Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
5780 Kinsarvik |
|
Tidsrom for tilsynet: |
18.04.06 – 24.05.06 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Torhild B. Strand |
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Praktisk bistand og opplæring, sosialtenestelova § 4-2a, jf § 4-3.
Fylkesmannen avdekka eit avvik:
- Ullensvang herad angir ikkje kor mye hjelp som er innvilga i skriftlege vedtak om praktisk bistand og opplæring.
Fylkesmannen fann vidare grunn til å gi ein merknad:
- Ullensvang herad sine skriftlege kriteriar for tildeling av heimehjelp fastset som vilkår blant anna at vedkommande må vere busett i heradet og at det ikkje må bu andre i husstanden som kan utføra husarbeidet. Kommunen har opplyst at kriteriane generelt sett er gjeldande, men at i dei nemnde punkta ikkje vert anvendt ved tildeling av tenestene.
Dato: 31.07.06
|
Jarle Landås revisjonsleiar |
Astrid Moldestad revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Ullensvang herad i perioden 18.04.06 – 24.05.06. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut første gong 23.09.05,. På bakgrunn av ønskje frå kommunen blei tilsynet utsett. Nytt varsel blei sendt ut 18.04.06. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 19.05.06.
Intervjuar
7 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 24.05.06.
3. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet undersøkte om tildeling og utøving av praktisk bistand følgjer reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova. Dette inneber mellom anna om den einskilde sitt hjelpebehov blir stetta og om sakshandsamingsreglane ved tildeling av tenestene og endring vert følgt.
4. Funn
Det blei avdekt eit avvik:
Avvik:
Ullensvang herad angir ikkje kor mye hjelp som er innvilga i skriftlege vedtak om praktisk bistand og opplæring.
Avvik frå følgjande krav: sosialtenestelova § 8-1 og forvaltningsloven §§ 23, jf. §§ 25 og § 27.
Kommentar:
Etter forvaltningsloven § 23 skal enkeltvedtak som hovudregel vere skriftleg og det skal klart gå fram kva rettar som er innvilga. Søkjaren skal vere kjend med kva tenester som er innvilga inkludert omfanget. Skriftleg vedtak skal kunne gi eit grunnlag for klage.
Avviket er basert på følgjande:
- Tilsende vedtak om praktisk bistand i heimen angir som hovudregel ikkje kor mye hjelp som er innvilga
Fylkesmannen fant grunn til å gje ein merknad:
Merknad:
Ullensvang herad sine skriftlege kriteriar for tildeling av heimehjelp fastset som vilkår blant anna at vedkommande må vere busett i heradet og at det ikkje må bu andre i husstanden som kan utføra husarbeidet. Kommunen har opplyst at kriteriane generelt sett er gjeldande, men at i dei nemnde punkta ikkje vert anvendt ved tildeling av tenestene.
Kommentar:
Heradet har ein plikt til å kunne gje tenester til alle som oppheld seg i heradet. Det kan ikkje settast som vilkår at søkjar må vere busett i heradet. Andre personar i husstanden kan ikkje påleggjast å stette hjelpebehovet til den enkelte.
5. Regelverk
- Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
6. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Delegasjonsreglement vedteken av heradsstyret. Vedtak om vidaredelegering av 04.01.05
- Årsmelding for 2004 og 2005
- Prosedyrar for registrering og handsaming av søknad om tenester, oppdatert 31.01.05
- 10 siste vedtak om praktisk bistand og opplæring pr. 18.10.05
- 10 siste vedtak om praktisk bistand og opplæring pr. 12.05.06
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Kriteriar for tildeling av heimehjelp
- Budsjett for heimehjelpstenestene
- Saksmappene for dei ti siste vedtak om praktisk bistand og opplæring
- 3 vedtak om praktisk bistand for psykisk utviklingshemma i omsorgsbustad vart send 29.05.06.
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 18.10.05
- Oversending av etterspurde dokument frå Ullensvang herad datert 18.10.05
- Varsel om tilsyn datert 18.04.06
- Oversending av vedtak frå Ulensvang herad 12.05.06
- Oversending av årsmelding frå Ullensvang herad 15.05.06
- Div e-post om intervjuliste 16.05.06
7. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Thorild B. Strand |
Pleie- og omsorgsleiar vest |
X |
X |
X |
|
Brynhild F. Laupsa |
Pleie- og omsorgsleiar aust |
X |
X |
X |
|
Marit Haugen Langsæter |
Avdelingssjukepleiar i omsorgstenesta vest |
X |
X |
X |
|
Tove Opedal |
Avdelingssjukepleiar i omsorgstenesta aust |
X |
X |
X |
|
Anita Vaktdal |
Heimehjelpar omsorgstenesta vest |
|
X |
X |
|
Ingebjørg Sandvik |
Heimehjelpar omsorgstenesta vest |
X |
X |
X |
|
Magnus Mjør |
Rådmann |
X |
X |
X |
|
Tone Tveito Eidnes |
Ass. rådmann |
|
|
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Astrid Moldestad, Berit Fjugstad (observatør) og Jarle Landås (tilsynsleiar)