Tilbake

Inge Folkestad, Høgskolen i Vestfold
Svein Volle, Høgskolen i Nord-Trøndelag (vara for Carl Lauritz Lund-Iversen, Høgsk. i Bergen)
 
 

Nasjonalt fagråd for nordisk
 

Norskfaget i lærarutdanningane ved dei statlege høgskolane
Årsrapport 1999/2000
 

Landsseksjonen
Landsseksjonen i norsk innstiller representantane frå lærarutdanningane til Nasjonalt fagråd;  den endelege utpeikinga av representantane foregår i Det norske høgskoleråd. Landsseksjonen innstiller våre representantar på sitt årsmøte, som inngår i den årlege fagkonferansen for norsklærarar i lærarutdanninga. Styret er for tida lagt til Høgskolen i Nord-Trøndelag og er samansett av Asbjørn Kolberg, Kari Hyldmo Størdal og Svein Volle.
 

Det forrige styret oppretta i 1998 eit nettverk for samtlege norsklærarar i lærarutdanninga og eitt for dei lokale seksjonsleiarane. Det nye styret har etablert ei heimeside for landsseksjonen, og arbeider dessutan med å opprette eit nettverk med heimesidene til norskseksjonar, noko som gjer det mogleg å innhente informasjon frå andre høgskolar, f eks fagplanar.

Ny studiemodell og ny rammeplan
Etter L 97 følgde Rammeplan for 4-årig allmennlærerutdanning hausten 1998 (førebels versjon), med endeleg versjon 1.7.99. Rammeplanen viser at lærarutdanningsfaget norsk er inne i ein fruktbar endringsprosess. Følgjande moment frå rammeplanen for Norsk 1 kan nemnast: større vekt på eigenaktivitet, der studentane skal utvikle dugleik i å bruke, framføre og vurdere eit breitt spekter av muntlege og skriftlege sjangrar. Større vekt på arbeid med nye sjangrar på skjermen og produksjon av skjermtekstar. Arbeid med elevtekstar har styrkt stillinga.

Studieåret 1999/2000 er allmennlærarutdanninga inne i det andre året med ny studiemodell. I den er det obligatoriske norskfaget, Norsk 1 (10 vekttal), lagt over to år. Lokalt varierer dette slik at kurset er lagt ut over tre eller fire semester. På nokre høgskolar har altså det første kullet avslutta sitt obligatoriske norskfag til jul i 1999. Men fleire høgskolar har avslutning i vårsemestret 2000. Dette gir ikkje grunnlag for bastante konklusjonar om kva verknader den nye ordninga har hatt, men mange erfaringar er likevel hausta. Derfor kan vi gi ein førebels situasjonsrapport.

Eksamensordninga i det nye kurset er slik at studentane skal ha ein individuell eksamen utan bruk av hjelpemiddel og ein individuell eksamen med bruk av hjelpemiddel, dessutan ei muntleg prøve som kan vere intern forprøve eller som del av eksamen med ekstern sensor. Eksamen utan hjelpemiddel er i dei fleste tilfella ein skoleeksamen på 6 – 8 timar. Den eksamenen som er med bruk av hjelpemiddel, varierer i form frå institusjon til institusjon. Nokre høgskolar har laga ein 3 dagars heimeeksamen, andre har den som ein førebudd skoleeksamen.

Det har vore ein del fokus på eksamensresultat på Norsk 1, og ikkje minst på strykprosentar. Det er svært vanskeleg å samanlikne tal frå ein høgskole til ein annan her, da premissane (tilpassinga av eksamensordningane) er så ulike. Ein klar tendens er likevel at strykprosenten er lågare på eksamen med hjelpemiddel enn på eksamen utan hjelpemiddel. Ein høgskole melder om 24% stryk på eksamen med hjelpemiddel og 34% stryk på eksamen utan hjelpemiddel. Ein annan høgskole melder om 10% stryk på heimeeksamen (altså eksamen med hjelpemiddel), og tilsvarande 4% frå ein annan høgskole igjen. Ein høgskole som har lagt inn obligatorisk forprøve som vilkår for å få gå opp til eksamen, melder om 25% stryk til forprøva.

