Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
|
Adressa til verksemda: |
5966 Eivindvik |
|
Tidsrom for tilsynet: |
21. og 22. mai 2007 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Tenesteleiar Aud Gunn Løklingholm |
Innhald
Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve av krav frå styresmaktene.
3 Gjennomføring
4 Kva tilsynet omfatta
5 Funn
6 Styringssystemet til verksemda
7 Regelverk
8 Dokumentunderlag
9 Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Systemrevisjonen omfatta følgjande område:
Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at vaksne personar med alvorleg psykisk liding får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidslinje med tre fasar, oppstartfasten, iverksettingsfasen og oppfølgingsfasen. I desse fasane skulle vi sjå nærmare på perspektiva brukarmedverknad, koordinering, individualisering og fagleg forsvarlege tenesteyting. God individuell tilpassing av tenestetilbodet vil for eksempel måtte baserast på brukarmedverknad, og brukarmedverknad, individualisering og koordinering vil ofte vere nødvendige føresetnader for at tenestetilbodet er fagleg forsvarleg.
I Gulen kommune fann vi at vaksne personar med alvorleg psykisk liding har tilbod om eit lågterskeltilbod. Vi fann at tenesteytarane var spreidde på mange soner og kun ein gong kvar månad var samla til rettleiing og informasjonsutveksling. Utanom desse møta tok dei kontakt på telefon. Tenesteytarane i utkantane hadde ikkje tilgang til noko journalsystem, og hadde vanskar med å dokumentere forhold som er nødvendige. I det heile fann vi lite dokumentasjon både av tiltak, samarbeid og evaluering. Vi fann at 2 av 10 personar hadde individuelle planar, og desse planane var laga i spesialisthelsetenesta. Arbeid med individuell plan var lite nytta i kommunen. Psykiatritilbodet i Gulen er eit dagtilbod. På kveld og i helg/høgtid er det legevakt/fastlege, heimesjukepleie og opa omsorg som tek i vare denne gruppa. Vi ser at det blir fatta vedtak og beslutningar og tilrettelagt for individuelle tiltak.
Rapporten omtalar eitt avvik innan dei reviderte områda.
Avvik 1
Gulen kommune sikrar ikkje at vaksne med psykisk liding med behov for langvarige og samansette tenester får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod
Dato: 26.06.2007
|
Kari Vold Olsen Revisjonsleiar |
Astrid Tveit Revisor |
Turid Måseide Revisor |
1 Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Gulen kommune 21. og 22. mai 2007, og er eit landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar 2007. Tilsynet omfattar og vaksne personar med psykisk liding og rusmiddel-misbruk, og psykisk liding og psykisk utviklingshemming. Tilsynet inngår i den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane inneverande år.
Dette tilsynet omfattar deler av helsetenestene etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom, og fokus var retta mot dei enkelte deltenestene og korleis kommunen fekk desse til å fungere saman.
Fylkesmannen, som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta, og Helsetilsynet i fylket, som har ansvar for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av avvik vil bli koordinert.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Gulen kommune har gjort innafor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik er mangel på oppfyllelse av krav gitt i eller i medhold av lov eller forskrift
- Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring.
2 Om verksemda - særlege tilhøve av krav frå styresmaktene.
Gulen kommune hadde 2417 innbyggarar pr 01.01.07. Kommunen er oppdelt geografisk med øyar og det er lange avstandar mellom småsentra.
Tenestene i Gulen kommune er organisert i ein to-nivå modell, med ei eining for helsetenester der psykiatritenesta høyrer til. Eininga for pleie- og omsorgstenesta er delt inn i 4 soner, dette for å sikre tilgjengelege tenester i heile kommunen. I tillegg er det eining for sosiale tenester og tenester til personar med psykisk utviklingshemning.
Det er ein psykiatrisk sjukepleiar tilsett i 40%, lokalisert i kommunesenteret, og som er tillagt det fagleg ansvaret. Kommunen har ein psykiatrisk sjukepleiar tilsett i 20% i den eine sona, og i dei andre sonene er det tilsett ein psykiatriske hjeplepleiar ved kvar sone, desse også tilsett i deltidsstillingar. Kommunen gir heildøgnsteneste i ein bustad.
3 Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel om tilsyn vart send ut 28.februar 2007
Motteke dokumentasjon frå Gulen kommune 13.04.07
Sendt ut program til kommunen 25.04.07
Opningsmøte vart halde 21. mai 2007
Intervju: 8 personar vart intervjua
Sluttmøte vart halde 22. mai 2007
Oversikt over dokument og opplysningar som Gulen kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.
4 Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidsline med tre fasar. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre:
Oppstartsfasen
- tilgjenge til tenester, handtering av nye søknader og/eller spørsmål om tenester,
utgreiing av behov, planlegging og avgjerd om tenester
Iverksetjingsfasen
- praktisk gjennomføring av avgjerder
Oppfølgingsfasen
- oppfølging av tenestemottakarane, revurdering av behov og eventuell justering av
tenester
høve til kvar fase er det også undersøkt om at kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:
- Brukarmedverknad
- Samordning mellom dei ulike tenestene
- Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
- Forsvarleg tenesteyting
5 Funn
Avvik I
Gulen kommune sikrar ikkje at vaksne med psykisk liding med behov for langvarige og samansette tenester får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod
Avvik frå følgjande myndigheitskrav:
- Kommunehelsetenestelova § 1-3a, jf §§ 2-1, 6-3, sosialtenestelova § 2-1, jf §§ 4-3, jf. 4-2 a-d, forskrift om internkontroll § 4 a-h, forskrift om individuell plan § 2 a-c
Avviket byggjer på følgjande observasjonar:
- Det er ikkje tydeleg for alle kven som har ansvar for ulike tenester i kommunen.
