Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Systemrevisjon ved Haukeland sykehus, Avdeling for sykehushygiene og Hjerteavdelingen, seksjon for thorax-kirurgi, post 4, 8. og 9. april 1999 - Tilsyn med korleis sjukehuset etterlever krav til smittevern (1999)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkeslegen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

Dykkar ref: 060/302

Vår ref: 99/374

Dato: 30. april 1999

Adresse til verksemda:

Haukeland sykehus, 5021 Haukeland

Tidsrom for revisjonen:

8. og 9. april 1999

Kontaktpersonar:

Ledende hygienesjukepleiar Karin Harris, Avdeling for sykehushygiene,
Kst. kontorleiar Inger Johanne Rasmussen, Hjerteavdelingen

Regelverk:

  • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
  • Lov av 5. august 1994 nr 55 om vern mot smittsomme sykdommer.
  • Forskrift av 5. juli 1996 om smittevern i helseinstitusjoner - sykehusinfeksjoner.
  • Forskrift av 20. oktober 1996 om tuberkulosekontroll.
  • Lov av 19. juni 1969 nr 57 om sykehus.

 

INNHOLD

    1. Innleiing
    2. Særlege tilhøve
    3. Dokumentunderlag
    4. Omfang
    5. Gjennomføring
    6. Verifikasjonar
    7. Avvik
    8. Merknad

    VEDLEGG 1 Dokumentunderlag
    VEDLEGG 2 Deltakere på revisjonen


    Innhaldet i rapporten:

    Tilsynet blei utført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn og er del av fylkesleganes felles tilsyn i 1999. Tilsynet blei utført som systemrevisjon ved Avdeling for sykehushygiene og ved Hjerteavdelingen, Seksjon for thorax-kirurgi, post 4. Tilsynet var avgrensa til: Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram, forebygging av alvorlege infeksjonar framkalla av antibiotikaresistente bakteriar, og handhygiene. Rapporten omtalar avvik og merknader innan dei reviderte områda.

    Hovudkonklusjon:

    Haukeland sykehus har infeksjonskontrollprogram og som ein del av dette:
    • skriftlege retningsliner for å forebyggje alvorlege infeksjonar framkalla av antibiotikaresistente bakteriar,
    • skriftlege retningsliner for å hindre spreiing av meticillinresistene gule stafylokokkar (MRSA) frå pasientar ved overflytting frå sjukehus utanom Norden, og
    • skriftlege retningsliner for handhygiene.

    Retningslinene er kjende og blir praktiserte ved Seksjon for thorax-kirurgi, post 4. Det overordna organisatoriske og faglege ansvaret for infeksjonskontrollprogrammet er klart. Det følgjer av programmet kven som har ansvar for vidare oppfølging og dette ansvaret er kjent for dei det gjeld.

    Avdeling for sykehushygiene har utført målretta og systematisk arbeid for å etablere og iverksetje infeksjonskontroll. Personalet i avdelinga er lett tilgjengeleg for råd og rettleiing, blir etterspurt og brukt, mellom andre av Seksjon for thorax-kirurgi.

    Personalet i Seksjon for thorax-kirurgi, post 4 har tradisjon og kultur for kvalitetsforbetring, låg terskel for å ta opp og reagere på avvik og innarbeidd praksis for handhygiene. Infeksjonsfrekvensen er låg.

    Innan dei reviderte områda blei det påpeikt følgjande avvik:

    • Haukeland sykehus har ikkje luftsmitteisolat.
      Avvik frå Forskrift om tuberkulosekontroll § 3.6.
    • Medisinsk seksjon ved Hjerteavdelingen har konstant korridorpasientar. Vedtekne retningsliner for infeksjonsforebyggande tiltak blir ikkje alltid følgde.
      Avvik frå Lov om sjukehus § 18, jf Lov om legar § 25 (forsvarleg verksemd).

    Fylkeslegen har gitt følgjande merknader:

    • Behovet for isolat ved Haukeland sykehus, herunder ved post 4, Hjerteavdelinga er større enn tilgangen på isolat.
    • Eit lagerrom på post 4 er einaste undersøkingsrom.

