|
|
Fylkeslegen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Vår ref.: |
00/540 |
|
Adresse: |
Røldalsveien 34, 5750 Odda |
|
Kontaktperson i Odda kommune: |
Leiande helsesyster Inger Lise Haukaas |
|
Regelverk: |
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar.
|
INNHALD 1. Innleiing 2. Dokumentunderlag 3. Omfang 4. Gjennomføring 5. Resultater fra verifikasjoner 6. Merknad
VEDLEGG 1 Dokumentunderlag for tilsynet VEDLEGG 2 Deltakarar ved tilsynet
Innhald i rapporten
Tilsynet blei utført ved systemrevisjon og omfatta følgjande område: Internkontroll, tilbod om helseundersøkingar og rettleiing til skoleelevar, tilbod til elevar med særskilde behov, oversyn over helsetilstanden til skoleelevane og risikofaktorar i skole/oppvekstmiljø, strukturert tverretatleg samarbeid og rådgjeving til skolen.
Hovudkonklusjon
I Odda kommune er helseavdelinga godt i gang med utarbeiding av internkontrollsystem, skolehelsetenesta er komen langt i dette arbeidet. Lege har det medisinsk faglege ansvaret. Personalet som arbeider i skolehelsetenesta er kjende med regelverk og dei faglege retningslinene for skolehelsetenesta blir innarbeidde, jfr "Veileder for helsestasjons- og skolehelsetjenesten". Alle skoleelevar får tilbod om systematiske medisinske helseundersøkingar og individuell rettleiing. Elevar med særskilde behov blir følgde opp. I akutte tilfelle er skolehelsetenesta lett tilgjengeleg og gir tett oppfølging. Det er strukturert tverretatleg samarbeid ved dei største skolane, kontakt og samarbeid etter behov ved dei mindre skolane. Etter samtykke frå foreldre/ føresette og elevar gir skolehelsetenesta råd til skolen om tilrettelegging for elevar med spesielle behov. Kommunehelsetenesta/ skolehelsetenesta har oversikt over helsetilstanden til skoleelevane og risikofaktorar i oppvekstmiljøet og informerer skolane.
Det blei ikkje påpeikt avvik innan dei reviderte områda
Fylkeslegen har gitt følgjande merknad:
- Knappe ressursar som verkar inn på tenestetilbodet i skolehelsetenesta.
Dato: 23. mai 2000
|
Revisjonsleiar Anne Grete Robøle |
Revisor Margaret Torbjørnsen |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med skolehelsetenesta i Odda kommune 10. mai 2000. Tilsynet er gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn og er ein del av det landsomfattande tilsynet med skolehelsetenesta i år 2000.
Formålet med tilsynet er todelt: For det første å bidra til kvalitetsutvikling. For det andre å vurdere korleis verksemda oppfyller krav som følgjer av lover, forskrifter og faglege retningsliner for skolehelsetenesta.
Tilsynet omfatta mellom anna:
- om internkontroll i verksemda er formålstenleg og dekkjande
- om aktivitetar blir utførte slik dei er framstilte skriftleg og muntleg.
- om verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.
Tilsynet blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og verifikasjon, jf punkt 6.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har sett, avdekkjer potensial for betring.
2. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for tilsynet var:
- Aktuelle lover og forskrifter:
Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta. Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenesta i skolar.
- Rettleiarar, utgreiingar og rundskriv frå Statens helsetilsyn
"Veileder for helsestasjons- og skolehelsetjenesten" IK-2617 "Veileder i habilitering av barn og unge" IK-2614 "Helsefremmende og forebyggende arbeid for barn og unge 0-20 år" IK-2621 "Somatiske undersøkelser (helseundersøkelser/screening) av barn og unge 0-20 år" IK-2611 "Undersøkelser i helsestasjon og skolehelsetjenesten" IK-2618 "Internkontroll og hovedarbeidsområder for skolehelsetjenesten" IK-33/95
- Korrespondanse mellom Odda kommune og Fylkeslegen
- Dokumentasjon frå Odda kommune, jf vedlegg 1.
