Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
|
Verksemda si adresse: |
Postboks 43, 6806 Naustdal |
|
Tidsrom for tilsynet: |
09. – 10. juni 2005 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leni Østvik |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester av 13.des.1991 med seinare endringar
- Forskrift gjeve 4 des.1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
- Rundskriv IS-10/2004
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. febr.1967
|
Sammendrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte områder
6. Deltakarar ved tilsynet
Sammendrag
Rapporten omhandlar dei avvika som vart påpeika innan dei reviderte områda.
Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:
- Om kommunen sikrar personar med psykisk utviklingshemming eit forsvarleg tenestetilbod etter § 4-2, a-d når behova endrar seg ( §§ 4A-4, 1. ledd, 2-1 2. og 3. ledd, kvalitetsforskrifta § 3 1. ledd)
Om kommunen sikrar at tvang og makt berre vert brukt der det er fagleg og etisk forsvarleg (§§ 4A-5, jf. 2-1, 2. og 3. ledd)
- Om kommunen sikrar at tiltak som inneber makt og tvang vert gjennomført i samsvar med tiltak heimla i § 4A-7
Ved stadleg tilsyn fann Fylkesmannen eitt avvik. Dette avviket vert kommentert i eigen rapport unnateke offentlegheit.
Avvik 1
Kommunen bruker ulovleg makt og tvang overfor ein person med psykisk utviklingshemming.
Fylkesmannen fann ikkje grunn til merknad innafor desse områda.
Dato: 27.06.05
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Naustdal kommune i perioden 09. og 10. juni 2005, og er gjennomført av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med bruk av makt og tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming, som Statens helsetilsyn har bestemt skal gjennomførast i inneverande år. Tilsynet er gjennomført i ein kombinasjon av systemrevisjon og stadleg tilsyn. For dei stadlege tilsyna vert det utarbeida eigne rapportar.
Føremålet med tilsynet er å vurdere korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav gjennom sin internkontroll. Tilsynet omfattar undersøking om:
a. aktivitetar vert utført som beskrive og uttalt
b. verksemda driv si verksemd innanfor dei rammene som myndigheitene har sett
Heimel for Fylkesmannen sitt tilsyn er Lov om sosiale tenester § 2-6, der det står at Fylkesmannen pliktar å føre tilsyn med kommunen si verksemd etter Kap. 4 og 4A og skal kontrollere at verksemda vert drive i samsvar med lova og forskrifta til lova. Ved tiltak etter § 4A-5, 3. ledd bokstav b og c skal det gjennomførast stadlege tilsyn.
Fylkesmannen kan utan hinder av teieplikta krevje innsyn i dei opplysningar som er nødvendige for at fylkesmannen kan utføre sine oppgåver. I samband med tiltak etter kap 4A kan tilsynet gjennomføre tilsynsbesøk i bustaden utan brukaren sitt samtykke.
Dersom verksemd etter kapittel 4 og 4A vert drive på ein måte som kan ha skadelege følgjer for tenestemottakar eller på anna måte er uheldig eller uforsvarleg, kan Fylkesmannen gi pålegg om å rette opp forholdet.
Systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgt opp i praksis, og om dei fysiske forhold tilfredstiller myndigheitskrava. Rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.
Definisjonar på eit avvik og ein merknad er slik:
- Avvik vert definert som brot på vilkår gjeve i gjeldande lov eller forskrift
- Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Naustdal kommune hadde per 01.01.2005 2700 innbyggjarar, og 21personar er utviklingshemma med tiltak etter lov om sosiale tenester kap. 4.
Kommunen har organisert tenesta som heimetenestene for funksjonshemma i Naustdalstunet med 7 bueiningar og Friishagen med 6 bueiningar. Tenesta er underlagt pleie- og omsorg med Marit B. U. Klopstad som seksjoneleiar. Til no har vedtaksmynde vore lagt til teamleiarane Arve Stokkebekk og Monica Lid.
