Helsetilsynet i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
5640 EIKELANDSOSEN |
|
Tidsrom for tilsynet: |
2. november 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Gerd Syvertsen |
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa kommune 2. november 2006. Tilsynet omfatta følgjande område:
- Utgreiing av aldersdemens
- Legemiddelbehandling
- Journalføring
Tilsynet var avgrensa til langtidsavdelinga og miljøavdelinga for demente, og blei utført som systemrevisjon.
Det kom ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for å påpeike avvik eller gje merknader. Rutinar og tiltak som skal sikre at det blir gjort ei forsvarleg utgreiing og behandling av aldersdemens er kjende og blir følgde. Legemiddelbehandlinga blir vurdert. Journalen er oppdatert og inneheld vurderingar av igangsette tiltak. Leiinga følgjer med på at gjeldande rutinar er føremålstenlege og blir følgde.
Dato: 1. desember 2006
|
Laila Nordheim Alme revisjonsleiar |
Anne-Lisbeth Vabø revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa kommune 2. november 2006. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Fusa Bu - og behandlingssenter er delt inn i tre avdelingar med i alt 33 bebuarar. Langtidsavdelinga har 12 plassar, miljøavdelinga har 11 plassar og korttids - og rehabiliteringsavdelinga har 10 plassar og to rehabiliteringsbustadar. Pasientar vert utgreia for aldersdemens både på korttids - og rehabiliteringsavdelinga og på miljøavdelinga. Sjukeheimslegen har klientretta arbeid på sjukeheimen ein dag i veka og deltek i tillegg på eit målmøte annankvar veke. Pasientjournalen er delvis elektronisk og delvis papirbasert.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 11. september 2006
Opningsmøte blei halde 2. november 2006
Dokumentgjennomgang ved sjukeheimen 2. november 2006
Intervju: 6 personar blei intervjua (inkludert 1 telefonintervju 23.10.2006)
Sluttmøte 2. november 2006.
Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og gjennom gått under tilsynet, er gjeven i kapittel 7 (Dokumentunderlag).
4. Kva tilsynet omfatta
- Utgreiing av aldersdemens
- Legemiddelbehandling
- Journalføring
5. Funn
Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som gav grunnlag for å påpeike avvik eller gje merknader, jf. definisjonar i kapittel 1.
Kommentar: Opplysningar som kom fram ved gjennomgang av skriftelege prosedyrar, intervju og eit utval pasientjournalar tilseier at:
- Utgreiing og oppfølging av aldersdemens skjer i eit samarbeid mellom sjukeheimslege, pleiepersonell og Olaviken alderspsykiatriske sykehus og følgjer gjeldande faglege retningsliner.
- Legemiddelbehandling blir vurdert og revurdert.
- Pasientjournalen er oppdatert med omsyn til indikasjon for igangsetting, endring eller avslutning av legemiddelbehandling.
- Leiinga følgjer med på at etablerte rutinar er føremålstenlege og blir følgde.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
- Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 om sykehj. og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon mottatt frå Fusa kommune, Fusa bu- og behandlingssenter datert 09.10.2006:
- Organisasjonskart over Fusa kommune
- Organisasjonskart over FBBS med tal plassar
- Oversikt over tilsette på den einskilde avdeling, stillingsprosent og når dei blei tilsette
- Oversikt over tilsette, stilingsprosent og når dei blei tilsette på kjøkken, reinhald/ vaskeri og hos psykiatrisk brukar
- Innhaldsoversikt over interkontrolldokumenta ved FBBS
- Opplysningar om sjukeheimslege
- Stillingsomtale for avdelingssjukepleiar, fagutviklingssjukepleiar, legevaktsentralansvarleg og institusjonsleiar
Dokumentasjon frå Fusa bu- og behandlingssenter mottatt 19.10.2006
- Medikamentkort
- Årsplan FBBS
- Møteplan og undervisning, haust 2006
- Inntaksnemnda, Fusa kommune
- Inntakskriterier – Fusa bu- og behandlingssenter
- Inntakskriterier – Eikhovdaheimen
- Utskriving av pasient frå korttids – rehabiliteringsavdelinga
- Sjekkliste for mottak av ny pasient til korttids – rehabiliteringsavdelinga
- Rutinar ved legevisitt ved Fusa bu- og behandlingssenter
- Rutine for legar som er på legebesøk ved FBBS
- Akuttralle
- Journalføring
- Avvikshandsaming
- Velkomen som medarbeidar
- Sjekkliste for opplæring av nytilsette
- Rutinar for informasjon til og samarbeid med pårørande
- Miljøavdelinga ved FBBS
- Formuleringar i lovverk, informasjon, samtykke
- Døgnrytme miljøavdeling, dag og kveld
- Primærkontakten sitt ansvar på miljøavdelinga
- Demensteamet i Fusa kommune (innhaldsliste til eigen perm, heilt ny)
- Mal til rutinar for utgreiing av demens
- Brosjyre Demensteamet i Fusa kommune
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
- 17 pasientjournalar
- Legevisittbok
- Sjukepleiardokumentasjon frå langtidsavdelinga og miljøavdelinga
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:
- Melding om tilsyn, brev av 11. september 2006 til Fusa kommune frå Helsetilsynet i Hordaland
- Tilsendt dokumentasjon, brev av 9. oktober 2006 frå Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa kommune til Helsetilsynet i Hordaland
- Tilsendt dokumentasjon, brev av 19. oktober 2006 frå Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa kommune til Helsetilsynet i Hordaland
- Program for tilsynet , brev av 23. oktober 2006 til Fusa kommune frå Helsetilsynet i Hordaland
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Berge, Anne-Siv |
Vernepleiar |
X |
X |
X |
|
Dominguez, Celso |
Sjukeheimslege |
|
X |
X |
|
Landøy, Ragnhild |
Sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Snilstveit, Solgunn |
Avdelingsleiar |
X |
X |
X |
|
Syvertsen, Gerd |
Institusjonsleiar |
X |
X 23.10.2006 |
X |
|
Træland, Karen |
Avdelingsleiar |
X |
X |
X |
|
Flatebø, Bernt |
Helse- og sosialsjef |
X |
|
X |
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Anne-Lisbeth Vabø, ass. fylkeslege
Åshild Gjellestad, fylkessjukepleiar
Laila Nordheim Alme, fylkessjukepleiar/ revisjonsleiar