|
Fakta Varighet 2 år. Samlingsbasert
Studiepoeng 120
Studiested Nesna
Opptakskrav Masterstudiet vil i stor grad byggje på lærarutdanninga. Pr. i dag svarar allmennlærarutdanninga til 4 års studiar. I tillegg til den obligatoriske delen av allmennlærerutdanninga (120 studiepoeng) krev opptak til mastergraden ei fordjuping i naturfaglege emne på 60 studiepoeng. Denne fordjupinga skal tilsvare innhaldet i dei eksisterande naturfaglege modulane Naturfag 1 (30 studiepoeng) og Naturfag 2 (30 studiepoeng). I tillegg til allmennlærarutdanning, kan førskolelærarutdanning med tilsvarande fagleg fordjupining, universitetsstuiar og realkompetanse gje grunnlag for opptak.
Grad/kompetanse Mastergrad i profesjonsretta naturfag. Studiet skal utdanne kandidatar for undervisning primært i grunnskolen, men og i naturfag på grunnkursa i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa.
Søknad Lokalt opptak 1.april Søknadsskjema finner du her: sokn_master_naturfag_2007_nyn (45.53 KB) Kort om studiet Det blir frå fleire hald uttrykt behov for å styrke naturfaga sin plass i skule og utdanning. Dette grunnar i behova innafor næringsliv og teknologi, men er også å finne i behovet for at alle kjenner til sentrale sider ved samspelet mellom natur, menneske og miljø. Utdanning- og forskingsdepartementet har kome med ein eigen tiltaksplan for å styrke realfaga (Realfag, naturligvis), og her er heving av kompetansen til lærarane eit sentralt tiltak.
Eit masterstudium innan profesjonsretta naturfag ved Høgskulen i Nesna er eit nytt studium i Noreg. Det vil representere eit utvida tilbod innan kompetanseheving og vidareutdanning for dei som skal arbeide med naturfag i skulen. Dei endringane som blir sett i verk innan høgare utdanning i samband med kvalitets- og kompetansereforma og omlegging til ny gradstruktur ligg til grunn for studiet. Masterstudiet i profesjonsretta naturfag tek blant anna opp i seg behovet for fleksible utdanningstilbod for vaksne. Masterstudiet i profesjonsretta naturfag er eit framtidsretta studium. Det er utvikla med tanke på å passe inn i dei utfordringane ein møter framover både innafor høgare utdanning, i grunnskule, vidaregåande skule og i samfunnet elles. Masterstudiet i profesjonsretta naturfag skal vere ei fordjuping innafor vitskapsområda som omfattar undervisning i naturfaga, men skal og ta i vare heile breidda i faget. Studiet er primært retta mot allmennlærarstudentar som ynskjer å utvide sin grunnutdanning til ein mastergrad, lærarar i grunnskulen som ynskjer vidareutdanning, og andre som fyller opptakskrava og ønskjer å utvide sin faglege og didaktiske innsikt og formelle kompetanse knytt til naturfaga. I tillegg til den obligatoriske delen av allmennlærerutdanninga (120 studiepoeng) krev opptak til mastergraden ei fordjuping i naturfaglege emne på 60 studiepoeng. Denne fordjupinga skal tilsvare innhaldet i dei eksisterande naturfaglege modulane Naturfag 1 (30 studiepoeng) og Naturfag 2 (30 studiepoeng). Innhald i studiet Studiet går over to år (totalt 120 studiepoeng), og består av følgjande hovudkomponentar: - Grunnleggjande kjemi (obligatorisk) 10 studiepoeng - Grunnleggjande fysikk (obligatorisk) 10 studiepoeng - Grunnleggjande biologi (obligatorisk) 10 studiepoeng - Valfrie fordjupingseiningar 30 studiepoeng - Naturfagdidaktikk (obligatorisk) 10 studiepoeng - Vitskapleg metodikk (obligatorisk) 10 studiepoeng - Spesialpensum: Litteratur i naturfagdidaktikk 10 studiepoeng - Masteroppgåve 30 studiepoeng
Totalt 120 studiepoeng Klasserom på Nett – Moodle Alle studier ved Høgskolen i Nesna har sitt eget klasserom på nett. Her vil du til enhver tid finne oppdatert informasjon om alt som skjer i klassen din, og på Høgskolen i Nesna. Her finnes oppslagstavler og chatterom der du kan ha kontakt med medstudenter og lærere. Her finner du timeplaner og ukeoversikter, studiemateriell, informasjon fra utdanningsledere, faglærere, studiesjef og eksamenskontoret, for å nevne noen. I tillegg vil du finne en mengde annen viktig og nyttig informasjon. Veien videre - jobb og studium Studiet skal utdanne kandidatar for undervisning i naturfag primært i grunnskulen, men og i naturfag på grunnkursa i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa. Ein tek og sikte på å utdanne kandidatar som kan fungere som ressurspersonar meir generelt innan opplæring i naturfaga, både innafor skule, vaksenopplæring, etterutdanning og andre former for opplæring og formidling. Ønsker du mer informasjon om studiet, ta kontakt!
Telefon nr 750 57800 Søknadsskjema (PDF):
sokn_master_naturfag_2007_nyn (45.53 KB) |