Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Rapport frå tilsyn med avlasting og støttekontakt ved Eidfjord kommune (2007)

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger

Om nettstedet




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Hva er tilsyn?


Tilsynsrapporter


Områdeovervåking


Tilsyn med sosialtjenesten


Tilsyn med helsetjenesten


Hendelsesbasert tilsyn


Meldeordning – betydelig personskade


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese Information in Deutsch

Fylkesmannen i Hordaland
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

Adressa til verksemda:

Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord

Tidsrom for tilsynet:

03.04.07 – 02.07.07

Kontaktperson i verksemda:

Anne Jansen

Innhald

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastingstenester.
  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester.
  • Om kommunen sikrar tilstrekkelege kunnskapar og evne for avlastarar og støttekontaktar på det aktuelle området.

Det vart ikkje gitt avvik eller merknader.

Dato: 02.07.07

Jarle Landås
revisjonsleiar

Ellen Halden Aarrestad
revisor


1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Eidfjord kommune i perioden 03.04.07 – 02.07.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar

tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte

tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial


2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 03.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 26.06.07.

Intervjuar
6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 27.06.07.


3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta 3 områder som til saman skal si om kommunen har ein forsvarleg tildeling av avlastings- og støttekontaktteneste etter sosialtenesteloven § 4-2 bokstav b og c.

Område 1:

Om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, innbefatta

  • relevant informasjon til alle søkjarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av aller søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • praksis der det ikkje blir kravd vederlag for avlastning
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak blir vurdert der vedtaket ikkje kan oppfyllast

Område 2:
Om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, innbefatta:

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av alle søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak vurderast når vedtak ikkje kan oppfyllast
Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og evne innanfor det aktuelle området, jf. sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c.

  • vurdering av krav til kunnskapar og evne
  • nødvendig opplæring
  • jamleg evaluering av tenestetilbodet
  • jamleg oppfølging

4. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik eller funne grunn til å gje merknad.


5. Regelverk

  • Lov 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
  • For 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
  • For 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegasjon av mynde til pleie- og omsorgsavdelinga datert 15.05.00
  • Rutinar for inntaksnemnd i kvalitetssystem datert 07.09.04
  • Årsmelding
  • 2 vedtak om avlasting
  • 1 vedtak om korttidsopphald på sjukeheimen
  • 7 vedtak om støttekontakt

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 9 saksmapper
  • Rutinar for tildeling av avlasting og støttekontakt

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 03.07.07
  • Brev frå Eidfjord kommune med oversending av etterspurd dokumentasjon
  • E-post frå Fylkesmannen med program for tilsynet

7. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Johanna Maria H. Olaussen

Arkivleiar

X

X

Marit Tveit Aurdal

Sosialkurator

X

X

X

Anne Jansen

Sosialleiar

X

X

X

Bjørg Hop

Støttekontakt

X

X

Jostein Marøy

Personalsjef

X

X

Aud Opheim Lygre

Ass. rådmann

X

X

Gunn Sandvik

Fagleiar

X

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:
Ellen Halden Aarrestad og Jarle Landås