Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Systemrevisjon ved Hordaland fylkeskommune (1998)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkeslegen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

Helse- og sosialavdelinga, Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland sykehus og Kirurgisk avdeling ved Fylkessjukehuset på Voss
Tilsyn med korleis verksemdene etterlever Forskrift om ventetidsgaranti

Dykkar ref.:

Vår ref.: 98/1658

Dato: 15. oktober 1998

Adresser til verksemdene:

Hordaland fylkeskommune, 5029 Bergen
Fylkessjukehuset på Voss, 5700 Voss
Haukeland sykehus, 5021 Bergen

Tidsrom for revisjonen:

8., 9., 10. og 11. september 1998

Kontaktpersonar i verksemdene:

I Hordaland fylkeskommune: Spesialkonsulent Ragnhild Balsvik
Ved Fylkessjukehuset på Voss: Sjeflege Roald Underdal
Ved Haukeland sykehus: Blokkleiar Jan Olofsson

Regelverk:

  • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
  • Forskrift av 27. juni 1997 om ventetidsgaranti, jf
  • Lov om sjukehus § 12, 12. ledd.
  • Forskrift av 17. mars 1989 nr 277 om leges og helseinstitusjons journal for pasient, jf Lov om legar, § 42.

 

INNHOLD

    1. Innleing
    2. Særlege tilhøve ved verksemdene
    3. Omfang
    4. Gjennomføring
    5. Avvik
    6. Merknader

    VEDLEGG 1 Dokumentunderlag
    VEDLEGG 2 Verifikasjonar som blei gjort under systemrevisjonen


    Innhaldet i rapporten:

    Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som blei avdekt innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta korleis pasientar blir prioriterte innan fylket, korleis informasjon blir gitt til pasient og tilvisande lege, korleis brot på ventetidsgarantien blir handterte og korleis krav til internkontroll blir ivaretatt.

    Hovudkonklusjon:

    Det førekjem brot på ventetidsgarantien i Hordaland fylkeskommune. Det er ikkje etablert system for å sikre at ventetidsforskrifta blir etterlevd.

    Både Hordaland fylkeskommune og sjukehusa i fylket har dei siste åra arbeidd for å få ned ventelistetala og talet på garantibrot. Rapportane viser at talet på pasientar som får ventetidsgaranti har gått jamt nedover, men fylket ligg framleis høgt sett i høve til landsgjennomsnittet.

    Fylkeskommunen har delegert oppgåver og gitt retningsliner for sjukehusa utan å følgje opp dette. Sjukehusa har berre i liten grad innretta verksemda i høve til dei signal fylkeskommunen har gitt.

    Innan dei reviderte områda er det påpeikt følgjande avvik:

    • Pasientar som har fått behandlingsgaranti, får ikkje behandling innan tre månader.
      Avvik frå krav i forskrift om ventetidsgaranti § 8, 1. ledd.
    • Prioritering av pasientar ved Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss er ikkje i samsvar med krav og kriteriar i ventetidsforskrifta.
      Avvik frå krav i forskrift om ventetidsgaranti § 8, 1. ledd.
    • Garantipasientar som ikkje får behandling innan 3 månader, får ikkje den informasjon dei har krav på.
      Avvik frå krav i forskrift om ventetidsgaranti § 7, 3. ledd.
    • Det er ikkje etablert praksis for å skaffe tilbod om anna behandling i eller utanfor fylket til garantipasientar som ikkje kan få behandling innan 3 månader.
      Avvik frå krav i forskrift om ventetidsgaranti § 8, 2. ledd.
    • Det kan ikkje dokumenterast at pasient og tilvisande lege alltid får informasjon om utfall av vurdering.
      Avvik frå krav i forskrift om ventetidsgaranti § 7, 2. ledd, jf journalforskrifta § 6 mv.

    Fylkeslegen har gitt følgjande merknader:

    • Det er ikkje etablert internkontrollsystem som sikrar og dokumenterer at krav i ventetidsforskrifta blir etterlevd.
    • Prioriteringskriteria er uklare ved Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus.
    • Det er uklart om dei to avdelingane alltid overheld vurderingsgarantien når det trengst forundersøking før endeleg vurdering.

