Fylkesmannen i Telemark
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adressa til verksemda: |
3870 Fyresdal |
|
Tidsrom for tilsynet: |
16. august 2006 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Sektorleiar Kari Schrøder Lassemo |
Innhald
Samandrag
1 Innleiing
2 Omtale av verksemda - spesielle forhold
3 Gjennomføring
4 Kva tilsynet omfatta
5 Funn
6 Regelverk
7 Dokumentunderlag
8 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Opplysning, råd og rettleiing
- Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukerar – praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon
- Oppfølging i behandlingsopplegg
- Naudsynte tiltak ved avslutninga av eit institusjonsopphald
Dato: 17. november 2006
Inger Tveit Espeland revisjonsleiar |
Merethe Solstad revisor |
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Fyresdal kommune sitt tenestetilbodet til rusmiddelmisbrukerar etter sosialtenestelova kapittel 4 den 16. august 2006. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2 Omtale av verksemda - spesielle forhold
Det budde ved utgangen av 2005 i alt 1369 personar i Fyresdal kommune. Administrasjonen er delt opp i 4 sektorar, ein for helse- og sosial, ein for kultur og oppvekt, ein for pleie- og omsorg og ein for næring og kommunalteknikk. Sektorane blir leia av ein sektorleiar. Kommunen har ein totalt integrert tenestetilbod til sine innbyggarar, og kor dei får tenester ut i frå behov. Det er altså ingen særomsorg.
3 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut første gong 06.04.2005. Oversikt over dokument som
verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Formøte blei ikkje halde .
Opningsmøte blei halde 16. august 2006 .
Intervjuer
5 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Det blei ikkje gjennomført synfaring.
Sluttmøte blei halde 16. august 2006 .
4 Kva tilsynet omfatta
- Opplysning, råd og rettleiing
- Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukerar – praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon
- Oppfølging i behandlingsopplegg
- Naudsynte tiltak ved avslutninga av eit institusjonsopphald
5 Funn
Det blei ikkje avdekka avvik. Det var heller ikkje forhold som gav grunnlag for merknad.
6 Regelverk
Lov om sosiale tenester og forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesten (FOR 2002-12-20 nr. 1731)
7 Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Ruspolitisk handlingsplan for Fyresdal kommune 2004 – 2008
- Organisasjonskart
- Henvisningsrutiner til tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige i Helse sør
- Oversikt over antall rusmisbrukarar som er i poliklinisk behandling
- Utskrift av heimesida
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Første gangsvarsel om tilsyn datert 06.04.2005
- Brev frå Fyresdal kommune om utsetting av tilsynet datert 19.04.2005
- Brev frå Fylkesmannen til Fyresdal kommune om utsetting av tilsynet
- Brev frå Fylkesmannen til Fyresdal kommune datert 22.03.06
- Oversending av dokumenter frå Fyresdal kommune datert 05.05.06
- E-post frå Fylkesmannen til kommunen av 26.05.06
- Brev frå Fylkesmannen til kommunen datert 28.06.06
8 Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
|
Namn |
Funksjon/stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Vivi Nilsen |
Pleie- og omnsorgsleiar |
X |
X |
x |
|
Anne Ågot Stensland |
Psyk. koordinator |
X |
X |
x |
|
Anne Ragnhild Øvrebø |
Sosialleiar |
X |
X |
X |
|
Kari Schrøder Lassemo |
Sektorleiar helse- og sosial |
X |
X |
X |
|
Gunlaug Kiland |
Konsulent fellestenester |
X |
X |
X |
|
Vigdis Mariedatter Gulbrandsen |
Rådmann |
X |
X |
x |
Frå tilsynsorganet deltok:
Inger Tveit Espeland, revisjonsleiar
Merethe Solstad, revisor