    Dato: 30. april 1999

    Fylkeslege Helga Arianson
    Revisjonsleder

    Rådgjevar Anne Grete Robøle
    Revisor/sekretær



    1. Innleiing

    Rapporten er utarbeidd etter tilsyn 8. og 9. april 1999 ved Avdeling for sykehushygiene og Hjerteavdelingen, seksjon for thorax-kiruri, post 4. Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og er del av eit landsomfattande tilsyn utført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn. Tilsynet var avgrensa til: Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram, førebygging av alvorlege infeksjonar framkalla av antibiotikaresistente bakteriar, og handhygiene.

    Formålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis sjukehuset ved hjelp av sitt kvalitets- eller internkontrollsystem ivaretek dei ulike krava styresmaktene stiller. Revisjonen omfatta mellom anna om:

    • internkontrollen i verksemda er hensiktsmessig og dekkjande.
    • aktivitetane blir utført slik dei er framstilte skriftleg og muntleg.
    • verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.

    Systemrevisjonen blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, ved synfaring og ved verifikasjonar. Rapporten omhandlar avvik og merknader som blei avdekt ved tilsynet.

    • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
    • Merknad er tilhøve som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene stiller, avdekkjer potensial for forbetring.


    2. Særlege tilhøve

    Post 4, Seksjon for thorax-kirurgi, skal vere ein rein kirurgisk post og har ikkje korridorpasientar.

    Avdelingsoverlegen ved Avdeling for sykehushygiene har permisjon i perioden 1. februar 1999 - 1. janauar 2000. I hans permisjon har leiande hygienesjukepleiar overteke det administrative ansvaret i avdelinga, ein overlege har det medisinsk faglege ansvaret og seksjonsoverlegen ved Infeksjonsseksjonen er konstituert smittevernlege ved sjukehuset.



    3. Dokumentunderlag

    Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
    • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
    • Lov av 5. august 1994 nr 55 om vern mot smittsomme sykdommer.
    • Forskrift av 5. juli 1996 om smittevern i helseinstitusjoner - sykehusinfeksjoner.
    • Lov av 19. juni 1969 nr 57 om sykehus.
    • Korrespondanse mellom Haukeland sykehus og Fylkeslegen, jf vedlegg 1.


    4. Omfang

    Tilsynet er avgrensa til å omfatte korleis krav til smittevern i sjukehus blir etterlevd i den reviderte verksemda, med hovudvekt på om dei oppfyller krav til:
    • Plikt til å ha infeksjonskontrollprogram, og ansvar for planlegging, gjennomføring og vedlikehald av programmet.
    • Forskrift av 5. juli 1996 om smittevern i helseinstitusjoner - sykehusinfeksjoner 2-1, jf Lov av 5. august 1994 nr 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 og § 7-11 og
    • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta § 3.
    • Forebygging av alvorlege infeksjonar framkalla av antibiotika resistente bakteriar.
    • Lov av 5. august 1994 nr 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 3-3, jf. Forskrift av 5. juli 1996 om smittevern i helseinstitusjoner -sykehusinfeksjoner § 2-2 punkt b1, jf Rundskriv IK 28/96.
    • Handhygiene.
    • Forskrift av 5. juli 1996 om smittevern i helseinstitusjoner - sykehusinfeksjoner § 2-2 punkt b2.


    5. Gjennomføring

    Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og omfatta følgjande aktivitetar:

    Melding om tilsyn blei sendt til Haukeland sykehus 15. februar 1999.

    Dokumentasjon som Fylkeslegen hadde bedt om blei motteken i ekspedisjonar av 25. februar, 5. og 11. mars 1999, jf vedlegg 1. Framlegg til program blei sendt 23. mars 1999, korrigert program blei sendt 30. mars 1999.

    I opningsmøtet 8. april 1999 blei det gitt informasjon frå Fylkeslegen om formålet med og gjennomføringa av revisjonen. Det blei det gjennomført 11 intervju, synfaring på post 4 og verifikasjonar jf. kapittel 5. I sluttmøtet oppsummerte Fylkeslegen observasjonar og konklusjon frå tilsynet.

    I vedlegg 2 er gitt ein oversikt over deltakarane ved dette tilsynet.