    Dato: 15. oktober 1998

    Fylkeslege Helga Arianson
    Revisjonsleder

    Ass. fylkeslege Agnes Maria Stafsnes
    Revisor/sekretær



    1. Innledning

    Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss, Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus og i Helse- og sosialavdelinga (HSA), Hordaland fylkeskommune 8., 9., 10. og 11. september 1998. Revisjonen blei gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn og er del av eit landsomfattande tilsyn med korleis Forskrift om ventetidsgaranti bli etterlevd.

    Formålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis fylkeskommunen og sjukehusa, representert ved to av dei, ved hjelp av sine kvalitets- eller internkontrollsystem ivaretar dei ulike krava styresmaktene stiller. Revisjonen omfatta mellom anna om:

    • internkontrollen i verksemdene er hensiktsmessig og dekkjande.
    • aktivitetane blir utført slik dei er framstilte skriftleg og muntleg.
    • verksemdene når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.

    Systemrevisjonen blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, og ved verifikasjonar, jf vedlegg 2. Rapporten omhandlar avvik og merknader som blei avdekt ved tilsynet.

    • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
    • Merknad er tilhøve som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene stiller, avdekkjer potensial for forbetring.


    2. Særlege tilhøve

    Ved Fylkessjukehuset på Voss er det i gang ombyggingsarbeid. Frå tidlegare tilsyn og klager er fylkeslegen kjend med marginal operasjonskapasitet og røntgentenester som flaskehals på Haukeland sykehus. Det noverande sentrale ventelisteutvalet blei oppretta hausten 1996 og er det fjerde ventelisteutvalet i Hordaland. Dei fem medlemmene i rådet er alle politikarar. Representantar frå den øvste administrative og faglege leiinga på sjukehusa sit i ventelisteutvalet sitt fagleg/administrative råd. Utvalet og rådet har felles møter. Begge sjukehusa har lokale ventelisteutval.


    3. Dokumentunderlag

    Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
    • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
    • Forskrift av 27. juni 1997 om ventetidsgaranti.
    • Forskrift av 17. mars 1989 nr 277 om leges og helseinstitusjons journal for pasient.
    • Korrespondanse mellom Haukeland sykehus og fylkeslegen.
    • Dokumentasjon mottatt hos fylkeslegen før og uavhengig av tilsynet, jf vedlegg 1.
    • Dokumentasjon frå Haukeland sykehus, jf vedlegg 1.
    • Dokumentasjon frå Hordaland fylkeskommune, jf vedlegg 1.
    • Dokumentasjon frå Fylkessjukehuset på Voss, jf vedlegg 1.
    • Verifikasjonar, jf vedlegg 2.


    4. Omfang

    Tilsynet var avgrensa til å omfatte korleis Forskrift om ventetidsgaranti blir etterlevd av dei reviderte verksemdene, med hovudvekt på om tenestene oppfyller krav til:
    • Internkontroll
      Lov om statleg tilsyn med helsetenesta av 30. mars 1984 nr 15, § 3.
    • Prioritering av pasientar
      Forskrift om ventetidsgaranti av 27. juni 1997, § 1, 4, 5, 7 og 8.
    • Informasjon til pasient og tilvisande lege
      Forskrift om ventetidsgaranti av 27. juni 1997, § 5 og 7.
    • Handtering av brot på ventetidsgarantien
      Forskrift om ventetidsgaranti av 27. juni 1997, § 7 og 8.


    5. Gjennomføring

    Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og omfatta følgjande aktivitetar:
    Melding om tilsyn blei sendt til alle dei tre verksemdene 19.07.98.
    Dokumentasjon som fylkeslegen hadde bedt om blei mottatt
    • frå Haukeland sykehus i ekspedisjon av 17.08.98, 20.08.98 og 25.08.98.
    • frå Hordaland fylkeskommune pr telefax 31.08.98 og 02.09.98.
    • frå Fylkessjukehuset på Voss pr telefax 06.09.98

    Framlegg til program blei sendt til verksemdene 31.08.98.

    Etter tilbakemelding frå verksemdene blei revidert program oversendt pr telefax 07.09.98.

