• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Norsk

Gjennom dette påbyggingsstudiet får du kunnskap om norsk språk og tekst gjennom tidene, og du får studere tekstar i eit kulturhistorisk og mediehistorisk perspektiv. Studiet vil gi kommunikasjonshistorisk oversikt, fordjuping og forståing. Du får kunnskap om vidareutvikling av elevane sin lese- og skrivekompetanse og om samtidstekstar for barn og unge slik dei kjem til uttrykk i ulike sjangrar og medium.

Kvar får du jobb?

Saman med det obligatoriske norskfaget i lærarutdanninga gir studiet godt grunnlag for å undervise i faget Norsk i heile grunnskulen.
Studiet kan vere ein del av ulike typar lærarutdanning, og er godkjent som eitt års vidareutdanning for lærarar. Studiet kan inngå i grunnlaget for eit mastergradstudium.

Utdanninga

Studiet er sett saman av følgjande modular, kvar på 15 studiepoeng:
I haustsemesteret ligg:
Modul 1: Språk- og kommunikasjonshistorie
Modul 2: Samtidstekstar for barn og unge
I vårsemesteret ligg:
Modul 3: Lese- og skrivekunnskap
Modul 4: Teksthistorie

Læringsformer

Undervisninga går føre seg som førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Ei veke i vårsemesteret er sett av til studietur til eitt av dei nordiske nabolanda, for å gi innføring i litteratur og språkforhold i dette landet.

Praksis

Praksis er ein integrert del av faget og er obligatorisk. Studentane skal etter nærare avtale gjennomføre eit norskfagleg undervisingsopplegg for grunnskulen.

Internasjonalisering

Norskseksjonen har førebels ingen utvekslingsavtale med utdanningsinstitusjonar i utlandet, men dersom studentar ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil seksjonen hjelpe til med å få slik utveksling i stand.

Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar Dag Orseth tlf: 55585830, e-post:dag.orseth@hib.no

Institutt/program

Sist endret: 19.09.2007