Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Naustdal sjukeheim |
|
Tidsrom for tilsynet: |
10.06.04 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Seksjonsleiar Marit Klopstad |
|
Regelverk: |
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Det vart gjennomført varsla tilsyn ved Naustdal sjukeheim 10.06.04 for å vurdere om bebuarane ved sjukeheimen får forsvarlege tenester og får oppfylt retten sin til nødvendig helsehjelp slik kommunehelsetenestelova føreset. Tilsynet var avgrensa til å vurdere tilbodet til pasientane ved sjukeheimen og ikkje i pleie- og omsorgstenesta elles. Sentralt i vurderinga var korleis pasientane sine grunnleggande behov vart dekka, slik desse er skildra i forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene av 27. februar 1997 med seinare endringar.
Ved tilsynet vart det påvist eit avvik og gjeve ein merknad.
Pasientane ved Naustdal sjukeheim som har rehabiliteringsbehov, til dømes etter hjerneslag og lårhalsbrot, får ikkje nødvendig medisinsk rehabilitering. Det er eit avvik frå retten til nødvendig helsehjelp etter § 2-1 i kommunehelsetenestelova. Fysioterapeut vurderer rehabiliteringsbehov på førespurnad og lagar eventuelt eit opptrenings-/rehabiliteringsprogram, men fysioterapeuten har ikkje sjølv tid til å vere med på gjennomføringa. Heller ikkje pleiepersonalet har tid til å gjennomføre treningsprogramma med dei aktuelle pasientane.
Dekkinga av fleire grunnleggande behov ligg nær grensa for det uforsvarlege. Vurderinga er gjort i forhold til kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstenestene (§ 3) og retten til nødvendig helsehjelp etter kommunehelsetenestelova. Tidspresset til pleiepersonalet gjer at ein ikkje har tid til å la pasientane bruke sin eigen restfunksjon i daglege gjeremål som av-/påkledning, spising, personleg hygiene og forflytting. Dette gjer at pasientane tapar eigen funksjon raskare enn dei elles ville gjort. Ikkje alle som ønskjer det får tilbod om einerom. Dusjing skjer som regel berre annakvar veke. Det sosiale aktivitetstilbodet er heilt marginalt. Pasientane vert stelt og tekne opp i tida 07.30 – 11.30. Legging skjer i tida 18.30 – 21.15. Dei som ønskjer middagskvil får dette 12.30. Unntaksvis får ikkje pasientane stå opp att etter middagskvila. Personalet registrerer lita eller inga misnøye frå pasientane på det tilbodet dei får, men mange er så dårlege at dei ikkje kan seie i frå.
Dato:
|
Petter Øgar revisjonsleiar |
Tove Hovland revisor |
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Naustdal sjukeheim 10.06.04. Tilsynet vart bestemt på grunnlag av opplysningar i media der det har vorte reist spørsmål om bebuarane ved sjukeheimen får forsvarlege tenester og oppfylt retten sin etter kommunehelsetenestelova til nødvendig helsehjelp. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har og motteke kopi av brev frå ein pårørande til kommunen der dei same spørsmåla vert tekne opp.
Tilsynet var avgrensa til å vurdere om pasientane ved sjukeheimen får oppfylt retten til nødvendig helsehjelp etter § 2-1 i kommunehelsetenestelova. Sentralt i vurderinga var korleis pasientane sine grunnleggande behov vart dekka, slik desse er skildra i forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene av 27. februar 1997 med seinare endringar.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane hadde eit tilsvarande tilsyn ved institusjonen 09.04.02. Tilsynet den gongen konkluderte med at pasientane fekk oppfylt retten til nødvendig helsehjelp, men at institusjonen ikkje hadde utarbeidd skriftlege prosedyrar for å sikre dekkinga av grunnleggande behov, slik kvalitetsforskrifta krev.
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon er å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er påviste under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene gitt i lov eller forskrift.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2 Om verksemda - særlege tilhøve
Naustdal kommune hadde per 31.12.03 2731 innbyggjarar. Kommunen har ein særs vanskeleg økonomi med stort akkumulert underskot og er i ROBEK-systemet.
Naustdal sjukeheim har ei sjukeheimsavdeling med 18 plassar og ei skjerma avdeling med 10 plassar. Ein tidlegare avdeling ved sjukeheimen er gjort om til bukollektiv og vert ikkje lenger definert som institusjon.
Dei siste KOSTRA-tala som er tilgjengelege, er frå 2002. Det er etter dette gjort nedskjæringar i tenestene slik at desse tala ikkje lenger er reelle. I februar i år vart stillingstalet innanfor eldreomsorga redusert med 7,4.
