Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Rapport fra tilsyn med tenestetilbodet til rusmisbrukarar etter lov om sosiale tjenester kapittel 4 i Lindås kommune (2004)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese

Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

Adressa til verksemda:

5914 Isdalstø

Tidsrom for tilsynet:

01.10.04 – 11.10.04

Kontaktperson i verksemda:

Kommunalsjef Terje Sætre

Regelverk:

  • Lov om sosiale Lov om sosiale tjenester m.v. 13. desember 1991. Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002


INNHALD

Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet

Samandrag
Denne rapporten omtalar påpeika avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:

  • Opplysning, råd og rettleiing. Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. § 4-1, jf. § 2-1.
  • Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukarar - praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. §§ 4-2 a, c og d, 4-3, jf. §§ 2-1 og 8-1.
  • Mellombels husvære. Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. § 4-5, jf. §§ 2-1 og 4-2.
  • Oppfølging i behandlingsopplegg. Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1.
  • Naudsynte tiltak ved avslutninga av opphald i institusjon. Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1.

Dato: 19.10.04

Jarle Landås
Revisjonsleiar

Vibeke Herskedal
Revisor



1 Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Lindås kommune i perioden01.10.04 – 11.10.04. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om

  • aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
  • verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.

Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.

2 Om verksemda - særlege tilhøve


3 Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda sjølv:

  • Delegasjonsreglement av 11.10.95
  • Delegasjonsreglement pleie- og omsorgsetaten av 01.09.99
  • Førebels organisasjonskart av 08.10.03
  • Kommentar til organisasjonskart v/ kommunalsjef Terje Sætre
  • Politisk styringsstruktur, okt. 2003
  • Rullering av rus og krim. Førebyggjande tiltaksplan, politisk handsaming
  • Alkoholpolitisk plan mars 2004-10-19
  • Rusvernplan under arbeid
  • Årsplan sosialtenesta
  • Rutinar midlartidig husvære
  • Søknadsskjema Ploms. Tenester
  • Søknadsskjema støttekontakt
  • 3 vedtak vedkomande midlartidig bustad rusmisbrukar
  • Skriv vedkomande praktisk bistand og opplæring
  • ”Vegen vidare” – dokument for organisasjonsutvikling
  • Prosedyre individuell plan

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 23.06.04
  • Brev med vedlegg frå kommunen datert 13.09.04
  • Diverse e-post

4 Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn vart send ut 23.06.04

Opningsmøte vart halde 01.10.04

Intervjuar
9
personar vart intervjua.

Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:
Gjennomgang av saksmapper for 5 rusmisbrukare

Sluttmøte var halde 11.10.04


5 Reviderte område og funn

Område 1:

Det vart ikkje funne avvik eller gjort merknader på dette området

Område 2:

Avvik 1
Lindås kommune sikrar ikkje på ein tilstrekkeleg måte den einskilde rusmiddelmisbrukar heilskaplege sosiale tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2.

Avvik frå følgjande krav frå styremaktene:

  • Lov om sosiale tenester (sosialtenestelova) § 4-2, jfr. forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4 bokstav g, jfr. § 2-1, 1. og 2. ledd.

Kommentar:

Sosialtenestelova § 6-1 fastset at sosialtenesta skal hjelpe den einskilde til å komme bort frå misbruk av rusmidlar ved råd, rettleiing, jfr. § 4-1 og hjelpetiltak, jfr. § 4-2 og når det er behov for det skal sosialtenesta sørgje for eit behandlingsopplegg. Sosialtenestelova 4-2 reknar opp kva sosiale tenester skal omfatte. Kommunen kan i utgangspunktet velje hjelpeforma i det einskilde tilfellet, men kommunen har eit ansvar for at hjelpebehovet til den som har rett på tenester er dekkja. Dette medfører at kommunen må gjennomføra ei samla vurdering av den einskilde sine behov for sosiale tenester.

Etter sosialtenestelova § 2, 2. ledd skal kommunen ha internkontroll for å sikre at verksemda og tenester etter kapitla 4, 4A, 6 og 7 er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift. Forskrifta § 4 bokstav g fastset at den eller dei ansvarlege for verksemda skal utvikle, setja i verk, kontrollere, evaluere og betra naudsynte prosedyrar, instruksar, rutinar, eller andre tiltak for å avdekkje og rette opp brot på sosialtenestelova.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

  • Det går fram av tilsende delegasjonsreglement og vart opplyst i intervju at vedtaksmynde for dei ulike sosiale tenestene etter sosialtenestelova § 4-2 er delt mellom sosialkontor, helsesøster og 4 avdelingar innan pleie og omsorg. Det vart vidare opplyst i intervju at kommunen ikkje har ansvarsplassert dagleg koordinering og samordning mellom avdelingane og at det heller ikkje føreligg prosedyrar eller fastsette rutinar for samarbeid, samordning og koordinering mellom avdelingane for å sikre vurdering og yting av eit heilskapeleg tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar etter § 4-2, jfr. § 6-1.

