Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Os kommune, postboks 84, 5202 Os |
|
Tidsrom for tilsynet: |
31. oktober 2005 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Rådmann Lars Atle Skorpen |
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med legevakt i Os kommune 31. oktober 2005.
Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikt innanfor dei områda som tilsynet omfatta:
- Organisering og tilgjenge til legevakt gjennom heile døgnet
- Oppfølging etter legevaktbesøk
- Opplæring av personell tilknytt legevakt
Innbyggjarane i Os kommune har tilgjenge til lege gjennom heile døgnet. Tenesta er mykje brukt. Av alle konsultasjonar er det ein høvesvis liten del som gjeld akuttmedisinske tilstandar og tilstandar som hastar.
Legevaktordninga er sårbar. For å dekkja alle vakter leiger kommunen utanlandske legar og det er stor vaktbelastning på einskilde av fastlegane i kommunen. Ein del vakter, særleg helgevaktene, er travle. Vaktlegane har ikkje assistanse frå anna personell. Det er og uavklarte ansvarsforhold og mangelfull opplæring av personell som deltek i legevaktordninga. Personell ved legevaktsentralen har andre oppgåver som ikkje sjeldan gjer det vanskeleg både å kunne ivareta legevaktsentralen og pasientbehandling på ein god måte.
Ved tilsynet blei det påpeikt eitt avvik.
Dato: 5. desember 2005
|
Anne-Lisbeth Vabø revisjonsleiar |
Anne Grete Robøle revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med legevakttenesta i Os kommune 31. oktober 2005. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta undersøking av:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten omtalar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Os kommune har ti-delt legevakt. Ein av fastlegane har ansvaret for å setje opp vaktlister. Ti av legane i kommunen deltek i legevakttenesta. I periodar blir det leigd inn legar til å dekkje vakter, spesielt i samband med feriar og høgtider. Resten av året er det høvesvis korte periodar mellom kvar vakt for legane i kommunen. Einskilde legar tek svært mange vakter. Tenesta er og sårbar i høve til eventuell sjukdom og/eller om fleire legar skulle søkje om fritak frå å delta i legevakt.
Legevakttenesta blir mykje brukt. Logg ved legevaktsentralen viser at størstedelen av kontaktane til legevakt i oktober galdt tilhøve som kunne ha venta. Det var 11 oppringingar i kategorien ”hastar” og ein ”akutt”. I september var det fire oppringingar i kategorien ”akutt” og 10 ”hastar”.
Legevaktsentralen er lokalisert i behandlingsavdelinga på sjukeheimen. Avdelinga er ei korttidsavdeling med i alt 16 plassar. Seks av plassane skal vere for alvorleg sjuke og/eller personar som treng lindrande behandling. Ein sjukepleiar på kvar vakt har ansvar for legevakttelefonen og deltek i behandling og pleie av pasientane. På einskilde vakter er vedkomande einaste sjukepleiar på sjukeheimen.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 22. august 2005.
Oversikt over dokument som Os kommune har sendt over i samband med tilsynet, er oppførte i kapittel 7.
Opningsmøte blei halde 31. oktober 2005.
Intervju: Åtte personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 31. oktober 2005.
4. Kva tilsynet omfatta
- Organisering og tilgjenge til legevakt gjennom heile døgnet
- Oppfølging etter legevaktbesøk
- Opplæring av personell tilknytt legevakt
5. Funn
Avvik 1: Os kommune ser ikkje til at ansvar og rutinar som gjeld legevaktordninga er avklarte, kjende og følgde av dei som deltek i dette arbeidet
Avvik frå: Lov om helsetjenesten i kommunene § 1-3 a, jf forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 3, jf. § 4 a, c, g og h
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det er uklart kven som har ansvar for å sjå til at legevakttordninga er i samsvar med krav i helselovgjevinga.
- Nye legar får ikkje opplæring i legevaktsarbeid.
- Belastninga på einskilde vakter er stor, særleg i helger, og inneber at det er risiko for svikt i pasientbehandlinga. Lege på vakt får ikkje assistanse av anna personell.
- Einskilde legar har svært stor vaktbelastning. I september 2005 har ein lege hatt 16 vakter i tillegg til fastlegepraksis.
- Det er uklart kven som har ansvar for å leggje til rette for og ivareta samarbeid mellom legevaktlegane og personell ved legevaktsentralen.
- Legevaktlegar og legevaktsentralen er lite kjende med rutinane til kvarandre og det er få felles rutinar.
- Det er uklart kven som følgjer opp og ser til at legevaktsentralen fungerer i samsvar med føresetnadane.
