Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adresse: |
Selje kommune, 6740 Selje |
|
Kontaktperson frå kommunen: |
Sidsel Otnes |
|
Fylkesmannen si tilsynsgruppe: |
Tilsynsleiar Kari Vold Olsen og 1. konsulent Ann Heidi Forbregd |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester av 13.des.1991 med seinare endringar
- Forskrift gjeve 4 des.1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
- Rundskriv IS-10/2004
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. febr.1967
|
INNHALD
1. Innleiing
2. Dokumentunderlag
3. Avvik
4. Merknader
5. Gjennomføring
Tilsynet omhandla følgjande emne:
- Opplæring og tenesteytarane sin kompetanse
- Saksbehandlingsrutinar ved bruk av tvang i medhald av sosialtenestelova kapittel 4A
Fylkesmannen avdekka følgjande avvik:
- Det vert brukt tvang som ikkje er heimla i sosialtenestelova sitt kap. 4A.
- Selje kommunen sender ikkje enkeltmelding om skadeavvergande tiltak i alle nødssituasjonar.
Fylkesmannen gjev følgjande merknad:
- Det må vere klare ansvarsliner med omsyn til kven i kommunen som etter delegasjonsreglement har ansvaret for vedtak etter kap. 4A.
Utarbeidd dato : 18.10.04
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Selje kommune den 07.10.04. Tilsynet er ein del av fylkesmannen si tilsynsverksemd for dette året. Tilsynet fokuserer på kommunen si oppfylling av krav innanfor gjevne emnar og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.
Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda på feltet.
Definisjonar på eit avvik og ein merknad er slik:
- Avvik vert definert som brot på vilkår gjeve i gjeldande lov eller forskrift
- Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i lovkrav avdekkjer eit forbetringspotensiale
Dokumentunderlag for kontrollen var :
- Lov om sosiale tenester av 13. desember 1991 med seinare endringar
- Forskrift gjeve 4. desember 1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
- Rundskriv IS-10/2004
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
- Tilsendt dokumentasjon frå Selje kommune
3. Avvik
Følgjande avvik vart avdekka:
Avvik 1:
Det vert brukt tvang som ikkje er i samsvar med kap. 4A.
Avvik frå:
Sosialtenestelova sitt kap. 4A, jf. § 4A-5.
Kommentarar:
Kommunar som har brukarar med utfordrande åtferd, har ei plikt til å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mogleg bruk av makt og tvang overfor desse tenestemottakarane. Dette vil seie at kommunen må utgreie brukarar med utfordrande åtferd, gjerne i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Dersom resultatet av utgreiinga er at det må brukast makt og tvang overfor enkelte brukarar, plikter kommunen å fatte vedtak om dette i medhald av sosialtenestelova sitt kap. 4A. Kommunen skal såleis ikkje bruke planlagt/regelmessig tvang overfor brukarar med utfordrande åtferd utan at det ligg føre eit vedtak etter sosialtenestelova sitt kap. 4A.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det vert brukt Epi-alarm om natta på ein brukar, utan at kommunen har fatta vedtak om dette, jf. sosialtenestelova § 4A-5.
Avvik 2:
Selje kommunen sender ikkje enkeltmelding om skadeavvergande tiltak i alle nødssituasjonar.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova § 4A-7, 1. ledd, jf. § 4A-5, 3. ledd, pkt. a.
Kommentar:
Avgjersler om skadeavvergande tiltak i enkelttilfelle skal skrivast ned straks etter tiltaket er gjennomført. Alle tenestestader bør derfor ha tilgjengelege malar for slike meldingar. Melding om skadeavvergande tiltak skal deretter sendast skriftleg til den fagleg ansvarlege for tenesta, fylkesmannen, verje/hjelpeverje og pårørande. Det er viktig å beskrive kva som har skjedd forut for den aktuelle hendinga, idet det også i akutte situasjonar er krav om å vurdere andre tiltak enn bruk av makt og tvang, jf. § 4A-5, 1. ledd.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- I avlastningsbustaden vert ikkje all tvangsbruk registrert/nedskriven i tvangsprotokoll.
