Fylkeslegen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Vår ref: |
00/2101 |
|
Adresse: |
Osterøy kommune, Rådhuset, 5282 Lonevåg |
|
Kontaktperson i Osterøy kommune: |
Helse-, sosial- og barnevernsjef Rune Stormark |
|
Regelverk: |
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
- Forskrift av 20. august 1990 nr. 720 om medisinsk naudmeldeteneste.
|
INNHALD
Innhald i rapporten
Hovudkonklusjon
1.Innleiing
2.Spesielle forhold
3.Dokumentunderlag
4.Omfang
5.Gjennomføring
6.Resultat av verifikasjonar
7.Avvik
8.Merknader
9.Deltakarar ved tilsynet
Innhald i rapporten
Tilsynet blei utført ved systemrevisjon og omfatta organisering av legevakt og medisinsk naudmeldeteneste.
Hovudkonklusjon
Legevaktordning og legevaktsentral i Osterøy kommune oppfyller ikkje krav i kommunehelsetenestelova og forskrift om medisinsk naudmeldeteneste. Legevaktordninga i kommunen er basert på tradisjon, friviljug innsats og kollegialt samarbeid mellom legane. Sambandsutstyret er gamalt og har svikta. Opplæring til personell med oppgåver i tilknyting til legevakt er ikkje systematisert. Manglane ved tenesta har eksistert i lengre tid og har vore kjende av ansvarleg leiing i kommunen. Som følgje av mangel på kvalifisert personell på legevaktsentralen er det som ei mellombels ordning ut året lagt opp til at telefonar til legevaktsentralen i nokre timar av døgnet blir sette over til kontoret til legevaktlege. Det er ikkje klart om helsesekretær alltid skal vere til stades på legekontoret desse timane eller om det er ei friviljug ordning. Ved oppringing til naudnummer kan innbyggjarar i kommunen bli møtt av telefonsvarar med opplysning om å ringe 113.
Fylkeslegen har påpeikt følgjande avvik:
- Kommunen har ikkje organisert kommunal legevakt i samsvar med lov om helsetenesta i kommunane § 1-3, jfr. § 1-1.
Avvik frå: Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 1-3, jfr. § 1-1.
- Legevaktsentralen i kommunen fungerer ikkje i samsvar med krav til opningstid og tilgjenge.
Avvik frå: Forskrift av 20. august 1990 nr 720 om medisinsk naudmeldeteneste § 5-3.
- Lege som har vakt er ikkje tilgjengeleg i lukka helseradionett.
Avvik frå: Forskrift av 20. august 1990 nr 720 om medisinsk naudmeldeteneste § 5-5, jfr § 3-2.
- Kommunen sørgjer ikkje for at helsepersonell med oppgåver som gjeld legevakt får nødvendig opplæring, etter – og vidareutdanning.
Avvik frå Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane §§ 6-1 og 6-2.
Fylkeslegen har gitt følgjande merknader:
- Informasjonsrutinar mellom legevaktlege og legevaktsentral er mangelfulle.
- Rutinar for å kontrollere telekommunikasjonsutstyr er mangelfulle.
- Legevakt fungerer delvis som ein kveldsopen allmennpraksis.
Dato: 17. januar 2001
|
Revisjonsleiar Magnar Kleppe |
Revisor/sekretær Anne Grete Robøl |
|
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med legevaktordninga i Osterøy kommune 21.11, 24.11. og 19.12.2000.
Formålet med tilsynet er todelt: For det første å bidra til kvalitetsutvikling. For det andre å vurdere korleis verksemda oppfyller krav som følgjer av lover og forskrifter for legevakt og medisinsk naudmeldeteneste.
Tilsynet omfatta mellom anna:
- om internkontroll i verksemda er formålstenleg og dekkjande.
- om aktivitetar blir utførte slik dei er framstilte skriftleg og muntleg.
- om verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.
Tilsynet blei gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og verifikasjonar, jfr. kapittel 6.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad er tilhøve som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har sett, avdekkjer potensial for betring.
2. Spesielle forhold
Ved Osterøy sjukeheim er det ikkje alltid kvalifisert personell på vakt til å ivareta oppgåvene som gjeld legevaktsentralen. Ut år 2000 er det avtalt at telefonen på legevaktsentralen blir sett over til kontoret til legevaktlege i tida frå klokka 16.00 til 20.00 på kvardagar, frå klokka 10.00 til 15.00 på laurdagar og frå klokka 12.00 til 15.00 på sundagar. Det er ulike oppfatningar av om helsesekretær alltid skal vere på vakt ved legekontoret som har legevakt i denne tida, eller om det er ei friviljug ordning. Personalet på legevaktsentralen har ikkje alltid oversyn om det er helsesekretær på vakt ved kontoret til vakthavande lege.
3. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for tilsynet var:
- Aktuelle lover og forskrifter:
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
- Forskrift av 20. august 1990 nr. 720 om medisinsk naudmeldeteneste.
- Korrespondanse mellom Osterøy kommune og Fylkeslegen, jfr. kapittel 5.
- Dokumentasjon frå Osterøy kommune, jfr. vedlegg 1.
- Verifikasjonar, jfr. kapittel 6.
4. Omfang
Tilsynet var avgrensa til følgjande område
- Organisering av legevakt og medisinsk naudmeldeteneste
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta.
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane.
- Forskrift av 20. august 1990 nr. 720 om medisinsk naudmeldeteneste.
5. Gjennomføring
Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsynet blei sendt Osterøy kommune 9. oktober.2000. Dokumentasjon frå kommunen blei motteken i ekspedisjon av 25. oktober 2000. Framlegg til program blei sendt 7. november 2000. Korrigert program blei sendt 17. november 2000.
I opningsmøtet 24. november blei det gitt informasjon frå Fylkeslegen om formålet med og gjennomføringa av tilsynet. I alt blei det gjennomført sju intervju, to intervju 21. november, fire intervju 24. november og eit intervju den 19. desember 2000. I sluttmøtet 19. desember gav Fylkeslegen ei oppsummering og presentasjon av resultat. I vedlegg 2 er det gitt eit oversyn over deltakarane ved tilsynet. Verifikasjonar som blei utførte går fram av kapittel 6.
6. Resultat av verifikasjonar
6.1 Frå Osterøy kommune fekk Fylkeslegen før tilsynet tilsendt legevaktliste frå veke 26 til og medveke 48, jfr. vedlegg 1, dokument nr. 5.
Legevaktliste Osterøy kommune frå og med veke 26 til og med veke 48 viser at det ikkje var lege på vakt (x), klokka 16.00 – 08.00, følgjande dagar:
| |
måndag |
tysdag |
onsdag |
torsdag |
fredag |
laurdag |
sundag |
|
veke 29 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
x |
x |
|
veke 30 |
legevakt |
x |
legevakt |
x |
x |
x |
x |
|
veke 31 |
legevakt |
x |
legevakt |
x |
legevakt |
x |
x |
|
veke 32 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 33 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 34 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 35 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
legevakt |
|
veke 36 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
x? |
|
veke 37 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
legevakt |
|
veke 38 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt? |
|
veke 39 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
legevakt |
x |
|
veke 40 |
legevakt |
x |
x |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 41 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
legevakt |
x |
|
veke 42 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
x |
|
veke 43 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 44 |
x |
x |
legevakt |
x |
x |
? |
x |
|
veke 45 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
|
veke 46 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
? |
legevakt |
? |
|
veke 47 |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
legevakt |
x |
x |
x |
|
veke 48 |
legevakt |
legevakt |
x |
x |
x |
legevakt |
legevakt |
6.2 Logg på legevaktsentral.
Logg viser at kommunen ikkje hadde legevakt 11. og 12. 09.00 etter klokka 20.00.
Logg viser også at det ved kontoret til legevaktlege ikkje var helsesekretær på vakt følgjande dagar: 17. september, 26. oktober, 10. november, 11. november og 17. november 2000.
7. Avvik
Avvik 1: Kommunen har ikkje organisert kommunal legevakt i samsvar med lov om helsetenesta i kommunane § 1-3, jfr. § 1-1.
Avvik frå:
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane § 1-3, jfr. § 1-1
Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:
- Kommunen har ikkje ved avtale eller stilling plassert ansvar for å organisere legevakt. Organisering av legevakt er basert på tradisjon, friviljug innsats og kollegialt samarbeid mellom legane.
- Kommunen har ikkje rutinar som sikrar oversyn over kva tid det er lege på vakt, kva tid legekontora er utan lege og kva tid det ikkje er lege i kommunen. Det er uklart kven som har ansvar for å oppdatere vaktliste og gje melding om eventuelle endringar til legevaktsentralen. I intervju og ved verifikasjon av vaktliste (jfr. rapporten punkt 6.2) går det fram at det i fleire høve ikkje har vore lege på vakt frå ettermiddag klokka 16.00 til 08.00 neste dag.
- På dagtid (08.00 – 16.00) er det ikkje organisert eller avtalt kva legekontor eller lege som skal ta imot/rykkje ut ved behov for øyeblikkeleg hjelp. Når legevaktsentralen blir oppringt på dagtid om behov for øyeblikkeleg hjelp, blir vanlegvis legekontoret som er nærast legevaktsentralen varsla.
