Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
5914 Isdalstø |
|
Tidsrom for tilsynet: |
12.05.05 – 24.06.05 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Terje Sætre |
|
Regelverk: |
Lov om sosiale tenester m.v. av 13. desember 1991 nr. 81 med forskrifter |
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar påpeika avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:
1) Opplysning, råd og rettleiing. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. § 4-1, jf. § 2-1.
2) Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukarar - praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. §§ 4-2 a, c og d, 4-3, jf. §§ 2-1 og 8-1.
3) Mellombels husvære. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. § 4-5, jf. §§ 2-1 og 4-2.
4) Oppfølging i behandlingsopplegg. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1.
5) Naudsynte tiltak ved avslutninga av opphald i institusjon. Lovheimel er lov om sosiale tenester mv. § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1.
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader.
Dato:
|
Jarle Landås Revisjonsleiar |
Vibeke Herskedal Revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Lindås kommune i perioden 12.05.05 – 24.06.05. Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år .
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2. Om verksemda - særlege tilhøve
Fylkesmannen gjennomførde tilsyn med Lindås kommune i 2004 med same tema. Fylkesmannen registrerer ein positiv utvikling i kommunen på dei reviderte områda. Kommunen har likevel ikkje fastsette rutinar for samarbeid mellom avdelingane med vedtaksfullmakt etter sosialtenestelova § 4-2. Der føreligg heller ikkje prosedyrar eller fastsette rutinar for oppfølging av rusmiddelmisbrukarar under og etter institusjonsopphald.
Delegasjonsreglementet er ikkje oppdatert etter siste omorganisering.
3. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Delegasjonsreglement av 11.10.95
- Delegasjonsreglement pleie- og omsorgsetaten av 01.09.01
- Organisasjonsplan for Lindås kommune 20.05.05
- Referat av 04.03.05 om rusvernplan
- Internkontrolldokument for sosialkontoret
- Prosedyrar for utarbeiding av individuell plan
- Opplæringsplan 2005 for Lindås sosialkontor
- Diverse informasjonsmateriell til brukarar
- 3 vedtak om heimehjelp
- 3 vedtak om midlertidig bustad
- Oversyn over rusmisbrukarar med tenester etter sosialtenestelova § 4-2a
- Oversyn over rusmisbrukarar med individuell plan
- Oversyn rusmisbrukarar under behandling i institusjon 2004 og 2005.
- Oversyn rusmisbrukarar under behandling utanfor institusjon 2004 og 2005.
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 12.05.05
- Brev med oversending av etterspurd dokumentasjon datert 07.06.05
- Brev med oversyn misbrukarar under behandling datert 10.06.05
- Diverse e-post
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart sendt ut 12.05.05
Opningsmøte vart halde 21.06.05
Intervju
8 personar vart intervjua.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:
Gjennomgang av 17 saksmapper
Sluttmøte var halde 24.06.05
5. Reviderte område og funn
Det blei ikkje funne avvik eller gjort merknader på dette området.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Henrik Flatøy |
Rådmann |
X |
X |
|
|
Lillian Ness Brundtland |
Kommunalsjef |
|
X |
|
|
Terje Sætre |
Kommunalsjef |
X |
X |
X |
|
Grete Korsøen |
Avdelingssjef |
X |
X |
X |
|
Kari Bjørkheim |
Avdelingssjef |
X |
X |
X |
|
Aud Mai Hundvin |
Sosialsjef |
X |
X |
X |
|
May Eva Sandvik |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
|
Bjørn Are Lien |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
Vibeke Herskedal og Jarle Landås (tilsynsleiar)