- Det er ikkje rutinar for å sende enkeltmelding om tvangstiltak i alle nødssituasjonar, jf sosialtenestelova § 4A-7, 1. ledd.
- Det kom fram under tilsynet, at talet på innkomne enkeltmeldingar hjå fylkesmannen, ikkje er i samsvar med den reelle tvangsbruken i avlastingsbustaden.
4. Merknader
Det vart funne grunnlag for ein merknad.
Merknad:
Det må vere klare ansvarsliner med omsyn til kven i kommunen som etter delegasjonsreglement har det overordna faglege ansvaret for vedtak etter kap. 4A.
Kommentar:
Innan kommunen er det den som har det overordna faglege ansvaret for tenesta som fattar vedtak om bruk av tvang, jf. § 4A-7, 2. ledd. Kommunen må peike ut ein bestemt tilsett som skal ha dette ansvaret. Uklart plassert ansvar vil svekke tenestemottakaren sin rettstryggleik i saker der det kan vere aktuelt å bruke tvang og makt. Selje kommunen må difor peike ut ein bestemt tenesteperson som etter delegasjonsreglement har dette ansvaret.
Merknaden byggjer på følgjande observasjonar:
- Det kjem ikkje fram i delegasjonsreglementet kven i kommunen som har det overordna faglege ansvaret for tenester etter sosialtenestelova sitt kap. 4A.
- Tenesteleiar er kjend med at ho har det overordna faglege ansvaret i høve til å fatte vedtak etter sosialtenestelova sitt kap. 4A.
- Dagleg fagleg ansvarleg er kjend med sitt ansvar - kven i kommunen som har det overordna faglege ansvaret - etter sosialtenestelova sitt kap. 4A.
5. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
|
Opningsmøte: |
Innleiande møte vart halde 07. oktober 2004. Det vart gjeve informasjon om deltakarar, føremål, tema for og den praktiske gjennomføring av tilsynet. |
|
Intervju: |
Intervju med deltakarar frå Selje kommune vart utført 07. oktober 2004 |
|
Sluttmøte: |
Det vart og gjennomført sluttmøte den 07. oktober 2004. Det vart gjeve ei oppsummering av tilsynet, og resultatet frå tilsynet vart presentert. |
Oversikt over personar som deltok i tilsynet frå Selje kommune:
|
Namn |
Stilling |
Formøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Sidsel Otnes |
Avdelingsleiar i vernepleie tenesta |
x |
X |
x |
|
Astrid Barmen |
Miljøarbeidar |
x |
x |
x |
|
Gerd Endal |
Miljøarbeidar |
x |
x |
|
|
Solveig Hansen |
Assistent |
x |
x |
x |
|
Bjørg Hatlenes |
Miljøarbeidar |
x |
x |
x |
|
Åse Elin Hole |
Tenesteleiar for pleie og omsorg |
x |
x |
x |
Frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte følgjande personar:
Kari Vold Olsen, tilsynsleiar
Ann Heidi Forbregd, 1. konsulent
Dokumentasjonsunderlag for fylkesmannen sitt tilsyn:
- Organisasjonskart for Selje kommune
- Årsmelding for 2003
- Oversyn over tilsette som arbeider med psykisk utviklingshemma
- Dagbok – for ein av brukarane
- Oversikt over kurs tilsette i kommunen har delteke på i høve sosialtenestelova sitt kap. 4A
- Referat frå gruppemøta
- Kvalitetshandbok for helse, pleie og omsorg
- Møtebok frå husmøte hjå to av brukarane
Med helsing
|
Kari Vold Olsen revisjonsleiar |
Anne Heidi Forbregd 1. konsulent |