Fylkeslegen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Dykkar ref.: 99/012325 |
Vår ref.: 99/390 bet/- |
Dato: 18.05.99. |
|
Verksemda si adresse: |
Bremanger kommune, 6930 Svelgen |
|
Tidsrom for revisjonen: |
Varsel om tilsyn vart sendt ut 07.04.99, og nytt brev om program for dagen 22.04.99 Revisjonen vart gjennomført 06.05.99. |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Pleie og omsorgsleiar Siv Åse Eggen og områdeleiar Berit O. Frøyen. |
|
Regelverk: |
- Lov om kommunehelsetenesta av 19.nov.1982
- Lov om statleg tilsyn med helsetenesta av 30.mars 1984
- Lov om tannhelseteneste av 3.juni 1983
- Forskrift om leges og helseinstitusjons journal for pasient 17.mars 1989
- Forskrift om sykehjem og heldøgns omsorg og pleie 14. november 1988
- Forskrift om legemiddelforsyning i den kommunale helsetjenesten 18.november 1987
- Rundskriv I - 13/97 Om kvalitet i pleie og omsorgssektoren
|
INNHALD
1. Innleiing
2. Skildring av verksemda
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte område og funn
6. Deltakarar på revisjonsbesøket
Tilsynet er utført som systemrevisjon.
Samandrag
Svelgen bu og servicesenter har 34 plassar, 2 korttidsplassar/rehabiliteringsplassar og 11 serviceleilegheiter. Bu og servicesenteret har "arbeidsstove" med aktivitør, og det er fast tilbod om fysioterapi.
Vårt inntrykk er at senteret gir eit godt tilbod til pasientane. Inntrykket til Fylkeslegen er at pleie og omsorgstenesta i Svelgen er godt i gang med å innføre eit internkontrollsystem.
Pleie og omsorgstenesta i Svelgen har laga ein overordna plan for internkontroll-arbeidet i samband med helselovgjevinga, og er komne godt i gang med å arbeide ut skriftlege prosedyrar.
Tenesta har mange prosedyrar og rutinar som er godt kjende og vert nytta av dei tilsette. Verksemda har prosedyre for avvikshandsaming, som var godt kjend blant dei tilsette. Utfordringane framover vil vere å utvikle systemet vidare.
Under tilsynet vart det ikkje avdekt avvik innafor dei reviderte områda. Revisjonsteamet har 2 merknader, der verksemda har klare betringspotensiale.
Utarbeidd dato: 18.05.99
|
Revisjonsleiar Bjørg Eikum Tang rådgjevar |
Revisor S. Karl Johan Nesdal ass.fylkeslege |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Svelgen bu og service senter 06.05.99. Revisjonen går inn som ein del av fylkeslegen sitt planlagte revisjonsarbeid i år.
Systemrevisjonen sitt føremål er å vurdere korleis dei ulike myndigheitskrava vert ivaretekne i verksemda ved hjelp av interkontroll.
Revisjonen omfatta undersøking om:
- internkontrollen i verksemda er føremålstenleg og dekkjande
- aktivitetar vert utførte slik som dei er skrivne og uttalte
- verksemda når sine mål og driv verksemda si innanfor dei rammer som styresmaktene har sett.
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, samtaler, synfaring og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar i praksis vert følgde.
Revisjonsteamet hadde gått gjennom tilsendt dokumentasjon frå kommunen før tilsynet.
Revisjonen starta med opningsmøte på servicesenteret. Alle som skulle intervjuast var til stade, utan om tilsynslegen og pleie og omsorgsleiar. Pleie- og omsorgsleiar hadde meldt avbod same dag, grunna sjukdom. Personalsjefen møtte i staden for rådmannen.
Rapporten tek føre seg avvik og merknader som er avdekt under revisjonen.
- Avvik
vert definert som manglande oppfylling av dei krav styresmaktene har sett i lov og forskrift.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men som tilsynsstyresmaktene finn det naudsynt å peike på.
Fylkeslegen har revidert følgjande område:
Kor langt verksemda har kome med å innføre eit internkontrollsystem, kva slags sakshandsamingsrutinar som vert praktiserte ved tildeling av plassar/ tenester, om tenesta kjenner til og tilfredsstiller krava i I 13/97 Rundskriv om Kvalitet i pleie og omsorgstjenesten og om prosedyrane/rutinane for medisinhandsaming på institusjonen er i samsvar med gjeldande regelverk.
2. Skildring av verksemda
Pleie og omsorgstenesta i Bremanger er administrativt leia av ein pleie og omsorgsleiar, tenesta er delt inn i to geografisk avgrensa område. Svelgen bu og service senter med omliggjande område for open omsorg og heimetenester er eitt av områda. Områdeleiar er ansvarleg for tenestene i denne delen av kommunen. Svelgen bu og servicesenter har 34 plassar, 2 korttidsplassar/rehabiliteringsplassar og 11 servicebustader. Bu og servicesenteret har "arbeidsstove" med aktivitør, og det er fast tilbod om fysioterapi. Heimetenesta har kontor på servicesenteret.
3. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
- Aktuelle lover, forskrifter, eventuelle rundskriv og godkjenningar.
- Korrespondanse mellom verksemda og Fylkeslegen.
- Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og andre tilhøve som kan vere viktige.
Under er lista dokument som var særskilt viktige som dokumentunderlag for revisjonen
- Lov om helsetenesta i kommuna
- Lov om tannhelsetjeneste
- Forskrift om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift om lege og helseinstitusjons journal
- Forskrift om legemiddelforsyning i kommunene
- Rundskriv om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
Pleie og omsorgstenesta sin dokumentasjon:
- Plan for innføring av internkontroll i pleie og omsorgstenesta
- Organisasjonskart for pleie og omsorgstenesta
- Stillingsomtale for personellgrupper i pleie- og omsorgstenesta
- Ymse prosedyrar som vert nytta i tenesta
- Meldeskjema for ulukker/skader og tillaup til slike i pleie- og omsorgstenesta i kommunen
- Mal for møtebok / vedtak ved tildeling av plass i institusjon og open omsorg
- Mal for søknadsskjema om pleie og omsorgstenester
- Namneliste over tilsette
4. Gjennomføring
Systmrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Opningsmøtet starta klokka 09.00
Avslutningsmøtet vart halde klokka 14.00
Intervju: 7 personar vart intervjua
Verifikasjonar
Verifikasjon omfatta gjennomgang av internkontrollperm, prosedyreperm, avviksperm, journalar, kardex, rutinar for legemiddelhandtering, vurdering av inn- og utskrivingsvedtak.
Revisjonsbesøket vart avslutta med eit sluttmøte der følgjande observasjonar vart presenterte:
Verksemda er komen godt i gang med å føre inn eit internkontrollsystem som er forankra i gjeldande lovverk og hjå administrativ leiing for tenesta. Det er laga prosedyre for handsaming av avvik, nye prosedyrar for tildeling av plass ved institusjonen og tenestetilbod i open omsorg. Rutinane for signering i kardex ved tildeling og seponering av medisin til pasientane er i samsvar med regelverket.
Journalane ved institusjonen er overførte frå legekontoret. Det vert ikkje oppretta nye journalar for pasientane ved innlegging i sjukeheimen. Institusjonsleiinga vart gjorde merksame på at dette er ikkje i samsvar med regelverket.
5. Reviderte område og funn
Revisjonen omfatta følgjande område:
- Internkontroll
- Sakshandsaming
- Dekking av grunnleggjande behov
- Medisinhandsaming ved institusjonen
Revisjonen avdekte ingen avvik innafor dei reviderte områda.
Merknad 1
Observasjon:
I vedtak for tildeling av langtidsplass ved institusjonen er det ført opp feil § som heimel for tildeling av plass. Det same gjeld heimel for høve til å anke.
I vedtaket for tildeling av langtidsplass ved institusjonen er det synt til § 1-3 i Lov om kommunehelseteneste, rett § skal vere § 2-1 i same lov. I same vedtak er klageretten heimla i § 2-3 i lov om kommunehelseteneste, i staden for § 2-4. Vidare er det sett opp 3 veker som klagefrist etter kommunehelsetenestelova.
Merknad 2
Observasjon:
I vedtak for tildeling av heimehjelp og opplæring er det ført opp at det kan klagast på vedtaket etter Lov om helseteneste i kommunane, i staden for Lov om sosialteneste.
Kommentar:
Ved stikkprøver på vedtak var det vist til feil lovheimel som grunnlag for vedtak, det same når det gjeld høve til å klage på vedtak. Revisjonsteamet registrerer at det i prosedyrepermen som er arbeidd fram, er brukt rett lovgrunnlag og rett ankefrist, men at denne prosedyren ikkje er konsekvent brukt i alle vedtak som er fatta i seinare tid (etter at ny prosedyre /mal vart laga).
Revisjonsteamet har valt å merke dette som merknad, ettersom dei malane som ligg i prosedyrepermen er rette. Sansynlegvis har nokre av malane i datamaskinene ikkje vorte oppdaterte i samsvar med nye prosedyrar. Områdeleiar vart merksam på at det hadde skjedd ein "glipp". Ho vil syte for at alle malane som vert brukte for tildeling av plass eller tenestetilbod, vert vurderte på nytt og retta opp i samsvar med lovverket og gjeldande prosedyrar.
6. Deltakarar på revisjonen
Oversikt over personane frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
Tabellen under syner oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over kven som vart intervjua.
|
Namn |
Funksjon |
Opnings-møte |
Inter-vju |
Slutt-møte |
|
Berit O Frøyen |
Områdeleiar |
x |
x |
x |
|
Linda Henden |
Avdelingssjukepl |
x |
x |
x |
|
Kristin Standal |
Hjelpepleiar |
x |
x |
x |
|
Lillian Hareide |
Avdelingssjukepl |
x |
x |
x |
|
Randi Svarstad |
Hjelpepleiar |
x |
x |
x |
|
Oddbjørg Øksnes |
Sekretær |
x |
x |
x |
|
Tibor Nagi |
Tilsynslege |
|
x |
|
|
Tom Joensen |
Personalsjef |
x |
|
x |
Frå Fylkeslegen deltok:
Assisterande fylkeslege S. Karl Johan Nesdal revisor
Fylkessjukepleiar Åge Wiberg Bøyum revisor
Rådgivar Bjørg Eikum Tang revisjonsleiar