    I opningsmøtet 8. september 1998 blei det gitt informasjon frå fylkeslegen om formålet med og gjennomføringa av revisjonen.

    Same dag blei det gjennomført 3 intervju i Hordaland fylkeskommune, HSA.

    Observasjonane frå denne dagen blei oppsummerte i eit lokalt sluttmøte.

    9. september 1998 starta med lokalt opningsmøte ved FSV. Formålet med og gjennomføringa av revisjonen blei gjentatt.

    Det blei gjennomført 4 intervju ved FSV og verifikasjonar, jf vedlegg 2.

    Observasjonar blei oppsummerte i lokalt sluttmøte.

    10. september var det lokalt opningsmøte på Haukeland sykehus. Også her gjorde fylkeslegen greie for formålet med og gjennomføringa av revisjonen.

    Det blei gjennomført 5 intervju og verifikasjonar, jf vedlegg 2.

    Observasjonar blei oppsummerte i lokalt sluttmøte.

    Deretter blei det 4. intervjuet med tilsett i Hordaland fylkeskommune gjennomført.

    Sluttmøte med gjennomgang av avvik og merknader på grunnlag av alle observasjonar blei gjennomført i lokala til Hordaland fylkeskommune 11. september 1998.

    I vedlegg 3 er gitt ein oversikt over deltakarane ved tilsynet.



    6. Avvik

    Avvik 1

    Pasientar som har fått behandlingsgaranti, får ikkje behandling innan tre månader.

    Avvik frå:

    • Forskrift om ventetidsgaranti § 8, 1. ledd.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss:

    • Det er dokumentert brot på ventetidsgarantien ved Kirurgisk avdeling, FSV.
    • Årsaka til garantibrota er oppgitt å være midlertidige bygningsmessige tilhøve som reduserer operasjonskapasiteten med omsyn til ortopediske pasientar. Kapasitet til å operere pasientar med stor infeksjonsrisiko er avgrensa, og for å nytte den generelle operasjonskapasiteten fullt ut blir difor også pasientar som ikkje har fått garanti opererte.
    • Forslag til tiltak for å redusere talet på garantibrot er fremja tenesteveg. Mellombels post for ortopediske pasientar er oppretta. Posten har avgrensa kapasitet.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus:

    • Det er dokumentert brot på ventetidsgarantien ved Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus.
    • For liten operasjonskapasitet og for få senger er oppgitt som dei viktigaste årsakene til desse garantibrota.
    • Forslag til tiltak for å redusere talet på garantibrot er fremja tenesteveg. "Opp-på-post"-prosjektet er utprøvd og ser ut til å bli permanent. Prosjektet inneber at pasientar etter kort tid blir flytta frå oppvakningsavdelinga til nevrokirurgisk avdeling og overvaka der. Prosjektet har resultert i auka operasjonskapasitet.

    Avvik 2

    Prioritering av pasientar ved Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss er ikkje i samsvar med krav og kriteria i ventetidsforskrifta.

    Avvik frå:

    • Forskrift om ventetidsgaranti § 8, 1. ledd.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar:

    • Det er opplyst om pasientar med tilstandar som ikkje fell inn under kriteria, men som likevel har fått garanti.
    • Fleire legar utfører prioritering med omsyn til behandling/innlegging, men det er ikkje utarbeidd skriftlege retningsliner for prioritering.
    • Det er ikkje felles prioriteringspraksis ved Kirurgisk avdeling, FSV og arbeidet med å operasjonalisere prioriteringskriteria er ikkje påbegynt.
    • Prioriteringspraksis er ikkje drøfta med eller harmonisert i høve til andre sjukehus i fylket eller andre fylke.
    • Ved verifikasjon av journalar blei det funne eksempel på at ventetid ikkje blir rekna frå den dato tilvisinga var mottatt, men frå tidspunktet for forundersøkinga.

    Avvik 3

    Garantipasientar som ikkje får behandling innan 3 månader, får ikkje den informasjon dei har krav på.

