Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 84, 5200 OS |
|
Tidsrom for tilsynet: |
Perioden 19.03.04 – 26.03.04 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Sam Arnesen |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester m.v av 13. des. 1991 nr. 81 med seinare endringar, forskrift til lov om sosiale tenester, forvaltningslova av 10.feb. 1967
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Dokumentunderlag
3 Gjennomføring
4 Reviderte område og funn
5 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Fylkesmannen sitt tilsyn var retta mot Os kommune si verksemd etter lov om sosiale tenester kapittel 4A.
Rapporten omtalar påpeika avvik innan dei reviderte områda. Det vart ikkje funne grunnlag for merknader.
Systemrevisjonen omfatta følgjande område :
- Opplæring og tenesteytarane sin kompetanse.
- Rutinar for sakshandsaming ved bruk av tvang i medhald av lov om sosiale tenester kapittel 4A.
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Os kommune i perioden 19.03.04 - 26.03.04. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2 Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Organisasjonskart for heile kommunen
- Delegasjonsreglement med oversyn over vidaredelegering
- Vedtak om praktisk bistand og opplæring og nødvendig helsehjelp (vedtak datert 17.06.99 x 3, 28.06.99 x 4, 07.07.99 x 2), støttekontakt (vedtak datert 05.02.00)
- Årsmelding for 2003 frå Idrettsvegen/Kuhnevegen bufellesskap, frå Haugsheim avlastning/Lurane bufellesskap og frå Kuhnletunet/Dagsenteret
- Plan for opplæring og utvikling for år 2001
- Rutine for saksbehandling etter lov om sosiale tenester kapittel 6A
- Serviceerklæring for saksbehandling av enkeltvedtak 2003, for heimehjelp 2003, for heimesjukepleie 2003, for kundeombodet 2003, for kundehandsaming og service 2003 og for Haugsheim avlastningsbustad 2003
- Kvalitetssystem for Os kommune, vedtak på tenester innan pleie og omsorg, rehab. avd.
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 09.02.04
- Brev frå kommunen datert 12.03.04 med vedlegg av etterspurde dokument.
3 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 09.02.04
Opningsmøte vart halde 19.03.04
Intervju vart gjennomført 21.03.04. 15 personar vart intervjua.
Sluttmøte vart halde 26.03.04.
4 Reviderte område og funn
Avvik 1 :
Os kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at tenester til personar med psykisk utviklingshemning er i samsvar med reglane i kapittel 4A.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Lov om sosiale tenester § 2-1 andre ledd, jf § 4A-14 og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta.
Kommentar:
Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føra internkontroll for å sikra at krav gjevne i medhald av kapittel 4A vert haldne, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkjelege. I dette ligg det mellom anna at kommunen må ha klårt definerte ansvars- og rapporteringsliner, samt rutinar for rapportering.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
Einingsleiar for Kuhnletunet er overordna fagleg ansvarleg for tenesta etter kapittel 4A i Os kommune, utan å ha instruksjonsmynde ovanfor tenesteyterane i Vestre Laurane bufellesskap, Haugheim avlastning, Idrettsvegen bufellesskap, Kuhnlevegen bufellesskap, Pleie- og omsorgstenesta og Bestillar- og forvaltningskontoret.
I intervju kom det fram at det ikkje var klåre rutinar for samhandling mellom einingane.
I intervju kom det fram at det ikkje var klåre rutinar for rapportering og eigenkontroll med å overhalda reglane i kapittel 4A.
Det vart opplyst i intervju at ein har brukt tvang mot personar med psykisk utviklingshemning utan at dette var rapportert i samsvar med lova sine krav.
Det kom fram i intervju at tilsette hadde ei uklår forståing av reglane i kapittel 4A i høve sakshandsaming og i høve definisjonen av tvang.
Avvik 2 :
Os kommune sikrar ikkje nødvendig opplæring til alle tilsette som har ansvar for og/eller gjev tenester til personar med psykisk utviklingshemming.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Lov om sosiale tenester § 4A-4 og § 2-3 og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4 bokstav c).