3 Dokumentunderlag
Frå verksemda har vi før tilsynet fått tilsendt følgjande dokumentasjon:
- Organisasjonskart over seksjon pleie og omsorg
- Liste over tilsette
- Skriv med 15 skriftlege rutinar og prosedyrar relatert til sikring av grunnnleggande behov for bebuarane ved Naustdal sjukeheim, gjeldande frå 01.02.04
- Saksutgreiing frå rådmannen til møte i Naustdal formannskap 09.06.04 om innsparingstiltak i seksjonane pleie og omsorg, helse, sosial (jour.nr. 2004/1237)
- Fagleg innspel i høve innsparingar i PLO frå seksjonsleiar Marit Klopstad til rådmannen dagsett 04.06.04
- Merknad til avvik for perioden april –04 frå avdelingssjukepleiar Oddvar Holsen til seksjonsleiar Marit Klopstad dagsett 11.05.04
- Under tilsynet vart i tillegg følgjande dokumentasjon lagt fram:
- Døgnrytmeplan
- Kvalitetssystem for pleie- og omsorgstenestene - uferdig
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:
- Varsel om tilsyn frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Naustdal kommune ved rådmannen dagsett 06.05.04
- Epost 19.05.04 med stadfesting av endra dato for tilsynet
- Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Naustdal kommune dagsett 28.05.04, med program for tilsynet
4 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
- Melding om tilsyn vart sendt ut 06.05.04. Tilsynet vart gjennomført med opningsmøte, intervjuar, verifikasjonar og sluttmøte 10.06.04. Seks personar vart intervjua.
- Verifikasjonar vart gjort ved gjennomgong av 10 pasientjournalar, 5 avviksskjema og referat frå 3 møte i kvalitetsutvalet.
5 Reviderte område og funn
Avvik 1
Pasientane ved Naustdal sjukeheim med rehabiliteringsbehov får ikkje nødvendig medisinsk rehabilitering.
Avvik frå følgjande krav frå styremaktene:
- § 2-1 i kommunehelsetenestelova, jfr. § 1-3 pkt. 3 i same lova.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Vurdering av rehabiliteringsbehov vert gjort av fysioterapeut på førespurnad.
- Fysioterapeuten lagar opptrenings-/rehabiliteringsprogram, til dømes ved hjerneslag og lårhalsbrot, men har ikkje sjølv tid til å vere med på gjennomføringa.
- Pleiepersonalet har ikkje tid til å gjennomføre treningsprogramma med dei aktuelle pasientane.
Merknad 1
Dekkinga av fleire grunnleggande behov ligg nær grensa for det uforsvarlege.
Vurderinga er gjort i forhold til § 2-1 i kommunehelsetenestelova, jfr § 3 i forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene av 27. februar 1997.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Pleiepersonalet har ikkje har tid til å la pasientane gjere det dei kan av daglege gjeremål sjølv som av-/påkledning, spising, personleg hygiene og forflytting. Personalet gjer dette raskare sjølv, eventuelt med hjelp av tekniske hjelpemiddel. Dette medfører at pasientane raskare tapar funksjonsevne enn dei ville gjort ved meir eigenaktivitet.
- Ikkje alle som ønskjer det får tilbod om einerom.
- Pasientane får dagleg vask og stell, mens dusjing som regel skjer annakvar veke. Nokre av dei som ber om hyppigare dusjing får det.
- Aktivitetstilbodet består av andakt kvar veke og eit anna tilbod annakvar veke. Dei som ønsker å komme ut vert plassert i stol utanfor sjukeheimen. Personalet har lite tid til sosial aktivisering av bebuarane.
- Pasientane vert stelt og tekne opp i tida 07.30 – 11.30. Legging skjer i tida 18.30 – 21.15. Ytterpunkta i desse tidsintervalla kan ikkje seiast å representere ei normal døgnrytme. Dei som ønskjer middagskvil får gjere dette kl. 12.30. Unntaksvis hendar det at pasientane ikkje får stå opp att etter middagskvila.
- Personalet registrerer lita eller inga misnøye frå pasientane på det tilbodet dei får, men mange er så dårlege at dei ikkje kan seie i frå. Fleire pårørande har ytra misnøye.
6 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Aina Kristensen |
tilsynslege |
x |
x |
x |
|
Oddvar Holsen |
avdelingssjukepleiar |
x |
x |
x |
|
Marit Klopstad |
seksjonsleiar |
x |
x |
x |
|
Åse Rygg |
hjelpepleiar |
x |
x |
x |
|
Ann Kristin Nilsen |
sjukepleiar |
|
x |
x |
|
Kjell Skaflestad |
rådgjevar |
x |
x |
x |
|
Per Kristian Langlie |
rådmann |
x |
|
x |
|
Ruth Øyra |
hovudtillitsvald, Fagforbundet |
x |
|
x |
|
Jan Herstad |
ordførar |
|
|
x |
|
Marit S. Birkeland |
medlem helse og sosialkomitéen |
|
|
x |
|
Randi E. Reiakvam |
formannskapsmeldem |
|
|
x |
|
Johnny Følling |
leiar helse- og sosialutvalet |
|
|
x |
|
Eilin Åse Joleik |
formannskapsmedlem |
|
|
x |
|
Sureeporn Eriksen |
avdelingssjukepleiar |
|
|
x |
Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Rådgjevar Tove Hovland
Fylkeslege Petter Øgar, revisjonsleiar