    Avvik frå:

    • Forskrift om ventetidsgaranti § 7, 3. ledd

    Avviket er basert på følgjande observasjon ved Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus og ved Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss:

    • Det er ikkje rutinar for å gi informasjon til pasientar som har fått garanti og som må vente i meir enn 3 månader, om kor lang ventetid ein må rekne med eller om retten til å få dekka utgifter til behandling annan stad.

    Avvik 4

    Det er ikkje etablert praksis for å skaffe tilbod om anna behandling i eller utanfor fylket til garantipasientar som ikkje kan få behandling innan 3 månader.

    Avvik frå:

    • Forskrift om ventetidsgaranti § 8, 2. ledd

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Helse- og sosialavdelinga, Hordaland fylkeskommune:

    • Oppgåva er skriftleg delegert frå Hordaland fylkeskommune til sjukehusa i brev av 02.07.97, men Helse- og sosialavdelinga har ikkje etterspurt eller kontrollert korleis dette er følgt opp.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss:

    • Ansvar for å skaffe anna behandlingstilbod er uavklart.
    • Sjukehuset har ikkje skriftlege prosedyrar eller praksis for å prøve å finne tilbod om behandling annan stad til garantipasientar som har venta i 3 månader eller meir.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus:

    • Avdelinga har retta førespurnad til andre nevrokirurgiske avdelingar, men har fått opplyst at det ikkje er kapasitet andre stader i landet.

    Avvik 5

    Det kan ikkje dokumenterast at pasient og tilvisande lege alltid får informasjon om utfall av vurdering av pasienten

    Avvik frå:

    • Forskrift om ventetidsgaranti § 7, 2. ledd, jf journalforskrifta § 6 mv.

    Avviket er basert på følgjande observasjonar frå Kirurgisk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss og Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus:

    • Det er laga standard informasjonsbrev til tilvisande lege og pasient ved begge avdelingane, men ved verifikasjon av journalar, kan det ikkje dokumenterast at informasjonen er sendt.


    7. Merknader

    Merknad 1

    Det er ikkje etablert internkontrollsystem som sikrar og dokumenterer at krav i ventetidsforskrifta blir etterlevd.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar frå Helse- og sosialavdelinga:

    • Fylkeskommunen ved Helse og sosialavdelinga har i brev av 02.07.97 delegert oppgåva etter ventetidsforskrifta § 8, 2. ledd til sjukehusa, men har ikkje etterspurt eller fått oversikt over i kva grad dette er følgt opp, jf avvik 4.
    • Brot på ventetidsgarantien er ikkje følgt opp av fylkeskommunen.
    • Det er kjent at sjukehusa ikkje skaffar behandling annan stad ved garantibrot. Dette er ikkje følgt opp av fylkeskommunen.
    • Det er kjent at prioriteringspraksis varierer mellom sjukehus og avdelingar. Dette er ikkje følgt opp av fylkeskommunen.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar frå Fylkessjukehuset på Voss :

    • Direktøren har ikkje plassert ansvaret for internkontroll med ventetidsforskrifta.
    • Det er ingen praksis for å kontrollere at etablerte rutiner blir følgt.
    • Det er ikkje etablert rutinar for å kontrollere korleis praksis er i høve til krav i forskrifta, trass i at det var kjend for direktør og avdelingsoverlege at prioriteringspraksis var ulik i avdelinga.
    • Det er ikkje etablert interne rapporteringsrutinar.
    • Det er ikkje etablert rutinar for handsaming av avvik.
    • Kjende feil med omsyn til føring av ventelister/ tildeling av garanti er ikkje blitt retta.
    • Sjukehuset følgjer ikkje opp dei føringane som Hordaland fylkeskommune har gitt for å etterleve ventetidsgarantien .

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar frå Haukeland sykehus:

    • Direktøren har ikkje plassert ansvaret for internkontroll med ventetidsforskrifta.
    • Det er ingen praksis for å kontrollere at etablerte rutinar blir følgd, men det er opplyst at sjukehuset har starta med interne revisjonar.
    • Det er ikkje etablert rutinar for handsaming av avvik.
    • Leiinga har berre delvis følgt opp oppmodinga frå det lokale ventelisteutvalet om å harmonisere prioriteringspraksis.
    • Sjukehuset følgjer ikkje opp dei føringane Hordaland fylkeskommune har gitt for å etterleve ventetidsgarantien

    Merknad 2

    Prioriteringskriteria er uklare ved Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland sykehus.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar:

    • I den skriftlege prosedyren for prioritering av pasientar er det uklart i kva omfang pasientar med Parkinsons sjukdom fell inn under kriteria for å få garanti.
    • Prosedyren blir ikkje følgt i praksis når det gjelder kriteriet om kostnadseffektiv behandling.

