Helsetilsynet i Hordaland
|
Adressa til verksemda: |
Postboks 2170, 5504 Haugesund |
|
Tidsrom for tilsynet: |
12. — 13. desember 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Seksjonsleiar Svein Jensen |
Innhald
Samandrag
1. lnnleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.
Tilsynet var innretta mot Klinikk for akuttmedisin, Seksjon for ambulanse og sjuketransport og ambulansestasjonane i Ølen og Sauda.
Systemrevisjonen omfatta følgjande:
- At personell på bilambulanse har kompetanse og utstyr og får medisinsk fagleg rettleiing il å gje nødvendig behandling og oppfølging på skadestad og under transport.
- At ansvarsforhold imellom kommunal legevakt og ambulansetenesta er avklart og at det blir øvd på samhandling med kommunale tenester i akuttsituasjonar.
- At samtidige hendingar som krev utrykking med ambulanse blir forsvarleg handterte.
Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader i høve til krav i helselovgjevinga.
Leiinga i seksjonen ser til at personell på ambulansane har nødvendig kompetanse, utstyr og rettleiing slik at ulike tilstandar og situasjonar kan handterast forsvarleg. Ansvarsforhold mellom legevaktlegar og ambulansepersonell er avklart. Personell ved ambulansestasjonane deltek i ulike øvingar. Frå 2007 blir øvingar med legevaktiegar intensivert. Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som tilseier at samtidige hendingar som krev utrykking med ambulanse, ikkj e blir handterte forsvarleg.
Dato: 10. januar 2007
Magnar Kleppe revisjonsleiar |
Anne Grete Robøle revisor |
1. lnnleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Helse Fonna HF, Klinikk for akuttmedisin, Seksjon for ambulanse og sjuketransport og ambulansestasjonane i Ølen og Sauda den 12. — 13. desember 2006. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom intemkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvéndig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Tilsynet omfatta ein avgrensa del av verksemda i Seksjon for ambulanse og sjuketransport og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Ved dette tilsynet blei ikkje påpeikt avvik eller gitt merknader.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Seksjon ambulanse og sjuketransport i Helse Fonna HF yter ambulansetenester til 19 kommunar. Tenesta er organisert i 12 område. AMK-sentralen styrer alle ambulansar i høve til oppdrag. Seksjonsleiar har delegert ein del personaladministrative oppgåver til stasjonsleiarane.
3. Gjennomføring
Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 17. oktober 2006.
Opningsmøte blei halde 12. desember 2006.
Intervju: 13 personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 13. desember 2006.
Oversikt over dokument som Helse Fonna HF, Klinikk for akuttmedisin har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei lagt fram ved tilsynet, er oppført i kapittel 7.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfatta følgjande område av Helse Fonna HF, Klinikk for akuttmedisin, Seksjon for ambulanse og sjuketransport si planlegging og gjennomføring av tiltak for å sikre ei forsvarleg ambulanseteneste ved:
- at personell på bilambulanse har kompetanse og utstyr og får medisinsk fagleg rettleiing til å gje nødvendig behandling og oppfølging på skadestad og under transport.
- at ansvarsforhold imellom kommunal legevakt og ambulansetenesta er avklart og at det blir øvd på samhandling med kommunale tenester i akuttsituasjonar.
- at samtidige hendingar som krev utrykking med ambulanse blir forsvarleg handterte.
5. Funn
Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader i høve til krav i helselovgjevinga.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Leiinga har oversikt over utdanning og kompetanse til personellet ved ambulansestasjonane. Det er sett i verk fleire tiltak for at personellet kan oppretthalde faglege kvalifikasjonar og for at dei som ikkje fullt ut oppf kompetansekrav snarast råd kan f opplæring og autorisasjon. Ansvarsforholda mellom legevaktlegar i kommunane og ambulansepersonell er avklart. Prosedyrar som skal følgjast ved ulike tilstandar og situasjonar er standardiserte, gjort kjende og blir øvde. Felles øvingar med legevaktlegar i kommunane skal intensiverast frå 2007. Ved samtidig behov for ambulansetransport blir ambulansane først styrte dit behova er størst. Avviksmeldingar om ventetid på ambulanse blir analyserte og brukte som grunnlag for å vurdere om det er behov for endringar.
7. Regelverk
- Lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m.
- Lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift av 20. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrifi av 21. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 18. mars nr. 252 om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus.
