Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 153, 6851Sogndal |
|
Tidsrom for tilsynet: |
Onsdag 14. juni 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Clara Øberg |
|
Regelverk: |
- Lov om sosiale tenester (Lost)
- Lov om spesialisthelsetenester
- Lov om pasientrettar
- Forskrift om internkontroll i h/s-tenesta
- Forvaltningslova
- Forskrift om individuell plan
|
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Om verksemda - særlege tilhøve
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte område og funn
6. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Det vart utført tilsyn med Sogndal kommune sitt tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar generelt. Tilsynet retta seg mot kommunen si plikt til å gi opplysning, råd og rettleiing, innretning og tilgang på støttetiltak, mellombels husvære og rettssikring av tilgangen på støttetiltak.
Fylkesmannen fann at Sogndal kommune har informasjonsmateriell om kva tilbod, hjelp og ordningar som gjeld for rusmiddelmisbrukarar liggjande på venterom og i felleslokale i helse- og sosialsenteret. I intervjua vart det opplyste at sosialtenesta har aktivt samarbeid med andre deler av helse- og skuletenesta, samt frivillige organisasjonar for å informere om tenester som gjeld denne gruppa. Innbyggjarane i Sogndal kommune kan såleis sjølve finne informasjon, eller verte informert av andre tenesteytarar i kommunen, om tilboda som finnes.
Vidare har sosialtenesta ein ”støttekontaktbank” med relativt god tilgang på støttekontaktar. I tillegg oppfordrar dei aktiv egna personar til å ta treningskontaktopplæring. Dette er ei ordning som sosialtenesta er særleg egna for rusmiddelmisbrukarar. Sakshandsamingstida for alle typar saker går fortløpande, og ein sikrar at støttetiltak er klart når vedtaket vert fatta. Sosialtenesta opplyser om at munnlege søknader vert skrivne ned og sakshandsama på vanleg måte. Vidare har sosialtenesta tett samarbeid med psykiatritenesta, og mange brukarar har nytte at dette samarbeidet, og tilbodet vert tilpassa søkjarane sine behov.
Fylkesmannen fann såleis ingen avvik eller merknader på dette området.
Tilsynet retta seg også mot tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering, herunder oppfølging i behandlingsopplegg og nødvendige tiltak ved avslutting av institusjonsopphald.
Her opplyste alle at det ser ut til å skjedd ei endring etter at rusreforma trådde i kraft. Den siste brukaren dei hadde søkt til institusjonsbehandling, var på nyåret i 2004. Dei har rutinar for korleis følgje opp brukarar i institusjon, og erkjende at dei hadde ansvar for å følgje opp i forhold til institusjonen. Sogndal kommune kunne ikkje komme med nokon forklaring på kvifor dei ikkje hadde hatt søkjarar i dette tidspunktet. Ein var innom årsaker som at flok kjenner til den lange ventetida på institusjonsplass (1 år), eller at folk går direkte til lege og at sosialtenesta ikkje vert kopla inn. Ei anna forklaring kan vere at psykiatrisk poliklinikk vert nytta meir i staden for innlegging, eller at det er ein ”stille” periode.
Fylkesmannen fann vidare at ansvar og mynde er klårt plassert og dei tilsette kjenner til kva som er sine ansvars- og arbeidsoppgåver i høve til rusmiddelmisbrukarar.
Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknad på dette området.
Dato: 29.06.06
|
Petter Øgar fylkeslege |
Kari Vold Olsen rådgjevar
|
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Sogndal kommune 14. juni 2006. Revisjonen inngår som ein del av Fylkesmannen sin årlege tilsynsaktivitet.
Føremålet med tilsynet er å avklare korleis kommunane sikrar at relevante tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova vert gjort tilgjengeleg for og vert ytt til rusmiddelmisbrukarar. Det skal undersøkjast om føremåla i sosialtenestelova vert fremma og om aktuelle målkrav vert etterlevd.
Ein systemrevisjon blir gjennomførd ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber her å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekka under revisjonen.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.
2. Om verksemda - særlege tilhøve
KOSTRA-tal for Sogndal viser at kommunen har hatt slike netto driftsutgifter til
”Tilbod til personar med rusproblem”: 2003: kr -12.000, 2004: kr 28.000, 2005: kr 134.000 kr.
I år 2005 nytta kommunen i følgje KOSTRA 0,50 årsverk til stillingar med tilbod til personar med rusproblem. For 2003 og 2004 var det brukt 0,40.
3. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda sjølv:
- Delegasjonsreglement, politisk og administrativt
- Ruspolitisk handlingsplan 2003-2007
- Organisasjonskart
- Aktuelle prosedyrar og rutinar
- Diverse informasjonsmateriell
- Bustadsosial handlingsplan 2006-2010
- 7 meldingar om vedtak til personar med rusmiddelproblem
- Oversyn over tilsette med ansvar for/som arbeider med rusmiddelproblematikk
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart send ut 06.03.06 med tilsyn 14. juni.
Opningsmøte vart halde 14. juni 2006 kl. 09.00.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde på staden:
Gjennomgang av 3 journalar der vi såg etter opplysningar om:
1. Råd og rettleiing til personar med rusproblem jf Lost § 6-1/4-1
2. Ulike støttetiltak jf Lost 6-1/4-2
3. Mellombels husvære jf Lost 3-4/4-5
4. Tilbod om institusjonsbehandling jf Lost 6-1
6. Vedtak om tildeling av tenester
7. Individuelle planar
Sluttmøte kl. 15:00.
5. Reviderte område og funn
Område 1: Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar
1A. Opplysning råd og rettleiing
1B. Innretting og tilgjenge av støttetiltak
1C. Rettssikring av tilgangen på støttetiltak
1D. Mellombels husvære med kvalitetskrav
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
Område 2: Tenester overfor rusmiddelmisbrukarar under rehabilitering
2A. Oppfølging i behandlingsopplegg
2B. Naudsynte tiltak ved avslutning av eit institusjonsopphald
Det kom ikkje fram opplysningar som gjev grunnlag for avvik eller merknader på området.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
|
Namn |
Stilling |
Opnings-møte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Evy Flygheim |
Konsulent i psykiatritensta |
x |
x |
x |
|
Elmer Sjøvoll |
sakshandsamar |
x |
x |
x |
|
Liv Berit Nondal |
sakshandsamar |
x |
x |
x |
|
Inger Pedersen |
kommunalsjef |
x |
x |
x |
|
Clara Øberg |
Tenesteleiar sosial, barnevern og psykiatri |
x |
x |
x |
Frå Fylkesmannen deltok:
Arne Røyrvik, revisor
Kari Vold Olsen, revisjonsleiar
Leikanger, 30.06.06