Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Rapport fra tilsyn med skolehelsetenesta i Ølen kommune 29. august 2000 (2000)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkeslegen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 Vår ref:

 00/982

Adresse:

Ølen kommune, Postboks 240, 5588 Ølen

Kontaktperson i Ølen kommune:

Leiande helsesyster Haldis Nedrelid Djuve

Regelverk:

  • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
  • Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
  • Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar.

 

INNHALD


1. Innleiing
2. Dokumentunderlag
3. Omfang
4. Gjennomføring
5. Resultat av verifikasjoner
6. Avvik
7. Merknader
VEDLEGG 1 Dokumentunderlag for tilsynet
VEDLEGG 2 Deltakarar ved tilsynet


Innhald i rapporten

Tilsynet blei utført ved systemrevisjon og omfatta følgjande område: Internkontroll, tilbod om helseundersøkingar og rettleiing til skoleelevar, tilbod til elevar med særskilde behov, oversyn over helsetilstanden til skoleelevane og risikofaktorar i skole/oppvekstmiljø, strukturert tverretatleg samarbeid og rådgjeving til skolen.

Hovudkonklusjon

Personell i skolehelsetenesta i Ølen kommune er kjende med regelverk og faglege retningsliner som gjeld for tenesta. Skolane og foreldre/føresette får skriftleg og muntleg informasjon om tenestetilbodet. Oversiktlege tilhøve og god kontakt mellom etatar og personell gjer at kommune-/skolehelsetenesta har naudsynt oversikt over helseproblem blant barn og unge og risikofaktorar i oppvekstmiljøet. Informasjon om desse forholda blir formidla til skolen og andre etatar. Elevar som har behov for helseundersøking, individuell rettleiing og oppfølging får dette. Ansvarsgrupper blir oppretta for elevar med særskilde behov. Dei fleste skoleelevar som melder ifrå om behov for legetenester kjem rimeleg raskt til lege, men for enkelte elevar frå andre kommunar som går på vidaregåande skole i Ølen, er det lengre ventetid når dei blir viste til lege i heimstadkommunen. Skolelege er ikkje tilgjengeleg på skolane. Det tverrfaglege samarbeidet mellom helsepersonell (lege, fysioterapeut og helsesyster/sjukepleiar) er halde på eit minimumsnivå som følgje av knappe personellressursar. Med eitt unntak manglar det tilfredsstillande lokale ved skolane. Kommunen har ikkje iverksett systematisk arbeid for å etablera internkontrollsystem for helsetenestene.

Innan dei reviderte områda er det påpeikt følgjande avvik:

  • Ølen kommune har ikkje iverksett systematiske tiltak for å etablera internkontrollsystem for helsetenestene.
    Avvik frå lov om helsetenesta i kommunane § 3, jfr lov om helsetenesta i kommunane § 6- 3, 3. ledd.
  • Det er uklart kven som har det medisinsk faglege ansvaret for skolehelsetenesta.
    Avvik frå forskrift om skolehelseteneste § 7, 2. ledd.
  • Det er ikkje tilfredsstillande lokale eller utstyr for skolehelsetenesta ved alle skolane.
    Avvik frå forskrift om skolehelseteneste § 6.

Fylkeslegen har gitt følgjande merknad:

  • Det er større behov for strukturert tverrfagleg og tverretatleg samarbeid enn kva som er praktisk mogeleg.

Dato: 18. september 2000

Revisjonsleiar Anne Grete Robøle

Revisor Margaret Torbjørnsen



1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med skolehelsetenesta i Ølen kommune 29. august 2000. Tilsynet er gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn og er ein del av det landsomfattande tilsynet med skolehelsetenesta i år 2000.

Formålet med tilsynet er todelt: For det første å bidra til kvalitetsutvikling. For det andre å vurdere korleis verksemda oppfyller krav som følgjer av lover, forskrifter og faglege retningsliner for skolehelsetenesta.

Tilsynet omfatta mellom anna:

  • om internkontroll i verksemda er formålstenleg og dekkjande.
  • om aktivitetar blir utførte slik dei er framstilte skriftleg og muntleg.
  • om verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.

Tilsynet blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og verifikasjonar, jf kapittel 5.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
  • Merknad er tilhøve som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har sett, avdekkjer potensial for betring.