- Personell som har ansvar for legevaktsentralen har samstundes ansvar for andre viktige oppgåver i tilknyting til behandling og pleie av til dels alvorleg sjuke og døyande pasientar på sjukeheimen. Ivaretaking av desse oppgåvene kjem jamleg i konflikt med å kunne svare raskt og utfyllande nok på telefonar til legevaktsentralen.
- Det er berre nytilsette som får opplæring i arbeidet ved legevaktsentralen. Det er ikkje lagt opp til fagleg oppdatering av personell som har vore tilsett i lengre tid.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
- Forskrift av 20. desember 2002 nr.1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 21. desember 2000 nr.1385 om pasientjournal
- Forskrift av 14. april 2002 nr. 328 om fastlegeordningen i kommunene
- Forskrift av 18. mars 2005 nr. 252 om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, motteken i samband med planlegging av tilsynet:
- Organisasjonskart administrative tilhøve Os kommune
- Organisering av dagberedskap/daglegevakt frå 1. juni 2001
- Orientering om opplæringsplan for personell knytt til legevakttenesta og legevaktsentralen
- Vaktlege i Os kommune, samarbeid med sjukepleiar på legevaktsentralen, datert 16. desember 2003
- Rutine når vaktlege er sjuk
- Oversikt over legar som deltek i vaktordning ved Os legevakt, stilling og tilsetjingstid
- Oversikt legevaktliste april - september 2005
- Oversikt over personell som arbeider ved legevaktsentralen pr. 12. oktober 2005
- Utdrag frå årsmelding Os kommune 2004
- Orientering om logg ved legevaktsentralen og korleis statistikk kan hentast ut
- Orientering om tidspunkt for prøvesending på alarm
- Os legevaktsentral. RBO – I. Lyninstruks i betjening, datert 6. april 1988
- Os legevaktsentral. Retningslinjer for drift, datert 26. mai 1988
- Os kommune. Legevaktordninga, datert 26. mai 1988
- Os kommune. Hjemesykepleien, datert 26. mai 1988
- Os kommune. Ambulansetjenesten, datert 26. mai 1988
- Os legevaktsentral. Os sjukeheim, datert 26. mai 1988
- Os legevaktsentral. Registrering av henvendelser, datert 26. mai 1988
- Os legevaktsentral. Spesielle varslings- og samarbeidsprosedyrer, datert 26. mai 1988
- Os legevaktsentral. Radiokommunikasjons ved beredskap. Systeminformasjon, datert 26. mai 1988
- Os legevaktsentral. Radioprosedyrer
- Os legevaktsentral i Os sykehjem. RBO-I betjeningsveiledning, datert 26. mai 1988
Dokumentasjon som blei motteken i e-post 18. november 2005
- Legevaktsentralen ved sjukeheimen, Luranetunet.
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
Logg frå legevaktsentralen for september og oktober 2005
Perm ”Legevaktsentralen rutiner”
- Bekymringsmelding som gjeld drift av legevaktsentralen, samarbeid med legane og bruk av auka ressursar i behandlingsavdeling, 29. september 2005
- Avviksmelding datert 28.oktober 2005
- Bruk av RBO-apparat, rutine datert 19. februar 2001
- Legevaktsentral. Telefonsvarar. Rutine datert 19. februar 2001
- Legevaktsentral. Betjent telefon/personsøkar. Rutine datert 19. februar 2001
- Legevaktsentral. Samarbeidspartnere. Rutine datert 19. februar 2001
- Prosedyre ved systemfeil
- Interkommunalt legevaktsamarbeid på natt kl. 23.00 – kl. 08.00. Dokument datert 25. oktober 2001
- Interkommunalt legevaktsamarbeid på natt kl. 23.00 – kl. 08.00. Tilleggsopplysningar.Dokument datert 28. november 2001
- Legevaktstasjon på Lurane på kveldstid og i helger. Behov for hjelpepersonell. Dokument datert 30. mai 2001
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn blei sendt i brev av 22. august 2005
- Dokumentasjon frå Os kommune blei motteken 17. oktober 2005
- Program for tilsynet blei oversendt til Os kommune i brev av 18. oktober 2005
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Bergstø, Anne |
Ass. Avd.sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Hansen, Lars Atle Skorpen |
Rådmann |
X |
X |
X |
|
Hauge, Margun |
Sjukepleiar |
|
X |
X |
|
Johnsen, Kari |
Avd.sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Leganger-Hansen Hans |
Lege |
|
X |
|
|
Lunde, Kristin |
Lege |
X |
X |
X |
|
Stangeland, Jan Rune |
Lege |
|
X |
|
|
Valle, Anne |
Einingsleiar pleie og omsorg |
X |
X |
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Arianson, Helga, fylkeslege
Danielsen, Bjørn, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, rådgjevar
Vabø, Anne-Lisbeth, ass. fylkeslege