Fylkesmannen i Hordaland
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 84 |
|
Tidsrom for tilsynet: |
25.05.05 – 4.06.05 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Jorunn Solberg |
|
Regelverk: |
- Sosialtenestelova med forskrifter og forvaltningslov
|
INNHALD
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve
3 Dokumentunderlag
4 Gjennomføring
5 Reviderte område og funn
6 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtalar påpeika avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:
Praktisk bistand og opplæring, jf sosialtenestelova § 4-2a
Midlertidig bustad, jf sosialtenestelova § 4-5
Dato: 29.06.05
|
Jarle Landås Revisjonsleiar |
Astrid Moldestad Revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Os kommune i perioden 25.05.05 - . Revisjonen inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda nyttar internkontroll til å oppfylla krav frå styresmaktene. Revisjonen omfattar undersøking av om
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og munnleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor dei rammene styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2. Om verksemda - særlege tilhøve
3. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Årsmelding 2004
- Vidaredelegasjon av 07.11.02
- Årsmelding 2004 frå bestillar og forvaltningseininga
- 10 vedtak om heimehjelp
- Årsmelding 2004 frå psykiatriske og sosiale tenester
- Midlertidige butilbod med kvalitetsavtale, Bergen kommune
- Rettleiingshefte frå eining for psykiatriske og sosiale tenester oppdatert september 2004
- Eit vedtak om middagsombringing
- Serviceerklæring frå sosialteneste 2003
- Serviceerklæring for heimehjelp 2003
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel datert 25.05.05
- Brev frå Os kommune med etterspurde vedlegg datert 08.06.05
- E-post til kommunen med intervjuliste
- Telefaks frå kommunen 23.06.05
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 25.05.05
Opningsmøte vart halde 22.06.05
Intervju
7 personar vart intervjua.
Sluttmøte var halde 24.06.05
5. Reviderte område og funn
Avvik
Os kommune følgjer ikkje alle krav til saksbehandling i forvaltningslova ved tildeling av tenester etter sosialtenestelova kapittel 4
Avvik frå følgjande krav frå styremaktene:
- Forvaltningslova §§ 16, 23 og 27, 3. ledd, jf. sosialtenestelova § 8-1.
Kommentar:
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Det vart opplyst i intervju at rusmiddelmisbrukare utan fast bustad får oppfølging av kommunen i form av praktisk bistand utan at det vert fatta skriftleg vedtak om dette.
- Det kom fram i intervju at kommunen ikkje sender førehandsvarsel ved vedtak om endring av tenester etter sosialtenestelova § 4-2a
- Det følgjer av framlagde vedtak at det i underretning om vedtaket ikkje vert opplyst om retten til å sjå dokumenta i saka
Merknad
Os kommune gir berre tilbod om hospits i Bergen som midlertidig bustad for rusmiddelmisbrukarar utan butilbod.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Det følgjer av framlagd dokumentasjon og opplysningar gjeve i intervju at Os kommune ikkje har nokon tilbod til rusmiddelmisbrukarar utan bustad ut over hospits i Bergen. Mange takker nei til dette tilbodet og er derfor utan butilbod.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte og over personar som vart intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Lars Trane |
Faglig leiar |
X |
X |
X |
|
Eva Mari Solberg |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
|
Anne Valle |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
|
Birgit N Holsen |
Einingsleiar |
X |
X |
X |
|
Jorunn Solberg |
Kommunaldirektør |
X |
X |
X |
|
Øyvind Tøsdal |
Kommunaldirektør |
X |
X |
|
|
Lars Atle Skorpen Hansen |
Rådmann |
|
X |
|
Frå Fylkesmannen deltok:
Astrid Moldestad og Jarle Landås