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå Helse Fonna HF. Klinikk for akuttmedisin oversendt i samband med førebuing av tilsynet, jf. brev av 13. november 2006
- Avtaler om ambulansetenesta
- Redningsselskapet
- Røde Kors langtransport
- Ambulansebåt Kvinnherad
- Bakvakt Karmøy Røde Kors
- Sekundær beredskap Bokn kommune
- Oversikt utstyr bilambulanse
- Oversikt innhald akuttsekk
- Pakkeplan akuttsekk
- Innhald medisinveske
- Innhald bandasjeveske
- Innhald LP 12
- Innhald fødeeining
- Innhald smitteeining
- Innhald stasjonseining
- Innhald lærling/hospiteringseining
- Oversikt ambulansestasjonar og ressursar
- Overordna målsetting for ambulanseseksjonen
- Ambulanseoppdrag 2006-12-06
- “øvelsesaktivitet innen søk, redning og annen beredskap”, brev av 3. januar 2006 frå politiet til kommunar, bedrifter, frivillige organisasjonar og andre
- Ambulansetenesta i Sauda, brev av 25. februar 2004 frå Helse Fonna HF til Helse vest RHF
- Ambulansevakt i Sauda vinteren 2007, telefaks av 12. februar 2006 frå Sauda kommune til Helse Fonna HF
- Skjema for risikoanalyse, ambulansestasjonen i Sauda, datert 6. november 2006
- Organisasjonskart Klinikk for akuttmedisin
- Organisasjonskart Seksjon for ambulanse og sjuketransport
- Stillingsbeskrivelse for seksjonsleiar, Klinikk for akuttmedisin
- Stillingsbeskrivelse for seksjonsoverlege
- Oversikt ansvar i forhold til regelverk
- Kartlegging av kompetanse sjølvevaluering, brev av 7. november 2006 frå seksjonsleiar til stasjonsleiarane
- Informasjon om vikarkurs, Helse Vest sitt nettbaserte kurs v/RAKOS
- Møtereferat, møte i kompetansegruppe 5. januar 2006, 17. mars 2006, 3. mai 2006, 7. juni 2006, 21. juni 2006, 23. august 2006, 13. september 2006, 4. oktober 2006
- KIA (kompetanseheving i ambulanse)
- Fagutviklingsprosjekt i ambulansetjenesten 2005 — 2008, søknad av 24. juni 2005 om prosjektmidlar frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse
- Avtale mellom ambulanseteneste, Helse Fonna og Stiftelsen Norsk Luftambulanse, datert 29. og 31. mars 2006
- Kompetanseregister for tilsette i ambulansetenesta i Helse Fonna.
- E-post 22. november 2006 om ansvar i seksjon for ambulanse og sjuketransport
Dokumentasjon som blei lagt fram ved tilsynet
- Revidert operativ medisinsk manual (MOM)
- Oversikt over ambulanseoppdrag Sauda (akutt, hastar, vanleg) 2001 — 13.12.2006
- Utkast invitasjon til seminar om samhandling i akuttsituasjonar
- Oversikt avviksmeldingar frå Sauda til seksjon for ambulanse og sjuketransport i tida 10. april 2006 — 5. desember 2006
Korrespondanse mellom Helse Fonna HF. Klinikk for akuttmedisin og Helsetilsynet i Hordaland
- Melding om tilsyn, brev av 17. oktober 2006
- Dokumentasjon frå Helse Fonna HF, Klinikk for akuttmedisin, brev av 13. november 2006 med vedlegg.
- Oversending av program for tilsynet, brev av 22. november 2006
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Arne P. Johansen |
Stasjonsleiar, Ølen |
X |
X |
|
|
Svein Antonsen |
Ambulansearbeider, Ølen |
X |
X |
|
|
Tor Håkom Hovda |
Ambulansearbeider, Ølen |
X |
X |
|
|
Roy Ketil Bjørdal |
Ambulansearbeider, Ølen |
X |
X |
|
|
Bent Kallevik |
Kommunelege I, Etne |
|
X |
|
|
Else Marie Fiveland |
Stasjonsleiar, Sauda |
X |
X |
|
|
Svein Antonsen |
Ambulansearbeider, Sauda |
X |
X |
|
|
Knut Morten Ask |
Ambulansearbeider, Sauda |
X |
X |
|
|
Brita Øygard |
Fastlege, Sauda |
|
X |
|
|
Leif Landa |
Seksjonsoverlege, Seksjon ambulanse og sjuketransport |
X |
X |
X |
|
Svein Jensen |
Seksjonsleiar, Seksjon ambulanse og sjuketransport |
X |
X |
X |
|
Dagny Strand Klausen |
Klinikkoverlege, Klinikk |
X |
X |
X |
|
Kjell Waage |
Overlege, Medisinsk avdeling |
|
X |
|
Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Ass. fylkeslege Grethe Fosse
Seniorrådgjevar Magnar Kleppe, revisjonsleiar
Underdirektør Anne Grete Robøle