Samhandlingsrapport
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Samhandling mellom sektorane i kommunen
3.Samhandling mellom BUP og kommunane
4.Fylkeslegen si vurdering av samhandlinga kring barn og unge med psykiske problem
Samandrag
Denne rapporten er utarbeida etter felles tilsyn med helsetenestene til barn og unge med psykiske problem i Askvoll, Flora og BUP Førde. Helsetilsynet har bestemt at det skal utarbeidast ein felles samhandlingsrapport i tillegg til tilsynsrapportane frå dei einskilde verksemdene. Rapporten skal gje uttrykk for Fylkeslegen si vurdering av samhandlinga, og vera eit grunnlag for forbetringsarbeid.
Kommunane har etablert tverrfaglege strukturar for samarbeid kring barn og unge med psykiske problem både mellom dei ulike tenestene i kommunen, og mellom 1. og 2. linjetenesta. Helsestasjon/ skulehelsetenesta, skule, PPT, sosial/bernevern samhandlar på ulike måtar og på ulike arenaer. BUP Førde har på grunn av kapasitetsvanskar ikke delteke i tverrfagleg møteverksemd i Askvoll det siste året, noko som har medført at kommunen sin samhandlingaktivitet har vorte redusert. I Flora møter BUP Førde dei enkelte tenestene kvar for seg. Helsestasjonslege/skulelege deltek også i tverrfagleg samhandling, i Flora vert fastlege innkalla ved behov til arbeid i ansvarsgrupper.
Kommunane har eit forbetringspotensiale i høve til å etablere gode ordningar for utveksling av nødvendig pasientinformasjon mellom fastlegane og helsestasjon/skulehelsetenesta. Askvoll kommune bør sikre at tverrfagleg samarbeid og samhandling vert oppretthalde sjølv om ikkje 2.linjetenesta deltek. Kommunen bør også sikre at alle tenester som deltek i arbeid med born og unge med psykiske problem tek del i tverrfagleg samhandling.
Helsepersonell si meldeplikt til barnevernet er kjend, men vert ikkje ivareteke i tilstrekkeleg grad. Barnevern og helsetenesta i begge kommunane manglar felles forståing for korleis meldeplikta skal ivaretakast.
BUP Førde har ordningar som sikrar helsepersonell si rettleiingsplikt til kommunehelsetenesta i samsvar med spesialisthelsetenestelova. Slik Fylkeslegen ser det, bør BUP Førde bedre rutinane med utsending av epikrise både når det gjeld tidspunkt for utsending og vurdering av kven som bør vera kopimottakar.
Verken kommunane eller BUP sitt arbeid med utarbeiding av- og samhandling kring individuell plan er slik Fylkeslegen ser det, i samsvar med regelverket.
1. Innleiing
Helsetenestene til barn og unge med psykiske problem er tema for felles tilsyn for år 2002. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn ved BUP Førde, og to tilhøyrande kommunar; Flora og Askvoll.
I tillegg til utarbeida tilsynsrapportar for dei einskilde verksemdene, har Helsetilsynet sagt at det etter dette tilsynet skal utarbeidast ein felles rapport som omhandlar samhandling mellom dei ulike sektorane i kommunane og mellom 1.- og 2. linjetenesta. Rapporten er utarbeida på grunnlag av framkomne observasjonar under tilsynet, informasjon framkome gjennom intervju med barnevern og PP-tenesta, og verksemdene sin eigen dokumentasjon.
Føremålet med rapporten er å gje dei samhandlande partane ein felles ståstad for forbetringsarbeid gjeldande samarbeid og samhandling. Rapporten er tenkt å gje uttrykk for Fylkeslegen si samla vurdering av tilhøva kring samhandlinga.
