25.10.2007
Feirar jubileum med ny bok
![]() |
| Høgskolelektor Leiv Bjarte Mjøs med antologien ”Areal og eiendomsrett”, som markerar hundreårsjubileet til Norges Jordskiftekandidatforening. |
Utgjevinga av antologien ”Areal og eiendomsrett” markerar hundreårsjubileet til Norges Jordskiftekandidatforening. Boka har fleire bidrag frå fagmiljøet ved Høgskolen i Bergen.
Ein av dei som har sette sitt preg på boka, er Leiv Bjarte Mjøs , som er leiar av Norges Jordskiftekandidatforening (NJKF) og høgskolelektor ved Høgskolen i Bergen, Institutt for bygg- og jordskiftefag.
- Då vi starta arbeidet med boka, var målet å samle om lag 15 artiklar. Men resultatet har blitt ein brei antologi med 35 artiklar, fortel Mjøs stolt.
Boka ”Areal og eiendomsrett” syner eit utsnitt av det vide faglege spekteret som arbeidsoppgåvene til jordskiftekandidaten spenner over. Artiklane handlar mellom anna om arealplanlegging, plan- og bygningsrett, eigedomsfag, ekspropriasjonsrett, jordskifte, tingsrett, kartfag og landmåling.
Tre bidragsytarar frå Høgskolen i Bergen
Sjølv har Mjøs medverka til fleire av artiklane. Han har skrive innleiinga til antologien saman med Øyvind Ravna , som er redaktør for boka. Mjøs har òg skrive ein innleiande artikkel om Jordskiftekandidatforeningas hundreårige historie, saman med Øyvind Strand og Gunnar Balle. Og han har levert ein praktisk retta artikkel om eigedomsmåling og eigedomskart. Denne artikkelen har han skrive saman med Arve Leiknes , som til liks med Mjøs er høgskolelektor ved Høgskolen i Bergen.
Professor Per Kåre Sky er ein tredje bidragsytar frå Høgskolen i Bergen. Han har bidrege med ein artikkel som gjev eit internasjonalt perspektiv på jordskifte. Saman med professor Jørn Kjell Rognes ved NHH, har Per Kåre Sky òg skrive ein artikkel om arenaer for konfliktløysing og mekling i eigedomstvistar.
Jubileumskonferanse denne veka
- Vi har all grunn til å være stolte av antologien, konkluderer Leiv Bjarte Mjøs . Boka vert gjeve ut på Universitetsforlaget, og vert presentert under markeringa av Jordskiftekandidatforeningas hundreårsjubileum 25. og 26. oktober. Mjøs, Leiknes og fleire av dei andre artikkelforfattarane vil presentere artiklane sine på jubileumskonferansen.
Sist endret: 25.10.2007