- Verifikasjon, jf punkt 6.
3. Omfang
Tilsynet var avgrensa til følgjande område av skolehelsetenesta i Odda kommune:
Internkontroll.
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta § 3.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar
.
Tilbod om helseundersøkingar og rettleiing til skoleelevar.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
Strukturert tverretatleg samarbeid.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
Tilbod til elevar med særskilde behov.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2 andre ledd.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
Kommunehelsetenesta/skolehelsetenesta sitt oversyn over helsetilstanden til skoleelevane og risikofaktorar i skole/oppvekstmiljø (helseovervaking).
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 1-4.
Rådgjeving til skolen om tilrettelegging for elevar med særskilde behov og informasjon til skolen om helserelaterte forhold.
- Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd og § 1-4.
4. Gjennomføring
Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt til Odda kommune 8. mars 2000. Dokumentasjon som Fylkeslegen ba om, blei motteken i ekspedisjon av 24. mars 2000. Framlegg til program blei oversendt 13. april 2000. Endeleg program blei sendt 28. april 2000.
I opningsmøtet 10. mai blei det gitt informasjon frå Fylkeslegen om formålet med og gjennomføringa av tilsynet. Det blei gjennomført 6 intervju og verifikasjon, jf punkt 6. I sluttmøtet ga Fylkeslegen ei oppsummering og presentasjon av resultat. I vedlegg 2 er det gitt eit oversyn over deltakarane ved tilsynet.
Det blei ikkje påpeikt avvik innan dei reviderte områda.
5. Resultat frå verifikasjon
IK-handbok for Odda helsestasjon (papirversjon)
Handboka inneheld mellom anna overordna målsetjing for helsetenesta, målsetjing for helsestasjon- og skolehelsetenesta, organisasjonskart og stillingsbeskrivingar, kapittelinndeling for IK-handbok for helsetenesta, oversyn over lover og forskrifter for skolehelsetenesta, strategisk opplæringsplan 1999 – 2002, prosedyre for prosedyreskriving, prosedyremal for skolehelsetenesta, prosedyrar for helsestasjon og skolehelsetenesta i samsvar med retningsliner for helseundersøkingar i IK- 2617 "Veileder for helsestasjons- og skolehelsetjenesten", jfr vedlegg 1.
Handboka er tilgjengeleg på intranett for tilsette i helsestasjons- og skolehelsetenesta.
6. Merknad
|
Merknad 1 |
Knappe ressursar som verkar inn på tenestetilbodet i skolehelsetenesta |
Følgjande observasjonar ligg til grunn for merknaden:
- Det følgjer av årsmeldingar frå skolehelsetenesta og av intervju at skolehelsetenesta ikkje alltid er tilgjengeleg for open konsultasjon. Med unntak av lege ved Odda ungdomsskole, er det ikkje lege til stades til faste tider ved dei andre skolane i kommunen.
Det blei opplyst i intervju at:
- Skolehelsetenesta ikkje alltid kan imøtekome ønskje frå skolen om bistand i undervisning om helserelaterte tema.
- Tilsette i skolehelsetenesta er usikre på om målretta helseundersøking i 3. klasse, 8 år, kan gjennomførast som planlagt på grunn av knappe tids- og personellressursar. Av same grunnar kan det gå lang tid frå ei helseundersøking er utført til foreldre og elev som treng det får informasjon og tilbod om oppfølgingssamtale/ ny undersøking.
- Legetid i skolehelsetenesta blir nedprioritert til fordel for kurative legeteneste når kommunen har ledig(e) legestilling(ar).
- Lege er lite tilgjengeleg for tverretatleg samarbeid.
