Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
5430 Bremnes |
|
Tidsrom for tilsynet: |
04.04.05 – 20.04.05 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Dag Lothe |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester kapittel 4 og 4A, forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta og forvaltningsloven.
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Skildring av verksemda – særskilte tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte områder og funn
6 Deltakara ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som vart påpeika innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:
- Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemning – ved endring i bistandsbehov
- Ulovlig bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemning
- Gjennomføring av tiltak med planlagt bruk av tvang og makt
Fylkesmannen fant ikkje grunnlag for avvik eller merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.
Dato: 26.04.05
|
Vibeke Herskedal Revisjonsleiar |
Torill Vebenstad Revisor |
1 Innleiing
Rapporten er utarbeida etter systemrevisjon ved Bømlo kommune i perioden 04.04.05 – 20.04.05. Revisjonen inngår som ein del av det landsomfattande tilsyn med bruk av tvang og makt ovanfor personar med psykisk utviklingshemning som Statens Helsetilsyn har fastsett skal gjennomførast for år 2005. Tilsynet er gjennomført i ein kombinasjon av systemrevisjon og stadleg (individ) tilsyn. For dei stadlege tilsyna er det utarbeida eigne rapportar.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla ulike krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking om:
- aktivitetar vert utført slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda driv verksemda innanfor dei rammer som styresmaktene har satt.
Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneberer å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgt opp i praksis, og om de fysiske tilhøve samsvarar med krav frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekkja under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov og forskrift.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensiale for betring.
2 Skildring av verksemda – særskilte tilhøve
- Det ble i forkant av tilsynet gjennomført samtale med hjelpeverje til dei to personane med psykisk utviklingshemning som det stadlege tilsynet var retta mot.
- I forkant av tilsynet ble også pårørande kontakta med tilbod om samtale med tilsynet, men dei meldte forfall.
- Pårørande/hjelpeverje gav samtykke til at tilsynet fikk sjå tenestemottakars bustad.
- I samråd med pårørande/hjelpeverje og kommunen vurderte fylkesmannen at det var tilrådeleg å møte tenestemottakar i det eine stadlege tilsynet.
- I samråd med pårørande/hjelpeverje og kommunen vurderte fylkesmannen at det ikkje var hensiktsmessig å møte tenestemottakar i det andre stadlege tilsynet ut frå at tenestemottakar ikkje ville forstå kva saken gjaldt og kven tilsynet var eller kva for oppgåve de skulle ivareta.
3 Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon i samband med den daglige drift og andre tilhøve som er relevant:
- Oversikt over administrativ organisering, ansvarsdeling i Bømlo kommune
- Delegasjonsreglement for Bømlo kommune – 30.01.05
- Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester i Bømlo kommune – 2005
- Oversikt over organisering/struktur – Bremnes omsorgsområde
- Oversikt over organisering – sosialavdelinga
- Delegering av mynde etter sosialtenestelova – gjeldande frå 01.10.04
- Prosedyrar ved bruk av tvang og makt ovanfor personar med psykisk utviklingshemming
- Skriv som gjeld bruk av tvang og makt som del av omsorgsutøving - Avlastningsbustaden
- Retningsliner for Aktivitetssenteret
- Retningsliner for avlastningsbustaden
- Retningsliner for avlastningsordningar som gjeld tilskot til avlastning og engasjert avlastar
- Retningsliner for inntaksnemda i pleie- og omsorgsavdelinga – gjeldande frå 01.01.99
- Prosedyre ved søknad om heimehjelp – gjeldande frå 03.12.02
- Retningsliner for inntaksnemd for arbeids- og aktivitetstilbod i Bømlo kommune
- Diverse prosedyre for sakshandsaming – under dette; prosedyre for handsaming av søknad om avlasting for eldre og funksjonshemma, prosedyre for handsaming av søknad om heimehjelp, prosedyre for handsaming av søknad om heimesjukepleie, prosedyre for individuell plan
- Prosedyrar/retningsliner/momentliste ved søknad om støttekontakt for funksjonshemma – sosialavdelinga
- Oversikt over delmål for Bremnes omsorgsområde – gjeldande frå 24.09.03
- Stillingsomtale for gruppeleiar, stillingsomtale for gruppeleiar i Bremnes omsorgsområde med sjukepleiarfagleg ansvar, stillingsomtale for verksemdsleiarar, stillingsomtale for dagleg leiar av avlastningsbustaden, stillingsomtale for avdelingssjukepleiar i Moster omsorgsområde
- Opplæringsplan for Askebærhaugen – Bremnes omsorgsområde
- Kommuneplan 1998-2010
- 2 vedtak om avlastning
- 1 vedtak om heimehjelp
- 2 vedtak om støttekontakt
- 2 utarbeida individuelle planar
4 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel vart sendt ut 14.02.05.