2. Dokumentunderlag

Dokumentunderlaget for tilsynet var:
  • Aktuelle lover og forskrifter:
    Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenesta i skolar.
  • Rettleiarar, utgreiingar og rundskriv frå Statens helsetilsyn
    "Veileder for helsestasjons- og skolehelsetjenesten" IK-2617
    "Veileder i habilitering av barn og unge" IK-2614
    "Helsefremmende og forebyggende arbeid for barn og unge 0-20 år" IK-2621
    "Somatiske undersøkelser (helseundersøkelser/screening) av barn og unge 0-20 år" IK-2611
    "Undersøkelser i helsestasjon og skolehelsetjenesten" IK-2618
    "Internkontroll og hovedarbeidsområder for skolehelsetjenesten" IK-33/95
  • Korrespondanse mellom Ølen kommune og Fylkeslegen.
  • Dokumentasjon frå Ølen kommune, jf vedlegg 1.
  • Verifikasjonar, jf kapittel 5.


3. Omfang

Tilsynet var avgrensa til følgjande område av skolehelsetenesta i Ølen kommune:
  • Internkontroll.
    Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta § 3.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar
    .
  • Tilbod om helseundersøkingar og rettleiing til skoleelevar.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
  • Strukturert tverretatleg samarbeid.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
  • Tilbod til elevar med særskilde behov.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2 andre ledd.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd.
  • Kommunehelsetenesta/skolehelsetenesta sitt oversyn over helsetilstanden til skoleelevane og risikofaktorar i skole/oppvekstmiljø (helseovervaking).
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 1-4.
  • Rådgjeving til skolen om tilrettelegging for elevar med særskilde behov og informasjon til skolen om helserelaterte forhold.
    Forskrift av 23. november 1983 nr 1776 om helsetenester i skolar § 3, jf § 2, andre ledd.
    Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 6-3, tredje ledd og § 1-4.


4. Gjennomføring

Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt Ølen kommune 9. mai 2000. Dokumentasjon frå kommunen blei motteken i ekspedisjonar av 19. mai og 21. august 2000. Framlegg til program blei oversendt 26. juni 2000. Endeleg program blei sendt 16. august 2000.

I opningsmøtet 29. august blei det gitt informasjon frå Fylkeslegen om formålet med og gjennomføringa av tilsynet. Det blei gjennomført sju intervju og verifikasjonar, jf kapittel 5. I sluttmøtet gav Fylkeslegen ei oppsummering og presentasjon av resultat. I vedlegg 2 er det gitt eit oversyn over deltakarane ved tilsynet.



5. Resultat av verifikasjonar

1. Organisasjonskart
Resultat: Organisasjonskart som gjeld frå 15. juni 2000 blei lagt fram. Organisasjonskartet samsvarer med opplysningar i intervju.

2. Internkontrollsystem for helsetenestene
Resultat: Det blei ikkje lagt fram oversyn over innhald eller framdriftsplan for ferdigstilling og iverksetjing. Kommunale retningsliner for delegerte oppgåver på dette området og mal for utarbeiding av prosedyrar ligg ikkje føre.

Det blei lagt fram oversyn over innhald i planlagt "Kvalitetshandbok" for legetenestene.

Det blei lagt fram oversyn over innehald i internkontrollsystem for skolehelsetenesta, jfr dokumentasjon som blei tilsendt før tilsynet. Fleire prosedyrar er godkjende. På aktuelle område har lege og fysioterapeut delteke i utarbeidinga.

Det ligg ikkje føre planar for framdrift eller ferdigstilling.

6. Avvik

Avvik 1:

Ølen kommune har ikkje iverksett systematiske tiltak for å etablera internkontrollsystem for helsetenestene.

Avvik frå:

  • Lov om helsetenesta i kommunane § 3, jfr lov om helsetenesta i kommunane § 6-3, 3. ledd.


Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:

  • Oppgåver med omsyn til planlegging og iverksetjing av internkontroll er ikkje delegerte frå administrativ leiing. Tidspunkt for ferdigstilling er ikkje fastsett. Det er ikkje teke stilling til korleis systemet skal utformast og heller ikkje teke stilling til om eller korleis eit framtidig internkontrollsystem for helsetenestene skal tilpassast andre internkontrollsystem i kommunene (til dømes internkontrollsystem for helse, miljø og tryggleik som er ferdig).