- Individuell plan vert ikkje brukt som verktøy. Av dei 10 journalane/mappene vi såg på, var det to som hadde individuell plan, desse var laga i 2.linjetenesta.
- Det er uklart kven som informerer om retten til individuell plan eller om det blir informert om dette.
- Det er ikkje oppretta ansvarsgrupper rundt brukarar med samansette behov.
- Helse- og sosialtenestene i Gulen kommune er sidestilte, ulike system som ikkje er samordna ved kartlegging av behov. Det kan vere tilfeldig og personavhengig om det blir teke initiativ til kontakt med andre deltenester for utgreiing av behov for andre tenester.
- Vi fann at dokumentasjonen omkring tenestetilbod og samarbeid var mangelfullt.
- Leiinga har ikkje etablert praksis for å avdekke, rette opp og forebygge svikt i tenesta eller å drive kontinuerleg forbetringsarbeid.
6 Styringssystemet til verksemda
Tilsynet fekk framlagt organisasjonskart, stillingsomtalar for leiarpersonane i kommunen og delegasjonsreglement. Psykiatritenesta er organisatorisk lagt under eining for helse. Ved tilsynet vart det lagt fram ”Plan for psykisk helsearbeid i Gulen kommune 2007 – 2010”. Her blir psykiatritenesta skildra, og det blir peika på enkelte områder som kan forbetrast. Vi kan ikkje sjå at Gulen kommune har noko uttalt målsetting for tenesta. Det vart opplyst at det var føreteke ei brukarundersøking blant brukarane i psykiatritenesta, og at tilbakemeldinga der var positiv og at brukarane stort sett er nøgde. Konstruktive tilbakemeldingar var brukt ved utarbeiding av den nye planen.
Leiar for psykiatritenesta har månadlege møter med psykiatritilsette i dei andre sonene, men elles er det lite faste møtestrukturar som gjeld samarbeid eller rapportering rundt denne pasientgruppa. Kommunen har tilsette med kompetanse innan psykiatri, men har ikkje kartlagt behovet i form av kompetanseplan eller liknande. Kommunen har avviksordning, men det kom fram at forståinga for kva som skulle meldast var noko ulik. Det kom også fram at systematisk registrering av tenesteytarar og tenestemottakarar/ pårørande sine erfaringar og systematisk forbetringsarbeid ikkje vart gjort. Det kom ikkje fram at det vart gjort systematisk overvaking av tenesteområda tilsynet omhandla for å avdekke eventuelle risikoområder.
Fylkesmannen finn at kommunen har lite systematiske tiltak for å avdekke, førebyggje eller rette opp brot på lov.
7 Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
- Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
8 Dokumentunderlag
Dokumentasjon som vart tilsendt frå kommunen:
1. Førebels årsmelding for Gulen kommune
2. Årsrapport for sosial- og barnevernstenesta
3. Årsrapportar for pleie- og omsorgstenestene
4. Organisasjonskart Gulen kommune
5. Stillingsomtalar
6. Handbok for Gulen kommune: reglement for delegering
7. Handbok for Gulen kommune: oppgåver etter sosialtenestelova
8. Handbok for Gulen kommune: generell delegering einingsleiar
9. Opptrappingsplanen for psykisk helse, 1999 - 2008, rapport for rekneskapsåret 2006
10. To journalar
Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket
1. Søknad Tenesteområdet helse og sosial. Ved inntaksnemnda for pleie- og omsorg
2. Plan for psykisk helsearbeid i Gulen kommune 2007-2010
3. Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008, Vedtatt disponering av tilskotet for 2007
4. Rullering psykiatriplan 2006 Gulen kommune
5. Evaluering av aktivitetstilbud. Haust 2006
6. Brukarundersøking, psykisk helsevern, Gulen kommune
7. Hovedkort, Gulen kommune, helse- og sosialetaten, psykiatrisk sjukepleiar
8. Håndtering av søknader i pleie- og omsorgssektor for Gulen kommune
9. Sakshandsamingsskjema del 1
9 Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.
|
Namn |
Stilling |
Opnings-møte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Hennie K. Lefdal |
Psykiatrisk sjukepleiar |
X |
X |
X |
|
Miek Norman |
Koordinator pleie- og omsorg |
X |
X |
X |
|
Astrid K Dyregrov |
Psykiatrisk miljøarbeidar |
X |
X |
X |
|
Margrethe Skåden |
Aktivitør |
X |
X |
X |
|
Kjetil Rutledal |
Ass. avdelingssjukepleiar |
X |
X |
|
|
Anne Berit Navdal |
Hjelpepleiar m/psykiatri |
X |
X |
X |
|
Jane Hesjedal |
Sosial- og barnevernsleiar |
X |
X |
X |
|
Aud Gunn Løklingholm |
Rådgjevar omsorg |
X |
X |
X |
Frå Fylkesmannen deltok:
|
Namn |
Funksjon under tilsynet: |
|
Astrid Tveit |
revisor |
|
Turid Måseide |
revisor |
|
Kari Vold Olsen |
revisjonsleiar |