Avvik 2: Legevaktsentralen i kommunen fungerer ikkje i samsvar med krav til opningstid og tilgjenge.
Avvik frå:
- Forskrift av 20. august 1990 nr 720 om medisinsk naudmeldeteneste § 5-3
Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:
- Legevaktsentralen er plassert på Osterøy sjukeheim. Det er ikkje alltid kvalifisert personell på vakt. Ved oppringing til naudnummer når det ikkje er kvalifisert personell på vakt, er telefon sett over til legekontor til legen som har vakt på kvardagar mellom klokka 16.00 og 20.00, laurdagar klokka 10.00 – 15.00 og sundagar klokka 12.00 – 15.00. Det er ikkje faste rutinar eller etablert praksis for å kontrollere at det er helsesekretær og legevaktlege til stades på legekontoret. I tilfelle det ikkje er helsesekretær på vakt ved legekontoret, kan telefonen på legevaktsentralen bli sett over til mobiltelefonen til legevaktlege. Dersom det ikkje er kvalifisert personell på vakt på sjukeheimen utanom desse tidene, er det telefonsvarar som informerer om å ringa 113.
Avvik 3: Lege som har vakt er ikkje tilgjengeleg i lukka helseradionett.
Avvik frå:
- Forskrift av 20. august 1990 nr 720 om medisinsk naudmeldeteneste § 5-5, jfr § 3-2.
Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:
- Sambandsutstyret er ikkje stabilt, delar av kommunen er ikkje dekt av helseradio- eller mobiltelefonnett.
- Kommunen har ikkje retningsliner for korleis legevaktlege skal bruke helseradionettet. Opplæring til legar, helsesekretærar og personell på legevaktsentral er ikkje systematisert. Legane har ulik praksis med omsyn til å vere tilgjengelege i lukka helseradionett når dei har vakt.
Avvik 4: Kommunen sørgjer ikkje for at helsepersonell med oppgåver som gjeld legevakt får nødvendig opplæring og etter- og vidareutdanning.
Avvik frå:
- Lov av 19. november 1982 nr 66 om helsetenesta i kommunane §§ 6-1 og 6-2.
Følgjande observasjonar ligg til grunn for avviket:
- Kommunen har ikkje organisert eller plassert ansvar for opplæring av nye legar eller vikarlegar i oppgåver som gjeld legevakt. Helsesekretærar på legekontor har ikkje fått opplæring i bruk av helseradionett. Personalet på legevaktsentralen driv fagleg oppdatering på eige initiativ.
8. Merknader
Merknad 1: Informasjonsrutinar mellom legevaktlege og legevaktsentral er mangelfulle.
Følgjande observasjonar ligg til grunn for merknaden:
- Det er ulik praksis om legane tek kontakt med legevaktsentralen når vakta byrjar. Det er ikkje felles faste rutinar eller etablert praksis for å melde i frå om eller undersøke om legevaktlege og helsesekretær er til stades på legekontoret som telefonen på legevaktsentralen blir sett over til. Det er ikkje klart kven som har ansvar for å gje/motta slike opplysningar.
Merknad 2: Rutinar for å kontrollere telekommunikasjonsutstyr er mangelfulle
Følgjande observasjonar ligg til grunn for merknaden:
- Det er ikkje faste rutinar eller etablert praksis for å teste sambandet mellom legevaktlege og legevaktsentralen ved starten av kvar legevakt.
- Sambandsutstyret er ustabilt og har svikta. Det er meldt ifrå til kommunen om at utstyret er gamalt og treng utskifting. I delar av kommunen er det ikkje dekning med helseradionett, ( og heller ikkje med mobiltelefon). Det er ukjent om kommunen har planar om å betre dekningsgrad.
Merknad 3: Legevakt fungerer delvis som ein kveldsopen allmennpraksis
Følgjande observasjonar ligg til grunn for merknaden:
- Det er ulik praksis blant legevaktlegane med omsyn til kva legetenester som blir gitt på vakt. Til dels dreier det seg om problemstillingar som kan venta til neste dag eller lengre. For personalet på legevaktsentralen medfører dette blant anna at silingsfunksjonen må tilpassast etter om legen som har vakt ønskjer å ta imot alle oppdrag eller om han/ho tek "berre" tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp/tilsyn av lege.
Vedlegg 1 - DOKUMENTUNDERLAG FOR TILSYNET
Dokumentasjon motteken frå Osterøy kommune i ekspedisjon av 25. oktober 2000:
- Utkast til helse- og sosialplan for Osterøy kommune 1988 – 1991.
- Handbok for Valestrand legekontor, sist revidert oktober 2000.
- Oversyn over organisering og drift m.v. av kommunal alarmsentral i Osterøy kommune, datert 05.05.93.