Høgskolane melder om snittkarakterar på greidde eksamenar på Norsk 1 som gjennomgåande viser seg i liggje mellom 2.9 og 3.1.

Av positive erfaringar som høgskolane melder om vedrørande det nye Norsk 1-faget, kan vi nemne:


Negative eller problematiske erfaringar:


Den nye studiemodellen har gjort det vanskelegare for overflyttingsstudentar fordi fordelinga av innhaldskomponentar, obligatoriske forprøver, ulike eksamenstypar og plasseringa av eksamenane på dei to åra er så forskjellige på høgskolane. Til ein høgskole kom det 6-8 studentar overflytt frå andre høgskolar, altså flytting i ein situasjon da dei hadde tilbakelagt delar av sitt Norsk 1. Fagseksjonen fekk ein stor administrasjonsjobb med å tilpasse desse studentane til den høgskolen der dei kom. Til avsluttande eksamen var det få om nokon i denne gruppa som fullførte med bestått karakter. - Det vil av fleire grunnar vere ønskjeleg om høgskolane set klare restriksjonar på høvet til å flytte studiestad midt i eit fagstudium. Studieleiarane i allmennlærarutdanninga tar no opp dette spørsmålet på nasjonal basis.

I den nye studiemodellen vel studentane fordjupingseiningar i sitt fjerde studieår (dvs første gong 2001/02). Norsk kan da veljast som 10 vekttal (Norsk 2) eller som 20 vekttal (Norsk 2 + Norsk 3). Det blir spennande å sjå i kva grad modellen vil påverke fagvalet til studentane fjerde året. Departementet har bestemt at samtlege studentar som vel 10 vekttal + 10 vekttals-varianten, for ein treårsperiode skal slusast inn i 10 vekttal engelsk det fjerde året. I denne perioden er vi alvorleg bekymra for rekrutteringa til Norsk 2. Dessutan veit vi at svært få studenter vel 20 vekttal norsk i tillegg til det obligatoriske 10 vekttalskurset (Norsk 1). Samla sett kan dette få alvorlege konsekvensar for studietilboda i norsk i høgskolane. Norskfagsmiljøet må derfor vere tidleg ute med søknad om at Norsk 2 blir den bundne 10-vekttalseininga for neste treårsperiode (frå 2004).

Nye fagplanar for Norsk 2 og Norsk 3 etter ny rammeplan vil bli tatt i bruk frå 2001.

Etterutdanning
Etter innføring av L 97 registrerte høgskolane ein kraftig auke i førespurnader om  etterutdanningkurs i norsk. KUF sette i 1997 i verk ein modulbasert etterutdanningsmodell (21 undervisningstimar) som høgskolane skulle følgje, der muntleg norsk, tekstbasert undervisning og IKT var/er sentrale emne. Denne etterspurnaden var størst i studieåret 1998/99, men høgskolane gir også studieåret 1999/2000 også eit omfattande tal på etterutdanningskurs, med vekt på L97.

No ønskjer departementet å forlate denne modellen, og Bjarne Øygarden, Høgskolen i Hedmark, og Laila Aase, Institutt for praktisk pedagogikk, Bergen, har sendt ut til fagmiljøa eit utkast til ny Plan for kompetanseutvikling i norskfaget. Tanken er at dette skal bli ein ny rammeplan for kompetanseutvikling i norsk i grunnskolen. Her har ein foreslått å vekttalsfeste ulike modular i etter- og vidareutdanning som kan tilpassast deltakarar med ulike faglege føresetnader. Planen er altså modulbasert, dessutan vekttalsbasert, tydeleg på målgrupper og tar sikte på ei skolebasert kompetanseutvikling. Innhaldet i modulane er foreslått knytt opp mot L 97 og Rammeplan for 4-årig allmennlærerutdanning. På den måten kan deltakarane byggje opp ei 10-vekttalseining i norsk, altså etterutdanning som kan bli til vidareutdanning. Denne utdanninga kan ev danne utgangspunkt for vidare fordjupingsstudiar.

Norskmiljøa i høgskolane og universiteta har eit nasjonalt nettverk for etterutdanning, med Bjarne Øygarden som koordinator.

