Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adresse: |
Gulen kommune, 5966 Eivindvik |
|
Kontaktperson frå kommunen: |
Arnhild Kjellevold |
|
Fylkesmannen si tilsynsgruppe: |
Tilsynsleiar Kari Vold Olsen og 1. konsulent Ann Heidi Forbregd |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester av 13.des.1991 med seinare endringar
- Forskrift gjeve 4 des.1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
- Rundskriv IS-10/2004
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. febr.1967
|
INNHALD
1. Innleiing
2. Dokumentunderlag
3. Avvik
4. Merknader
5. Gjennomføring
Tilsynet omhandla følgjande emne:
Opplæring og tenesteytarane sin kompetanse
Saksbehandlingsrutinar ved bruk av tvang i medhald av sosialtenestelova kapittel 4A
Fylkesmannen avdekka følgjande avvik:
- Det vert brukt tvang som ikkje er i samsvar med kap 4A.
- Gulen kommunen sender ikkje enkeltmelding om skadeavvergande tiltak i nødssituasjonar.
- Tvangsbruken vert ikkje protokollert.
- Gulen kommune sikrar ikkje nødvendig opplæring til alle tilsette som har ansvar og/eller yter tenester til personar med psykisk utviklingshemming i tråd med reglane i sosialtenestelova kap. 4A.
- Gulen kommune har ikkje peika ut/gjort kjent kven som har overordna fagleg ansvar i høve kap. 4A.
Utarbeidd dato : 18.10.04
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Gulen kommune den 05.10.04. Tilsynet er ein del av fylkesmannen si tilsynsverksemd for dette året. Tilsynet fokuserer på kommunen si oppfylling av krav innanfor gjevne emner og rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.
Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda på feltet.
Definisjonar på eit avvik og ein merknad er slik:
- Avvik vert definert som brot på vilkår gjeve i gjeldande lov eller forskrift
- Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i lovkrav avdekkjer eit forbetringspotensiale
2. Dokumentunderlag
Dokumentunderlag for kontrollen var :
- Lov om sosiale tenester av 13. desember 1991 med seinare endringar
- Forskrift gjeve 4. desember 1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
- Rundskriv IS-10/2004
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
- Tilsendt dokumentasjon frå Gulen kommune, jf. vedlegg
3. Avvik
Følgjande avvik vart avdekka:
Avvik 1:
Det vert brukt tvang som ikkje er i samsvar med kap 4A.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova sitt kap. 4A, jf. § 4A-5.
Kommentarar:
Kommunar som har brukarar med utfordrande åtferd, har ei plikt til å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mogleg bruk av makt og tvang overfor desse tenestemottakarane. Dette vil seie at kommunen må utgreie brukarar med utfordrande åtferd, gjerne i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Dersom resultatet av utgreiinga er at det må brukast makt og tvang overfor enkelte brukarar, plikter kommunen å fatte vedtak om dette i medhald av sosialtenestelova sitt kap. 4A. Kommunen kan såleis ikkje bruke regelmessig og planlagt tvang overfor brukarar med utfordrande åtferd utan at det ligg føre eit vedtak om slik bruk etter sosialtenestelova sitt kap. 4A.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det vert brukt regelmessig og planlagt tvang mot brukarar i kommunen utan at det er fatta vedtak om dette i samsvar med sosialtenestelova § 4A-5.
Avvik 2:
Gulen kommunen sender ikkje enkeltmelding om skadeavvergande tiltak i nødssituasjonar.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova § 4A-7, 1. ledd, jf. § 4A-5, 3. ledd, pkt. a.
Kommentar:
Avgjersler om skadeavvergande tiltak i enkelttilfelle skal skrivast ned straks etter tiltaket er gjennomført. Alle tenestestader bør derfor ha tilgjengelege malar for slike meldingar. Melding om skadeavvergande tiltak skal deretter sendast skriftleg til den fagleg ansvarlege for tenesta, fylkesmannen, verje/hjelpeverje og pårørande. Det er viktig å beskrive kva som har skjedd forut for den aktuelle hendinga, idet det også i akutte situasjonar er krav om å vurdere andre tiltak enn bruk av makt og tvang, jf.§ 4A-5, 1. ledd.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det vert brukt makt og tvang mot brukarar i kommunen utan at det vert sendt enkeltmelding om skadeavvergande tiltak i nødssituasjonar, jf sosialtenestelova § 4A-7, 1. ledd.
Avvik 3:
Tvangsbruken vert ikkje protokollert/journalført.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova § 4A-10.
Kommentar:
Tidlegare, etter kap. 6A, skulle all bruk av tvangstiltak etter vedtak registrerast skriftleg i ein protokoll. Av omsyn til harmonisering av lovverket, skal nå helsepersonellova kap. 8 med tilhøyrande pasientjournalforskrift også gjelde for dokumentasjon av tiltak etter sosialtenestelova kap. 4A. Protokollen var meint brukt aktivt i evaluering og ved fylkesmannen sine tilsyn. Føremålet med journalføring og dei føremål som låg bak kravet om protokollføringa i den oppheva forskrifta til kap. 6A, er etter dette i hovudsak samanfallande. Verksemder, her Gulen kommune, som yter helsetenester har såleis etter pasientjournalforskrifta § 4 plikt til å opprette eit journalsystem, jf. § 4A-10.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det vert utøvd tvangsbruk mot brukarar i kommunen utan at denne vert journalført i ettertid.