     

    Merknad 3

    Det er uklart om dei to avdelingane alltid overheld vurderingsgarantien når det trengst forundersøking før endeleg vurdering.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar frå Fylkessjukehuset på Voss:

    • Verifikasjon av journalar tyder på at forundersøking ved poliklinikk ikkje alltid blir gjennomført innan 30 dagar.

    Merknaden er basert på følgjande observasjonar frå Haukeland sykehus:

    • Det er opplyst at enkelte typar forundersøking, spesielt røntgenundersøking, kan ta lenger tid enn 30 dagar å få utført.


    VEDLEGG 1 - Dokumentunderlag

    Lovverk: Sjå rapporten pkt 3.

    Dokument mottatt hos fylkeslegen uavhengig av og før tilsynet:

    • Helse- og sosialplanen
    • Årsmelding for 1997 frå Haukeland sykehus
    • Årsmelding for 1997 frå Hordaland fylkeskommune
    • Brev med vedlegg frå Hordaland fylkeskommune av 24. januar 1997 om prioritering av pasientar m a av rutinar frå Haukeland sykehus og Fylkessjukehuset på Voss.
    • Brev med vedlegg frå Hordaland fylkeskommune av 15 september 1997 til somatiske sjukehus i Hordaland om "Mellombels retningsliner ved overføring til andre sjukehus og kjøp av tenester".
    • "Retningsliner for handtering av ventelister" av 20.07.93.
    • Brev av 2. juli 1997 frå Hordaland fylkeskommune til sjukehusa i Hordaland om ny ventetidsgaranti.
    • Møteinnkalling til møte i Samarbeidsrådet for Voss lokalsjukehusområde datert 17.07.98.

    Mottatt frå Hordaland fylkeskommune i ekspedisjon av 31.08.98 (telefaks):

    • Fylkesutvalet, sak 315/96: Det sentrale ventelisteutvalet for somatiske sjukehus - omorganisering.
    • Notat til fylkesrådmannen frå Helse- og sosialavdelinga, datert 12.06.96: Det sentrale ventelisteutvalet for somatiske sjukehus - Bakgrunnsinformasjon til sak om omorganisering.
    • Notat til Det sentrale ventelisteutvalet og Medlemmene i det fagleg/administrative rådet frå Helse- og sosialavdelinga, datert 18.09.96: Bakgrunnsinformasjon til diskusjon om arbeidsmåtar for det nye ventelisteutvalet.
    • Utdrag frå budsjettet, 1998; Døme på føringar for drifta ved sjukehusa (Døme: Fylkessjukehuset på Stord).

    Mottatt frå Hordaland fylkeskommune i ekspedisjon av 02.09.98 (telefaks):

    • Fellesmøte mellom ventelisteutvalet og det fagleg/administrative rådet for det sentrale ventelisteutvalet, referat frå møter 23.02.98, 20.10.97, 02.06.97, 21.04.97, 11.03.97, 20.01.97 og 04.11.96.

    Mottatt frå Hordaland fylkeskommune under revisjonen 08.09.98:

    • Brev av 17.01.95, med vedlegg, frå Hordaland fylkeskommune til alle sjukehus i Hordaland vedr. standardbrev til lege/pasient ved søknad om innlegging.
    • Brev av 13.03.98 frå Fylkesordføraren til Kontrollutvalet vedr. ventelisterapportering.

    Mottatt frå Fylkessjukehuset på Voss i ekspedisjon av 06.09.98 (telefaks):

    • Organisasjonsplan.
    • Årsmelding 1996 for Kirurgisk avdeling.
    • Brev av 31.07.97 frå sjeflege Roald Underdal til legar i Voss lokalsjukehusområde vedr. ny ventetidsordning.
    • Brev av 09.12..97 frå sjeflege Roald Underdal til legar i Voss lokalsjukehusområde vedr. ny ventetidsordning.
    • Standardbrev til pasient.

