Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 40, 6800 Førde |
|
Tidsrom for tilsynet: |
Tysdag 9. juni 2004 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Magne Kjetil Berg |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester (Lost)
- Lov om spesialisthelsetenester
- Lov om pasientrettar
- Forskrift om internkontroll i h/s-tenesta
- Forvaltningslova
- Forskrift om individuell plan
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Det vart utført tilsyn med Førde kommune sitt tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar generelt. Tilsynet retta seg mot kommunen si plikt til å gi opplysning, råd og rettleiing, innretning og tilgang på støttetiltak, mellombels husvære og rettssikring av tilgangen på støttetiltak.
Fylkesmannen fann at Førde kommune har heimeside som gjev informasjon om kva tilbod, hjelp og ordningar som gjeld for rusmiddelmisbrukarar. I intervjua vart det opplyste at sosialtenesta har aktivt samarbeid med andre deler av helse- og skuletenesta samt servicetorget for å informere om tenester som gjeld denne gruppa. Innbyggjarane i Førde kommune kan såleis sjølve finne informasjon, eller verte informert av andre tenesteytarar i kommunen, om tilbod som finnes.
Vidare har sosialtenesta god tilgang på støttekontaktar, og har hatt samarbeid med Sunnfjord Folkehøgskule om opplæring av desse. I tillegg vert treningskontaktar nytta der det er ønskje og behov for slik fritidsaktivitet. Sakshandsamingstida for alle typar saker er sett til maksimum 14 dagar, noko dei klarer å halde seg innafor. Sosialtenesta opplyser om at munnlege søknader vert skrivne ned og sakshandsama på vanleg måte. Vidare har sosialtenesta og open omsorg godt samarbeid, og tenester som heimehjelp, middagsom-bringing, tryggingsalarm, medisinutdeling, heimehjelp og oppfølging generelt, vert tilpassa søkjarane sine behov.
Fylkesmannen fann såleis ingen avvik eller merknader på dette området.
Tilsynet retta seg også mot tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering, herunder oppfølging i behandlingsopplegg og nødvendige tiltak ved avslutting av institusjonsopphald.
Fylkesmannen fann at brukarar som er i behandling, enten i kommunal regi eller i institusjon, får oppfølging frå sosialtenesta/pleie- og omsorgstenesta ved telefonkontakt, heimebesøk og møter, og kommunen har til no sytt for bustader i vanlege bustadområder.
Fylkesmannen fann vidare at ansvar og mynde er klårt plassert og dei tilsette kjenner til kva som er sine ansvars- og arbeidsoppgåver i høve til rusmiddelmisbrukarar.
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknad på dette området.
Dato: 25.06.04
|
Revisjonsleiar Kari Vold Olsen - førstekonsulent
|
Revisor Ann Heidi Forbregd
|
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Førde kommun 9. juni 2004. Revisjonen inngår som ein del det landsomfemnande tilsynet med tenester til rusmiddelmisbrukarar i kommunar.
Føremålet med dette landsomfemnande tilsynet er å avklare om og i tilfelle korleis kommunane sikrar at relevante tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova vert gjort tilgjengeleg for og vert ytt til rusmiddelmisbrukarar. Det skal undersøkjast om føremåla i sosialtenestelova vert fremma og om aktuelle målkrav vert etterlevd.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber her å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekka under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2 Om verksemda - særlege tilhøve
KOSTRA-tal for Førde viser at kommunen har hatt slike netto driftsutgifter til
”Tilbod til personar med rusproblem”: 2000: kr 397.000, 2001: kr 205.000, 2002: kr 579.000 og 2003: kr. 711.000.
I år 2003 nytta kommunen i følgje KOSTRA 2 årsverk til stillingar med tilbod til personar med rusproblem. For 2002, 2001 og 2000 var ikkje noko registrering. Førde kommune har 10 årsverk i sosialtenesta, råd, rettleiing og sosialt førebyggande arbeid i 2003. I tillegg kjem 6 årsverk innan barnevernet, der rus også kan vere eit problem.
3 Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Delegasjonsreglement, bystyret
- Delegering av ansvarsfordeling etter sosialtenestelova
- Organisasjonskart
- Utskrift frå web-sida til Førde kommune
- Klipp frå Handlingsplan i økonomiplan for 2005-2009
- Reglement for delegering i Førde kommune
- Rusmiddelplan for Førde kommune 2004 – 2008
- Meldingar om vedtak til personar med rusmiddelproblem
- Oversyn over tilsette med ansvar for/som arbeider med rusmiddelproblematikk
4 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 31. mars 2004 med tilsyn 9. juni.
Opningsmøte vart halde 9. juni 2004 kl. 09.30.
