Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 2170, 5504 Haugesund |
|
Tidsrom for tilsynet: |
25.02.05 – 26.04.05 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Kari Ugland |
|
Regelverk: |
- Lov 30. mars 1984 nr 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- spesialisthelsetjenesten m.m.
- Lov 2. juli 1999 nr 63 om pasientrettigheter
- Lov 2. juli 1999 nr 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift om pasientjournal
- Forskrift om pasientansvarlige lege med mer
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar påpeika avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:
- Kommunikasjon mellom helsepersonell medan pasienten er innlagt i sengepost
- Formidling av resultat frå røntgen og laboratorieundersøkingar til behandlande lege
- Kommunikasjon mellom helsepersonell medan pasienten er på intensivavdeling
- Opplæring av nytilsette, vikarar og innleigd helsepersonell
- Kommunikasjon mellom helsepersonell og pasient
Det har ikkje komme fram opplysningar som tilseier at nødvendig informasjon om pasientar med gastrokirurgiske sjukdomar ikkje er tilgjengeleg for behandlingsansvarleg lege og anna helsepersonell som har behov for denne informasjonen. Medan pasienten er på sengepost kan kommunikasjonen mellom lege og sjukepleiar gjørast meir effektiv om sjukepleiarane har tilgang til elektronisk journal. I journalen kjem det ikkje fram kven som er pasientansvarleg lege, men det er klart for involvert helsepersonell.
Ved tilsynet ble gitt to merknadar:
Merknad 1: Sjukepleiarane har ikkje tilgang til elektronisk journal.
Merknad 2: Det går ikkje fram av journal kven som er pasientansvarleg lege.
Dato: 8. juni 2005
|
Anne-Lisbeth Vabø Revisjonsleiar |
|
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF. Kvart år blir det gjennomført landsomfattande tilsyn. Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2005 skal gjennomførast landsomfattande tilsyn med tilbodet til gastrokirurgiske pasientar. Som ledd i dette har Helsetilsynet i Hordaland planlagt å føre tilsyn med Haugesund sjukehus. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Helsetilsynet i Hordaland i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2. Om verksemda - særlege tilhøve
Haugesund sjukehus er lokalsjukehus for nord-fylket (Rogaland) og delar av Hordaland, (Etne og Sveio). Sjukehuset tener cirka 90.000 innbyggjarar og har 268 senger. Haugesund sjukehus er ein del av Helse Fonna HF, som er organisert i seks klinikkar. Kirurgisk klinikk består av ni resultateiningar i fire geografiske område, der seksjon for gastrokirurgi og urologi på Haugesund sjukehus er ein av dei. Gastrokirurgisk seksjon er delt inn i øvre og nedre gastro.
3. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå Haugesund sjukehus:
- Opplysningar motteke frå Haugesund sjukehus, lista i vedlegg 1.
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn blei sendt i brev 15. februar 2005 frå Helsetilsynet Hordaland.
- Dokumentasjon motteke frå Haugesund sjukehus 11. mars og 14. april 2005.
- Program og oversikt over planlagde verifikasjonar blei oversendt i brev 8. april 2005 og korrigert program blei oversendt i mail 21. april 2005 frå Helsetilsynet i Hordaland
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 15.februar 2005
Formøte vart halde 7. mars 2005
Opningsmøte vart halde 25. april 2005
Intervju
20 personar vart intervjua.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:
1. Det vart gått gjennom 30 pasientjournalar for pasientar med diagnosen gastrointestinal cancer i løpet av 2004 og gastropasientar innlagt i intensivavdelinga. Journalane vart vurderte med tanke på om dei inneheld tilstrekkeleg informasjon til at pasientjournalen kan fungere som arbeidsverktøy (informasjon om utgreiing, vurderingar og behandling, samt tilstanden til pasienten). Det vart òg sett etter om det vert dokumentert at det preoperativt og postoperativt er gitt informasjon til pasienten.