    Mottatt frå Fylkessjukehuset på Voss under revisjonen:

    • Brev av 19.01.96, med vedlegg, frå Arne Reisæter til diretør Alf Bygnes vedr. "Tilskudd for 1996 til økt pasientbehandling, omstillingstiltak, helseregionale samarbeidstiltak, rehabilitering og sykepengeforsøk".
    • Brev av 31.07.98, med vedlegg, frå sjeflege Roald Underdal til Hordaland fylkeskommune, Spesialkonsulent Knut Arild Andersen, Fylkeslegen i Hordaland, KPMG, Direktøren, IT-ansvarleg, FSV og økonomisjef, FSV vedr. ny ventetidsordning.
    • PiMS-skjema for Fylkessjukehuset på Voss, gjeldande frå 01.02.98.
    • Anonymisert tilvising med utfylt, påstempla mini-skjema for prioritering/undersøking.
    • Produksjonstal/periodetal for perioden 01.07. - 31.07.98. Rapport til Hordaland fylkeskommune.
    • Produksjonstal/periodetal for perioden 01.06. - 30.06.98. Rapport til Hordaland fylkeskommune.
    • Rapport om driftssituasjonen ved Fylkessjukehuset på Voss til Samarbeidsrådet for Voss lokalsjukehusområde fr sjeflege Roald Underdal, datert 23.02.98.
    • Brev av 12.05.98, med vedlegg, frå IT-konsulent Karin Prestegard, FSV til SINTEF Unimed Norsk pasientregister vedr. innrapportering av ventelistetal.
    • Udatert skriv: "Tiltak for å redusere ventelista - Pri. 2"

    Mottatt frå Haukeland sykehus i ekspedisjon av 17.08.98:

    • Årsmelding 1997.
    • Rekneskap- og aktivitetsanalyse 1997.
    • Vedtak i Fylkesutvalet sak 31/95 om organisering av ventelistearbeid.
    • Kap. 5.4 i helseplan for Hordaland fylkeskommune: "Ventelistestyring og kapasitetsauke i somatisk helsevern".
    • Høyringssvar frå Haukeland sykehus om Forskrift om ny ventetidsgaranti.
    • Brev av 27.06.97 frå Sosial- og helsedepartementet (SHD) vedrørande innføring av ny forskrift om ventetidsgaranti.
    • Forskrift om ventetidsgaranti.
    • Brosjyre frå Sosial- og helsedepartementet om Tre månaders behandlingsgaranti på sjukehus.
    • Brev av 2. juli 1997 frå Hordaland fylkeskommune til sjukehusa i Hordaland om ny ventetidsgaranti.
    • Internt rundskriv av 07.07.97 frå administrasjonen: "Iverksettelse av ny ventetidsgaranti - Registrering av data".
    • Brev av 14.01.98 frå SHD: "Ny 30 dagers vurderingsgaranti og nytt standardisert henvisningsskjema innføres fra 01.01.98".
    • Brev av 31. mars 1998 frå Hordaland fylkeskommune: "Bruk av standard tilvisingsskjema", vedlagt rundskriv frå Statens helsetilsyn, IK 42/97.
    • Døme på månadleg situasjonsrapport til leiinga, ventelisteutvalet og avdelingane.
    • Møtereferat frå lokalt ventelisteutval 15.01.97, 17.02.97, 14.04.97, 28.04.97, 07.08.97, 25.08.97, 25.09.97, 21.10.97, 19.01.98, 17.02.98, 30.03.98 og 24.04.98.
    • Internt notat av 30.06.97 frå spesialrådgjevar Verner Andreassen (VA): "Ventelistehåndtering - Metoder, erfaringer og tiltak".
    • Internt notat av 25.08.95 frå VA: "Ventelistehåndtering - Metoder, erfaringer og tiltak".
    • Internt notat av 13.09.94 frå VA: "Pasientstrømanalyse ved utgangen av 2. tertial 1994".
    • Brev av 04.02.98, med vedlegg, frå lokalt ventelisteutval til avdelingane: "Sikring av datakvaliteten på ventelisterapporteringen".
    • Internt notat av 05.02.98 frå økonomiavdelinga: "Analyse og korreksjon av høy garantibrøk - Tiltak".

