko som også er aktuelt i samband med smittevern. Det verka som prosedyrane for melding var kjend og blei praktisert, men det var lite tilbakemeldingar til meldar.

    Utarbeidd dato: 18.05.99

    Åge Wiberg Bøyum
    fylkessjukepleiar - revisjonsleiar

    Petter Øgar
    Fylkeslege



    1. Innleiing

    Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Kir. avd. ved SSSF. Revisjonen går inn som ein del Fylkeslegen sitt planlagde tilsyn i år. Tilsynet er ein del av eit felles tilsyn i høve til smittevern i sjukehus i heile landet, og vert utført etter ein av Helsetilsynet fastsett mal.

    Systemrevisjonen sitt føremål er å vurdere korleis dei ulike myndigheitskrava vert ivaretekne i verksemda ved hjelp av interkontroll.

    Revisjonen omfatta undersøking om:

    • internkontrollen i verksemda er føremålstenleg og dekkjande
    • aktivitetar vert utførte slik som dei er skrivne og uttalte
    • verksemda når sine mål og driv verksemda si innanfor dei rammer som styresmaktene har sett.

    Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, samtaler, synfaring og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar i praksis vert følgde. Rapporten tek føre seg avvik og merknader som er avdekt under revisjonen.

    • Avvik vert definert som manglande oppfylling av dei krav styresmaktene har sett. i lov og forskrift.
    • Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men som tilsynsstyresmaktene finn det naudsynt å peike på.

    Fylkeslegen har revidert følgjande område:
    Internkontroll i høve til smittevernlova.

    Smittevernforskrifta ,særskild andsynes på prosedyrar i høve til håndhygiene, alvorlege infeksjonar årsaka av antibiotikaresistente bakteriar, og smittevern i samband med korridorpasientar


    2. Skildring av verksemda

    Kirurgisk avdeling ved SSSF har 36 senger. Avdelinga er har for det meste pasientar som har treng urologisk, gastrologisk, eller kar-kirurgisk behandling, men behandlar også ein del cancer-pasienter.
    Når det gjeld moglegheiter for isolasjon av pasientar i høve til smittevern, har avdelinga to einerom med dusj og toalett (skyllerom i gangen rett utafor).Isolat med eiege skyllerom finnes på intensiavdelinga.

    Sjukehuset har ikkje hatt nokre tilfelle av MRSA (meticillinresistente staphylococcus aureus) dei siste åra, men det var laga prosedyrane i tilfelle dei fekk inn slike pasientar.


    3. Dokumentunderlag

    Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
    • Aktuelle lover, forskrifter, eventuelle rundskriv og godkjenningar.
    • Korrespondanse mellom verksemda og Fylkeslegen.
    • Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til smittevern

    Under er lista dokument som var særskilt viktige som dokumentunderlag for revisjonen

    • Lov om vern mot smittsame sjukdommar (smittvernloven) av 5.august 1994
    • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta av 30.mars 1984
    • Forskrift om smittevern i helseinstitusjoner(smittevernforskrifta) av 5.juli 1996
    • Rundskriv IK-28/96 Råd for anvendelse av smittevernloven § 3-3

    Medisinsk avdeling, og sjukehuset sine dokumenter

    • Hygienehåndboka ved SSSF
    • Aktuelle prosedyrar i samband med smittevern som vart nytta i tenesta
    • Namneliste over tilsette
    • Dokumentasjon over siste utførte validering av autoklav
    • Dokumentasjon av kvalitetskontroll av luftkvaliteten på operasjonsavdelinga utført av hygienesjukepleiar ved SSSF


    4. Omfang

    Tilsynet vart gjennomført som ein systemrevisjon med intervju, verifikasjon og dokumentgjennomgang. Revisjonsteamet hadde gått gjennom tilsendt dokumentasjon frå sjukehuset og medisinsk avdeling før tilsynet.

    Revisjonen starta med opningsmøte i møterom i administrasjonen. Alle som skulle intervjuast var til stade, utan om assistentlegen. ein turnuslege møtte i hans stad. I tillegg var sjefslege, til stade på opningsmøte, og på sluttmøte.


    5. Gjennomføring

    Systmrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:


    Opningsmøtet
    starta klokka 11.00

    Avslutningsmøtet vart halde klokka 15.00

    Intervju:
    5 personar vart intervjua

    Verifikasjonar:
    Verifikasjon omfatta gjennomgang av Hygieneperm(infeksjonskontrollprogammet) på medisinsk avdeling ,og nokre av dei prosedyrane som omhandla smittevern i prosedyreperm..

    Revisjonsbesøket vart avslutta med eit sluttmøte der følgjande observasjonar vart presenterte:

    Verksemda har eit infeksjonskontrollprogram som er i samsvar med myndigheitene sine lovkrav.

    • Dei aktuelle prosedyrana er kjend og vert nytta av fagpersonal ved avdelinga.
    • Hygienekomiten var aktive i informasjon og innføring av nye prosedyrar, imidlertid var det ikkje eit samarbeidande organ for kvalitetsutvalet ved sjukehuset
    • Arbeidet med hygieneprosedyrane var ikkje integrert i kvalitetesutvalet sitt kvalitetsarbeid.


    6. Reviderte område og funn

    Revisjonen omfatta følgjande område:

    Internkontroll i høve til smittevernlova (plikt til å ha eit infeksjonskontrollprogram)

    Prosedyrar i høve til:

    • håndhygiene
    • alvorlege infeksjonar årsaka av antibiotikaresistente bakteriar
    • smittevern i samband med korridorpasientar

    Revisjonen avdekte ingen avvik innafor dei reviderte områda.

    Merknad

    Observasjon:

    Rutinar for avvikshandtering innan infeksjonskontrollprogrammet var ikkje nedfelt i

    skriftlege prosedyrar.
    Et infeksjonskontrollprogram skal etter forskrifta skal i følgje § 2-2 som et minimum mellom anna innehalde infeksjonsovervaking:

    "Det skal finnes et opplegg for registrering, melding, analysering og rapportering av sykehusinfeksjoner i institusjonen.."

    Kommentar: For å sikra ein systematisk og likelydande praksis når det gjeld avvikshandtering i høve til infeksjonskontrollprogrammet meiner vi at det bør være nedfelt i skriftlege prosedyrar.


    7. Deltakarar på revisjonen

    Oversikt over personane frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.

    Tabellen under syner oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over kven som vart intervjua.

    Namn

    Funksjon

    Opningsmøte

    Intervju

    Sluttmøte

    Bjarne Straume

    sjefslege

    x

     

    x

    Nils Sletteskog

    seksjonsoverlege

    x

    x

    x

    Heidi Dvergsdal

    sjukepleiar

    x

    x

    x

    Tone Rusken

    assistentlege

    x

    x

    x

    Gro Hystad

    ass.avdelingssjukepleiar

    x

    x

    x

    Astrid Solheim

    hjelpepleiar

    x

    x

    x

    Anne Storaker

    oversjukepleiar

    x

    x

    x


    Frå Fylkeslegen deltok:

       

    Fylkeslege Petter Øgar

       

    Fylkessjukepleiar Åge Wiberg Bøyum -revisor

       

    Rådgivar Bjørg Eikum Tang - revisjonsleiar