Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg |
|
Tidsrom for tilsynet: |
29. og 30. september 2004 og 7. april 2005 |
|
|
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiar for sosialtenesta Ingunn Kalvatn |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester (sosialtenestelova) av 13.12.91 nr 81
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) av 10.02.67
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.02
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Dokumentunderlag
3 Gjennomføring
4. Reviderte område og funn
5 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar påpeika avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande:
- Tenestetilbodet etter kapittel 4 i sosialtenestelova til rusmiddelmisbrukarar.
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for avvik, men det vart funne grunnlag for følgjande merknad:
Det er ikkje kjent blant alle i helse- og sosialsektoren i Sula kommune kven som har ansvar for å gje opplysning, råd og rettleiing for å hjelpe den enkelte til å kome bort frå misbruk av alkohol eller andre rusmiddel.
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Sula kommune den 29. og 30. september 2004. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om eventuelle fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2 Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Organisasjonskart for helse- og sosialtenestane
- Organisasjonsplan for helse- og sosialsektoren
- Handlingsplan for rusmiddelarbeid i Sula kommune 2004 – 2007
- 4 husleigeavtaler med særavtaler
- 3 enkeltvedtak om tildeling av støttekontakt
- Delegasjonsreglement for Helse- og sosialsektoren
- Delegering av myndigheit – videredelegering av sektorsjefen sitt mynde
- Serviceerklæring for sosialtenesta
- Sosialtenesta informerer
- Sula kommune sitt kvalitetssystem
- tiltaksgruppa for rusmiddelmisbrukarar og psykiatriske pasientar
- ansvarsgruppearbeid
- registreringsskjema for ansvarsgruppe
- ansvargruppearbeid samtykke
- stillingsforklaring for sosialkurator
- retningslinje for saksbehandling om sosialhjelp
3 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 30.03.04 og 16.09.04.
Opningsmøte vart halde29. september 2004.
Intervju vart gjennomført med 6 personar.
Verifikasjonar vart gjennomført ved gransking av saksmappene til 6 rusmiddelmisbrukarar.
Sluttmøte vart halde 30. september 2004.
Nytt sluttmøte den 07.04.04.
4. Reviderte område og funn
Område 1: Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar.
Opplysning, råd og rettleiing
Merknad
Det er ikkje kjent blant alle i helse- og sosialsektoren i Sula kommune kven som har ansvar for å gje opplysning, råd og rettleiing for å hjelpe den enkelte til å kome bort frå misbruk av alkohol eller andre rusmiddel.
Kommentar:
Det følgjer av § 6-1, jf § 4-1 i sosialtenestelova at sosialtenesta gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak skal hjelpe den enkelte til å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. Dersom det ikkje er kjent for dei tilsette i kommunen at sosialtenesta har dette ansvaret, kan det medføre at personar med behov for slik hjelp ikkje blir vist til rette ansvarlege.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- i intervju kom det fram at det ikkje er alle tilsette i helse- og sosialetaten som er kjent med at sosialtenesta er tillagt dette ansvaret i kommunen. Det kom også fram oppfatningar om at sosialtenesta sitt ansvar var avgrensa til arbeid med personar med eit langvarig og tungt rusmiddelmisbruk.
- i intervjua kom det fram at det er få personar i kommunen som mottek tilbod om råd, rettleiing og hjelpetiltak for å kome seg bort frå misbruk av alkohol og andre rusmidlar, jfr. merknadene til avvik nr. 1. nedanfor, under ”sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukarar”.
Tilsynet fann ikkje grunnlag for å gje avvik eller merknader på dette området.
Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukarar
Tilsynet fann ikkje grunnlag for å gje avvik eller merknader på dette området.
Mellombels husvære
Tilsynet fann ikkje grunnlag for å gje avvik eller merknader på dette området.
Område 2: Tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering og ved avslutning av institusjonsopphald.
Tilsynet fann ikkje grunnlag for å gje avvik eller merknader på dette punktet.
5 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
Sluttmøte |
|
Edvard Devold |
Rådmann |
X |
X |
|
|
|
Ketil Fylling |
Helse- og sosialsjef |
X |
X |
X |
X |
|
Ingunn Kalvatn |
Leiar for sosialtenesta |
X |
X |
X |
X |
|
Kari Hanssen |
Sosialkurator |
X |
X |
X |
X |
|
Bente Loise Brown |
Økonomikonsulent |
X |
X |
X |
X |
|
Torunn Veddeng |
Leiar for heimetenesta |
X |
X |
X |
X |
|
Gunnar Trones |
Ass. helse og sosialsjef |
|
|
|
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
Sluttmøte |
|
Christine Colban |
Rådgivar |
X |
X |
X |
X |
|
Heidrunn Avdem |
Rådgivar |
X |
X |
X |
X |
|
Aase Årsbog Dyrset |
Rådgivar |
X |
X |
X |
|
Dato: 28.april 2005
Heidrunn Avdem revisjonsleiar |
Christine Colban revisor |
Aase Årsbog Dyrset revisor |