Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Fjell kommune Postboks 7700 5020 Bergen |
|
Tidsrom for tilsynet: |
17. oktober 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Omsorgssjef Line Barmen |
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Fjell kommune, Fjell sjukeheim 17. oktober 2006. Tilsynet omfatta følgjande område:
- Utgreiing av alders demens
- Legemiddelbehandling
- Journalføring
Tilsynet var avgrensa til somatisk avdeling og blei utført som systemrevisjon. Avdelinga blir i stor grad nytta til korttidsopphald til behandling av alvorleg sjuke, avlasting og utgreiing av vidare behov for helsehjelp. Inneverande år er tid for sjukeheimslegar utvida til to dagar per veke og bemanninga er elles styrkt med tre stillingsheimlar.
Det kom ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for å påpeike avvik eller gje merknader. Rutinar og tiltak som skal sikre at det blir gjort ei forsvarleg utgreiing og behandling av aldersdemens er kjende og følgde. Legemiddelbehandling blir jamleg revurdert. Helsepersonellet fører elektronisk pasientjournal. Journalen er oppdatert. Leiinga følgjer med på at gjeldande rutinar er føremålstenlege og blir følgde.
Dato: 7. november 2006
|
Anne Grete Robøle revisjonsleiar |
Laila Nordheim Alme revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fjell kommune, Fjell sjukeheim, somatisk avdeling den 17. oktober 2006. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten er inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Ved dette tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Fjell sjukeheim har to avdelingar med til saman 45 plassar. Avdeling for demente har 10 plassar. Plassane i somatisk avdeling blir i stor grad nytta til korttidsopphald etter sjukehusopphald eller til pasientar innlagt frå heimen for terminal pleie, avlasting eller nærare kartlegging av behov for helse- og omsorgstenester med sikte på tildeling og oppfølging på rett omsorgsnivå.
Somatisk avdeling tek kvar veke inn om lag tre nye pasientar til korttidsopphald, og skriv ut om lag like mange. På bakgrunn av stor utskifting av pasientar er bemanninga styrkt med tre stillingsheimlar. Frå 1. august i år er tida for sjukeheimslege utvida slik at det no er to legar som kvar er ved sjukeheimen ein dag for veka.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 17. august 2006.
Dokumentgjennomgang ved sjukeheimen: 16. oktober 2006.
Opningsmøte blei halde 17. oktober 2006.
Intervju: 7 personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 17. oktober.
Oversikt over dokumentasjon som blei tilsendt i samband med førebuing av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet er oppført i kapittel 7.
4. Kva tilsynet omfatta
- Utgreiing av aldersdemens
- Legemiddelbehandling
- Journalføring
5. Funn
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gav grunnlang for å påpeike avvik eller gje merknader, jf. definisjonar i kapittel 1.
Tilsynet har elles merka seg: Opplysningar som kom fram ved gjennomgang av skriftelege prosedyrar, intervju og gjennomgang av eit utval pasientjournalar tilseier at:
Sjukeheimslegar og pleiepersonell samarbeider om behandling og oppfølging av pasientane. Ansvar er avklart. Rutinar for utgreiing av aldersdemens følgjer gjeldande faglege retningsliner. Legemiddelbehandling blir regelmessig revurdert. Alt helsepersonell fører elektronisk pasientjournal. Pasientjournalen er oppdatert, t.d. om indikasjon for igangsetting av legemiddelbehandling, endring eller seponering av legemiddel.
Leiinga følgjer med på at etablerte rutinar er føremålstenlege og følgde.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
- Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå Fjell kommune og Fjell sjukeheim oversendt i samband med førebuing av tilsynet:
1. Organisasjonskart for Fjell kommune, omsorgstenesta og Fjell sjukeheim
2. Delegasjonsreglement Fjell kommune
3. Administrasjon ved Fjell sjukeheim
4. Opplysningar om Fjell sjukeheim
5. Ansvar og oppgåver for sjukeheimslege ved Fjell sjukeheim
6. Opplysningar om utgreiing av demens med Fjell sjukeheim, datert 12. september 2006
7. Opplysning om pasientjournalsystem
8. Arbeidsoppgåver avdelingssjukepleiar
9. Samarbeid mellom Fjell sjukeheim og ergo- og fysioterapitenesta i Fjell kommune
10. Prosedyre for legemiddelhandtering i Fjell kommune, datert 1. mai 2005
11. Handlingsplan 2006 for Fjell sjukeheim
12. Opplæringpslan for planperioden 2003 – 2006
13. Årshjul for Fjell sjukeheim 2006
14. Medikamentkort
15. Namn på sjukepleiarar og hjelpepleiarar ved Fjell sjukeheim
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
17 pasientjournalar
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn, brev av 17 august 2006 frå Helsetilsynet i Hordaland til Fjell kommune
- Opplysningar frå Fjell kommune, Fjell sjukeheim, brev av 13. september 2006 med vedlegg til Helsetilsynet i Hordaland
- Opplysningar frå Fjell kommune, Fjell sjukeheim, brev av 28. september 2006 med vedlegg til Helsetilsynet i Hordaland
- Program for tilsynet, brev av 5. oktober 2006 frå Helsetilsynet i Hordaland til Fjell kommune
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Barmen, Line |
Omsorgssjef |
X |
|
X |
|
Bjerke, Else |
Hjelpepleiar |
X |
X |
X |
|
Bårtvedt, Ove |
Sjukeheimslege |
X |
X |
X |
|
Geitanger, Marit |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Handal, Jorunn |
Avdelingssjukepleiar, somatisk avdeling |
X |
X |
X |
|
Handal, Terje |
Helsesjef |
X |
|
X |
|
Ingebrigtsen, Ingrid Alice |
Avdelingssjukepleiar, avdeling for demente |
X |
|
X |
|
Knapskog, Irene |
Styrar |
X |
X |
X |
|
Moen, Liv |
Leiar for ergo-og fysioterapitenesta |
|
|
X |
|
Mæland, Håvard |
Sjukeheimslege |
X |
X |
X |
|
Nesse, Steinar |
Rådmann |
X |
|
X |
|
Strømø, Rigmor |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Tyssøy, Edel Landro |
Soneleiar - Sone Sotra |
X |
|
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Alme, Laila Nordheim, fylkessjukepleiar
Barstad, Henrik, sakkunnig lege, geriater
Robøle, Anne Grete, underdirektør, leiar
Vabø, Anne-Lisbeth, ass. fylkeslege