Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Sunndal kommune, Postboks 94, 6601 Sunndalsøra |
|
Tidsrom for tilsynet: |
16. og 17. juni 2004 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande kurator Jo Bakken |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester (sosialtenestelova) av 13.12.91 nr 81
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) av 10.02.67
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.02
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Dokumentunderlag
3 Gjennomføring
4 Reviderte område og funn
5 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeika avvik innen dei reviderte områda.
Systemrevisjonen omfatta følgjande:
- Tenestetilbodet etter kapittel 4 i sosialtenestelova til rusmiddelmisbrukarar.
Fylkesmannen avdekka følgjande avvik:
- Sunndal kommune har ikkje eit heilskapleg og implementert interkontrollsystem.
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for å gi merknader.
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Sunndal kommune i perioden 16. og 17. juni 2004. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylle krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om eventuelle fysiske tilhøve tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten skal ta for seg avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
Som nemnt i samandraget fann ikkje fylkesmannen grunnlag for å gi merknader. Det vart avdekka eit avvik på dette området.
2 Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Sunndal kommune-administrativ organisering frå 01.01.04.
- Arbeids- og ansvarsfordeling, rådmannens forslag.
- Oversikt over sosialkontorets ansvars- og arbeidsopppgåver, september 2003.
- Sunndal kommune sitt engasjement i rusfeltet, mål og nye tiltak, 18.03.98
- Utøvelse av helse- og sosialsjefens myndighet, delegasjonsreglement, 23.05.00.
- 5 enkeltvedtak om tildeling av sosiale tenester etter kapittel 4 til rusmiddelmisbrukarar.
- Kommunens rusarbeid – innstilling frå sosial- og barnevernstenesta 07.06.04 .
3 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 30. mars 2004.
Opningsmøte vart halde 16. juni 2004.
Intervjuer
5 personar vart intervjua.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:
Gransking av mappene til 10 rusmiddelmisbrukarar.
Sluttmøte vart halde 17. juni 2004.
4 Reviderte område og funn
Område 1: Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar.
Ingen avvik eller merknader
Område 2: Tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering
Ingen avvik eller merknader
Område 3: Internkontrollsystemer
Avvik 1:
Sunndal kommune har ikkje eit heilskapleg og implementert internkontrollsystem.
Avvik frå følgjande krav i lovverket:
- Sosialtenestelova § 2-1, andre ledd og forskrift om internkontroll for sosial- og helsetenesta.
Kommentar:
- Etter sosialtenestelova § 2-1, andre ledd skal kommunen føre internkontroll for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4, 4A, 6 og 7 er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift. Dette medfører systematiske tiltak som skal sikre at aktivitetar i verksemda vert planlagt, organisert, utført og haldne vedlike i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av sosialtenestelova. Internkontroll medfører og at ansvarleg i verksemda skal skaffe oversikt over områder i verksemda der det er fare for svikt eller mangel på at krav frå styremaktene vert oppfylgde.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Verksemda har eit ufullstendig internkontrollsystem. Til dømes har kommunen ikkje rutinar for kartlegging av hjelpebehovet til rusmiddelmisbrukarar eller rutinar som sikrar at sosialtenesta til einkvar tid har oversikt over rumsiddelmisbrukarar som er i eit behandlingsopplegg .
5 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Per Ove Dahl |
Rådmann |
|
|
X |
|
Turid Aarflot |
Leiar for sosial- og barnevernstenesta |
X |
X |
X |
|
Jorunn Telstad |
Pleie- og omsorgssjef |
X |
X |
X |
|
Jo Bakken |
Leiande sosialkurator |
X |
X |
X |
|
Ragnhild Bakken |
Prosjektarbeidar ved helsestasjon |
|
X |
|
|
Anne Berit Wullum |
Avdelingsleiar helsetunet |
|
|
X |
|
Harriet Berntsen |
Rådgivar |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Christine Colban, Rådgivar
Aase Årsbog Dyrset, Rådgivar
Kjell Iversen, Førstekonsulent
Dato: 19. august 2004
|
Kjell Iversen Christine Colban revisjonsleiar revisor |
Aase Årsbog Dyrset revisor |