Gjennomgangen viste at journalane er oversiktlege og lett å finne fram i. For pasientar med ukomplisert forløp inneheld journalane ofte knappe eller ingen postoperative legenotat. Epikrisen er kort. For pasientar med komplisert forløp, inneheld journalane ofte daglege notat som gir oversikt over forløp, vurderingar og den behandling som er gitt. Det var ikkje alltid dokumentert kva informasjon som var gitt til pasientane.
2. Ved gjennomgang av avvikspermane til avdelingane med tanke på eventuelle registrerte avvik på manglande svar på calling og liknande siste 6 månader, vart det ikkje funne slike avviksmeldingar for nokon av avdelingane.
3. Registrering av kor lang tid det tok for sjukepleiar å komme i kontakt med vakthavande kirurg vart ikkje gjennomført då alle legane har ”dekkstelefon”, og det vart opplyst at dette ikkje er eit problem, både vakthavande lege og postlege er alltid raskt tilgjengeleg.
Sluttmøte vart halde 26. april 2005
5. Reviderte område og funn
Område 1: Kommunikasjon medan pasienten er innlagt i sengepost
Det har ikkje komme fram opplysningar som tilseier at nødvendig informasjon om pasientar med gastrokirurgiske sjudomar ikkje er tilgjengeleg for behandlingsansvarleg lege og anna helsepersonell som har behov for denne informasjonen medan pasienten er innlagt i sengepost.
Merknad 1:
Sjukepleiarar har ikkje tilgang til elektronisk journal
Område 2: Formidling av resultat frå røntgen og laboratorieundersøkingar til behandlande lege
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for seie at formidling av resultat frå røntgen- og laboratorieundersøkingar ikkje kjem fram til behandlande lege raskt nok for å kunne yte forsvarleg behandling.
Område 3: Kommunikasjon mellom helsepersonell medan pasienten er på intensivavdeling
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for å seie at nødvendig informasjon om pasientar med gastrokirurgiske sjukdomar ikkje er tilgjengelege for helsepersonell som har behov for denne informasjonen.
Område 4: Opplæring av nytilsette, vikarar og innleigd helsepersonell
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for å seie at opplæringa av helsepersonell ikkje sikrar at dei har tilstrekkelege kommunikasjonskunnskaper og ferdigheiter.
Område 5: Kommunikasjon mellom helsepersonell og pasient
Vi har på bakgrunn av det som har kome fram ved revisjonen heller ikkje grunn til å tro at pasientar med gastrokirurgiske sjukdomar ikkje får tilstrekkeleg informasjon før og etter det operative inngrepet
Merknad 2:
Det går ikkje fram av journalen kven som er pasientansvarleg lege
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Vigdis Dagsland |
Sjukepleiar kirurgisk avdeling |
|
X |
|
|
Bjørn Lien |
Assistentlege kirurgisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Laila Johannesen |
Sjukepleiar kirurgisk avdeling |
X |
X |
|
|
Ørjan Ahrenstedt |
Overlege kirurgisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Fridtjof Rachor |
Assistentlege kirurgisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Bodhild Håkull |
Seksjonssjukepleiar kirurgisk avdeling |
|
X |
|
|
Arne-Christian Mohn |
Seksjonsleiar kirurgisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Branislav Sundic |
Overlege intensiveininga |
X |
X |
X |
|
Jorunn Severeide |
Intensivsjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Sissel Yrkje |
Intensivsjukepleiar |
X |
X |
|
|
Sigved Gramstad |
Overlege intensiveininga |
|
X |
|
|
Karin Osmundsen |
