|
Fakta
Studielengde 1 år samlingsbasert Studiepoeng 60 Sted Nesna Opptakskrav Generell studiekompetanse eller godkjent realkompetanse Søknad Samordna Opptak - Kode 213796, frist 15. 4 Generelt om studiet Liker du å opptre, eller skulle du ønskje at du var meir frampå? Det er mange ulike grunnar og motivasjonar til å drive med drama. Nokon studerer drama med tanke på ei profesjonell karriere, nokon gjer det fordi dei ønskjer å kunne bruke meir kreative undervisningsformer, og nokon gjer det fordi dei primært vil utvikle sine eigne kreative evner. Drama-og teaterstudium er eit alternativ til tradisjonelle undervisningsformer. Drama/teaterstudiet ved HiNe er lagt fleksibelt opp, slik at du kan ta alt frå enkelte modular (ned til 7,5 studiepoeng) til ein bachelor i drama/teater (180 studiepoeng). Innhald i studiet I årsstudiet får du praktisk og teoretisk innsikt i dramatiske uttrykksformer, utforskande dramaarbeid, innføring i ulike dramaturgiske modellar og teaterformer, og teaterhistorie frå antikken til vår eiga tid. Studiet vil fokusere spesielt på å utvikle formsans og uttrykksevne, strukturering av spel, planlegging, gjennomføring og vurdering av dramaundervisning for barn og unge med ulike føresetnader. Studentane utforskar ulike skodespelteknikkar og undersøker teaterhistoria og ulike sjangrar gjennom praktisk arbeid og teaterproduksjon. Studentane får også kurs av profesjonell scenograf og lysdesignar. Studieturane tek sikte på å gi studentane opplevingar av moderne teaterformer. Tidlegare turar har gått til London og Stamsund. Studiet kombinerer tradisjonelle teaterformer med meir interaktive spelformer og performance. Undervisningsformer/evaluering Undervisninga vekslar mellom innstudering av metodikk, øvingar, kunstnarleg arbeid og teori og studentaktive arbeidsformer som studentproduksjonar, studentseminar og kollokviegrupper. Vi bruker også ulike nettbaserte kommunikasjonsformer, og elektronisk mappe/heimeside. Fagkompetanse Dramaseksjonen ved HiNe har folk som til saman dekker eit allsidig område av drama og teater, med erfaring frå både klasseromsdrama, amatørteater, bydelsteater og profesjonelt teater. Vi hentar inn spesiell kompetanse der det er nødvendig, og samarbeider med tilsvarande utdanningar både i inn- og utland. Fasilitetar Høgskolen i Nesna kan i samarbeid med SiNe tilby nye teaterlokale med Black box, verkstad, sminkerom, lys/lydlosje. Frå våren 2006 får vi tilsvarande lokale i høgskolen sitt nybygg. Arbeidsmarknad Bachelorstudiet i drama/teater kvalifiserer til arbeid med drama og teater i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole og musikk og kulturskole. Andre aktuelle område utanfor skoleverket er kriminalomsorg, helsevern, asylmottak, leiarutvikling og generelt kulturarbeid. Vidare studium Drama 3, Bachelor i Drama Ønskjer du meir informasjon om studiet, ta kontakt. Telefon nr: 750 57800 |