Plan for etablering av internkontrollsystem for helsetenestene kan ikkje verifiserast.

  • Enkelte mellomleiarar har på eige initiativ byrja utarbeiding av internkontrollsystem for dei respektive deltenestene. Verifikasjon av "kvalitetshandbok" og "Internkontroll for skolehelsetenesta" viser at utforminga er ulik. Kommunale retningsliner for dokumentstyring eller felles mal for utarbeiding av prosedyrar ligg ikkje føre.

Avvik 2:

Det er uklart kven som har det medisinsk faglege ansvaret for skolehelsetenesta.

Avvik frå:

  • Forskrift om skolehelseteneste § 7, 2. ledd.


Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:

  • I intervju blei det blei gitt motstridande opplysningar om kven som har det medisinsk faglege ansvaret for skolehelsetenesta. Kommunen ønskjer ikkje at det skal vera stillingsbeskrivingar for tilsette.

Avvik 3:

Det er ikkje tilfredsstillande lokale eller utstyr for skolehelsetenesta ved alle skolane.

Avvik frå:

  • Forskrift om skolehelseteneste § 6.


Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:

  • Det er ikkje lokale eller utstyr for skolelege ved nokon av skolane i kommunen. Skoleelevar blir undersøkte av lege på helsestasjon eller legekontor.
  • Med unntak av to skolar har helsesyster ikkje kontor med høve til å oppbevara utstyr, eventuelt til å låsa inne helsekort for journal i skolehelsetenesta. Det manglar vask i rom som blir stilte til disposisjon ved vaksinasjonar.


7. Merknad

Merknad 1

Det er større behov for strukturert tverrfagleg og tverretatleg samarbeid enn kva som er praktisk mogeleg.


Følgjande observasjonar ligg til grunn for merknaden:

  • Det blei opplyst om behov for meir samarbeid, at det er langt mellom møta i etablerte tverretatlege samarbeidsfora og uttrykt bekymring for at skolehelsetenesta i nokre tilfelle får beskjed for seint om enkeltelevar som treng oppfølging.
  • Personellressursane i skolehelsetenesta er knappe i høve til elevtalet, 850 - 900 elevar, og arbeidsoppgåvene som ligg til tenesta: Timetal for helsesyster og sjukepleiar utgjer om lag 60% stilling, lege 2 timar og fysioterapeut i underkant av 1 time kvar veke. Det blei opplyst at dette gir lite rom til tverrfagleg samarbeid og at det er svært avgrensa kor mykje lege og fysioterapeut kan delta i tverretatleg samarbeid.

Kommentar:
Krav til strukturert tverretatleg og tverrfagleg samarbeid går fram av Forskrift om helsetenesta i skolar § 2 andre ledd og § 3 første ledd andre punkt. Skolehelsetenesta skal delta i arbeidet med å identifisera og løysa helseproblem som skolelevane har. Etatar som er nemnde i § 3 (skolehelsetenesta, skolen, pedagogisk-psykologisk teneste, sosialtenesta og den offentlege tannhelsetenesta) har mellom anna ei gjensidig plikt til å samarbeida om og sjå til at elevar med problem som krev oppfølging av bestemt fagkompetanse blir formidla til rette vedkomande.



Vedlegg 1 - DOKUMENTUNDERLAG FOR TILSYNET


Dokumentasjon motteken frå Ølen kommune i ekspedisjon av 19. mai 2000:

  • "Årsmelding for Ølen helsestasjon 1999
  • Helsepersonell ved skulane i Ølen 01.01.00
  • Planar for gjennomføring av helsestasjonsverksemda/skulehelsetenesta i Ølen kommune frå 01.01.00
  • Virksomhetplan 2000 førebyggjande helse - helsestasjon
  • Plan for skulehelsetenesta i Ølen kommune frå 01.01.00
  • Konkrete planar for arbeidet, datert 12.01.00
  • Registreringsskjema for avvik når det gjeld kvalitet på helsestasjon /skulehelsetenesta
  • Samarbeidsrutinar i skulehelsetenesta 1999/2000, datert 12.05.00
  • Arbeidet i skulehelsetenesta vert drive ut frå følgjande lover og forskrifter (og veiledningar)
  • Oversikt over innhald i internkontrollboka
    - Vaksinasjon
    - Diverse innkalling- og informasjonsskriv nytta i skulehelsetenesta
  • Skjema: Utført arbeid i skulehelsetenesta skuleåret ….