Kommentar:
Etter sosialtenestelova har kommunen ansvar for nødvendig opplæring av sosialtenesta sitt personell, jf sosialtenestelova § 4A-4 og § 2-3. Opplæring skal sikra nødvendig kunnskap for forsvarleg tenestetyting. Etter føresegna om internkontroll i sosial- og helsetenesta skal dei ansvarlege for verksemda sørgje for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og dugleik innanfor det aktuelle fagfeltet samt om verksemda sin internkontroll.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
I intervju kom det fram at tilsette hadde ei uklår lovforståing av reglane i kapittel 4A.
I intervju kom det fram at tilsette ikkje hadde gjennomgått opplæring i høve kapittel 4A.
I intervju kom det fram at tilsette uttrykte trong for meir opplæring i høve kapittel 4A.
I intervju kom det fram at tilsette ikkje var informert om endringane og innhaldet i endringane i lov om sosiale tenester m.v og lov om helsetenesta i kommunane der dei midlartidige reglene i lova si kapittel 6A er erstatta med et nytt kapittel 4A.
Avvik 3 :
Os kommune bruker tvang ovanfor enkelte personar med psykisk utviklingshemning utan at det er i samsvar med reglane i kapittel 4A.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Lov om sosiale tenester § 4A-7 første ledd.
Kommentar :
Det går fram av lov om sosiale tenester § 4A-7 første ledd melding om bruk av tvang straks skal sendast til fagleg ansvarlege for tenesta, fylkesmannen, verje eller hjelpeverje og pårørande.
Avviket er byggjer på følgjande observasjonar :
Det vart opplyst i intervju at ein brukar tvang mot personar med psykisk utviklingshemning utan at dette var rapportert i samsvar med retningslinene i § 4A-7.
Det vart opplyst i intervju at ein gjer bruk av faste prosedyrar for bruk av tvang mot personar med psykisk utviklingshemning utan at dei har vore overprøvd eller førehandsgodkjent av fylkesmannen.
Det kom fram i intervju at tilsette hadde ei uklår lovforståing i høve definisjonen av tvang i kapittel 4A.
Avvik 4 :
Os kommune sikrar ikkje at forvaltningslova sine reglar om enkeltvedtak vert følgde ved tildeling av tenester etter sosialtenestelova til personar med psykisk utviklingshemning.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
Forvaltningslova kap. 5, jf sosialtenestelova § 8-1.
Kommentar:
Forvaltningslova kap. 5 gjev reglar om form og innhald for enkeltvedtak. Formålet med reglane er å betre rettstryggleiken for den einskilde brukar.
Avviket er byggjer på følgjande observasjonar:
Framlagde vedtak inneheld ei formulering om gjensidig oppseiingsfrist av tenestene.
Framlagde vedtak presiserer ikkje kva hjelp som blir tildelt.
Eit vedtak som vart lagt fram for fylkesmannen, var på grunn av sluttdato ikkje lenger gyldige. I intervju vart det stadfesta at tenesta vart ytt, men at det ikkje låg føre nytt vedtak i saka.
5 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Lars Atle Skorpen Hansen |
Rådmann |
|
X |
|
|
Øyvind Tøsdal |
Kommunaldirektør |
X |
X |
X |
|
Sam Arnesen |
Einingsleiar/Overordna fagleg ansvarleg kap. 4A |
X |
X |
X |
|
Yvonne Matre |
Einingsleiar |
X |
X |
|
|
Anne Karin Moberg |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
|
Liv Rønning |
Einingsleiar |
|
X |
|
|
Birgit Holsen |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
|
Nina R. Vangsnes |
Sakshandsamar – BOF |
|
X |
|
|
Trygve Olsen |
Miljøterapeut, bufellesskap |
|
X |
|
|
Tove Jakobsen |
Miljøarbeidar, dagsenter |
|
X |
X |
|
Solfrid Nordtveit |
Miljøarbeidar, bufellesskap |
|
X |
|
|
Ann Helen Heggeland |
Miljøarbeidar, avl. bustad |
|
X |
|
|
Torunn Haugen |
Miljøterapeut, bufellesskap |
|
X |
|
|
Annie Dahle |
Miljøarbeidar, bufellesskap |
|
X |
|
|
Åse Jarland |
Hjelpepleiar, open omsorg |
|
X |
|
Frå Fylkesmannen deltok:
Vibeke Herskedal, tilsynsleiar
Torill Vebenstad
Jarle Landås (observatør – formøte og intervju)