Vedlegg 1 - DOKUMENTUNDERLAG FOR TILSYNET
Dokumentasjon motteken frå Odda kommune i ekspedisjon av 24. mars 2000:
Dokumentasjon motteken 10.04.00
- Prosedyre for medisinering av barn i skole, barnehage, avlastningshjem etc,
- Årsbudsjett for helse og sosialsektoren 2000
Dokumentasjon motteken 11.04.00
- Reslutatvurdering 1999 helse og sosialsektoren, jfr dok 27.
Dokumentasjon motteken før og uavhengig av tilsynet:
- Årsstatstikk for kommunehelsetenesta 1999 - Tenesterapportering KOSTRA
- Odda kommune, vedtak om godkjenning av barne og ungdsomskolar i Odda kommune jfr Forskrift av 1. desember 1995 nr 928 om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar mv.
- Odda kommune, plan for å redusere rusmiddelbruken i Odda 1996 – 2000, mars 1996.
Dokumentasjon motteken ved tilsynet 10. mai 2000
- Dokument nr 1, overordnet mål - nasjonale føringer helsestasjon og skolehelsetjeneste, sist revidert 21. 07.99.
- Prosedyre for intern henvisning innen skolehelsetjenesten, sist revidert 11.04.00.
- Prosedyre for vurdering og oppfølging av fysioterapeut ang. barn i skolehelsetjenesten, sist revidert 25.04.00.
- Prosedyre for helseopplysning i grupper 11 år, 6. klasse, og DT vaksinering, sist revidert 05.04.00.
- Informasjon til foreldre/foresatte om difteri/stivkrampevaksine, rutine oppretta 05.04.00.
- Prosedyre for helsekontakt, 12 år, 7. klasse, sist revidert 06.04.00.
- Informasjon til foreldre/foresatte om MMR- vaksine, rutine oppretta 06.04.00.
- Vurdering av lengdemål, oppfølging/henvisning, rutine oppretta 06.04.00.
- Prosedyre for helsekontakt, 14 år, 9. klasse, sist revidert 25.04.00.
- Informasjon til foreldre/foresatte om vaksinering mot tuberkulose (BCG).
- Prosedyre for helsekontakt, 15 år, 10. klasse, sist revidert 14.04.00.
- Informasjon til foreldre og elever om tilbud om vedlikeholdsdose av poliovaksine.
- Prosedyre for anafylaksiberedskap i helsestasjons- og skolehelsetjenesten, sist revidert 01.10.99.
- Vedlegg til prosedyre for anafylaksiberedskap, telefonnr til bruk ved øyeblikkelig hjelp, rutine oppretta 26.10.99.
- Prosedyre for behandling av avvik, sist revidert 09.07.99.
- Vedlegg til prosedyre for behandling av avvik, skjema for behandling av avvik, sist revidert 09.07.99.
Vedlegg 2
|
DELTAKARAR VED TILSYN I ODDA KOMMUNE 10. MAI 2000 |
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Brekke, Magnhild |
Helsesyster |
x |
|
x |
|
Brekke, Wenche |
Helsesyster |
x |
x |
x |
|
Camus, Denis |
Kommunelege II, skolelege |
x |
x |
x |
|
Eike, Karin Melkeraaen |
Helsesyster |
x |
x |
x |
|
Espe, Terje |
Helse- og sosialsjef |
x |
|
|
|
Hauge, Mette Hjellestad |
Sjeffysioterapeut |
x |
|
|
|
Hetlevik, Øystein |
Kommunelege I |
x |
x |
x |
|
Haukaas, Inger Lise |
Leiande helsesyster |
x |
x |
x |
|
Lien, Arne |
Kommunelege II, skolelege |
x |
x |
x |
|
Pløen, Øystein |
Kommunelege II, skolelege |
x |
|
x |
|
Til stades frå Fylkeslegen: |
|
Margaret Torbjørnsen, fylkessjukepleiar |
|
Anne Kristine Breivik, førstekonsulent |
|
Anne Grete Robøle, rådgjevar, revisjonsleiar |
|
|