Tilbake
HØGSKOLEN I NORD-TRØNDELAG
AVDELING FOR LÆRARUTDANNING
ALLMENNLÆRARUTDANNING

NORSK 1 - 1A
EKSAMEN
11. mai 2000

Tid: 9.00-17.00
Hjelpemiddel: Jf. oppsett over tillatne hjelpemiddel
Målform: Trekt til nynorsk

Kandidatane skal svara på éi av oppgåvene under A; alle skal dessutan svara på oppgåve B
Både oppgåvesvaret under A og B må vera besvart til bestått karakter.
Vekting: A 3/4, B 1/4.
 
 

A

1

Roald Dahl: Heksene (1983) og Ole Lund Kirkegaard: Gummi-Tarzan (1975).
Samanlikn Heksene og Gummi-Tarzan med vekt på motiv, tema, forteljarposisjon og synsvinkel.
Drøft årsaker til at desse bøkene er blitt populære både blant barn og vaksne, og er mykje brukte som høgtlesingsbøker i småskolen.
(Dei to første sidene av begge bøkene er vedlagde).

Vedlegg 1
 

2

Gjer greie for korleis barn i førskolealder og tidleg småskolealder tileignar seg kunnskap om og dugleik i skriftspråket.
Kommenter den vedlagde barneteksten, og peik på kva den seier oss om tekstkompetansen og skrivedugleiken hos skrivaren (skriven av jente, ca 5 1/2 år)

Vedlegg 2
 

B

Kommenter på bakgrunn av din kunnskap om fonologi korleis skrivaren løyser ulike rettskrivningsproblem i den vedlagde teksten.
(Skrivaren går i andre klasse.)

Vedlegg 3