2. Samhandling mellom sektorane i kommunen
Flora
Kommunen har vore gjennom ein omorganiseringsprosess der det også er oppretta strukturar for tverrfagleg samhandling. Det er oppretta ulike nettverk der leiarar for ulike avdelingar deltek. Samansettinga av nettverka varierer, og det er mellom anna oppretta nettverk for barn og unge der leiar for helsestasjon, PPT, sosial/barnevern, ergoterapi og fysioterapi deltek. Nettverksmøte vert halde kvar 14.dag etter oppsett møteplan. Generelle problemstillingar vert drøfta i nettverksmøta, der vert vald møteleiar men ikkje skrive møtereferat. Mandag er avsett som fast møtedag; interndag der alle skal vere tilgjengelege for kvarandre.
Ved dei store skulane er det oppretta ressursgrupper der PPT, barnevern og skulehelsetenesta deltek. Desse møta vert også halde etter oppsett møteplan. Rektor ved kvar skule er ansvarleg for innkalling og referatskriving. I desse møta vert problemstillingar som gjeld enkeltelevar drøfta, enten anonymt, eller etter først å ha innhenta samtykke frå pårørande. Det vert også drøfta saker av meir førebyggande karakter. Kommunen har også planar om å opprette slike ressursgrupper i barnehagar.
I Flora kommune er det utarbeida "handbok for arbeid i ansvarsgrupper". Kommunen har oppretta ulike ansvarsgrupper kring born og unge med store hjelpebehov. Leiande helsesøster er koordinator for nokre-, og deltakar i andre ansvarsgrupper. Den som har hovudansvar/brukar mest ressursar i høve til barnet er ansvarleg for møteinnkalling og har koordineringsansvaret. PPT og barnevern deltek også i ansvarsgrupper. Helsestasjonslege/skulelege deltek i nokre ansvarsgrupper, fastlege vert innkalla og deltek ved behov. Referat frå desse møta vert arkivert i det enkelte born sin journal. Foreldre tek også del i desse møta.
I tillegg til dette vert det også samhandla kring enkelte born i høve til aktuell problemstilling. PPT samhandler med barnevern eller skulehelsetenesta på individnivå. Frå slike "faggruppemøter" vert det skrive referat og sendt kopi til foreldra. PPT samarbeider også med legane på individnivå i såkalla "fastlegemøte".
Helsestasjon/skulehelsetenesta er organisert slik at helsestasjon/skulehelsetenesta kan ivareta opplysningsplikta til- , og samarbeid med sosialtenesta. Enkelte opplever at det er tungt å etterkomme opplysningsplikta til sosialtenesta. Det vert ikkje halde eigne "bekymringsmøter mellom helsestasjon/skulehelsetenesta og sosial/barnevernstenesta.
Helsepersonell si meldeplikt til barnevernet er kjend men vert vert ikkje praktisert i tilstrekkeleg grad. Barnevernet rapporterer om få meldingar frå helsestasjon/skulehelsetenesta. Bekymringssaker vert drøfta muntleg og anonymt, og saker vert melde skriftleg i noko grad. Lege og helsesøster melder saker felles, i fylgje barnevern melder legane svært få saker.
Helsetenesta opplever at terskel for muntleg drøfting av saker har vorte lågare medan terskel for å melde saker skriftleg har vorte høgare. Helsestasjon/skulehelsetenesta gjev uttrykk for ei avventande haldning til barnevernet.
I Flora kommune er det fleire fastlegar som ikkje er knytta til helsestasjon- eller skulehelsetenesta. Helsetenesta sine ordningar for nødvendig informasjonsflyt mellom fastlege, helsestasjon/skulehelsetenesta er ikkje ivareteke slik at helsesøster får nødvendig informasjon frå fastlegane om gjennomførd behandling for dei borna helsestasjon har eit oppfylgjingsansvar for. BUP sender kopi av første møteinnkalling for tilviste born og unge også til helsestasjon/skulehelsetenesta slik at helsesøster vert informert om at behandling vert sett i gang.