Seksjonssjukepleiar intensiveininga |
X |
X |
X |
|
Anne Kristin Grindheim |
Bioingeniør lab for medisinsk biokjemi |
|
X |
|
|
Lillian Vestvik |
Bioingeniør lab for medisinsk biokjemi |
|
X |
|
|
Reidun Jonhaugen |
Avdelingsleiar lab for medisinsk biokjemi |
|
X |
|
|
Hans Østergaard |
Overlege lab for medisinsk biokjemi |
X |
X |
X |
|
Jon Egge |
Overlege radiologisk avd. |
X |
X |
X |
|
Svein Utne |
Radiograf radiologisk avd. |
X |
X |
X |
|
Iren Grude |
Radiograf radiologisk avd. |
X |
X |
X |
|
Ann Helen Austrheim |
Seksjonsleiar radiologisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Kari Ugland |
Klinikkdirektør, kirurgisk klinikk |
X |
|
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Anne-Lisbeth Vabø, assisterande fylkeslege, Helsetilsynet i Hordaland (revisjonsleiar)
Magnar Kleppe, seniorrådgjevar, Helsetilsynet i Hordaland
Turid Måseide, rådgjevar, Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Tom Erik Ruud, overlege dr.med., spesialist i magetarmkirurgi, sakkunig kirurg, Bærum sykehus
Vedlegg 1 – Dokumentasjon
Dokumentasjon motteken frå Helse Fonna
|
1 |
Organisasjonskart |
|
2. |
Kirurgisk avdeling – Underlag til årsmelding 2003 |
|
3. |
Utdrag av årsmelding 2003 |
|
4. |
Helse Fonna HF - Styringsdokument 2004 |
|
5. |
Helse Fonna – Mål- og tiltaksplan pr. juni 2004 |
|
6. |
Kirurgi – Kvalitet, tillit, tilgjengelighet. Mål og tiltaksplan 2004 – 2006 |
|
7. |
Kirurgisk klinikk – Stillingsbeskrivelse/instruks for seksjonsleder |
|
8. |
Kirurgisk klinikk - Informasjon for turnusleger i (under arbeid) |
|
9. |
Seksjon for Gastrokirurgi - Oversikt over aktuelle ansatte |
|
10. |
Seksjon for gastroenterologisk kirurgi - Målsetninger for 2004 |
|
11. |
Strategi i forhold til samarbeid mellom gastroent., kirurgi og radiologi |
|
12. |
Felles prosedyre gastrokir. og operasjon - Lab.skopisk arrbrokk – plastikk (ventralhernie) |
|
13. |
Internt notat - Stomi-ernæringspoliklinikk |
|
14. |
Instruks/ønsker frå gastroseksjonen til onkologene |
|
15. |
Produktbeskrivelse akselerert recovery/insulin resistens |
|
16. |
Forespørsel om deltagelse i forskningsprosjektet |
|
17. |
Informasjon til pasienter før operasjon |
|
18. |
Klinikk for akuttmedisin – Oversikt over ansatte |
|
19. |
Klinikk for akuttmedisin – Organisasjonskart |
|
20. |
Klinikk for akuttmedisin – Diverse stillingsbeskrivelser |
|
21. |
Informasjon om Fylkessjukehuset i Haugesund |
|
22. |
Intensiv/overvåkingspost – Nyansattperm |
|
23. |
Akuttmottaket– Nyansattperm for turnusleger |
|
24. |
Diagnsostisk Terapeutisk klinikk – Oversikt over ansatte |
|
25. |
Lab. for Med. Biokjemi og Mikrobiologi:Organisasjonskart klinikk |
|
Organisasjonskart lab. |
|
Årsrapport |
|
Oversikt over ansatte |
|
Oversikt over vaktpersonell |
|
Stillingsbeskrivelser |
|
Liste over ansvarlige |
|
Sjekk og signeringslister for vaktpersonell før de forlater arbeidsplassen |
|
Prøveflytskjema |
|
Oversikt over vaktoppgaver |
|
Oversikt over ø-hjelpsanalyser |
|
Oversikt over hurtighet for besvarelser |
|
Informasjon til avdelinger og turnuskandidater |
|
Opplæring i bruk av laboratorieprogram |
|
Prosedyre nødrutiner ved strømstans |
|
Autorisasjonsliste for opplæring |
|
Eksempel på prosedyre for øverføring av svar frå instrument til LabProgram |
|
26. |
Brosjyre: Velkommen som pårørende til intensiv/overvåkningspost ved Fylkessjukehuset i Haugesund |
|
27. |
Brevmalar: Svar på henvisning, ikke krav på /krav på nødvendig helsehjelp |