Intervju
Desse personane vart intervjua:
Ingrid Nyborg-Christensen, sosialkurator
Magne Kjetil Berg, sosialleiar
Gunvor Kilnes, sosialkurator
Elin Horstad, tiltakskurator
May Helene Hagenes, fagkonsulent
Asbjørn Fjose, helse- og sosialsjef
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde på staden:
Gjennomgang av 6 journalar der vi såg etter opplysningar om:
1. Råd og rettleiing til personar med rusproblem jf Lost § 6-1/4-1
Det gjekk fram av journalane at det var jamleg kontakt mellom hjelpeapparat og klient, der ulike problem og aktuelle tiltak vart drøfta.
2. Ulike støttetiltak jf Lost 6-1/4-2
Ulike støttetiltak vart diskutert med klientane.
3. Mellombels husvære jf Lost 3-4/4-5
Behov for husvære vart diskutert i dei sakene der det verka aktuelt.
4. Tilbod om institusjonsbehandling jf Lost 6-1
Det vart gjeve tilbod om institusjonsbehandling i dei sakene der det verka aktuelt.
5. Oppfølging under institusjonsbehandling jf Lost 6-1
Journalane dokumenterte oppfølging under institusjonsbehandling.
6. Naudsynte tiltak etter avslutta institusjonsbehandling jf Lost 6-1
Før utskriving vart det gjennomført ei samtala der behov etter utskriving vart diskutert.
7. Vedtak om tildeling av tenester
Det vart gjort vedtak om tildeling av tenester.
8. Individuelle planar
Det var laga individuelle planar på nokre personar.
Sluttmøte kl. 15:30.
5 Reviderte område og funn
Område 1: Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar
1A. Opplysning råd og rettleiing
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 6-1, 4-1.
Observasjonar:
- Opplysningar tilgjengeleg på web-sida
- Alle på sosialkontoret hadde ansvaret for å gje opplysning, råd og rettleiing
- Oppslag om treningskontakt på venterommet
- Aktiv informasjon til andre instansar i kommunen om tenester til rusmiddelmisbrukarar
1B. Innretting og tilgjenge av støttetiltak
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 6-1, 4-2 a, c og d
Observasjonar:
- Godt samarbeid mellom sosialtenesta og pleie- og omsorg, og alle tenester heimla i § 4-2 er tilgjengelege og tilrettelagt for rusmiddelmisbrukarar
- Kommunen har bra tilgang på støttekontaktar og treningskontaktar
1C. Rettssikring av tilgangen på støttetiltak
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 6-1, jf. 4-2 a, c og d, 4-3, jf. 8-1
Observasjonar:
- Til no har alle rusmiddelmisbrukarar som har søkt om støttetiltak fått det utan ugrunna opphald
- Munnlege søknader vert notert og handsama innan 14. dagar
- Det blir ikkje gjeve tenester utan at det er gjort enkeltvedtak der det vert opplyst om klagefrist
1D. Mellombels husvære med kvalitetskrav
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 4-5
Observasjonar:
- Kommunen har bustadformidling der ein sosialkonsulent er deltakar i tildelingsmøta
- Det er god kvalitet på alle bustader som vert tildelt
- I krisetilfelle vert motell eller campinghytte nytta
- Det vert teke omsyn til trong for rusfritt bumiljø ved utskriving frå institusjon
Område 2: Tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering
2A. Oppfølging i behandlingsopplegg
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 6-1 4. ledd, jf. 1. ledd, jf. 4-1
Observasjonar:
- Kommunen har oppfølging med personar som er i behandling ved jamnlege samtalar
2B. Naudsynte tiltak ved avslutning av eit institusjonsopphald.
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Lovkrav:
- Lov om sosiale tenester §§ 2-1 1. og 2. ledd, jf. 6-1, jf. 4-1.
Observasjonar:
- Sosialtenesta har jamleg munnleg og skriftleg kontakt med personane som dei kjenner til er innlagt.
- Det vert laga plan i lag med brukar før utskrivinga
Før utskriving har sosialteneste møte med klientane og institusjonen
6 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Asbjørn Fjose |
Helse- og sosialsjef |
x |
x |
x |
|
May Helene Hagenes |
fagkonsulent |
x |
x |
x |
|
Gunvor Kildal |
sosialkurator |
x |
x |
x |
|
Ingrid Nybort-Christensen |
sosialkurator |
x |
x |
x |
|
Elin Hornes |
tiltakskonsulent |
|
x |
x |
|
Magne Kjetil Berg |
sosialleiar |
x |
x |
x |
Frå Fylkesmannen deltok:
|
Namn |
Funksjon under tilsynet: |
|
Kjell Berge |
revisjonsleiar |
|
Ann Heidi Forbregd |
revisor |
|
Kari Vold Olsen |
revisor |