Askvoll
Kommunen har etablert strukturar for tverrfagleg samarbeid mellom BUP, helsestasjon /skulehelsetenesata, sosial/barnevern, PPT. Det har vore utarbeida møteplan med noko varierande møtefrekvens om lag 2.kvar månad. Helsestasjonslege/skulelege og turnuskandidat deler på å delta på møta. Barnehage og skule deltek også dersom dei har meldt inn saker. På grunn av kapasitetvanskar har BUP ikkje hatt høve til å ta del det siste året, dette har medført at talet på samarbeidsmøte i kommunen har vorte sterkt redusert. Til no har det ikkje vorte halde meir enn 2-3 møte i 2002. Individuelle saker vert drøfta etter først å ha innhenta samtykke frå føresette. Individuelle saker vert også drøfta anonymt. Barnevern fungerer som koordinator og er ansvarleg for møteinnkalling. Den einskilde fører eige referat, og helsesøster fører møteprotokoll frå desse møta. Ansvar for oppfylgjing av eventuelle tiltak vert delt ut frå kva oppgåver og rolle den enkelte har i høve til aktuell problemstilling. I fylgje barnevern har det vorte drøfta få saker til no, møta er korte og helsetenesta opplever samarbeid med barnevern/sosialtenesta som vanskeleg.
Det er også oppretta ansvarsgrupper kring enkelte born og unge med store hjelpebehov. Helsestasjonslege/ skulelege og helsesøster er med i nokre ansvarsgrupper. Andre som deltek i ansvarsgrupper er avhengig av problemstilling og kan vera PPT, skule, barnevern og foreldre. Enkelte tilsette på BUP er også med i enkelte ansvarsgrupper. Ansvar for oppfylgjing er lagt til den tenesta som har teke opp problemstillinga, medan møteleiaransvaret er lagt til barnevern.
Kommunen har tilsett psykiatrisk sjukepleiar som organisatorisk er lagt under pleie- og omsorgstenesta. Sjukepleiaren arbeider mellom anna med problemstillingar i familiar som også er knytta til barn og unge med psykiske problem. Psykiatrisk sjukepleiar deltek ikkje i tverrfagleg samhandlingsverksemd, men samhandlar direkte med lege eller helsesøster.
Både barnevern og PPT gjev uttrykk for utryggleik i høve til psykiatriske sjukepleiar sin rolle og ansvarsområde.
Helsestasjon/skulehelsetenesta kjenner til og praktiserer opplysningsplikta si til sosialtenesta.
Helsestasjon/skulehelsetenesta har utarbeida skriftleg prosedyre for melding av saker til barnevernet der det går fram at saker skal meldast skriftleg. I fylgje barnevernet vert få saker lufta muntleg og i fylgje helstenesta vert svært få saker melde skriftleg frå helsetenesta. Barnevernet gjev uttrykk for bekymring i høve til helsetenesta si praktisering av meldeplikta. Helsetenesta gjev uttrykk for manglande felles forståing hjå barnevern og helsestasjon/skulehelsetenesta av omfanget av meldeplikta til barnevernet.
Det er fleire legar som arbeider i kommunen. Kommunen sine ordningar for nødvendig informasjonsutveksling mellom fastlege, helsestasjonslege/skulelege og helsesøster sikrar ikkje at helsesøster får nødvendig informasjon dersom barn vert tilvist vidare til BUP eller PPT av fastlege. Ordningane sikrar heller ikkje at helsestasjon får tilbakemelding/nødvendig informasjon om behandling og tiltak for born som dei har eit oppfylgjingsansvar for. Det gjekk fram at helsesøster til dømes ikkje får kopi av BUP sine brev om vurdering, første møteinnkalling eller epikrise.
3. Samhandling mellom BUP og kommunane
Førde BUP gjennomfører regelmessige samhandlingsmøte i nokre kommunar med helsestasjon/skulehelsetenesta, PPT og barnevern. BUP sine tilsette møter då dei einskilde tenestene kvar for seg. BUP samhandlar også med tilvisande instans. BUP deltek mellom anna i "rettleiingsforum" 6. kvar veke med helsestasjon/skulehelsetenesta, lege og jordmor i Flora. Tema kan vera generelle problemstillingar og problemstillingar i høve til enkelte born, og saker kommunen ynskjer å ta opp vert melde til BUP på førehand. BUP gjev også rettleiing til kommunen sitt psykososiale team for flyktningar.
