Fylkesmannen i Hordaland
|
Adressa til verksemda: |
5701 Voss |
|
Tidsrom for tilsynet: |
20.03.06 – 21.03.06 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Finn Rasmussen |
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda – spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn i Voss kommune 20. – 21. mars 2006. Tilsynet vart utført som systemrevisjon. Fylkesmannen har under tilsynet hatt merksemd på korleis kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting med minst mogeleg bruk av tvang og makt, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod blir endra i samsvar med endring i hjelpebehov.
Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som blir påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Om kommunen sikrar at tenestemottakar får eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endra hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.
- Om kommunen sikrar utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d for personar med psykisk utviklingshemming utan bruk av tvang og makt i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.
Det vart under tilsynet funne grunnlag for følgjande avvik:
- Voss kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A
Fylkesmannen i Hordaland fann ikkje grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.
Dato: 04.05.06
|
Vibeke Herskedal revisjonsleiar |
Torill Vebenstad revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Voss kommune i perioden 20. – 21.mars 2006. Revisjonen er ein del av det landsomfattande tilsyn med bruk av tvang og makt mot personar med psykisk utviklingshemming som Statens Helsetilsyn har fastsett skal gjennomførast for 2006 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda – spesielle forhold
Forvaltningskontoret i kommunen har ansvar for å tildele tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a, b og d og til å tildele plass ved Liahagen aktivitets- og arbeidssenter. Sosialavdelinga i kommunen har ansvar for å tildele tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav c (støttekontakt). Ansvar for tenestetilbodet til personar med psykisk utviklingshemming er lagt til pleie og omsorg – heimetenesta, som er delt inn i seks tenestestader, sone 1 til sone 6 og sosialavdelinga. I sone 2 til sone 5 vert det ytt tenester til personar med psykisk utviklingshemma som bur i eigen bustad (6 bufellesskap), til saman 24 personar. Det vert ytt avlastning til 10 personar som kjem frå foreldreheimen frå sonene 1-6.
I sone 6 vert det ytt tenester til 30 personar med psykisk utviklingshemming som bur i eigen bustad eller i foreldreheimen. Det bur 5 personar med psykisk utviklingshemming på sjukeheim og 1 person på aldersheim.
Fylkesmannen i Hordaland hadde i forkant av tilsynet møte med Helse Bergen v/Habiliteringstenesta og telefonsamtaler med representant frå Voss NFU (Norsk forbund for Utviklingshemmede).
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 19.01.06. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 20.03.06.
Intervju
3 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 21.03.06.
4. Kva tilsynet omfatta
I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda vert lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mogeleg bruk av tvang og makt jf § 4A-4, og om tenestemottakar sitt tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endring i hjelpebehov.
Tilsynet omfatta følgjande område:
Område 1:
- Om kommunen sikrar at tenestemottakar får eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endra hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.
Område 2:
- Om kommunen sikrar utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d for personar med psykisk utviklingshemming utan bruk av tvang og makt i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.
5. Funn
Område 1:
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for avvik eller merknader på dette område.
Område 2:
Avvik:
Voss kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i sosialtenestelova kapittel 4A
- Avvik frå:
Lov om sosiale tenester §§ 4A-4 jf 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4 bokstav c og g
Kommentar: I lov om sosiale tenester § 4A-4 er det bestemt at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mogeleg bruk av tvangstiltak. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Slik nødvendig opplæring kan vere grunnleggjande opplæring for personell som ikkje har gjennomgått nokon opplæring i lov om sosiale tenester kapittel 4 og 4A, slik som til dømes støttekontaktar, personar som yter tenester i private heimar, under dette til dømes avlastning, og det kan være vidareutdanning eller etterutdanning for personell som treng kunnskap for å ajourføre eller vidareutvikle sine kunnskapar for det arbeidet dei skal utføre.