Dokumentasjon motteken i ekspedisjon av 21. august 2000:

  • Internkontrollsystem for Ølen kommune: Prosedyre for utskriving av helsekort til alle elevar i 10. klasse, godkjent av kommunelege I 06.juli 2000.
  • Internkontrollsystem for Ølen kommune: Prosedyre for melding av tuberkulinstatus 10. klasse, godkjent av kommunelege I 06. juli 2000.
  • Internkontrollsystem for Ølen kommune: Prosedyre for utflytting, sending av helsekort til ein annan kommune, godkjent av kommunelege I 19. juli 2000.
  • Internkontrollsystem for Ølen kommune: Prosedyre/rutine når helsestasjonen mottek helsekort på eit nytt barn, godkjent av kommunelege I 19. juli 2000.
  • Prosedyre ved tilfelle av lus i barnehage eller skule "Oppslag om lus" av 01.01.00.
  • Internkontrollsystem for Ølen kommune: Prosedyre for skulestartundersøkinga, godkjent av kommunelege I 07. juli 2000.
  • Skulehelsetenesta Ølen kommune skjema: Helseopplysningar frå heimen.
  • Skulehelsetenesta Ølen kommune: Informasjonsskriv til foreldre i 3. klasse.
  • Skulehelsetenesta i Ølen kommune: Informasjonsskriv til foreldra til born i 6. klasse.
  • Skulehelsetenesta i Ølen kommune: Informasjonsskriv til de foresatte om vaksinasjon mot meslinger, kusma og røde hunder.
  • Skulehelsetenesta i Ølen kommune: Informasjonsskriv til elevar i 7. klasse.
  • Skulehelsetenesta i Ølen: Informasjonsskriv til foreldre/føresette om vaksinasjon mot poliomyelitt.
  • Skulehelsetenesta Ølen kommune: Informasjonsskriv til heimen etter helseundersøking hos helsesyster.
  • Retningsliner for ansvarsgrupper born 0 -16 år, datert 10. mai 1999.
  • Informasjonsskriv til alle foreldre om skulehelsetenesta i grunnskulen i Ølen kommune, skuleåret 2000/2001, datert 14. august 2000.
  • Mål for skulehelsetenesta, datert 1. august 2000.
  • Plan for skulehelsetenesta i grunnskulen i Ølen kommune, skuleåret 2000/2001, datert 27. juni 2000, signert av leiande helsesyster, kommunelege I og kommunelege II.
  • Brev av 18. august frå leiande helseyster til Bjoa skule, Vågen skule, Vik skule og Ølen skule vedlagt plan for skulehelsetenesta 2000 - 2001 og opplysningar for trefftider.
  • Brev av 11. juli 2000 frå leiande helsesyster til rektorane ved Bjoa skule, ved Ølen skule, ved Vågen skule og ved Vikebygd skule.
  • Plan for skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen i Ølen kommune skuleåret 2000/2001, godkjent av kommunelege II 14. juli 2000.
  • Trefftid hjå helsesyster ved Lundaneset vidaregåande skule 1. termin år 2000.
  • Trefftid hjå helsesyster ved Ølen vidaregåande skule 1. termin år 2000."


Vedlegg 2 - DELTAKARAR VED TILSYN I ØLEN KOMMUNE 29. AUGUST 2000

Namn

Stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Borgemyr Arne

Skoleleiar

x

   

Botnen Ørnulf

Kommunefysioterapeut

x

x

x

Djuve Haldis Nedrelid

Leiande helsesyster

x

x

x

Grønnestad Kristine

Konst. helsesyster

x

x

x

Haaland Tore

Kommunelege I

x

x

x

Klage Iris

Kommunelege II

x

x

x

Mo Arne

Rådmann

x

x

 


Til stades frå Fylkeslegen:
Helga Arianson, fylkeslege
Margaret Torbjørnsen, fylkessjukepleiar
Anne Grete Robøle, rådgjevar, revisjonsleiar