    6. Verifikasjonar

    Infeksjonskontrollprogram Styringsdokument for infeksjonskontrollprogrammet, godkjent 19.12.96 blei tilsendt før tilsynet saman med: Skriftlege retningsliner for handhygiene, "Mottak av pasient fra sykehus utenfor Skandinavia MRSA forholdsregler", "Håndtering av pasienter som er kolonisert eller infisert med bakterier med spesiell motstandsdyktighet mot antibiotika", "Behandling (Sanering) av smittebærertilstand med meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)" og "Prosedyrer ved mistanke om infeksjonsutbrudd i sykehuset". Det går fram av styringsdokumentet at retningsliner for forebygging av nedre luftvegsinfeksjonar er under utarbeiding. Dette vart stadfest i intervju.
    Retningsliner for blodsmitte og for prøvetaking er mellombels og skal forbetrast.

    Hygieneperm Haukeland sykehus
    Hygienepermen inneheld styringsdokumentet for infeksjonskontrollprogrammet og retningsliner og prosedyrar for infeksjonsforebygging.
    Hygienepermen er tilgjengeleg på vaktrommet på post 4.
    I intervju blei det opplyst at hygienepermen var kjent og blei brukt av personalet.

    Undersøkingsrom Hjerteavdelingen, post 4
    Rommet er ca 1,80 x 4 m. Det manglar vindauge og vask, dispenser for handdesinfeksjonsmiddel (Sterosol) er montert. Under synfaringa blei det opplyst at dette rommet er einaste undersøkingsrom på post 4 og at posten utanom dette ikkje disponerer særskilt rom for pasientsamtalar. Unntaksvis blir difor kontor for avdelingssjukepleiar brukt til dette.

    Pasientrom, vaktrom, medikamentrom og skyllerom Hjerteavdelingen, post 4; har montert vask, dispenser for såpe og papirhandkle. Det er ikkje dispenser eller middel for handdesinfeksjon på alle rom.

    Referat av 26. februar frå siste møte i kvalitetsutvalet 25. februar 1999.

    Om isolat og isolasjon av pasientar
    Skriftleg rapportering til direktør i brev av 25. februar 1999.

    Skriftleg rapportering til blokkleiar ved Medisinsk serviceblokk i brev av 9. mars 1999.



    7. Avvik

    AVVIK 1: Haukeland sykehus har ikkje luftsmitteisolat.

    Avvik frå:Forskrift om tuberkulosekontroll § 3.6.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar:

    • Det blei opplyst i intervju at sjukehuset ikkje har luftsmitteisolat.
    • Det blei stadfesta i sluttmøtet at sjukehuset ikkje har isolat som tilfredsstiller gjeldande krav til trykkregulering i luftsmitteisolat.

    AVVIK 2: Medisinsk seksjon ved Hjerteavdelingen har konstant korridorpasientar. Vedtekne retningsliner for infeksjonsforebyggande tiltak blir ikkje alltid følgde.

    Avvik frå:

    • Lov om sjukehus § 18, jf
    • Lov om legar § 25 (forsvarleg verksemd).

    Avviket er basert på følgjande observasjonar:

    • Det blei opplyst i intervju at det alltid er fire til fem korridorpasientar på kvar av dei to postane (post 1 og post 2).
    • Pasientar som har følgjande tilstandar kan liggje på korridor:
      - hjarteinfarkt,
      - pneumoni,
      - urinvegsinfeksjonar,
      - sårinfeksjonar,
      - ikkje avklara tilstandar.
    • Når det gjeld infeksjonsforebyggande tiltak kan ikkje alle vedtekne retningsliner bli gjennomført for korridorpasientane.
    • Personleg integritet, personleg hygiene og tilstrekkeleg overvaking/observasjon blir ikkje tilfredsstillande ivareteke for korridorpasientane.
    • Sjukehuset har skriftlege retningsliner om at pasientar med infeksjonar framkalla av antibiotikaresistente bakteriar ikkje blir lagt på (blir liggjande på) korridor. Desse retningslinene blir følgde ved Hjerteavdelingen.