    Mottatt frå Haukeland sykehus i ekspedisjon av 20.08.98:

    • Brev av 14.06.95 frå Haukeland sykehus til Hordaland fylkeskommune: "Ventelistearbeidet - Endring av organisering".
    • Brev av 20.07.95 frå Hordaland fylkeskommune til Haukeland sykehus: "Ventelistearbeidet - Endring av organisering".
    • Brev av 31.07.95 frå Haukeland sykehus til Hordaland fylkeskommune: "Ventelistearbeidet - Endring av organisering".
    • Innkalling frå Haukeland sykehus til møte om Samarbeid mellom sjukehusa vedr. ventelistearbeidet, datert 04.09.98.

    Mottatt frå Haukeland sykehus i ekspedisjon av 25.08.98:

    • Årsmelding frå Nevrokirurgisk avdeling 1997.
    • Venteliste for Nevrokirurgisk avdeling pr 10.08.98 (frå PIMS).
    • Organisasjonskart for Nevrokirurgisk avdeling.
    • Oversikt over stillingar ved Nevrokirurgisk avdeling pr. 04.07.97.
    • Utdrag av bemanningsliste Hode/Hals Blokk pr 03.07.98.
    • Økonomiplan Nevrokirurgisk avdeling 1998 - 2001, datert 08.04.97, vedlagt brev av 18.03.97 frå konst. overlege til blokkleiinga vedr. revidering av metodebok ved Nevrokirurgisk avdeling og brev av 06.02.96 frå overlege til økonimiavdelinga vedr. gjestepasientprisar ved behandling med strålekniv.
    • Brev av 20.03.97 frå avdelingsoverlege til blokkleiar vedr. problem med avvikling av ryggkirurgi ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Brev av 08.04.97 frå blokkleiar til avdelingsoverlege vedr. problem med avvikling av ryggkirurgi ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Brev av 10.04.97 frå avdelingsoverlege til blokkleiar vedr. situasjonen ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Notat vedr. situasjonen ved Nevrokirurgisk avdeling pr. 10.04.97.
    • Brev av 11.04.97 frå blokkleiar til adm direktør vedr. situasjonen ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Dagsorden for Ledermøtet, Haukeland sykehus 17.04.97.
    • Brev av 04.07.97 frå blokkleiar til oversjukepleiar og avdelingsoverlege vedr. "opp-på-post" - prosjektet.
    • Brev av 05.09.97 frå ventelisteutvalet til alle avdelingsoverlegar vedr. forskrift om ventelistegaranti.
    • Brev av 02.02.98 frå blokkleiar til oversjukepleiar og avdelingsoverlege vedr. norsk nevrokirurgisk verksemd, innstilling frå arbeidsgruppe nedsett av Statens helsetilsyn (Cappelen-utvalet).
    • Brev av 04.01.98 frå avdelingsoverlege, Nevrologisk avdeling, til blokkleiar vedr. ressurssituasjonen ved Nevrokirurgisk avdeling, innstilling frå Cappelen-utvalet.
    • Brev av 11.03.98 frå Nevrokirurgisk avdeling til blokkleiar vedr. ressurssituasjonen ved SOP for Nevrokirurgisk avdeling.
    • Brev av 19.03.98 frå blokkleiar til ass.avd.overlege Erling Myrseth vedr. ressurssituasjonen ved SOP for Nevrokirurgisk avdeling.
    • Brev av 28.01.98 frå Nevrokirurgisk avdeling til blokkleiar vedr. ressurssituasjonen ved Nevrokirurgisk avdeling - Innstilling frå Cappelen-utvalet.
    • Brev av 19.05.98 frå avdelingsoverlege, Nevrologisk avdeling, til blokkleiar vedr. problem med å få avvikla ventelista - arachnoidale cyster.
    • Brev av 20.05.98 frå Nevrokirurgisk avdeling til direktøren vedr. "Operasjoner for bevegelsesforstyrrelser (Thalamisk pacemaker og thalamotomier), vesentlig hos parkinsonister".
    • Brev av 10.06.98 frå avdelingsoverlege til blokkleiar vedr. problem med å få avvikla ventelista - arachnoidale cyster.
    • Budsjett 1999 - Økonomiplan 1999 - 2002 for Nevrokirurgisk avdeling, datert 22.04.98.
    • Brev av 19.08.98 frå avdelingsoverlege til blokkleiar vedr. problem med avvikling av ryggkirurgi ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Brev av 20.08.98 frå avdelingsoverlege Knut Wester til Fylkeslegen i Hordaland vedr. prosedyrer/retningsliner for prioritering av pasientar.
    • Brev av 20.08.98 frå avdelingsoverlege Knut Wester til Fylkeslegen i Hordaland vedr. prosedyrer/retningsliner forføring av ventelister ved Nevrokirurgisk avdeling.

