Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Lindås kommune Kverhusmyrane 41 5914 Isdalstø |
|
Tidsrom for tilsynet: |
19. mai 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Kommunalsjef Lillian Næss Brundtland |
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Lindås kommune, Knarvik sjukeheim, post 2, den 19. mai 2006.
Denne rapporten gjer greie for merknaden som blei gitt innanfor dei områda som tilsynet omfatta:
- Utgreiing av aldersdemens
- Legemiddelbehandling av pasientar
Pasientar med diagnosen aldersdemens som er innlagt i post 2, er utgreidde. Ved mistanke om aldersdemens er det etablert praksis for å setje i verk nærare utgreiing og diagnostikk.
Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik.
Det blei gitt ein merknad:
- Det bør vurderast å iverksetje regelmessig legemiddelgjennomgang
Dato: 12. juni 2006
|
Magnar Kleppe revisjonsleiar |
Anne Grete Robøle revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Lindås kommune, Knarvik sjukeheim, post 2, den 19. mai 2006. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten omtalar merknaden som blei gjeven og gjev difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Knarvik sjukeheim er inndelt i ei korttidsavdeling 12 plassar og to langtidsavdelingar, post 1 og 2, kvar av einingane har 29 plassar. Kvar avdeling skal ha eigen sjukeheimslege i 20 % stilling. Då tilsynet blei gjennomført, hadde post 2 ikkje fast lege og nytta dei to andre legane ved sjukeheimen til å vurdere einskilde pasientar.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 15. mars 2006.
Opningsmøte blei halde 19. mai 2006.
Intervju:
Seks personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 19. mai 2006.
Oversikt over dokument som blei tilsende i samband med planlegging av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet er oppført i kapittel 7.
4. Kva tilsynet omfatta
- Utgreiing av aldersdemens
- Legemiddelbehandling av pasientar
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik.
Merknad:
Det bør vurderast å iverksetje regelmessig legemiddelgjennomgang
Merknaden byggjer på følgjande:
- Det blei opplyst i intervju at det ikkje regelmessig blir gjennomført tverrfagleg gjennomgang av iverksett legemiddelbehandling.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
- Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon oversendt frå Lindås kommune i samband med planlegging av tilsynet:
- Organisasjonskart Lindås kommune
- Notat om administrativ organisering i kommunen
- Organisering av Knarvik sjukeheim, oversyn over postar, plassar i kvar post og namn på avdelingsleiarar
- Kvalitetssikring av pleie og omsorg, skriv av 21. mai 2001 frå rådmannen
- Oversyn over skriftlege dokument som inngår i ”Kvalitetssystem for pleie og omsorg Lindås kommune”, mai 2003
- Delegasjonsreglement for Lindås kommune
- Retningsliner for medikamenthandtering ved Knarvik sjukeheim, Lindås sjukeheim, Lindås Bu- og servicesenter og Såta Bu- og servicesenter
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
- Pasientjournalar til pasientar ved post 2 (29).
- Dokument som blei lagt fram ved tilsynet:
- Delegasjonsreglement for pleie- og omsorgstenester i Lindås kommune, datert 1. mai 2006
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn, brev av 15. mars 2006
- Dokumentasjon frå Lindås kommune, brev av 6. april og 25. april 2006 med vedlegg
- Oversending av program for tilsynet, brev av 2. mai 2006
- Oversending av korrigert program for tilsynet, brev av 8. mai 2006
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Brundtland, Lillian Næss |
Kommunalsjef |
X |
|
X |
|
Eide, Margunn |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Fauskanger, Hanne T. |
Rådgjevande farmasøyt |
X |
|
X |
|
Malmquist, Peter |
Sjukeheimslege |
|
X |
|
|
Mørch, Steinar |
Sjukeheimslege |
X |
X |
X |
|
Røskeland, Aud Marit |
Avdelingsleiar |
X |
X |
X |
|
Smådal, Solfrid |
Avdelingssjef |
X |
X |
X |
|
Totland, Kristine |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Kleppe, Magnar, seniorrådgjevar, Statens helsetilsyn, revisjonsleiar
Robøle, Anne Grete, underdirektør, Helsetilsynet i Hordaland
Steen Merethe, seniorrådgjevar, Statens helsetilsyn