BUP vert også kalla inn til og deltek i enkelte ansvarsgrupper i Flora.
I Flora kommune har BUP Førde fast kontordag to dagar i veka til pasientbehandling og oppfylgjing av enkeltsaker.
På grunn av kapasitetsstoda har Førde BUP det siste året ikkje kunne delta i regelmessig tverrfagleg samhandlingsmøte mellom anna i Askvoll. BUP har i tillegg til dette opplevd at ikkje alle har vore like godt budde til møta, og det har variert kor mange som møter opp. I Askvoll har BUP sitt fråvær ført til at møteverksemda internt i kommunen har vorte svært redusert. BUP Førde er kjend med at deira fråvær i tverrfagleg møteverksemd vert opplevd som eit sakn for tenestene i Askvoll. BUP sine ordningar for reiseverksemd vert evaluert kvart halvår. BUP vert kalla inn ved møte i enkelte ansvarsgrupper, og eit fagteam frå BUP reiser til kommunen i samband med enkeltsaker. BUP har vorte nytta i samband med samlingar for kompetansehevingstiltak innan sosial/barnevern, og BUP sin barnevernskonsulent er med på rettleiingsgruppe.
BUP Førde har oppretta telefontid måndagar der dei tilsette er tilgjengeleg for telefonkontakt frå kommunane. Det vert då gjeve råd og rettleiing i høve til enkeltsaker frå dei einskilde sakshandsamarane. Ellers er det teamleiarane som er kontaktperson for kommunane og som svarer på førespurnader frå kommunane. Dersom den einskilde teamleiar ikkje er til stades, syter kontorpersonalet for at vedkomande får melding og kan ringe tilbake til den det gjeld. Helsetenesta rapporterer om at dei opplever at terskelen for å kunne ta kontakt med BUP er låg. Då ventetidene ved BUP er lange, nyttar like gjerne helsesøstrene i Askvoll PPT til rådgjeving og rettleiing.
PPT i dei to kommunane opplever at samarbeidet med BUP fungerer godt medan barnevern i Flora opplever at det er eit forbedringspotensiale i høve til samarbeidet med BUP, spesielt gjeld dette rettleiing i høve til fosterborn og fosterforeldre. Barnevernskonsulentane ved BUP virkar som gode bindeledd mellom BUP og barnevern.
Når det gjeld BUP si tilbakemelding til kommunane etter tilvising og behandling av pasientar, vert dette gjort ved utsending av kopi av brev om ventetid, time til innkalling og epikrise til tilvisande instans. Det vert også sendt kopi til andre dersom BUP vurderer dette som naudsynt. Det vert ikkje sendt skriftleg tilbakemelding under behandlinga, men BUP har kontakt med tilvisande instans, barnevern, og PPT i form av møte i kommunane eller telefonkontakt. Helsestasjon /skulehelsetenesta og barnevern opplever at dei ikkje alltid får nødvendig informasjon for å kunne fylgje opp tiltak når BUP sine tilbakemeldingar går til fastlege og denne er tilvisande instans.
BUP Førde har utarbeida skriftleg prosedyre for epikriseskriving som seier at epikrise skal sendast innan 14 dagar. Tenesta har eit forbetringspotensiale i høve til å overhalda denne tidsfristen. Kommunane rapporterer om oppleving av lang ventetid før igangsetting av behandling, og deretter lang tid før epikrise vert tilsendt etter avslutta behandling.
BUP Førde utarbeider ikkje- og samhandlar ikkje med kommunane om individuell plan i samsvar med krava i lov om psykisk helsevern § 4-1 og forskrift om individuell plan.