- Brev av 25. oktober 2000 til Fylkeslegen frå pleie- og omsorgstenesta i Osterøy kommune om lokal naudmeldesentral på Osterøy sjukeheim og oversyn over sjukepleiarar ved sjukeheimen pr. 25.09.00.
- Legevaktliste Osterøy kommune veke 1 – veke 52, 2000.
- Brev av 05.03.98 til Osterøy kommune, seksjon helse frå seksjonsleiar helse: Statistikk for helsetenesta i Osterøy, legekontakter 1997.
Korrespondanse med Osterøy kommune før tilsynet:
- Brev av 21.10.99 til Fylkeslegen m. fl. frå legegruppa i Osterøy kommune "Vedrørende legebemanning i Osterøy kommune/manglende dekning av vakt på kveld/natt".
- Brev av 28.10.99 til Fylkeslegen frå primærlege Janecke Thesen "Ønske om juridisk avklaring. Ansvar for vakante vakter".
- Brev av 9. november 1999 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen.
- Brev av 9. november 1999 til legegruppa i Osterøy kommune frå Fylkeslegen i Hordaland, kopi til Osterøy kommune.
- Brev av 12. november 1999 til Fylkeslegen frå Osterøy kommune, helse-, sosial- og barneverntenesta "Vedr. legevaktsituasjonen i Osterøy kommune".
- Brev av 22. november 1999 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen.
- Brev av 29. november 1999 frå Osterøy kommune til Fylkeslegen.
- Brev av 22. februar 2000 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen.
- Brev av 22. mars 2000 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen.
- Brev av 25. april 2000 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen, 2. gongs purring.
- Brev av 22. juni 2000 til Osterøy kommune frå Fylkeslegen
- Telefaks av 2. juli 2000 til Fylkeslegen frå primærlege Janecke Thesen "Om vaktdøgnene 1.- 3. juli 2000".
- Brev av 04. juli 2000 til Fylkeslegen frå Osterøy kommune "Legevaktordninga i Osterøy kommune".
- Telefaks av 12. juli 2000 med kopi av annonse i lokalavis frå Osterøy kommune, helse-, sosial- og barneverntenesta, "Legekontor, legevakt og legevaktsentral – orientering til innbyggjarane".
- Kopi av brev av 25. september 2000 til Osterøy kommune v/ helse- og sosialsjef frå Bergen legevakt.
Dokumentasjon motteken etter at tilsynet var varsla:
- Kopi av brev av 17. oktober 2000 til Osterøy kommune frå Osterøy legegruppe "Vedkomande lokal naudhjelpsentral og legevaktordning i Osterøy kommune".
Dokumentasjon motteken ved synfaring på Osterøy sjukeheim, legevaktsentralen, 24.11.00:
- Legevaktliste frå og med veke 26 til og med veke 48.
Vedlegg 2
9. Deltakarar ved tilsynet
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte
|
|
21.11 Birkeland Inge Arve |
Primærlege
|
-
|
x
|
|
|
Stormark Rune |
Helse-, sosial- og barnevernsjef |
|
x |
|
|
24.11 |
|
|
|
|
|
Brandsdal, Grete |
Sjukepleiar Osterøy sjukeheim |
x |
x |
|
|
Hjelland, Ina |
Turnuslege |
x |
x |
|
|
Reigstad, Jartru |
Leiar for institusjonsteneste |
x |
x |
|
|
Stald, Wenche |
Helsesekretær |
x |
x |
|
|
Stormark Rune |
Helse-, sosial- og barnevernsjef |
x |
|
|
|
Thesen, Janecke |
Primærlege |
x |
x |
|
| |
|
|
|
|
|
19.12. |
|
|
|
|
|
Hillestad, Per |
Rådmann |
|
x |
|
| |
|
|
|
|
|
Awwal Aminu |
Primærlege |
|
|
x |
|
Birkeland Inge Arve |
Primærlege |
|
|
x |
|
Brandsdal, Grete |
Sjukepleiar Osterøy sjukeheim |
|
|
x |
|
Hjelland, Ina |
Turnuslege |
|
|
x |
|
Reigstad, Jartru |
Leiar for institusjonsteneste |
|
|
x |
|
Stald, Wenche |
Helsesekretær |
|
|
x |
|
Stormark Rune |
Helse-, sosial- og barnevernsjef |
|
|
x |
|
Thesen, Janecke |
Primærlege |
|
|
x |
Frå Fylkeslegen i Hordaland:
Ass. fylkeslege Magnar Kleppe, revisjonsleiar
Fylkeslege Helga Arianson
Førstekonsulent Børth-Eivind Lid
Rådgjevar Anne Grete Robøle