Avviket bygger på følgjande observasjonar:
- Kommunen har delt ansvaret for sakshandsaming og tildeling av tenester til personar med utviklingshemming etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d på fleire fagavdelingar utan å sikre at dei som utfører oppgåvene har tilstrekkeleg kunnskap om reglane i kapittel 4A
- Det er ikkje tilstrekkeleg kjent i verksemda kven som er overordna fagleg ansvarleg i høve lov om sosiale tenester kapittel 4A, og kva oppgåver som ligg til denne funksjonen
- Det er ikkje gitt opplæring i reglane om bruk av tvang og makt i kapittel 4A til alle som har ansvar for, tildeler og utfører tenester til personar med psykisk utviklingshemming
- Det vert nytta epilepsialarmar knytt til to tenestemottakarar utan at det er føretatt vurderingar opp mot reglane i kapittel 4A
Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for merknader på dette område.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tenester av 13.12.91, kapittel 4 og 4A
- Lov av 10 februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Forskrift av 20.desember 2002 nr. 1731 i sosial- og helsetenesta
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgssektoren
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart for kommunalavdeling Helse og sosiale tenester
- Klargjering – intern ansvarseling, forvaltningskontoret datert 01.03.05
- Internkontroll for sosialtenestelova kap. 4A datert 01.01.05
- Internkontroll for opplæring i lov om sosiale tenester kapittel 4A – udatert
- Skjema - enkeltmelding om skadeavverjande tiltak i naudsituasjon
- Områdeorganisering i pleie- og omsorgstenesta, rapport skiping av forvaltningskontor – udatert
- Prosedyre forvaltningskontor – søknad og vurdering av denne - udatert
- Områdeorganisering i pleie- og omsorgstenesta – funksjonsomtale leiar forvaltningskontor – udatert
- Områdeorganisering i pleie- og omsorgstenesta – funksjonsomtale medarbeidar forvaltningskontor – udatert
- Forvaltningskontor for pleie- og omsorgstenester – rutinar – datert 01.11.05.
- Søknad om pleie- og omsorgstenester
- Oversikt på tenestestadar/einingar der det bur psykisk utviklingshemma
- Økonomireglement for Voss kommune - 2005
- Ny organisering av pleie- og omsorgssektoren – datert 18.12.03
- Internt notat – delegering av avgjerdsrett – datert 17.01.96
- Politisk organisering – vedteken i noveber1995 med justeringar frå august 1999
- Administrativ organisering – vedteken i mars 2002 med endringar i oktober 2003
- 8 stk. enkeltvedtak om tildeling av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d
- 2 stk enkeltvedtak om tildeling av tenester etter lov om helsetenester i kommunen § 2-1
- 3 stk individuelle planar
- 5 stk enkeltmeldingar om skadeavverjande tiltak i naudsituasjon
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Sone 2 – Lekvebakken bufellesskap og Lekvebakken avlastningsheim: Gjennomgang av 7 mapper/journaler
- Sone 3 – Skulestadvegen og Skulestadtunet bufellesskap: gjennomgang av 4 mapper/journaler
- Sosialavdelinga: Gjennomgang av 5 mapper/journaler
- Samla saksframstilling og avtale inngått av kommunen knytt til to tenestemottakarar som bur i privat bustad - udatert
- Funksjonsbeskriving soneleiar - udatert
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Revisjonsvarsel datert 19.01.06
- Oversending av dokumenter frå kommunen motteke den 24.02.06
- Utsending av program for revisjonen pr. e-post datert 09.03.06
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Magne Vassenden |
Kommunalsjef |
X |
X |
X |
|
Kari Bonsaksen |
Leiar forvaltningskontoret |
X |
X |
X |
|
Finn Rasmussen |
Fagkonsulent forvaltningskontoret |
X |
X |
X |
|
Ingebrigt Gammersvik |
Fung. leiar sosialavdelinga |
X |
X |
X |
|
Frode Steen Olsen |
Sakshandsamar sosialavdelinga |
|
X |
X |
|
Siv Elin Kjønaas |
Soneleiar – sone 3 |
X |
X |
X |
|
Marianne Melve |
Vernepleiar – sone 3 |
X |
X |
X |
|
Ingunn Dale Neset |
Hjelpepleiar – sone 3 |
X |
X |
X |
|
Gullborg O. Rekve |
Soneleiar – sone 2 |
X |
X |
X |
|
Aslaug Fardal |
Vernepleiar – sone 2 |
X |
X |
X |
|
Sigrunn Mossefin |
Hjelpepleiar – sone 2 |
X |
X |
X |
|
Gunn Hirt |
Assistent – sone 2 – Lekvebakken avlastningsbustad |
X |
X |
X |
|
Gro Elin M. Helle |
Aktivitør – sone 2 – Lekvebakken avlastningsbustad |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Vibeke Herskedal, revisjonsleiar
Torill Vebenstad
Ellen H. Arrestad