Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
Krossvegen 8, 5936 Manger |
|
Tidsrom for tilsynet: |
07.08.2006 – 03.01.2007 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Øystein Mongstad, sosialleiar |
Innhald
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Avlastingstiltak for personar og familiar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid, lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav b, jf § 4-3
- Støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem, lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav c, jf § 4-3
Fylkesmannen har avdekka to avvik
- Radøy kommune sikrar ikkje at personar som har eit vurdert behov for støttekontakt mottar slike tenester.
- Radøy kommune gir ikkje avlastning etter sosialtenestelova til personar som yter omsorg til heimebuande eldre.
Fylkesmannen fant grunn til å gje ein merknad:
- Det ligg ikkje føre klare samarbeidsrutinar mellom sosialkontoret og tenester for bu- og funksjonstrening som begge fattar vedtak om avlasting.
Dato: 03.01.07
|
Jarle Landås revisjonsleiar |
Ellen Halden Aarrestad revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Radøy kommune i perioden 07.08.2006 – 03.01.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i 2006.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Kommunen sine oppgåver i høve støttekontakt og avlasting er delt mellom sosialkontoret og tenesta for bu- og funksjonstrening. Sosialkontoret fattar vedtak om støttekontakt og privat avlasting. Tenesta for bu- og funksjonstrening fattar vedtak om kommunal avlasting og yter også tenesta.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 07.08.06. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 27.09.06.
Intervjuer
Fem personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 28.09.06.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet undersøka om kommunen rettar seg etter krav nedfelt i sosialtenestelova og i forvaltningslova når det gjeld avlastingstiltak og støttekontakt.
5. Funn
Avvik 1:
Radøy kommune sikrar ikkje at personar som har eit vurdert behov for støttekontakt mottar slike tenester.
Avvik frå: sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, jf. § 4-3 og føresegn om internkontroll § 4.
Kommentar:
Etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c skal sosiale tenester omfatte støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a-d. Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at tenestene etter kap. 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift.
Avviket byggjer på følgjande:
- Det blei opplyst i intervju og går fram av dokumentasjon at det ikkje blei fatta skriftlege vedtak om støttekontakt for personar med vurdert behov for slike tenester, før støttekontakt er skaffa.
- Det blei opplyst i intervju og går fram av dokumentasjon at vedtak om støttekontakt i hovudsak fattast for eit år. Dei som har eit vurdert behov for støttekontakt men som på tidspunktet vedtaket går ut ikkje har støttekontakt, blir ikkje innvilga ny periode før støttekontakt er skaffa. Det blei opplyst i intervju at dette på tidspunkt for tilsynet gjeld 10-12 personar.
- Det blei opplyst i intervju at det ikkje er fast praksis for når manglande vedtak og/eller tenesteyting skal rapporterast/avviksmeldast.
- Manglande vedtak om støttekontakt er ikkje registrert av overordna nivå og blir ikkje systematisk følgt opp.
- Det blei opplyst i intervju at det ikkje ligg føre ein klar rutine for når alternative tiltak skal vurderast.
Avvik 2:
Radøy kommune gir ikkje avlastning etter sosialtenestelova til personar som yter omsorg til heimebuande eldre.
Avvik frå: sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, jf § 4-3
Kommentar:
Kommunen sine sosiale tenester skal omfatte avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Det er ikkje høve til å ta betaling for avlastingstenester uavhengig av på kva måte tenesta vert ytt.
Avviket byggjer på følgjande:
- Etter skriftleg dokumentasjon og opplysningar i intervju er mynde til å fatte vedtak om avlasting etter sosialtenestelova delegert til sosialleiar og leiar av eininga tenester for bu og funksjonstrening (BF-tenesta). Det blei opplyst i intervju at einingane med delegert mynde ikkje innvilgar avlasting til omsorgsytarar for eldre heimebuande.
- Det blei opplyst i intervju at avlastingsbehov dekkast ved at Velferdssenteret innvilgar kortidsopphald etter kommunehelsetenestelova til heimebuande eldre.
Merknad:
Det ligg ikkje føre klare samarbeidsrutinar mellom sosialkontoret og tenester for bu- og funksjonstrening som begge fattar vedtak om avlasting.
Merknaden byggjer på følgjande:
- Det går fram av dokument og opplysningar i intervju at sosialkontoret fattar vedtak om privat avlastning og tenester for bu- og funksjonstrening fattar vedtak når avlastinga blir ytt i kommunal avlastingsbustad.
- Det blei opplyst i intervju at det ikkje ligg føre formelle eller klare samarbeidsrutinar mellom einingane når det gjeld saker om avlasting.
6. Regelverk
- Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester (sosialtenestelova)
- Forskrift til lov om sosiale tenester av 4. desember 1992 nr 915
- Forskrift av 20. desember 2002 nr 1731 om internkontroll i sosial og helsetenesta
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssakar (forvaltningslova)
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Dokument som viser kommunen sin organisasjonsmodell
- Dokument som viser delegasjon knytt til sosialtenesta
- Årsmelding 2005
- 5 siste vedtak om avlasting
- 5 siste vedtak om støttekontakt
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Kompetanseutviklingsplan 2005 – 2008
- Internkontroll sosialtenesta (utkast)
- Skjema for oppdragsavtale med støttekontaktar
- Skjema for besøksavtale mellom sosialtenesta og besøksforeldre
- Kopi av delegasjon frå rådmannen til rådgjevar II og dagleg leiar for BF-tenesta
- 10 journaler/mapper
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn datert 07.08.06
- Følgjebrev datert 06.09.06 til oversending av dokumenter
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Bjørg Johnsen |
Ass. rådmann |
X |
X |
X |
|
Jørgen Bleikli |
Einingsleiar, tenester for bu- og funksjonstrening |
X |
X |
X |
|
Sonja Frotjold |
Leiar/dagleg drift kommunal avlastingsbustad |
X |
X |
X |
|
Solveig Michelsen |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
|
Øystein Mongstad |
Sosialleiar |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Jarle Landås, revisjonsleiar
Berit Fjugstad
Ellen Halden Aarrestad