    8. Merknader

    MERKNAD 1: Behovet for isolat ved Haukeland sykehus, herunder ved post 4, Hjerteavdelingen er større enn tilgangen på isolat.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar:

    • Det blei opplyst i intervju at det er for få isolat og at den tekniske standarden ikkje er tilfredsstillande, jf. også observasjonar under avvik 1.
    • Interne retningsliner om bruk av isolat blir brotne fleire gonger kvar veke fordi isolat ikkje er tilgjengeleg.
    • Post 4 må ha pasientar med infeksjonar i avdelinga. Dette er i strid med interne retningsliner som seier at det ikkje skal vere slike pasientar der.
    • Post 4 iverkset og følgjer vedtekne retingsliner for isolering for dei pasientane med infeksjonar som blir liggjande på posten.

    MERKNAD 2: Eit lagerrom er einaste undersøkingsrom på post 4.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar:

    • Det blei opplyst i intervju at post 4 ikkje har anna undersøkingsrom og ikkje eige rom for pasientsamtalar. Unntaksvis blir kontor for avdelingssjukepleiar brukt til samtalerom.
    • Ved verifikasjon går det fram at undersøkingsrommet er ca 1,80 x 4m, at det manglar vask og vindauge. Dispenser for handdesinfeksjon er montert på vegg.


    VEDLEGG 1 - Dokumentunderlag


    Lovverk: Sjå rapporten pkt 3.

    Motteke frå Haukeland sykehus, Avdeling for sykehushygiene i ekspedisjon av 25. februar 1999:

    • Infeksjonskontrollprogram Haukeland sykehus, styringsdokument godkjent 19.12.96.
    • Stillingsbeskriving avdelingsoverlege, datert 29.07.97.
    • Stillingsbeskriving leiande hygienesjukepleiar, datert 29.07.97.
    • Stillingsbeskriving hygienesjukepleiar, datert 19.06.97.

    Frå hygienepermen:

    • Kap 1.1.2 "Håndhygiene", godkjent 22.08.96.
    • Kap 3.9 "Mottak av pasient fra sykehus utenfor Skandinavia MRSA forholdsregler", godkjent 5.12.96.
    • Kap 3.10 "Håndtering av pasienter som er kolonisert eller infisert med bakterier med spesiell motstandsdyktighet mot antibiotika", godkjent 5.12.96.
    • Kap 3.11 "Behandling (Sanering) av smittebærertilstand med meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)", godkjent 12.12.96.
    • Kap 3.12 "Prosedyrer ved mistanke om infeksjonsutbrudd i sykehuset".

    Frå Kvalitetssystemet for Haukeland sykehus

    • Oversyn styringsdokument
    • Dok.nr.: HB 01-002 - K "Prosedyre for gjennomføring og oppfølging av interne kvalitetsrevisjoner", versjon 0.2 datert 5.09.97.
    • Dok.nr.: HB 02-004 "Prosedyre for behandling av avvik", versjon 0.1 datert 27.01.97.
    • Dok.nr.: HB 01-001- K "Standard retningslinjer for utarbeidelse av prosedyrer og annen styrende dokumentasjon", versjon 0.1 datert 15.04.97.
    • Haukeland sykehus, revisjonsplan 1999, interne revisjonar.
    • Mandat for kvalitetsutvalet gjeldande frå 1.01.98.
    • Medlemmer/varamedlemmer i kvalitetsutvalet 1998.
    • Medlemmer i skadeutvalet pr. august 1998.
    • Mandat skadeutvalet av desember 1994.
    • Oversyn over tilsette i Avdeling for sykehushygiene.
    • Organiasjonsstruktur Haukeland sykehus.
    • Organisasjonskart Medisinsk serviceblokk, oppdatert 1.1.1999.
    • Brev med vedlegg av 24. februar 1999 til Fylkeslegen frå Avdeling for sykehushygiene om "Mikrobiologisk kontroll av luftkvaliteten ved rom der det foretas operative inngrep".

    Vedlegg: "Rapport etter mikrobiologisk kontroll av luftkvaliteten ved operasjonsstuene", datert 22. februar 1999.

    • Autoklav/sterilisator perm, Haukeland sykehus, godkjent 3.07.96.
    • Resultat frå kontroll av ein autoklave i Sterilsentralen.