Tilsynet vart gjennomført over to dagar. Første dagen vart halde opningsmøte og gjennomført 8 intervju med tilsette som har ansvar og/eller oppgåver knytte til emnet for tilsynet. Dag to vart det gjennomført stadlege tilsyn med tiltak for to personar med psykisk utviklingshemming som det er gjort vedtak om brukt av makt og tvang overfor. Det vart i alt intervjua 8 tilsette i denne samanhengen. Tilsynet gjennomførte synfaring i ein person sin bustader, dette etter avtale med kommunen.
Sluttmøtet vart halde på slutten av dag to.
3. Dokumentunderlag
Dokumentunderlag for kontrollen var :
- Brev ang. evaluering av tiltak/tenester
- Organisasjonskart for pleie- og omsorgstenesta Naustdal kommune
- Organisasjonsomtale av kommunen
- Opplæringsrutinar for nytilsette
- Oversendingsbrev
- Melding om tiltak (§4A-5 3. a og b
- Dagsplan med personaloversikt
- Skjema for registrering av sjølvskading
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel ble utsendt 14.03.05
Fylkesmannen mottok dokumentasjon frå kommunen 18.04.05
Dagsorden vart sendt kommunen 31.05.05
Opningsmøte vart halde 09.05.05
Intervju: 16 personar vart intervjua
Verifikasjonar: 13 journalar med underliggjande dokumentasjon
Sluttmøte 10.06.05
5. Reviderte områder
Tilsynsområde 1:
Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemming – ved endring i grunnleggjande behov
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for avvik eller merknader på dette området.
Tilsynsområde 2:
Ulovleg bruk av makt og tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming.
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for avvik eller merknader på dette området.
Tilsynsområde 3:
Gjennomføring av tiltak med planlagt bruk av makt og tvang.
Kommunen skal sikre at tiltak som inneberer planlagt bruk av makt og tvang vert gjennomført i samsvar med vedtak heimla i § 4A-7 og § 4A-8.
Avvik 1
Kommunen bruker ulovleg makt og tvang overfor person med psykisk utviklingshemming.
Myndigheitskrav
- Lov om sosiale tenester § 4-4A, jf. Lov om sosial tenester § 2-1, første, andre og tredje ledd, jf. internkontrollforskrifta §§ 3 og 4.
Avviket kom fram under stadleg tilsyn, og vidare kommentarar vert å finne i eigen rapport, som er unnateke offentlegheit..
6 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar som deltok i tilsynet frå Naustdal kommune:
|
Namn |
Stilling |
Formøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Marit B. U. Klopstad |
Seksjonsleiar |
x |
x |
x |
|
Leni Østvik |
Avdelingsleiar |
x |
x |
x |
|
Dagfrid Vestrheim |
Teamleiar |
|
x |
|
|
Eidis Vårdal |
Assistent |
x |
x |
x |
|
Kjell Skaflestad |
Rådgjevar i rådmannstab |
x |
x |
x |
|
Jane Vonen |
Omsorgsarbeidar |
|
x |
|
|
Rene Hansen |
Lærar |
|
x |
|
|
Oddlaug Thingnes |
Assistent |
|
x |
|
|
Åge Fludal |
Vernepleiar |
x |
x |
|
|
Aud Else Nybø |
Hjelpepleiar |
|
x |
x |
|
Monika Lid |
Teamleiar |
|
x |
x |
|
Silje Hagenlund |
Barnevernspedagog |
x |
x |
x |
|
Bente Vilnes Aase |
hjelpepleiar |
x |
x |
x |
|
Arve Stokkebekk |
Teamleiar |
|
x |
x |
|
Gerd Eithun |
Assistent |
|
x |
x |
|
Jan Herstad |
|
|
|
x |
|
Per-Kristian Langelie |
Rådmann |
|
|
x |
Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte følgjande personar:
Arne Røyrvik, revisor
Ann Heidi Forbregd, revisor
Kari Vold Olsen, revisjonsleiar