Etterutdanning for fagpersonalet i høgskolane er ikkje så omfattande. Styret i landsseksjonen arrangerer likevel ein årleg 3-dagars landskonferanse med emne innan faget. Våren 1999 var denne i Vestfold, våren 2000 er den lagt til Schäffergården.

Opptak til grunnutdanninga
Tala nedanfor viser opptak til førskolelærar- og allmennlærarutdanninga dei føregåande fem åra.
Førskolelærarutdanninga (5 vekttal norsk):
1998: 2487; 1997: 3072; 1996: 2836; 1995: 2491; 1994: 1931
Allmennlærarutdanninga (10 vekttal norsk):
1998: 2888; 1997: 2699; 1996: 2809; 1995: 2697; 1994: 2537
(Kjelde: Norsk samfunnsvitskapleg datateneste)
For førskolelærarutdanninga er det ein mindre reduksjon i opptaket frå 1997 til 1998. For allmennlærarutdanninga er det ein liten auke i same tidsrom.

For 1999 er tala enno ikkje lagde ut av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste. Men Samordna opptak (SO) gir følgjande opplysningar for 1998 og 1999:
 

1998 møtt til tal studieplassar 1999 møtt til tal studieplassar
Førskolelærarutdanning  2622                    2647 1840                       2598
Allmennlærarutdanning  2772                     2584 2852                       2772

(SO opplyser at Lærarakademiet ikkje var med i deira 1998-tal, men at dei er tatt med i tala for 1999, med 50 studieplassar på førskolelærarutdanning og 100 studieplassar på allmennlærarutdanning).

Dersom vi samanliknar tala frå SO, viser dei at talet på studentar som har begynt på førskolelærarutdanning hausten 1999, har gått ned frå 2622 i 1998 til 1840 i 1999 (og da er altså 50 studieplassar på Lærarakademiet med i det siste talet). Det er altså 782 færre studentar som har starta på førskolelærarutdanning i 1999 samanlikna med året før, og i utgangspunktet var 758 fleire studieplassar tiltenkte denne utdanninga enn dei som tok til på studiet. For allmennlærarutdanninga er bildet stabilt, både kor mange som starta på utdanninga og med tanke på å fylle tilgjengelege studieplassar. Dette viser at førskolelærarstudiet reelt er opent utan opptakskonkurranse. Til allmennlærarutdanninga  er det framleis – i nasjonal samanheng – ein viss konkurranse om studieplassane.

Studietilbodet
I den 4-årige allmennlærarutdanninga er 10 vekttal norsk obligatorisk (Norsk 1).
1997/98 var det 13 høgskolar som tilbaud påbygging til 20 vekttal (Norsk 2).
1998/99 har vi ikkje tal for.
1999/00 (tre høgskolar manglar) 13 gir påbygging til 20 vekttal

1997/98 var det 6 høgskolar som tilbaud påbygging til 30 vekttal (Norsk 3).
1998/99 har vi ikkje tal for.
1999/00 (tre høgskolar manglar) 3 gir påbygging til 30 vekttal
1 høgskole gir hovudfag i nordisk 1999/2000.

Dei fleste institusjonane har 1999/2000 i gang  Paps 1 og Paps 2 (pedagogisk arbeid i småskole), høvesvis 13 og 11, kvart av kursa er på 10 vekttal. Førskolelærarar med desse tilleggsutdanningane får etter L97 høve til å ta seg arbeid i småskolen.

I den 3-årige førskolelærarutdanninga er 5 vekttal norsk obligatorisk.
Relativt få høgskolar (4) tilbyr studieåret 1999/2000 10 vekttal fordjuping tredje eller fjerde året.

Av andre tilbod (delvis for allmennlærarar, delvis for førskolelærarar) der norsk er involvert, kan nemnast:
Norsk og drama (10 vekttal)
Norsk som 2.-språk (10 vekttal)
Fleirkulturelt arbeid i barnehagen (10 vekttal)
Migrasjonspedagogikk (10 vekttal)
Organisasjon og leiing (10 vekttal)
Mediekunnskap (10 vekttal)
Skolebibliotekkunnskap 2 (10 vekttal).
Norsk for utlendingar (i Murmansk) (20 vekttal)
Norsk påbygging (5 vekttal for lærarar med norsk kvartårseining i si grunnutdanning)

Stillingssituasjonen
Vi har ikkje fått inn talmateriale frå alle høgskolane når det gjeld tal på faste stillingar, kor mange som har førsteopprykk og kor mange som har doktorgrad eller held på med doktorgradsprosjekt.

