Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.
|
Adressa til verksemda: |
Samnanger kommune, Rådhuset, 5650 Tysse |
|
Tidsrom for tilsynet: |
24. oktober 2005 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Administrasjonssjef Tone Ramsli |
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med legevakttenesta i Samnanger kommune den 24. oktober 2005.
Denne rapporten gjer greie for avvik og merknad som blei påpeikt innanfor dei områda tilsynet omfatta:
- Organisering og tilgjenge til legevakt gjennom heile døgnet
- Oppfølging av legevaktsbesøk
- Opplæring av personell tilknytt legevakta
Innbyggjarane i Samnanger kommune har generelt god tilgang til legevaktstenester gjennom heile døgnet, men ved tilsynet vart det funne at legevaktsnummeret ved nokre høve har vore ubemanna. I desse tilfella har innringjar fått melding frå ein telefonsvarar om å ringje 113. Vi har vidare påpeikt at opplæringa av personell ved legevaktsentralen kan betrast. Det vart ikkje avdekt forhold som tyder på at oppfølginga etter legevaktsbesøk var mangelfull.
Det er påpeikt eitt avvik og gitt ein merknad.
Dato: 21. desember 2005
|
Anne-Lisbeth Vabø revisjonsleiar |
Bjørn Danielsen revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn ved legevakttenesta i Samanger kommune den 24. oktober 2005>. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten omtalar avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Samnanger kommune har ca. 2300 innbyggjarar. Kommunen har mange turistar som ved enkelte høve har trong for helsehjelp, til dømes etter skader i tilknyting til bruk av skiheisane.
Legevakta i Samnanger har kontor i Samnanger helsetun på Haga. Legevaktsentralen er lokalisert i Samnangerheimen som ligg like i nærleiken. Legevakta og legevaktsentralen er plassert sentralt i kommunen.
Leiar for legevakta er kommunelege 1. Legevaktsordninga er firedelt og vert delt mellom kommunelege 1 og 2, turnuslege og ein tilsett vaktlege. I tillegg kan det være naudsynt med legevaktsvikarar ved permisjonar og liknande. Ved akutt sjukdom hjå vakthavande lege har legevakta eit samarbeid med legevakta i Fusa kommune. Dei tek over vaktområdet i desse situasjonane, men dette skjer sjeldan.
Ansvarleg for drifta ved legevaktsentralen er avdelingssjukepleiar ved Samnangerheimen. Legevaktsentralen er bemanna av tilsette ved Samnangerheimen etter ei oppsett vaktliste. Både sjukepleiarar og hjelpepleiarar har vakt ved legevaktsentralen. Vakthavande tek mot førespurnadar medan vedkommande er på ordinær vakt ved sjukeheimen.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 25. august 2005.
Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeven i kapittet 7.
Opningsmøte blei halde 24. oktober 2005.
Intervju: 8 personar blei intervjua.
Det blei gjennomført synfaring ved legevaktsentralen.
Sluttmøte blei halde 24. august 2005 .
4. Kva tilsynet omfatta
Under tilsynet har vi sett nærare på
- Organisering og tilgjenge til legevakt gjennom heile døgnet
- Oppfølging av legevaktsbesøk
- Opplæring av personell tilknytt legevakta
5. Funn
Avvik: Legevaktssentralen har ved nokre høve vore ubemanna
Avvik frå: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus § 10, bokstav a, jf. § 7, bokstav a
Avviket er basert på følgjande observasjon:
- Det blei opplyst i intervju at legevaktsnummeret ved nokre høve har vore ubemanna. Det har då vore nytta telefonsvarar med melding om å ringje 113. Telefonsvararen har etter det opplyste vore nytta tre gonger sidan i sommar.
Merknad: Opplæring av personell ved legevaktsentralen kan betrast
Merknaden er basert på følgjande observasjon:
- Ved gjennomgang av logg ved legevaktsentralen og opplysningar i intervju kom det fram at det er ulik praksis og ulike oppfatningar om alle andre oppringingar til legevaktsentralen enn reseptar og sjukemeldingar skal formidlast til lege. Det er ikkje gitt felles opplæring eller retningsliner for korleis oppringingar eventuelt bør sorterast.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 18. mars 2005 nr. 252 om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, motteken i samband med planlegging av tilsynet.
- Gjeldande administrativ organisering for eining for helse
- Ny organisasjonsmodell for eining for sosial og helse som er vedteken av kommunestyret og er gjort gjeldande frå 1. januar 2006
- Sjekkliste for vikarar og nye legar
- Rettleiing/prosedyre for bruk av naudsamband (RBO)
- Oppkall til vakthavande lege, sist oppdatert 6. mai 2004
- Lege- og ambulansealarm, sist oppdatert 6. mai 2004
- Oppkall til ambulansemannskap, sist oppdatert 6. mai 2004
- Redningsalarm, sist oppdatert 6. mai 2004
- Prøvealarm, sist oppdatert 6. mai 2004
-Sambandssjekk
- Rettleiing for bruk av telefonsvarar når sentralen er ute av drift
- Oversikt over operatørane ved Samnanger legevaktsentral
- Vaktliste for legevaktslegane for perioden frå april til september 2005
- Statistikk for Samanger legevaktsentral for 2004
- Statistikk for Samanger legevaktsentral for dei 6 første månadane i 2005
- Kopi av skjema for logg ved Samnanger legevaktsentral
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Logg frå legevaktsentralen for dei siste to månader forut for tilsynet
- Rettleiing til operatør ved Samnanger legevaktsentral frå februar 2000
- Rettleiing i høve til helsepersonell ved samarbeid mellom legevaktsentral og andre naudetatar av 31. august 1996
- Bruksrettleiing for bærbar radio
- Samanger legevaktsentral
- Radioprosedyre, lyninstruksjon
- RBO 2
- RBO 2 betjent frå SB apparat, lyninstruksjon
- Vegleiing til operatør ved Samanger legevaktsentral – oppsummering av innarbeida rutinar
- Prosedyrar ved systemfeil
- Sjekkliste RBO-enhet / SB-apparat
- Sjekkliste RBO-enhet / SB-apparat
- Prosedyre for test av RBO etter tordenvær
- RBO vedlikehaldsprosedyre for driftspersonale
- Legevaktsentral i XXX kommune - betjeningsveileder datert 22. mars 1994
- SamCom helseradiosystem - generell informasjon
- Opplæringshefte Samnanger legevaktsentral frå oktober 2005
- Retningslinjer for legevaktsarbeid i Samnanger kommune
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn blei sendt i brev av 29. august 2005
- Dokumentasjon frå Samnanger kommune blei motteken 26. september og 11. oktober 2005
- Program for tilsynet blei oversendt Samnanger kommune i brev av 17. oktober 2005
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Dyrseth, Iselin |
Kommunelege 1 |
X |
X |
X |
|
Gunleiksrud, Elisabeth |
Turnuslege |
X |
X |
X |
|
Langeland, Trine |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Norup, Jacob |
Kommunelege 2 |
X |
X |
X |
|
Odland, Elisabeth |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Ramsli, Tone |
Administrasjonssjef |
|
|
X |
|
Steinsland, Wenche |
Ass. avd. sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Vevle, Ingunn |
Hjelpepleiar |
X |
X |
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Danielsen, Bjørn, rådgjevar
Robøle, Anne Grethe, rådgjevar
Vabø, Anne Lisbeth, ass. fylkeslege