Fylkesmannen i Hordaland
|
Adressa til verksemda: |
Rådhuset, 5282 Lonevåg |
|
Tidsrom for tilsynet: |
19.10.06 — 03.01.07 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Inger M. Fossland |
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
Avlastningstiltak for personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid, jf sosialtenestelova § 4-2 bokstav b
Støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav c.
Fylkesmannen avdekka to avvik:
- Osterøy kommune sikrar ikkje at personar med behov for støttekontakt mottar slike tenester.
- Osterøy kommune sikrar ikkje at avlastning etter sosialtenestelova vert ytt til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.
Jarle Landås revisjonsleiar |
Vibeke Herskedal revisor |
Berit Fjugstad revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Osterøy kommune i perioden 19.10.06 — 03 .01.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2- 6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar.
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte.
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd.
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial.
2. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 19.09.06. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 07.12.06.
Intervjuer
7 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet
Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 11.12.06.
3. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet undersøkte om kommunen oppfyller krava i sosialtenestelova og forvaltningslova om informasjon, utgreiing, tildeling og yting av tenestane avlastning og støttekontakt.
4. Funn
Avvik 1:
Osterøy kommune sikrar ikkje at personar med behov for støttekontakt mottar slike tenester.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
- sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, jf. § 4-3 og føresegn om intemkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.
Kommentar:
Etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c skal sosiale tenester omfatte støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål, har krav på støttekontakt. Kommunen skal føre intemkontroll for å sikre at tenestene etter kap. 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift.
Avviket byggjer på følgjande:
- Det vart opplyst i intervju og går fram av dokumentasjon at det ved søknad om støttekontakt ikkje vert tatt ein fullstendig vurdering av behov eller fatta skriftlege vedtak om støttekontakt, før støttekontakt er skaffa. Det vart opplyst at det grunna mangel på støttekontakt kan ta inntil eit år frå søknad er motteke til skriftleg vedtak vert fatta.
- Det vart opplyst i intervju at det ikkje er rutinar for å vurdere alternative tiltak når støttekontakt ikkje føreligg.
- Det vart opplyst i intervju at kommunen har mangel på tilgjengelege støttekontaktar. Pr i dag føreligg 3 ubehandla søknader kor det ikkje er fatta vedtak på grunn av manglande støttekontaktar. Alternative tiltak er ikkje vurdert.
- Manglande vedtak om støttekontakt er ikkje rapportert til nivå over pleie- og omsorgseininga og der er ikkje fast praksis for når manglande tenesteyting skal rapporterastlavviksmeldast til overordna nivå.
Avvik 2:
Osterøy kommune sikrar ikkje at avlastning etter sosialtenestelova vert ytt til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
- sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, jf §4-3 og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.
Kommentar:
Kommunen sine sosiale tenester skal omfatte avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Det er ikkje høve til å ta betaling for avlastningstenester uavhengig av på kva måte tenesta vert ytt.
Avviket byggjer på følgjande:
- Det går fram av framlagde delegasjonsreglement for helse og omsorg pr. 12.10.06 at leiar for pleie og omsorg er delegert mynde til mellom anna pleie- og omsorgstenester til heimebuande. Det går fram av intervju at oppgåva med å sakshandsame avlastning til dei som yter omsorg til heimebuande eldre ikkje er ansvarspiassert.
- Etter skriftieg dokumentasjon og opplysningar i intervju vert ikkje avlastning tildelt til personar som yter omsorg til eldre heimebuande. Avdeling for demens og avdeling for somatikk tildelar korttidsopphald på sjukeheim etter kommunehelsetenestelova.
5. Regelverk
- Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv (sosialtenestelova).
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (internkontrollforskrifta).
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova).
6. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart.
- Delegasjonsreglement datert 12.10.06.
- Retningsliner stiøttekontakt datert 20.10.03 og 15.11.05.
- Tildeling av støttekontakt datert 18.11.02.
- Siste 8 vedtak om støttekontakt.
- Siste 8 vedtak om avlastning.
- Eit vedtak frå sosialkontoret om støttekontakt.
- Oversikt over klagesakar på støttekontakt.
- Oversikt over ikkje handsama søknader om støttekontakt.
- Siste 4 vedtak om kortidsopphald for heimebuande eldre avd. demens og avd. somatikk.
- Rutinar for tildeling av korttidsopphald for heimebuande eldre.
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Søknader og anna korrespondanse for 4 personar som ventar på vedtak om støttekontakt.
- Brev til brukarar om gjennomgang av vedtak om avlastning.
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 19.10.06.
- Brev med oversending av dokumenter frå kommunen 03.11.06.
- Brev frå kommunen datert 03.11.06 med oversending av etterspurde dokument.
- Brev frå kommunen datert 22.11.06 med oversending av etterspurde dokument.
- E-post frå fylkesmannen med plan for tilsynsdagen og etterspurnad av dokument.
7. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Jartru Reigstad |
Avd. sykepleiar dement |
X |
X |
X |
|
Rita Tvedt Hellevang |
Avd. sykepleiar somatisk |
X |
X |
X |
|
Britt Reigstad Clausen |
Sakshandsamar servicekontor |
X |
X |
X |
|
Randi Vangsnes |
Sosialleiar |
X |
X |
X |
|
Inger M. Fossland |
Plei- og omsorgsleiar |
X |
X |
|
|
Solveig F. Brandsdal |
Konsulent funksjonshemma |
X |
X |
|
|
Geir Johansen |
Soneleiar pleie- og omsorg |
X |
X |
X |
|
Torgeir Sæter |
Hele- og omsorgsleiar |
|
|
X |
|
Edvard Jarle Bolstad |
Rådmann |
|
|
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Berit Fjugstad
Vibeke Herskedal
Jarle Landås (revisjonsleiar)