    Motteke frå Haukeland sykehus, Hjerteavdelingen, post 4 i ekspedisjon av 5. mars 1999:

    • Stillingsbeskriving avdelingsoverlege, ikkje datert eller signert.
    • Haukeland sykehus, administrativ håndbok "Utfyllende vedlegg til stillingsbeskrivelse oversykepleier overjordmor", datert 4.03.98.
    • Stillingsbeskriving for avdelingssjukepleiar ved Haukeland sykehus, ikkje datert eller signert.
    • Beleggsstatistikk pr. avdeling/post Hjerteavdelingen frå og med 1.07.98 til og med 31.01.99.

    Motteke frå Haukeland sykehus, Hjerteavdelingen, post 4 i ekspedisjon av 11. mars 1999:

    • Personaloversikt for Hjerteavdelingen post 4, oppdatert 21.01.99.

    Motteke frå Avdeling for sykehushygiene ved revisjon 8. april 1999:

    • Dagsorden til møte i kvalitetsutvalet 18. mars 1999.
    • Referat møte i kvalitetsutvalet 25. februar 1999, nr. 02/99.
    • Brev av 9. mars 1999 frå avd.leiar Karin Harris til blokkleiar Medisinsk serviceblokk.
    • Brev av 25. februar 1999 til direktøren frå seksjonsoverlege Infeksjonsseksjonen, fugerande smittevernlege Vidar Lehmann.
    • Prevalens av sykehusinfeksjoner 1. kvartal 1999, datert 26. mars 1999.
    • Interne skademeldinger, Haukeland sykehus 1998.
    • Kopi av Melderevyen nr. 3/98.

    Motteke frå Hjerteavdelingen ved revisjon 8. april 1999:

    • For gjennomsyn "Akuttmedisinsk metodebok for Medisinsk avdeling & Medisinsk seksjon, Hjerteavdelingen, Haukeland sykehus", 2. utgåve 1998.
    • Prevalens av sykehusinfeksjoner 1. kvartal 1999, datert 26. mars 1999.
    • Interne skademeldinger, Haukeland sykehus 1998.
    • Kopi av Melderevyen nr. 3/98.

    Motteke frå Haukeland sykehus før og uavhengig av tilsynet:

    • Brev av 7. april 1997 "Registrering av sykehusinfeksjoner ved Haukeland sykehus 1996".


    VEDLEGG 2 - Deltakarar ved revisjonen


    I tabellen under er det gitt oversyn over deltakarane på åpningsmøte og sluttmøte, og over personar som blei intervjua.

    Namn

    Funksjon

    Åpnings-møte

    Intervju

    Slutt-møte

    Inger-Johanne Rasmussen

    Kst. kontorleidar Hjerteavdelingen

    X

     

    X

    Kjellaug Nummedal Shandiz

    Oversjukepleiar Hjerteavdelingen

    X

    X

    X

    Jan Erik Nordrehaug

    Kst. avdelingsoverlege Hjerteavdelingen

    X

    X

    X

    Vidar Lehmann

    Kst. smittevernlege Haukeland sykehus, seksjonsoverlege Infeksjonsseksjonen, Med. avd.

    X

    X

    X

    Ole-Jørgen Ohm

    Kst. ass.overlege Hjerteavdelingen

    X

     

    X

    Leidulf Segadal

    Kst. seksjonsoverlege Seksjon for thorax-kirurgi

    X

    X

    X

    Per Espen Akselsen

    Overlege, Avdeling for sykehushygiene

    X

    X

    X

    Karin Harris

    Ledende hygienesykepleier, Avdeling for sykehushygiene

    X

    X

     

    Borgfrid Folkedal

    Hjelpepleiar, post 4

    X

    X

    X

    Birgith Jørgensen

    Sjukepleiar, post 4

     

    X

    X

    Janne Kristin Rasmussen

    Avd.sjukepleiar, post 4

    X

    X

    X

    Knut S. Andersen

    Overlege Seksjon for thorax-kirurgi

    X

    X

    X

    Svein Hindal

    Blokkleiar Medisinsk serviceblokk

    X

     

    X

    Tore Nepstad

    Blokkleiar Medisinsk blokk

    X

     

    X

    Egil Haugland

    Direktør

     

    X

     


    Frå Fylkeslegen:
    Fylkeslege Helga Arianson, revisjonsleiar
    Ass. fylkeslege Harald Aasen, revisor
    Rådgjevar Anne Grete Robøle, revisor