Avvik 2

Ansvarstilhøve, mynde og oppgåver når det gjeld tenester til rusmiddelmisbrukere etter sosialtenestelova er i Lindås kommune ikkje plassert på ein tydelig måte.

Avvik frå følgjande krav frå styremaktene:

  • Forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4 bokstav a, jfr. § 2-1, 1. og 2. ledd.

Kommentar:

Etter kommunelova § 6 er kommunestyret øvste kommunale organ med mynde til å fatta vedtak på vegne av kommunen dersom ikkje anna følgjer av delegasjonsvedtak. Slikt mynde kan delegerast til administrasjonssjef, som igjen kan vidaredelegera sitt mynde, jfr kommunelova § 23, 4. ledd. Etter sosialtenestelova § 2, 2. ledd skal kommunen ha internkontroll for å sikre at verksemda og tenester etter kapitla 4, 4A, 6 og 7 er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift. Forskrifta § 4 bokstav a fastsett at den eller dei ansvarlege for verksemda skal framstilla korleis verksemda er organisert. Det skal klart gå fram korleis ansvar, oppgåver og mynde er fordelt.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

  • I tilsend delegasjonsreglement er vedtaksmynde delegert frå rådmann til pleie og omsorgssjef samt til helse- og sosialsjef. Desse har vidaredelegert sin mynde til avdelingssjefar. Framlagd delegasjonsreglement er i intervju bekrefta at er gjeldande.
  • Det går fram av tilsendt dokumentasjon og opplysningar i intervju at Lindås kommune har to ansvarsnivå med rådmann og avdelingssjefar. Kommunen har såleis ikkje lengar pleie- og omsorgssjef eller helse- og sosialsjef.
  • I følgje tilsend dokumentasjon og opplysningar i intervju er tidlegare helse- og sosialsjef samt pleie- og omsorgssjef etter dagens organisering kommunalsjefar. Det vart i fleire intervju uttrykt uvisse om kva mynde kommunalsjefane har.

Område 3:

Det vart ikkje funne avvik eller gjort merknader på dette området

Område 4 og 5:

Avvik 3
Lindås kommune sikrar ikkje rusmiddelmisbrukarar tilstrekkeleg oppfølging under institusjonsopphald og/eller tilrettelegging av tiltak ved avslutning av institusjonsopphaldet.

Avvik frå følgjande krav frå styremaktene:

  • Sosialtenestelova § 6-1, 4. ledd, jfr. 1. ledd, jfr. § 4-1 og føresegn om internkontroll § 4 bokstav g.

Kommentar:

Etter sosialtenestelova § 6-1, 4. ledd skal kommunen følgje opp rusmiddelmisbrukarane under institusjonsopphaldet og legge til rette for naudsynte tiltak ved avslutninga av opphaldet. Forskrifta § 4 bokstav g fastset at den eller dei ansvarlege for verksemda skal utvikle, setja i verk, kontrollere, evaluere og betra naudsynte prosedyrar, instruksar, rutinar, eller andre tiltak for å avdekkje og rette opp brot på sosialtenestelova.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

  • Det vart opplyst i intervju at kommunen ikkje har prosedyrar, fastsette rutinar eller annan planmessig oppfølging av rusmisbrukarar under og ved avslutning av instititusjonsopphald, både når det gjeld innhald og omfang.
  • På førespurnad er det ikkje framlagd prosedyrar eller anna skriftlege rutinar eller liknande for oppfølging av rusmiddelmisbrukare i institusjon.
6 Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.

Namn

Stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Henrik Flatøy

Rådmann

X

X

X

Terje Sætre

Kommunalsjef

X

X

X

Inger Anne H Andersen

Spesialkonsulent

X

X

X

Aud Mai Hundvin

Sosialleiar

X

X

X

Bjørn Are Lien

Sosialkonsulent

X

X

X

Bente Merete Færø

Avdelingssjef

X

X

X

Grete Korsøen

Avdelingssjef

X

X

Reidun Eidsheim

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Magny Fossåskaret

helsesøster

X

X