|
Du er her: Institutt for
musikkvitskap > Studium > OSS
Svar på ofte stilte spørsmål (O.S.S./F.A.Q)
For generelle spørsmål og svar, sjå informasjonen frå Det humanistiske fakultet
Nedanfor finn du spørsmål og svar om
Opptakskrav/søknadsfrist
Emne
Eksamen
Innlevering av masteroppgåva
Økonomisk støtte
ZEB-bygget
Studentkort/adgangskort
Fann du ikkje kategorien du leita etter? Prøv nettsida Verdt å vite - praktisk informasjon for deg som studerer ved IMV.
Opptakskrav/søknadsfrist
Kvar skal eg søkje for å få studieplass ved program for musikkvitskap, bachelor?
Du må søkje til dette studieprogrammet gjennom Samordna opptak. I tillegg må du ta utskrift av og fylle ut eit søknadsskjema som du sender direkte til instituttet. Søknadsskjema finn du på nettsida til instituttet. Sjå nedanfor.
Studiet i musikkvitskap er eit lukka studium der opptak skjer på grunnlag av ei opptaksprøve kombinert med resultata frå vidaregåande skole. Opptaksprøva er sett saman av ein skriftleg, teoretisk del og ein praktisk-munnleg del der søkjaren presenterer eit kort program på instrumentet sitt. Her finn du søknadsskjema og meir informasjon om opptaksprøva.
Søknadskoden til dette studieprogrammet er 185 437. Du får svar på søknaden din frå Samordna opptak.
For å bli student ved UiO må du normalt ha generell studiekompetanse. Les om opptak til studieprogram for meir informasjon om dette.
Emne
Kvar finn eg informasjon om studietilbodet ved Institutt for musikkvitskap (IMV)?
Du finn nødvendig informasjon her:
Kvar finn eg informasjon om undervisninga?
Eksamen
Kvar finn eg informasjon om eksamen?
Her finn du generell informasjon om eksamen. Fleire detaljar om eksamen vil du finne under det enkelte emne.
Når og kvar blir eksamensoppgåvene utleverte?
Alle oppgåvene til heimeeksamen kan hentast på ekspedisjonskontoret kl.13.00 på eksamensdagen.
Når og kvar skal eksamensoppgåvene leverast inn?
Innlevering av semesteroppgåver og svar på heimeeksamen skal skje til ekspedisjonskontoret innan kl.13.00 på eksamensdagen.
Korleis endrar/annullerer eg ei eksamensmelding?
Studentar kan endre eksamenssemester eller trekkje seg frå eksamen. Dette må gjerast i Studentweb. Gå til sida om annullering/endring av eksamensmelding eller til eksamen ved UiO. Er du berre meldt opp til ein eksamen, må du vende deg til fakultetet du studerer ved, slik at dei kan trekkje eksamensmeldinga di.
Innlevering/trykking av masteroppgåva
Når kan eg levere masteroppgåva?
Det er to innleveringsfristar kvart semester: 1. februar/1. mai i vårsemesteret og 15.august/1. november i haustsemesteret. Rekvisisjon for trykking på Reprosentralen får du på ekspedisjonskontoret. Hugs at oppgåva må leverast til trykking minst fire dagar før innleveringsfristen.
Økonomisk støtte
Kan eg få reisestipend i forbindelse med masteroppgåva?
Du kan få inntil kr. 3000 til ei reise som er særleg relevant for arbeidet med masteroppgåva. Sjå retningslinene for meir informasjon.
ZEB-bygget
Kven har tilgang til øveromma ved instituttet?
Alle som er tatt opp på bachelorprogrammet eller masterprogrammet. Nokre rom (for eksempel klaverrommet i 4. et.) kan berre brukast av klaverstudentar dei semestra dei har undervisning.
Kva for opningstider gjeld?
ZEB-bygningen: (dvs. at bygningen har tilgjenge utan kort)
| Måndag – fredag: |
Kl. 07.30–21.00 (til kl. 23.00 med tilgangsskort) |
| Laurdag: |
Kl. 08.00–14.00 (til kl. 23.00 med tilgangskort) |
| Søndag: |
Stengt (kl. 08.00 – 23.00 med adgangskort) |
I feriane er opningstidene noko reduserte. Sjå eigne oppslag ved IMV.
Når du har betalt semesteravgifta, vil du få nødvendig tilgang i studiekortet ditt.
Ekspedisjonstider ved instituttet
Ekspedisjonskontoret er ope måndag – fredag kl. 12.00 – 15.00
Adresse: Sem Sælandsvei 2, 0315 Oslo
Telefon: 22 85 47 50
Faks: 22 85 47 63
E-post: henvendelser@imv.uio.no
Studiekonsulenten har treffetid tysdag, onsdag og fredag kl 13.00 – 15.00.
Studentkort/kort med tilgjenge
Korleis får eg studentkort?
Studentkort får du hos SiO Kortsenter. Her finn du meir informasjon.
|