• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Digital fotografering

Målet med studiet er å gjere deg kjent med det digitale fotografiet sine eigenskapar og ulike bruksmåtar. Studiet rettar seg mot personar som treng kunnskap om digital fototeknikk i yrkeslivet. Ein sentral del av studiet er å gi studentane ei grundig innføring i korleis det digitale fotografiet kommuniserer med ulike målgrupper gjennom forskjellige medium.

Kva blir du kvalifisert for?

Føresetnadene for fotografiet som medium er dramatisk forandra som følgje av digitaliseringa. Det digitale biletet gir heilt nye opningar, både når det gjeld verkemiddel og kommunikasjon samtidig som det oppstår nye juridiske og etiske problemstillingar. Vi blir stilt over for digitale bilete i svært mange samanhengar og studiet legg vekt på å gi studentane kunnskap om korleis dette kan handterast på ein måte som tener konkrete føremål.

Utdanninga

Studiet er nettbasert, og kan gjennomførast frå heim eller arbeidsplass med internettilkopling. Faget kan inngå i ein universitets-/ høgskulegrad. Evalueringsforma er mappeevaluering. Studiet er svært godt eigna for deltidsstudentar som har ei viss yrkeserfaring og som ønskjer seg ei vidareutdanning, men det passar òg for heiltidsstudentar som vil ha ei grunnutdanning innanfor kommunikasjon og nye medium.

Kontaktinformasjon

Mediesenteret
Administrativ kontaktperson:
Morten Morlandstø, tlf. 55 58 79 16, momo@hib.no
Fagleg kontaktperson:
Jon Hoem, tlf. 55 58 57 12, joh@hib.no

Institutt/program

Sist endret: 19.09.2007