Formøte vart halde 04.04.05.
Opningsmøte og intervju
Opningsmøte og intervju vart gjennomført den 19.04.05. 16 personar vart intervjua.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomført:
Gjennomgang av 1 saksmappe – Moster omsorgsområde
Gjennomgang av 1 saksmappe – Sosialavdelinga
Gjennomgang av 4 saksmapper – Bremnes omsorgsområde
Sluttmøte vart gjennomført 20.04.05.
5 Reviderte områder og funn
Område 1: Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemning – ved endring i bistandsbehov
Det vart ikkje funne avvik eller påpekt merknader på dette området.
Område 2: Ulovlig bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemning.
Det vart ikkje funne avvik eller påpekt merknader på dette området.
Område 3:Gjennomføring av tiltak med planlagt bruk av tvang og makt.
Dette området vart undersøkt/kontrollert som stadleg tilsyn i høve til 2 namngjevne personar med uviklingshemning. Det er utarbeida eigne rapportar på disse tilsyna som er unnateke offentlegheit.
6 Deltakara ved tilsynet
Oversikt over kva for personar frå verksemda som var direkte involver i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ein oversikt over deltakarane på formøte, opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som vart intervjuet.
|
Namn |
Funksjon |
Formøte |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Sverre Olav Svarstad |
Rådmann |
|
|
X |
|
|
Rigmor Svanberg |
Kommunalsjef |
X |
X |
X |
X |
|
Jorunn Løklingholm |
Verksemdsleiar Moster omsorgsområde |
|
X |
X |
X |
|
Anne Marie Torkelsen |
Heimehjelp – Moster omsorgsområde |
|
X |
X |
|
|
Jorunn J. Folgerø-Holm |
Sosialleiar |
|
X |
X |
|
|
Sissel Johnsen |
Konsulent for funksjonshemma |
X |
|
X |
|
|
Else Marie Aakre |
Leiar avlastningsbustad |
|
X |
X |
|
|
Nancy Fjellheim |
Omsorgsarbeidar avlastningsbudtad |
|
X |
X |
X |
|
Karen Helene Frich |
Daglig leiar Aktivitetssenteret |
|
X |
X |
X |
|
Audny Gjelsvik Johnsen |
Miljøterapeut Aktivitetssenteret |
|
X |
X |
X |
|
Berit J. Morlandstø |
Verksemdsleiar Bremnes omsorgsområde |
X |
X |
X |
X |
|
Jan Henrik Frimannslund |
Gruppeleiar Bremnes omsorgsområde |
|
X |
X |
|
|
Rita Larsen |
Miljøterapeut Bremnes omsorgsområde |
|
X |
X |
|
|
Ingeborg Gjerdevik |
Miljøarbeidar Bremnes omsorgsområde |
|
|
X |
|
|
Eva Grindheim |
Miljøterapeut Bremnes omsorgsområde |
|
|
X |
|
|
Solveig Tveita |
Miljøarbeidar Bremnes omsorgsområde |
|
X |
X |
|
Frå Fylkesmannen deltok:
Vibeke Herskedal
Torill Vebenstad