- Fylkesmannen vart opplyst om at det ikkje låg føre slike journalar eller var rutinar for å føre dei.
Avvik 4:
Gulen kommune sikrar ikkje nødvendig opplæring til alle tilsette som har ansvar og/eller yter tenester til personar med psykisk utviklingshemming i tråd med reglane i sosialtenestelova kap. 4A.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova § 4A-4.
Kommentar:
Kravet om at kommunen har ansvar for å gi tilsette ”nødvendig opplæring” vil i høve til sosialtenestelova kap. 4A bety at kommunen må sikre at:
- tenesteytarane har ei felles forståing av kva som er tvang eller makt
- tenesteytarane veit i kva situasjonar ein kan bruke tvang eller makt
- tenesteytarane veit korleis meldingsrutinane er dersom det vert nødvendig å bruke tvang og makt, jf. sosialtenestelova § 4A-4
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Kommunen har ikkje definert kva som er nødvendig opplæring etter sosialtenestelova
- Faktisk kompetanse i organisasjonen og opplæringsbehova til tenesteytarane i høve til kap. 4A er ikkje kartlagt
- Fleire tilsette kjenner ikkje til meldingsrutinane ved bruk av tvang og makt
- Fleire tenesteytarar veit ikkje i kva situasjonar dei har lov å nytte tvang
- Tenesteytarane får ikkje fagleg rettleiing og oppfølging
Avvik 5:
Gulen kommune har ikkje peika ut/gjort kjent kven som har det overordna fagleg ansvar i høve kap. 4A.
Avvik frå:
- Sosialtenestelova § 4A-7, 1. og 2. ledd.
Kommentar:
Kommunen skal ha løypande beredskap og kunnskap om kva som er tvang og makt, og kva tid reglane i kap. 4A skal nyttast. Kommunar som har brukarar med diagnosen psykisk utviklingshemming, må difor ta stilling til kven som har det overordna faglege ansvaret, slik at leiaren kan syte for internkontrollen, eller beredskapen på området, og sette i verk tiltak når ein tvangssituasjon oppstår. Det er den med det daglege ansvaret som treffer avgjer om makt og tvang i enkelttilfelle. Vedtak derimot skal gjerast av overordna fagleg ansvarleg.
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det låg ikkje føre noko delegasjonsreglementet og det kunne såleis ikkje lesast ut frå det kven som har det overordna faglege ansvaret for tenesta i kommunen i høve kap. 4A
- Einingsleiar har ikkje oppfatning om at ho har det overordna faglege ansvaret for alle brukarane i kommunen.
- Rådgjevar meiner ansvaret er plassert, men ikkje innarbeidd og gjort kjent.
4. Merknader
1. Det vart ikkje funne grunnlag for merknader.
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
|
Opningsmøte: |
Innleiande møte vart halde 05. oktober 2004. Det vart gjeve informasjon om deltakarar, føremål, tema for og den praktiske gjennomføring av tilsynet. |
|
Intervju: |
Intervju med deltakarar frå Gulen kommune vart utført 05. oktober 2004 |
|
Sluttmøte: |
Det vart og gjennomført sluttmøte den 05. oktober 2004. Det vart gjeve ei oppsummering av tilsynet, og resultatet frå tilsynet vart presentert. |
Oversikt over personar som deltok i tilsynet frå Gulen kommune:
|
Namn |
Stilling |
Formøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Arnhild Kjellevold |
rådgjevar omsorg |
x |
X |
x |
|
Kristin Øksendal |
Einingsleiar |
x |
x |
x |
|
Monica Rognved |
Assistent |
x |
x |
|
|
Kamilla Birkeland |
Sosionom |
x |
x |
x |
|
Astrid Dyregrov |
hjelpepleiar psykiatri |
x |
x |
|
|
Elly Brusvik |
Assistent |
x |
x |
x |
|
|
|
|
|
Frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte følgjande personar:
Kari Vold Olsen, tilsynsleiar
Ann Heidi Forbregd, 1. konsulent
Dokumentasjonsunderlag for fylkesmannen sitt tilsyn:
- Organisasjonskart for Gulen kommune
- Stillingsomtale for einingsleiar
- Årsmelding for 2003
- Oversyn over tilsette som arbeider med psykisk utviklingshemma
- Dagbok – for to av brukarane
- Vekeplanar
- Rutineskildringar for Sløvåg og daglege rutinar
- Handbok for to av brukarane
- Oversikt over plan for opplæring av nytilsette og vikarar
Med helsing
|
Kari Vold Olsen |
Ann Heidi Forbregd |
|
revisjonsleiar |
førstekonsulent |