Pr 1.1.00 er det 156,5 stillingar (+ stillingar frå tre høgskolar som manglar) knytt til norsklærarutdanning. (Pr. 1.8.97 var talet ca 170 og pr 1.1.94 132.) 55 av desse har førsteopprykk. 46 har doktorgrad eller held på med doktorgradsprosjekt pr 1.1.2000 (nokre av desse har altså ikkje førsteopprykk enno)

Ved nokre høgskolar er organiseringa slik at det er vanskeleg å få ut opplysningar om kor mange stillingar som går til lærarutdanning. Dette er store fagmiljø der norskpersonalet gir både lærarutdanning og ei norskutdanning som ikkje er profesjonsorientert. Der er integreringa så omfattande at ei slik oppdeling verkar kunstig. Opplysningane der ifrå er da også mindre påliteleg når det gjeld stillingstal brukt på lærarutdanning.

Knutepunktfunksjonar i norskfaget
Høgskolen i Agder, Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Sør-Trøndelag har fått tildelt knutepunktfunksjon i norskfaget i lærarutdanninga. Representantar frå dei tre høgskolane er no i ferd med å diskutere seg fram til korleis denne funksjonen best skal kunne skjøttast. Høgskolen i Volda  har fått tildelt knutepunktfunksjon i nynorsk skriftkultur. Norgesnettutvalet går ut frå at høgskolens ansvar også dekkjer nynorsk i lærarutdanninga.
Høgskolen i Vestfold har fått tildelt knutepunktfunksjon i Praktisk og teoretisk arbeid med pedagogiske tekstar. Norskseksjonen står sentralt i dette tverrfaglege arbeidet som er tillagt avdeling for lærarutdanning.

Stipendiatstillingar
I samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett i 1998 blei det vedtatt å opprette 25 nye rekrutteringsstipend ved dei statlege høgskolane. Høgskolen i Hedmark blei i 1999 tildelt ei stipendiatstilling i norsk som andrespråk, norsk og migrasjonspedagogikk. For 2000 har Høgskolen fått ei stilling til. Høgskolen i Sør-Trøndelag blei tildelt ei stipendiatstilling i fagdidaktikk i norsk med vekt på IKT. Høgskolen i Vestfold har for 2000 fått ei stipendiatstilling til knutepunktet Pedagogiske tekstar (ein lektor frå engelskseksjonen). Høgskolen i Agder fekk frå 1999 ein stipendiat på emnet Språkkontakt i Norden i middelalderen, under programmet Norden og Europa. Same institusjon har frå 2000 fått tildelt ei stipendiatstilling under TEIN-prosjektet (TEIN: talemålsendringar i Noreg).

Internasjonalisering
Fleire institusjonar melder om internasjonal kontakt frå norskmiljøa. Studentutveksling til og frå nordiske granneland er nokså vanleg. Lærarutveksling mellom nordiske land tar seg også opp. Lærarutveksling på europeisk basis (Socrates) er også kome i gnag.

Målformene i allmenn- og førskolelærarutdanninga
Med Rammeplan for 4-årig allmennlærerutdanning (1998) oppstod et misforhold mellom allmennlærar- og førskolelærarutdanninga når det galdt høve til fritak frå kravet om prøving i begge målformer. Landsseksjonsstyret har arbeidd vidare med dette spørsmålet.

I skriv frå KUF av 3. mars 1999 vert det gjort klart at den ordninga som frå 1998 gjeld allmennlærarutdanninga, no også skal gjelde førskolelærarutdanninga. Det vil seie at i både allmenn- og førskolelærarutdanninga kan utanlandske studentar og studentar frå språklege minoritetar som er fritatt frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring, få fritak frå kravet om prøving i begge målformer. Landsseksjonen har meint at denne ordninga ikkje burde eller skulle omfatte studentar med svensk eller dansk som morsmål. Departementet har ikkje gitt fagmiljøet medhald i det.
 
 
 

Tønsberg/Levanger, 26. februar 2000
 

Inge Folkestad og Svein Volle