4. Fylkeslegen si vurdering av samhandlinga kring barn og unge med psykiske problem
Helsestasjon/skulehelsetenesta i Askvoll og Flora har etablert ordningar for strukturert tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike sektorane i kommunen i samsvar med krava i kommunehelsetenestelova §6-3, forskrift for helsestasjonsvirksomhet §§ 1og 2 og forskrift om helsetjenester i skoler §3. Helsestasjon og skulehelsetenesta samarbeider med dei andre sektorane på ulike arenaer, ansvar for initiativ til- og oppfylgjing av samarbeid og samhandling er delt mellom dei ulike sektorane.
Sjølv om strukturane er oppretta, har det i Askvoll kommune vorte halde svært få tverrfaglege samhandlingsmøte etter at BUP Førde ikkje lenger deltek på desse møta. Slik vi ser det, har BUP vore "limen" som har fått samhandlinga til å fungere på denne arenaen. Kommunen syter heller ikkje for at alle tenestene som deltek i omsorga for barn og unge med psykiske problem deltek i tverrfagleg samhandling. Askvoll kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld oppretthalding av tverrfagleg samhandling kring barn og unge med psykiske problem.
I begge kommunane deltek helsestasjonslege/skulelege i tverrfaglege møte, i Flora vert også fastlege innkalla ved behov.
Opplysningsplikta til sosialtenesta vert ivareteke i samsvar med kommunehelsetenestelova § 6-6a jfr. helsepersonellova § 32. Meldeplikta til barnevernet i samsvar med helsepersonellova §33 er kjend. Begge kommunane bør bedre rutinane sine i høve til å melde aktuelle saker til barnevernet, og oppretta ei felles forståing for korleis saker skal meldast og kva saker som er aktuelle å melde.
Dersom fastlege er tilvisande lege og mottakar av epikrise frå BUP Førde, har ikkje kommunane ordningar som sikrar at helsepersonell som har eit oppfylgjingsansvar for barne og unge med psykiske problem får nødvendig og tilstrekkeleg informasjon for å kunne utøve oppgåva si fagleg forsvarleg. Askvoll og Flora har begge eit forbetringspotensiale når det gjeld ordningar og kommunikasjon som sikrar at helsesøster får nødvendig pasientinformasjon for å kunne utøve dei oppgåvene dei har eit ansvar for.
BUP Førde samhandlar med 1.linjetenesta gjennom rådgjeving og rettleiing kring enkeltsaker. Poliklinikken deltek ikkje i tverrfagleg møteverksemd i desse kommunane, men møter dei ulike tenestene enkeltvis. BUP Førde deltek også i enkelte ansvarsgrupper i kommunane. Det vert også gjeve råd og rettleiing gjennom telefonhenvending/førespurnad frå kommunane. Fylkeslegen vurderer oppretting av telefontider som eit godt tiltak for å sikre betre tilgjenge til tenesta. Slik vi vurderer det, ivaretek BUP rettleiingsplikta si etter spesialisthelsetenestelova §7-4 jfr. helsepersonellova §16.
Det går lang tid før BUP sender epikrise, og då vert denne sendt til tilvisande instans. Som fylgje av mangelfulle kommunikasjons- og samhandlingsrutinar mellom fastlegane og helsestasjon/skulehelsetenesta, kan dette føre til at til dømes helsesøster ikkje vert sikra nødvendig informasjon for å ivareta oppfylgjingsoppgåvene sine på ein tilfredstillande måte. Slik Fylkeslegen ser det, bør BUP Førde sikre kortare tidsrom mellom avslutta behandling og utsending av epikrise. Kopimottakar av epikrise bør også vurderast, slik at helsepersonell som har ansvar for oppfylgjing av tiltak overfor barn og unge vert sikra nødvendig informasjon.
Både kommunane og BUP Førde manglar tilfredstillande ordningar som gjeld utarbeiding av- og samhandling kring individuell plan i samsvar med regelverket.