    Mottatt frå Haukeland sykehus under revisjonen:

    • Notat av 17.02.98 til alle legar ved Nevrokirurgisk avdeling frå overlege Erling Myrseth: "Prioritering av søknader til innleggelse i Nevrokirurgisk avdeling". Opplyst å vere avdelingens prosedyre for prioritering.
    • Standardbrev til lege som har søkt pasient innlagt i Nevrokirurgisk avdeling og der pasienten har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient som er søkt innlagt i Nevrokiurgisk avdeling og som har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient som er søkt innlagt i Nevrokiurgisk avdeling og som ikkje har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til lege som har søkt pasient innlagt i Nevrokirurgisk avdeling og der pasienten ikkje har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient om tidspunkt for innskriving i Nevrokirurgisk avdeling i samband med vurdering.
    • Standardbrev til pasient om tidspunkt for innskriving i Nevrokirurgisk avdeling i samband med stråleknivbehandling.
    • Standardbrev til pasient om tidspunkt for innskriving i Nevrokirurgisk avdeling i samband med operativ behandling.
    • Standardbrev til pasient om tidspunkt for innskriving i Nevrokirurgisk avdeling i samband med kontroll.
    • Standardbrev til lege som har søkt om poliklinisk time for pasient og der pasienten ikkje har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til lege som har søkt om poliklinisk time for pasient og der pasienten har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient som er søkt til poliklinisk time og som har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient som er søkt til poliklinisk time og som ikkje har fått behandlingsgaranti.
    • Standardbrev til pasient om utsettjing av poliklinisk time.
    • Standardbrev til pasient om tidspunkt (dato og klokkeslett) for poliklinisk time.
    • Mål for Haukeland sykeus 1998 - 2000, datert 16.01.98.


    VEDLEGG 2 - Verifikasjonar som blei foretatt under systemrevisjonen

    Verifikasjonar i Helse og sosialavdelingen, Hordaland fylkeskommune 08.09.98

    1. Standard brev for informasjon til pasientar ved søknad om innlegging av 17.01.95.

    2. Brev til kontrollutvalet av 13.03.98 om ventelisterapportering.

    Verifikasjonar ved FSV 09.09.98

    • 10 journaler frå pasientar som var tilvist i mars 1998.
    • Referat frå siste møte i det lokale ventelisteutvalet, halde i desember 1997.
    • Avdelingen har ikkje skriftlege prosedyrer for prioriteringspraksis.
    • Avdelingen har ikkje skriftleg prosedyre for handtering av garantibrot.
    • Det er utarbeidd standard skriftleg informasjon om utfall av vurdering og slik informasjon blir rutinemessig sendt både til pasient og til tilvisande lege.

    Verifikasjonar frå Haukeland sykehus 10.09.98

    • 10 journalar frå pasienter tilvist til Nevrokirurgisk avdeling i mars 1998.
    • Prosedyre for prioritering av pasientar ved Nevrokirurgisk avdeling.
    • Standard skriftlig informasjon om utfall av vurdering til pasient og tilvisande lege, 6 brev.
    • Avdelingen har ikkje skriftleg prosedyre for handtering av garantibrot.